Når veldig mange seier det same….

Den store høgskulefusjonen fyller mykje av arbeidsdagane mine for tida. I løpet av ein kort og hektisk haust skal vi prøve å få plass dei viktigaste delane av det byggverket som skal verte Høgskulen på Vestlandet. Travelt, ja visst, men spennande og utfordrande å vere med å forme ut ein heilt ny, stor kunnskapsinstitusjon på og for Vestlandet. Vi skaper litt vestlandshistorie kvar dag.

Men kven kunne tru det ville gå slik? For berre to år sidan var det her i Sogndal, og i mykje av fylket elles, berre éi røyst å høyre når det galdt fusjon for HiSF. Denne røysta var eit kollektivt og eintydig nei-nei-nei til fusjon og ja-ja-ja til ein sjølvstendig høgskule i trivselsfylket. Nåde den som sa noko anna. Delegasjonar av sentrale politikarar, inviterte hit av HiSF-styreleiar Heidi-Kathrin Osland, strøymde til Campus og støtta sjølvstendelinja. Lokalavisa var eit jublande talerøyr for sjølvstende. «Vi skal ikkje verte styrte frå Bergen», las vi annakvar dag.

I korridorane og på kontora på høgskulen i Sogndal var det likevel nokre (av oss) som var litt meir i tvil. Men vi brukte innestemme når vi snakka om tvilen, for vi visste godt at det kunne finnast sonarar som fanga opp slike ulydar. For når alle sa det same, måtte det jo vere sant.

Heldigvis var det ikkje slik. Det var faktisk meir enn mange nok som meinte noko anna. Dei kom ikkje til orde før seinare, under eit nytt og opnare HiSF-regime, som ønskte å greie ut fusjonsaka. Styret til Heidi-Kathrin Osland lånte ikkje øyre til slikt.

Den same, litt klamme, kjensla har eg hatt i den siste tids ordskifte om Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF), siste halmstrået til dei sterke fusjonsmotstandarane. Denne fantastiske samskipnaden finst det knapt make til andre stader i landet, og slett ikkje i Bergen, på Stord eller i Haugesund. Det har vi vorte fortalt gong etter gong, i skrift og i tale. Og når alle seier det same, må det vel vere sant.

Men sant var det visst heller ikkje, denne gongen. Det viser seg at den «elendige» Studentsamskipnaden i Bergen har langt rimelegare studentbustader enn SISOF, og at den har ei velutvikla barnehageteneste som SISOF ikkje kan måle seg med. I tillegg har den det beste studenthelsetilbodet i landet. Og eit langt betre treningstilbod for studentar enn det SOSIF har. Dette fekk vi vite gjennom eit lesarinnlegg i Sogn Avis frå ein tidlegare bergensstudent som visste. Ingen har mælt imot.

Siste tida har også andre rista i fernissen til SISOF, ei verksemd med ein Sp-politikar som direktør og ein Sp-student som styreleiar. Direktøren tolte ikkje at Studentavisa Røynda ville setje søkjelyset på nokre litt negative sider ved studentlivet i Sogndal. Det kunne skade «omdømet» til SISOF, meinte direktøren. NRK SogFj og nettavisa Khrono har fanga opp saka, som set direktøren og handlemåten hennar i eit lite flatterande lys. «Hvis Samskipnaden er redd for omdømmet sitt, bør den ikke prøve å styre det redaksjonelle innholdet i en studentavis. Tvert imot», skreiv redaktøren i Khrono, ei særs god nettavis utgitt av Høgskolen i Oslo og Akershus.

«Når veldig mange sier det samme, er det tid for å høre på noen andre.» Dette var tittelen på ein kommentar av Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås i Aftenposten i januar 2015. Både fusjonssaka i Sogndal året 2014/15 og SISOF-saka i år er gode døme på kor riktig denne påstanden kan vere. I spissen for desse sakene har det stått framståande og viljesterke lokale SV- og Sp-politikarar. Det seier òg noko.

Begge sakene kastar eit lite heldig lys over vilkåra for kritiske merknader og fri meiningsytring i akademia i Sogndal. På dette området går vi betre tider i møte i den nye vestlandshøgskulen. «Tett på» kan iblant vere for nært.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 8. oktober 2016.
Twitter: @georgar

Bustadprisane

Dei siste tolv månadene auka bustadprisane i Sogn og Fjordane med 9,5 prosent. Berre i det sentrale austlandsområdet var prisveksten større. I Oslo var årsveksten heile 16,3 prosent. Truleg var den like stor i Sogndal. Og endå større i Sogndal sentrum, der mindre leilegheiter no nærmar seg ein kvadratmeterpris på 70.000 kroner. I det kommande prosjektet Hovsmarki Aust valde utbyggjarane den uvanlege praksisen å selje toppleilegheita gjennom ei bodrunde. Prisen vart 6,75 mill. kroner. For 110 kvadratmeter. Trøysta er at utbyggjaren truleg hadde rekna med endå høgare pris.

Det er noko nytt at fylket vårt ligg i landstoppen for vekst i bustadprisar. God etterspørsel etter og relativt høg omsetning av bustader er normalt eit teikn på vekst og velstand. Men i Sogndal sentrum har det utvikla seg eit sterkt misforhold mellom etterspørsel og tilbod av bustader. Trass i at det har vorte bygt ei rekkje nye leilegheiter i sentrum siste åra, har tilbodet på langt nær halde tritt med den veksande etterspørselen. Alle vil bu sentralt og sjå både fjorden, meieripipa og kyrkjetårnet. Resultatet vert deretter: bustadprisane eksploderer.

Men folk har god råd, lånte pengar til låg rente, og renteutgiftene kan trekkjast frå inntekta. Bustadskatten er liten og framtidsutsiktene gode; ikkje minst i Sogndal. Bustadmangel er det heller ikkje. Tvert om. Det er god tilgang på rimelegare bustader berre få kilometer frå sentrum. Det vert likevel innvendt at priseksplosjonen i Sogndal sentrum er skremmande, og at det bør setjast i verk lokale tiltak for å dempe prisveksten.

På kort sikt kan kommunen gjere lite. Men politikarane kan i det minste tydeleg garantere at prosessen med bustadregulering og byggesaksbehandling skal forenklast, og at meir sentrumsnær jord skal omregulerast til bustadformål. Sp i Sogndal sa nei til dette i 1979. I dag profitterer eigedomsutviklarane stort på det. Sogndal kommune kan også innføre auka satsar for eigedomsskatt på leilegheiter i sentrum. Og kanskje etablere eit kommunalt tomteselskap.

Men saka står langt nede på dagsorden til lokalpolitikarane. Rimeleg nok, dei har jo så mykje anna å stri med. Ordførarane i Leikanger og Luster gnir seg, naturleg nok, i hendene jo høgare bustadprisane vert i Sogndalsfjørao. Samanlikna med andre tettstader i fylket har også Sogndal lite tilgjengeleg areal. Det er berre innflyttarar som meg som ikkje forstår kvifor hagane langs Fossvegen i det ekstreme sentrum har overlevd så lenge. Eg minner òg om at den nedlagde campingplassen på Hagelin har høg alternativ bruks- og bytteverdi. Set i gang.

Har vi så ei lokal bustadboble i Sogndal? Som vil sprekke når styresmaktene no etter kvart strammar inn på kreditten, slik Finanstilsynet og mange ekspertar ber om? Eg veit ikkje. Men prisnivået har vorte urovekkjande høgt.

Auka bustadprisar i vårt fylke er eit klart uttrykk for at også folk midt i Sp-land vil bu sentralt. Nesten same kva det kostar. Dei stemmer annleis med føtene enn med røystesetelen. Den indre sentraliseringa i kommunane er svært sterk i fylket, slik det vert reflektert i høge bustadprisar i dei store kommunesentra. Mest ekstreme er altså utslaga i Sogndal.

Men kanskje roar det seg litt no? Det er meldt om laber interesse for og få bod på ei leilegheit som vart lagt ut for sal i Hovsmarki denne veka. Dvergsdal og Sunde Bygg, med store prosjekt i Sogndal, presenterte nettopp (?) blodraude rekneskapstal for 2015. Det går ikkje på skinner lenger.

Bustadmarknaden i Sogndal treng ein korreksjon. Det er grunn til helse den velkomen.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 10. september 2016.
Twitter: @georgar

Dei frivillige

Utan innsatsen frå mange tusen frivillige kvinner og menn, unge og gamle, hadde den norske sommaren vorte dørgjande kjedeleg. Utan frivillig innsats kunne ein knapt skipe til ein einaste musikkfestival i det langstrekte landet vårt. Fotballturneringane ville hatt skyhøge deltakaravgifter. Sommarleirane hadde vore berre for eliteborna.

Utan frivillig innsats hadde det heller aldri vorte nokon Landsfestival for gamaldansmusikk i Gaupne sist veke. I folkemusikkmiljøa i Noreg er det forresten framleis dei som tykkjer at vi godt kunne ha klart oss utan akkurat denne, no 30 år gamle, festivalen. Vi andre gler oss med og gratulerer Jostedal spel- og dansarlag, som i lag med Gamlebanken Spelemannslag hadde ansvaret for jubileumsfestivalen. Saman med 500 frivillige og engasjerte lustringar. Utan desse, ingen festival.

Sterk frivillig innsats, særleg i idretts- og kulturlivet, er ikkje noko spesielt ved bygdene våre. Det er eit nasjonalt fenomen. Korkje oljerikdomen eller arbeidsinnvandringa har teke knekken på den norske «frivilligheten». Seks av ti nordmenn deltek i frivillig arbeid i løpet av eit år. Gjennomsnittet er 14-15 timars arbeid i månaden. Talet på «kjernefrivillige», dei som yter ein frivillig arbeidsinnsats på 25 timar per månad, aukar litt. Grunnfjellet i frivillig sektor står støtt, konkluderer forskarane. Og SSB har rekna ut at sektoren i 2013 bidrog med verdiar tilsvarande 128 mrd. kroner, utført gjennom meir enn 223.000 årsverk. Året rundt. 139.000 av årsverka var ulønna arbeid.

Idretten står i særstilling i frivillig sektor. 40 pst. av dei som utfører frivillig arbeid, gjer det for ein idrettsorganisasjon. Nivået er stabilt. Velforeiningar, ulike hobbyorganisasjonar og kunst-/kulturorganisasjonar tiltrekkjer seg mellom 20-30 prosent. Betydeleg færre no enn tidlegare er medlemmer av den organisasjonen dei utfører frivillig arbeid for. Samstundes aukar talet på organisasjonar ein utfører ein frivillig innsats for.

Kven er så dei frivillige? Menn deltek meir enn kvinner. Aldersgruppa 35-50 år skil seg klart ut. Her finn vi småbarnsforeldra, som utfører frivillig arbeid, lett tvangsbasert dugnadsarbeid om du vil, for ungane sine. Og, som med andre forhold i samfunnet, personar med høg inntekt og utdanning, og gifte, er også mest aktive i frivillig arbeid. Dei sosiale skilnadene i frivillig arbeid er, uventa kanskje, markert størst innanfor idretten. Og livsfasane våre avgjer omfanget og arten av frivillig arbeid vi engasjerer oss i.

Med grunnlag i mange års omfattande statsfinansiert forsking har vi har i dag betydelege kunnskapar om den norske frivilligheiten på eit nasjonalt nivå. Derimot har vi omtrent ingen studiar av korleis dette ytrar seg i lokalsamfunnet. I det hierarkiske Noreg er ikkje lokalsamfunnet statens ansvar. I takt med dette skal kommunane no også overta ansvaret for dei statleg etablerte frivilligheitsentralane.

Den frivillige innsatsen er tvingande nødvendig for å halde oppe og utvikle lokale velferdsgode, sosial infrastruktur og næringsretta verksemd i idrett og kultur. Dette artar seg sjølvsagt ulikt i ulike lokalsamfunn. Men om det frivillige arbeidet vert borte, fell botnen ut av lokalsamfunnet. Omfattande og stimulerande frivillig arbeid er på andre sida eit velstandsteikn.

Eg har så vidt byrja å samle litt data om frivillig arbeid knytt til fotballen og fjellsporten i mitt eige lokalsamfunn. Eg møter velvilje og har tenkt å gå vidare med arbeidet. Kanskje også hente inn materiale frå Førde. Frivilligheten ytrar seg nok ulikt i dei to tettstadene. Utan omfattande frivillig arbeid fell grunnlaget vekk for toppfotballen i Sogndal. Og Fjellsportfestivalen og Folkemusikkfestivalen må, i tilfelle, begge avvikle. Men kva er forresten drivkrafta bak den frivillige innsatsen i fotballen, i festivalane og på ei rekkje andre område i Sogndal og Førde?

Arbeidet med prosjektet bør sjølvsagt skje ved frivillig (eigen)arbeid, supplert med noko velvilje frå arbeidsgivar. Kor langt det rekk, vil tida vise. Men det er eit spennande felt å gripe fatt i.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 13. august 2016.
Twitter: @georgar

Det innhaldsrike vertshuset i Supphelledalen

For nokre dagar sidan blei eg merksam på ein reiselivsblogg som blei delt på sosiale medier. Det omtalte det nyaste tilskotet på overnatting i Fjærland – Rødseter Inn.

Eg blei både glad og imponert då eg las denne bloggen om skribenten sine fantastiske opplevingar på Rødseter Inn. «Dette var et hus med sjel, et annerledes overnattingssted som innvendig byr på seg selv på en helt annen måte enn fasaden skulle tilsi. Her var det hjertevarme, hjemmekoselig og veldig annerledes.» Vidare står det: «Rom som innbyrdes var totalt ulike, men som alle var utført med det samme kyndige blikk for hvordan gammelt og nytt skulle kunne utfylle hverandre – og utfordre hverandre. Koseligere hotellrom skal du lete lenge etter, rent og luftig, vakkert og stille. Vi lot oss begeistre! Et spennende og annerledes konsept.» Også maten er ifylgje bloggaren også i beste klasse. «Alt lagt til rette på utsøkt vis og svært smakfullt anrettet. Et minnerikt måltid.»

Så langt ut i blogginnlegget innrømmer eg at eg blei litt skeptisk. Så eg tok ein tur inn på hotellbookingsida booking.com på verdsveven. Der kunne eg lese at Rødseter Inn i kundeomtale har 9,4 av 10 poeng. Omtalane på denne nettsida overgår nesten blogginnlegget eg akkurat hadde lese. Det einaste som er negativt kommentert er at uteområdet rundt Rødseter Inn ikkje står heilt i stil med det smakfulle interiøret.

_Dette er ein del av ein tekst som er trykt som innhogg i Sogn Avis – årets lokalavis. Du kan lese heile innhogget her.

Fjærland bok- og litteraturfestival?

Sogn og Fjordane ligg på festivaltoppen i Noreg, konstaterte avisene sist sommar. Ikkje berre har vi flest festivalar per innbyggjar, men til liks med Oslo har vi, enn så lenge, også to såkalla knutepunktfestivalar, som medfører både status og ein ekstra pengepott frå staten. Av desse to er folkemusikkfestivalen i Førde i ei klasse for seg. «Unik kvalitet», «kunstnerisk ledende nasjonalt» og «internasjonalt anerkjent» konstaterte, ikkje uventa, den statlege evalueringa i 2014.

Omtalen av den andre, Norsk Country Treff, var, også som venta, meir moderat; «nyskapning og utvikling ivaretas i svært liten grad», «opprettholder en del fordommer», men «er på høyde med sammenliknbare festivaler nasjonalt». Den norske countryscena er, ifølgje staten, rett og slett for tradisjonell. Men Norsk Countrytreff har i det minste teke til å skrive namnet sitt riktig.

Her i Sogn har vi ingen knutepunkt, men mange gilde festivalar. Bale-Jazz på vårparten er eit must både for Sigurd Kvikne og for godt vaksne sogningar og fjordingar i alle aldrar. Dei unge, men ikkje lenger fullt så hippe, har Fresn i Fresvik. I år også med Olav Stedje. Eit forfallsteikn? Eller eit vitnemål om det tidlause i musikken. Lengst inne i fjorden, på Tangen, er det snart Målrock for fjortande året på rad. Målomgrepet er utvida og profilen utvatna, men årdølene held koken med jamt solide artistar.

I havgapet i Skjerjehamn i Gulen går den meir musikalsk vågale og sprudlande Utkantfestivalen av stapelen for tiande gong. Oppdrettspengar frå husdiktaren Ola Braanaas, tidlegare kommunistgründer, ligg i botnen. Ut på hausten ein gong kjem Nynorske litteraturdagar i Aurland, etablert i 2006 med konsesjonskraftpengar frå ei, den gongen, velfylt kommunekasse. «Folkeleg, raus og levande» er mottoet. Altså trygt, koseleg og litt kjedeleg. Og, for all del, ingen litteraturkritikk.

Det finst mykje meir. Som Jordeplerock i Lærdal, Lustrabalder i Gaupne, bluesfestival i Jostedalen, gammalostfestival i Vik og Fruktbare dagar i Leikanger. I Sogndal er det berre fotball og sport som gjeld, her også. Den store og vellykka fotballturneringa Sognefjord-Lerum Cup starta alt i 1989, lenge før dei fleste festivalane våre var påtenkte. Fjellsportfestivalen begynte i 2008, og speglar av tidsånda på ein fortreffeleg måte. I det siste har vi fått Fjell og fjordmoro, ein avleggjar av Fjellsportfestivalen. Den nye tilveksten kan heller ikkje skrive namnet sitt riktig. Eit dårleg teikn.

I tillegg har vi i Sogndal kommune den 20 år gamle Bokbyen i Fjærland med si årlege Boknatt. Men ingen bokfestival. «At ikkje bokbyen i Fjærland har ein eigen festival allereie, er ei gåte for meg,» sa diktaren Henning H. Bergsvåg ifølgje Sogn Avis på jubileumsseminaret i Fjærland i mai. «Det å vere i bokbyen, har frå før ein kultstatus. Den kan de utnytta betre», heldt han fram.

Den erfarne journalisten og dyktige bokbadaren Jan Landro, som leia seminaret i Fjærland, er meir reservert. Han seier til meg at bokbyen bør skaffe seg ein kulturell, ikkje nødvendigvis litterær, samarbeidspart, og kople seg med anna kulturaktivitet langs fjorden. «Sognefjorden har jo en plass i kunsthistorien. Kunne de koblet litteratur og historiske spel?», spør Landro.

Kunstbygda Balestrand og Bokbyen i Fjærland. Kan det finnast ein allianse her som kan danne basis for ein mindre, noko spissa, og ambisiøs, bok- og litteraturfestival? Om dét går bra, kan ein utvide etter kvart, utan å utvatne. Små festivalar må byggje på ein god berande idé om dei skal lykkast.

Det vil vere ulike oppfatningar om profil og konsept for ein muleg litteraturfestival i Fjærland. Kanskje er flinke fjærlendingar alt i gang med arbeidet. Eg vert forresten gjerne med på både høgttenking og dugnader. Det blir sikkert andre sogndøler også.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 16. juli 2016.
Twitter: @georgar

Flystyrt i Fjærlandsfjorden

Ein flystyrt i Fjærlandsfjorden våren 1980 er nok som ein bagatell å rekne om ein skal samanlikne med den politiske tsunamien som veltar innover Europa no. Brexit. Eg skal ikkje skrive om Brexit. Det kjem vi til å høyre om i media til vi får Brexningar. Men eigentleg skulle ingen late seg sjokkere over resultatet av folkerøystinga. Det blei akkurat som venta. Nei-folk er som kjent flinkare til å nytte seg av stemmeretten enn ja-folk. Om dei angrar i dag eller ikkje. Dette var forutbestemt og burde vore venta.

Det eg skal fortelja om skjedde ein solblank vårdag i slutten av mars 1980, og byggjer på ein tekst dåverande distriktsvererinær Torstein Kongslien har skrive, og med samtale med Kongslien. Du kan lese heile Innhogget her:
MANN MED GREIP: Flystyrt i Fjærlandsfjorden.

Fotballen som Sogndals olje

Vesle julaftan 1969 er, ifølgje myten, ein merkedag i norsk historie. Det var då Phillips fann olje på det som seinare vart heitande Ekofiskfeltet. Dette vart grunnlaget for ei oljebasert sterk økonomisk utvikling i Stavanger. På kort tid gjekk byen frå å vere religionshovudstad til å bli oljehovudstad. Men det var ikkje opplagt at det skulle gå slik. Ein betydeleg lokal innsats måtte til. Eg berre nemner Arne Rettedal.

Siste åra har flinke forskarar i Stavanger gjennom eit stort forskingsprosjekt sett nærmare på kva for samfunns- og kulturendringar den raske økonomiske veksten har ført til i oljebyen.. «Hva har oljen gjort med oss?» heiter boka som kom i vinter. Teorien var at samfunnsendringar vi finn i heile den vestlege verda, ville vere ekstra tydelege i ein by der veksten har vore raskare og brattare enn andre stader.

Men slik var det ikkje. Stavangerfolk har berre vorte litt rikare og litt likare enn andre, mindre religiøse enn før og meir interesserte i musikk. Hovudkonklusjonen, seier forskarane, er at det eksisterer ein slags ambivalens i kulturen, og eit behag i økonomien. Oljerikdommen ser ut til å dempe, og kanskje smørje vekk, dei økonomiske og sosiale motsetningane i byen. Sidan heile befolkninga har det ganske bra økonomisk, er det lite motstand å spore mot dei rike, frå arbeidarklassen. Berre frå den relativt vesle gruppa med høg kulturell kapital vert det gitt tydeleg uttrykk for skepsis mot pengefolket og rikdommen. I oljebyen tel då også økonomisk kapital betydeleg meir enn kulturell kapital. Kulturelle skilje spelar lita rolle.

Kan vi ikkje gjere ein liknande studie her i Sogndal? Ikkje kopiere forskinga frå Stavanger, men gjere det på vår måte, ut frå dei store materielle endringane i vårt lokalsamfunn. Vi har kompetente forskarar, vi òg. Men ein sogndalsstudie bør, utan tvil, knytast til to merkedagar i vår moderne historie: cupfinalen 24. oktober 1976 eller opprykket til eliteserien 11. oktober 1981.

Med dette antyder eg at den tenkte studien av samfunns- og kulturendringar i Sogndal siste 40 åra må ha fotballen som omdreiingspunkt, slik oljen er det i stavangerstudien. Knapt nokon tettstad eller by i Noreg er på same måte som Sogndal prega av fotballen som næring, infrastruktur, vekstgenerator, varemerke og lokal identifikasjon. Det er ikkje tilfeldig at fotballmetaforen «Bli med på laget» er kommunens slagord. Vi møter det overalt. Utviklings- og endringsstudien «Kva har fotballen gjort med oss?» har ikkje berre nasjonal interesse. For det er i Sogndal vi, 40 år etter cupfinalen, finn, som det heiter, «verdas einaste tippeligabygd.»

Ingen visste i 1976 eller 1981 korleis eventyret ville ende. Lite visste dei òg i Stavanger vesle julaftan 1969 kva oljen ville bringe. Det er ikkje den symbolske datoen som er viktig, men det som skjer etterpå. Dei første samtalane mellom Rolf Navarsete og HiSF-direktør Hans Jørgen Binningsbø, etter kvart med Aage Engesæter som «go-between», utover 1990-talet vart konstituerande for den seinare utviklinga av Sogndals framtid og Fosshaugane Campus. «Sogndalsmodellen» seier dei. Ein god modell?

Denne historia, som Gunnar Yttri berre så vidt tøtsjar i si HiSF-soge, må fram. Men like så viktig er fotballens indirekte innflytelse over sinna våre. «Behaget i fotballen» er stort. Fotballen er Sogndals olje. Fotballens dominerande, og positive, stilling har truleg bidrege til å dempe, og smørje, økonomiske og sosiale motsetningar i lokalsamfunnet.

Kulturelt er det hos oss, som i Stavanger, musikken som rår. Litteraturen og kunsten er fråverande. Kan utkanten Fjærland gjere noko med dette? Økonomisk kapital og fotballkapital dominerer. Den minkande kultureliten er, slik historia til kunstlaget viser, skeptisk til fotballens dominerande posisjon.

Men no spekulerer eg. Vi får i staden starte forskingsprosjektet om fotballen og lokalsamfunnet. Så får vi heller bere over med at mange (av oss) aktuelle lokale forskarar i årevis har vore ein trufast del av fotballens heiagjeng.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 18. juni 2016.
Twitter: @georgar

Tenkjetanken i grannekommunen

I utkantgrenda Krundalen i Jostedal i Luster kommune finn vi fylkets einaste tenkjetank. Hovudkvarteret har dei i puben på gjestfrie og unike Jostedal hotell, der fylkets dyktigaste hotellvertinne, Laila Gjerde, ikkje har sett eit einaste raudt tal i rekneskapen dette hundreåret. Ingen er som deg, Laila.

Flinke folk med høg utdanning og gode jobbar står for tenkinga langt inne i Krundalen, saman med mykje spennande og utviklingsorienterte friluftsfolk som Jostedalen har trekt til seg siste åra. Fleire av desse er «heimattvendarar.» Folketalsnedgangen har dei likevel ikkje klart å snu. Tenkjetanken er etablert utan støtte frå det velhaldne kommunale næringsfondet. Men næringssjefen i kommunen bur i Krundalen og bidreg med velfødd tanke- og hjernekraft, pluss skarpskodd quiz og vakker mollstemt song på puben.

Tenkjetankens ideologiske hovudpillar er tufta på dogmet om den overlegne berekrafta til små og sjølvstendige einingar. At Luster er den aller største kommunen i fylket, bryr tenkjetankarane seg lite med. Dette vert meir enn kompensert ved at Luster for tida er Noregs beste og største Sp-kommune, og dessutan den aller klaraste nei-til-samanslåing-kommunen i landet. Tenkjetanken i Luster medverkar politisk og ideologisk godt til begge delar.

Ideologisk har også tenkjetanken bidrege sterkt til kampen for å halde oppe ein sjølvstendig, sjølvstyrt og sjølvgod høgskule i Sogn og Fjordane. «Vi-vil-ikkje-bli-styrt-frå-Bergen-doktrinen» fekk brei oppslutning i heile indre Sogn, godt akkompagnert av både studentane, lokalavisa og Senterpartiet. I det siste har likevel tenkjetanken tapt terreng her. Ideologien strekkjer ikkje til. Vestlandshøgskulen kan verte ein realitet om få veker.

Truleg går tenkjetanken i Krundalen på eit nytt tap før året er omme. Dette seier eg trass i den kraftfulle, men einsidige, argumentasjonen som gjekk fram av aviskronikken «Nok tåkeprat om Luster» (12. mai) forfatta av varaordførar og ordførar i Luster, med tenkjetankvisdom frå Krundalen i botnen. Kronikken hadde samla alle gode argument for at i Luster skal ingenting skje, men nemnde ikkje med eit ord det faktum at Luster har store konsesjonskraftinntekter kommunen ikkje vil dele med andre. Heller ikkje den utstrekte og aukande arbeidspendlinga til Sogndal vart omtalt. Eller at det er den sterke folkeveksten på Galden som held oppe folketalet i Luster. Kvar helst jobbar dei som bur her? Ideologisk funderte tenkjetankar brukar dei fakta som høver best.

Sogndøler og systrendingar, truleg også årdøler og lærdøler, vil gjerne ha Luster med i ein ny (stor)kommune i indre Sogn. Det alternativet finst dessverre ikkje i dag. Her i indre Sogn saknar vi òg ein visjonssterk kommunebyggjar slik ordførar Olve Grotle har vore det i indre Sunnfjord. Regionsenterets Jarle Aarvoll duger ikkje. Sunnfjordingane lukkast også med å få til gode og livlege folkemøte framfor folkerøystingane, med Grotle og Sp-tenkjaren Steinar Ness som poengterte og retorisk sterke motpolar og innleiarar. I Sunnfjord var det også eit levande og engasjert ordskifte på facebook. På våre kantar har både engasjementet og debatten mangla.

Éin viktig grunn til dette er sjølvsagt at det mest naturlege alternativet av alle manglar, nemleg nykommunen Leikanger-Sogndal-Luster. At Luster Sp og tenkjetenkarane i Krundalen seier nei, kan ingen gjere noko med. Og Luster Ap har dessverre hengt seg på. Derfor står vi sogndøler måndag med eit kommunealternativ absolutt ingen vil ha: Sogndal-Leikanger-Balestrand-Vik. Mulegheiten for ei ny livskraftig og naturleg eining med Luster-Sogndal-Leikanger i sentrum synest å vere heilt skusla bort. Eit stort og smerteleg tap for vår region.

Viss då ikkje fylkesmann Anne Karin Hamre ser det annleis. Ho skal på ettersommaren vurdere endra kommunestruktur for fylket under eitt. Ho må sjølvsagt sjå til at vi får eit like tenleg kommunemønster i indre Sogn som i indre Sunnfjord. Og då har ho, slik også HiSF-rektor Stokke hadde det, knapt noko anna val enn å vrake tenkjetankvisdomen frå Krundalen.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 21. mai 2016.
Twitter: @georgar

Dette er ikkje 1936. Dette er våren 2016.

I år kom våren tidlegare enn ein gjennomsnittsvår. Eg høyrde på radioen at gjennomsnittsvåren er tretti dagar tidlegare no enn for tretti år sidan. Eg er ikkje sikker på om det stemmer heilt. Når det er snøfritt på heimebøane i Mundal 20. april, så seier vi det er tidleg vår. Eg kan ikkje hugse at snøen på det jamne låg til 20. mai for tretti år sidan. Men eg hugsar eitt år snøen låg så lenge. Eg trur det var våren etter snøvinteren 1981-1982. Eg hugsar læraren og naboen min, Olen, tok på seg skia og gjekk ein skitur på bøane like ved fjorden sjølvaste nasjonaldagen det året. Og inne i Supphelledalen, nær Jostedalsbreen, låg snøen til ut i juni. Men det var den snøvinteren alle snakka om. Eg hugsar også det var snølause vintrar då eg var ung.

I innhogget «Klimaproblemet har kome for å bli» 23. april i år siterar Georg Arnestad sin ven og tidlegare kollega Jon Naustdalslid frå boka «Klimapolitikk. Samfunn og styring under eit klima i endring». Korleis verda ser ut i smått og stort i år 2100, er delvis avhengig av korleis vi handterer klimaproblemet. Men det vil minst like mykje vere avhengig av korleis vi samtidig handterer mange andre problem, som til dømes fattigdom, fordeling, krig, fred, global rettferd, utvikling…

Les heile innhogget her!
Teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis, nyleg kåra til landets beste lokalavis.

Klimaproblemet har kome for å bli

Mange av dei som les denne spalta, hugsar Jon Naustdalslid; den glupe naustedølen som med ein fersk magistergrad i statsvitskap, kom til Sogndal og DH-skulen i 1974. Han og historikar Johs B Thue bygde opp årsstudiet i samfunnsfag, der ein kombinerte historiefaget med moderne og teoretisk basert samfunnsvitskap. Studiet vart ein fagleg suksess for SFdh. Spennande forskingsprosjekt og god formidling var eit kjenneteikn.

Men Jon forlét Sogndal alt i 1985. Ein bitter konflikt med dåverande SFdh-rektor Karl Georg Høyer var éin av grunnane. NIBR vart arbeidsplassen til Jon frå 1988 til han pensjonerte seg i 2013. Ved NIBR var Jon forskingssjef 1989-95 og instituttsjef 1995-2007. No har han busett seg i Ängelholm i Skåne.

Som samfunnsforskar har Jon vore særleg oppteken av korleis samfunnet brukar (og kan bruke) den forskingsbaserte kunnskapen om samfunnet. Han har skrive fleire bøker og leia forskingsprosjekt om dette. Dei siste åra har Jon særleg interessert seg for klimafeltet og korleis menneskeskapte klimaendringar har ført til at klimaet har vorte ein del av samfunnet like mykje som ein del av naturen. Dette resulterte i boka «Klimapolitikk. Samfunn og styring under eit klima i endring», som kom ut sist haust på Abstrakt forlag.

Jon er litt frustrert over måten samfunnsforskarane har tilnærma seg klimafeltet. Samfunnsforskinga har stort sett ukritisk akseptert det naturvitskaplege perspektivet på klimaproblemet som eit tradisjonelt (men dramatisk truande) miljøproblem. Med boka ønskjer forfattaren å yte eit bidrag til ei betre forståing av klimaproblemet som eit samfunnsproblem og ei samfunnsvitskapleg utfordring.

Han hevdar at samfunnsvitskapane innanfor klimaforskinga har fått ei slags rolle som «hjelpevitskapar» i eit overordna naturvitskapleg prosjekt, prega av eit teknokratisk syn på så vel natur som samfunn, for å predikere og kontrollere framtidig klima. Naturvitskapane har oppdaga at dei treng samfunnsvitskapane for å kunne kontrollere naturen. Slik sett er det ikkje tilfeldig at den samfunnsvitskapen som best har funne seg til rette med naturvitskapen, er den modellorienterte økonomien, som har det til felles med den moderne klimavitskapen at den modellerer og kvantifiserer samfunnsmessige forhold gitt ulike sett føresetnader. Men korkje klimamodellar eller økonomimodellar uttrykkjer «røyndomen» – dei er og blir teoretiske konstruksjonar. Og det mykje omtalte togradersmålet er ei politisk bestemt målsetjing.

Men, skriv Jon, klimaproblemet er meir eit samfunnsproblem enn eit miljøproblem. Det kan ikkje handterast på same måte som sur nedbør, forureining av elvar eller vassdrag eller luftforureining av byar. Klimaproblemet ligg innebygd i sjølve måten samfunnet fungerer på, i det økonomiske systemet og i produksjonen av varer og tenester.

Klimaproblemet har kome for å bli. Det kan ikkje løysast éin gong for alle. Spørsmålet er korleis vi som samfunn handterer det, korleis vi reduserer dei truslane klimaendringane fører med seg, og korleis vi tilpassar oss dei endringane som vil kunne kome. Det nyttar ikkje med katastrofespådommar om verdas undergang. Vi må leite etter pragmatiske løysingar innanfor rammene som dagens samfunn med sine konfliktar, interesser, verdiar og økonomiske ressursar gjer det realistisk å kunne realisere, skriv Jon.

Ein grunnleggjande premiss for hans tilnærming er demokratiet som ramme for politikk og samfunnsstyring. Det er innafor denne ramma vi skal og må hanskast med klimaproblemet. Enkelte aksjonsforskarar har meint at klimatrusselen er for alvorleg til at demokratiet kan hanskast med det. Og i den grøne økorørsla finst det også ein tung antidemokratisk tradisjon.

Klimaproblemet er ikkje eit konvensjonelt miljøproblem. Det finst ikkje éi bestemt løysing, men mange konkurrerande potensielle løysingar. Vi har ikkje 100 månader eller 10 eller 15 år på oss for å løyse problemet. Korleis verda ser ut i smått og stort i år 2100, er delvis avhengig av korleis vi handterer klimaproblemet. Men, skriv Jon Naustdalslid, det vil minst like mykje vere avhengig av korleis vi samtidig handterer mange andre problem, som til dømes fattigdom, fordeling, krig, fred, global rettferd, utvikling….

Innanfor denne ramma skriv Jon godt og forstandig og litt for langt om klimavitskapen, den mislykka klimapolitikken, alternative klimastrategiar, klimatilpassing og planlegging. Og bør vi manipulere klimaet? Boka er basert på det beste av internasjonal forskingslitteratur. Ho må snarast inn på pensum på alle klimarelaterte studium. Og Jon må sjølvsagt bli invitert til å forelese på HiSF sitt nye masterstudium i Climate Change Management.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 23. april 2016.
Twitter: @georgar

Sognabloggen

Følgt av 87 medlemmar.

Her kan du lesa innlegg frå bloggarane til Sogn Avis Meir om sona

Origo Sognabloggen er ei sone på Origo. Les meir
Annonse

Nye bilder