Viser arkivet for stikkord val

Kampen om veljarane

OG LITT OM INTENS UVILJE MOT GRUPPER VELJARAR.

Eg har eit lite forslag: Lat oss alle gå og førehandsstemme på måndag! Så blir det kanskje slutt på alle desse iltre ordflaumane frå forulempa politikarar med ovstort sjølvbilete, som ikkje forstår korfor ingen lenger trur på vallovnadane deira. Kva vil skje om alle går og førehandsstemmer no? Vil valkampen bli avlyst, journalistane permittert og politikarane styringsdyktige att? Det er i så fall ein vinn-vinn-situasjon, både for veljarar og politikarar. Berre media vil tape på det.

Det er oss dei kjempar om. Nokre ved å ta opp att gamle løfter dei ikkje har klart å gjennomføre siste åtte åra, andre ved å ta opp att gamle løfter dei aldri har fått vise at dei ikkje maktar å gjennomføre. Vi blir presentert for kontrastane mellom framleis raudgrønt styre på den eine sida, og på den andre sida blått i ulike nyansar. Det er Jens eller Erna, det er meiningsmålingar opp og ned, duellar og maktkampar både mellom og innanfor partia. Og litt meir usynleg for dei fleste pågår det ein kamp om dei kristne veljarane. Dei siste tjue åra har det vore gjort fleire forsøk på å starte nye, kristne parti med «mandat frå Gud» til å slå ut Krf og å styre landet saman med Frp. Også i år er det med eit nytt, kristent parti, Dei Kristne, som kjempar med Krf og Frp om dei blåaste kristne veljarane.

Her i fylket sankar Frp mange stemmer frå kristne. Forstå det den som vil. Les heile Innhogget her:

Veljarane ingen kunne målbinda

Det var ein gong ein konge; han hadde ei dotter som var så vrien og vrang i ord at ingen kunne målbinde henne. Derfor lova han at den som kunne gjere det skulle få prinsessa og halve kongleriket attpå. Prinsessa i eventyret er du; eller kanskje eg. For prinsessa i dette eventyret er veljarane. Og veljarar er ein god del av oss. Og lette å målbinde er vi nok ikkje nokon av oss, verken kvar for oss eller som veljarmasse.

Det var nok av dei som ville prøve seg, seier eventyret, for det er ikkje kvar dag det er val i landet. Men det var ingen som kunne målbinde prinsessa. Så var det tre brør som fekk høyra om prinsessa, og då dei ikkje hadde det så rart heime, ville dei ut og prøve lukka. Det var Trude, Rotevatn og Frank Willy. Dei var vener og nokså vel forlikte, derfor gjekk dei i fylgje alle tre. Dei hadde ein bror til, Bjørn, men han var det ikkje plass til i dette eventyret.

Då dei hadde komme eit stykke på vegen fann Frank Willy ein daud twitterkonto. Eg fann, eg fann! ropa han. Kva fann du? spurde brørne. Ein daud twitterfugl, svara Djuvik. Fy, kast han, sa brørne. Å, eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og plukka opp den daude fuglen.

Då dei hadde gått eit stykke til fann Frank Willy ein raudgrøn vallovnad, og den plukka han opp. Eg fann, eg fann! ropa han. Kva fann du no? ropa brørne. Ein raudgrøn vallovnad, svara Djuvik. Fy, kast han, sa brørne. Å eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og plukka opp dei daude orda.

Snart ropa Frank Willy igjen: Eg fann, eg fann! Eg fann ein gamal fylkesbåt her i grøfta. Fy, kast han, sa brørne. Å, eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og plukka opp gamle Svanøy.

Så fann Frank Willy ein krokut E39-sving, og snart fann han ein krokut sving til. Kast dei! sa Trude og Rotevatn. Men Frank Willy hadde slikt å gjera og slikt å bera, så han plukka dei krokute vegstubbane med seg. Og snart ropa han igjen: Eg fann, eg fann! Kva fann du no då? spurde Rotevatn. Gid han fann litt vit før vi kjem til Slottet! sa Trude. Eg fann ein utgått skosåle, svara Djuvik. Æsj, kast han, sa brørne. Å, eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og så skal eg vinna kongsdottera og halve kongleriket med denne! Æsj, sa brørne.

Så kom dei til kongsgarden; til veljarmassen; prinsessa. Først den eldste, Trude. Så varmt det er her, sa ho. Det er varmare i Syden, svara prinsessa. Dermed mista Trude munn og mæle. Det gjekk ikkje likare med Rotevatn. Så varmt det er her, sa han. Det er varmare i helvete, svara prinsessa. Så mista Rotevatn også munn og mæle.

Så kom Djuvik inn til prinsessa. Det var då godt og varmt her, sa han. Det er varmare i glohaugen, svara prinsessa. Så kan eg kanskje steike twitterfuglen min der, svara Frank Willy. Eg er redd han sprekk, sa prinsessa. Så spenner eg rundt han denne raudgrøne vallovnaden, sa Frank Willy. Feittet renn av han, sa prinsessa. Eg held denne under, sa Frank Willy, og heldt fram gamle Svanøy. Du er så krokete i ord, du, sa prinsessa. Nei eg er ikkje krokete, men det er denne E39-svingen, sa Frank Willy. No har eg aldri sett maken, ropte prinsessa. Her ser du maken, sa Frank Willy og tok fram ein sving til. Eg trur du er utgått for å målbinde meg du, sa prinsessa. Nei, eg er ikkje utgått sa Frank Willy, men det er denne skosålen!

På den måten klarte Djuvik både å målbinde prinsessa og snakke seg sjølv bort i ein utgått skosåle. Om han fekk prinsessa og halve kongleriket eller korleis det gjekk med Trude og Rotevatn får vi ikkje vita på ei stund enno.

Oppsummering av valet

Valkampen nærmar seg slutten, og det er på tide med ei lita oppsummering.

Eg har fleire gonger dei siste vekene høyrt at denne valkampen ikkje har vore som i gode gamledagar med Gro og Kåre. Personleg har eg aldri sett eller høyrt nokon av dei debattane, men eg har jo forstått at dei må ha vore ulideleg spanande. Men sjølv om det framleis blir mimra etter så mange år, og etter at den eine av dei to ikkje ein gong bur i landet veit eg ikkje heilt, alt var jo visst nok betre under krigen òg…

Men uansett tvilar eg ikkje på at dei sagnomsuste debattane var betre enn dei anno 2009, for det skal jo alvorleg tala ikkje særleg mykje til for å få ein meir interessant valkamp enn det denne har vore. Det har ikkje vore nokon store saker, men litt om alt, og mest om kva dei andre har gjort og ikkje gjort.

Høgdepunkta i valkampen har i mine auge korkje vore skatt eller skule, Jens eller Jensen, og vertfall ikkje Siv og Erna sine korte skjørt!

Det fyrste og kanskje viktigaste høgdepunktet er velkomsten partiet Vigrid, samt Vigridavleggjaren Norgespatriotene har fått i debattar dei har stilt opp der dei har liste. Tilskodarar og meddebattantar har bokstavleg tala vendt ryggen til deira debattant under innleiinga, og dei har vore så lite velkomne at dei har måtte fått politieskorte ut av lokalet. Slikt varmar!

Det andre av dei tre verkeleg store høgdepunkta har definitivt vore den teknologiske revolusjonen me har sett. I år har me fått daglege meiningsmålingar, gjerne ei om morgonen og ei om kvelden. Me har kunne gå på nettet og til ei kvar tid sjå kven som er inne og kven som er ute, samt kunne sjå kven som har det uforklarlege utjamningsmandatet akkurat no. Me har både kunne sjå resultatet av siste måling og gjennomsnittet for alle målingane. Det er det som har engasjert meg, ikkje det politikarane faktisk har sagt, for det har me som regel høyrt før, og det handlar berre om dei andre.

Det tredje og siste høgdepunktet har vore valkampmateriellet som partia har hatt, og då tenkjer eg særleg på valkampbollane FrP har hatt i Bergen. Berre dei åleine var god nok grunn til å ta turen til sentrum! Elles funka AP-rosene fint som ei overraksing til dama, berre viktig å hugsa å ta av lappen med «husk valgdagen, hilsen Jens» eller noko i den dur. Eg har vidare høyrt mykje godt om SV sine valkampkarameller, og har planar om å sikra meg nokon av dei denne helga. Eg håpar berre dei er betre enn dei kvalme dropsa som dei minst like kvalme Unge Høgre-gutane leverte ut på juridisk fakultet! Eller kva med NKP som stiller til val i Hordaland? Dei kjempa lengje for å få nok underskrifter for i det heile å få stilla liste. Dei har no klistra ned heile byen med «boicott valget»-plakatar, der det er bilete av ein knytteneve som knuser Stortinget. Det er tydleg at ikkje alle har same synet på folkestyre! Det skal bli interessant å sjå om dei får fleire røyster enn som krevst for å stilla liste, viss ikkje kjem vel orsakinga med at dei jo boicotta.

Så er spørsmålet då: fungerte valkampen på meg? Nei, eg førehandsrøysta i juli eg…