Viser arkivet for stikkord uib

Ekstremistateistane

Sidan 2001 har me knapt kunne sett ei nyheitssending eller opna ei avis utan å høyra eller sjå
frasa ”ekstremistiske islamistar”. På same måte har me blitt kjend med ekstremistiske kristne
av fleire slag i mellom anna Nord-Irland. Med Breivik si tilknyting til Frimurarlosjen, er det i
grunn merkeleg at han ikkje har blitt knytt sterkare opp mot ekstremistisk kristendom.

Ei gruppe med ekstreme haldningar som ikkje får like mykje merksemd, er det eg vel å kalla
ekstremistateistane. Det kan nok seiast å vera med god grunn at me ikkje høyrer så mykje om
dei på same måte som andre ekstremistar, i og med me ikkje har sett terror og folkemord frå
denne gruppa på ei stund. Her har dei religiøse ekstremistane markert seg sterkare.

Likevel har dei markert seg med ei rekkje forslag og medieutspel dei seinare åra, og sjølv
om det ikkje er tale om utøva vald er vertfall tankane bak dei ekstreme nok og på nivå med
ein del konservative miljø. Ta til dømes dei som i studentavisa Studvest tok til orde for at
Universitetet i Bergen skulle gå vekk frå å nytta bedehus som eksamenslokale. Dette blei
mellom anna grunngjeve med at ”forsamlingene det gjelder tjener penger på leieforholdet”,
og at universitetet slik støtta opp om det religiøse arbeidet. Det er liten tvil om at koplinga var
søkt. Særleg med tanke på at talet alternative lokale nok er få, då gymsalar flest er laga for
fysisk aktivitet, ikkje stillesitting, ro og full konsentrasjon.
Les meir…

Marknadstilpassing av utdanning

Dei siste tiåra har det vorte ein eksplosjon i talet studentar på dei norske utdanningsinstitusjonane. Kravet om stadig høgare kompetanse for å få jobb har gjort at det blir studert og skrive oppgåver på kvart eit nes og i kvart eit naust. Det har snarare blitt hovudregelen, framfor unntaket, å ta høgare utdanning. Det som på 50-talet var noko eksklusivt og statusfremjande, er no blitt ei sjølvfølgje for mange.

Les meir…

Tenk som det private næringsliv

Tanken om dette innhogget slo meg allereie i desember. Då sat eg på skulen og sprengleste statsrett for å bli ferdig med boka før jul. I lunsjpausen fann eg bladet Ambisjonar liggande på eitt av borda i kantina, men etter å ha bladd meg gjennom ei avis med bedriftspresentasjonar frå fjordfylket var det éin ting som slo meg. Kvar var den kanskje største gruppa av akademisk kompetanse i Sogn og Fjordane – statleg og kommunal forvaltning?

Rett nok var Høgskulen og fylkeskommunen representert, men resten av offentleg sektor verka til å ha ei oppfatning av at det kommersielle jaget etter studentar er noko dei private aktørane får ta seg av. Det å vera til stades der framtidige tilsette er og tilby dei noko før dei kan gje noko attende i form av profitt, synast som ein ukjend tanke.

Dette kjem særleg godt fram når ein ser det utifrå eit studentperspektiv. Private aktørar har ofte gjesteførelesingar, typisk i samband med at studentane skal ha eksamen i noko som er innan bedrifta sin fagkrins. Dette blir gjort for å syna korleis og kvar faget kan nyttast i praksis, og slik kven som er potensiell arbeidsgjevar i framtida og kva dei kan by på.

Dei same bedriftene framstår òg som sponsorar av studentarrangement og studieturar. Men særleg profilerar dei seg gjennom 4-6 veke lange traineeopphald som har som formål å presentera ”ein vanleg dag på jobben”, altså ikkje primært at ein skal erstatta andre tilsette fullt ut. Det er ei unik moglegheit til å presentera seg overfor framtidige tilsette som dei private aktørane tilsynelatande har monopol på. Stipend, rettleiing, kontorplass og resurstilgang for studentar som skriv masteroppgåve er òg eit kjend fenomen – i det private.

Dei einaste som har teke den kommersielle utfordringa frå det private på alvor er universiteta, høgskular og forsvaret. Ei god stund før kvar einaste opptak kjem dei med massiv annonsering og reklame. Dei har funne sine nisjar – HSF har sett konkurransen frå andre, og har blitt studieplassen for dei som lever for ski og fjell, og forsvaret har skapa ein illusjon om at dei har den beste leiarutdanninga i Noreg og at 9/10 som er noko har leiarutdanning frå forsvaret.

Sjølv om det kanskje ikkje alltid representerar sanninga, har dei uansett lukkast i å byggja opp noko som fungerar overfor sine målgrupper. Og er det nokon som kunne trenge betre omdøme er det offentleg forvaltning. Det er få som i dag går rundt på norske utdanningsinstitusjonar og uttrykkjer eit ynskje om å blir sakshandsamar i NAV eller fylkeskommunen når masteren er innlevert. Faktisk er det snarare eit skrekksenario for mange. Forvaltninga blir støtt trekt fram av professorar som plassar ein endar opp om ein ikkje gjer det bra nok på eksamen. Slått saman med eit totalt fråver der studentane er, gjer det at det blir ei sanning for mange.

Men dette veit sjølvsagt ikkje den offentlege forvaltninga noko om, for dei er ikkje der slikt kan opplevast. Ulike arbeidslivsdagar og studentaviser er klassiske arenaer for profilering som oftast er blotta for anna enn privat næringsliv. Det beste døme er bladet Stud.Jur frå Universitetet i Oslo. Av om lag 50 annonsørar i desember, var berre éin offentleg, og det var Regjeringsadvokaten.

Alt er likevel ikkje svart som natta. Under bedriftsmessene som var i Oslo, Trondheim og Bergen i vinter var offentleg forvaltning godt representert. Det er bra, men berre så synd at dei nærast må få alt opp i fanget før dei forstår alvoret. Eg er overtydd om at offentleg forvaltning umogleg kan vera like kjedeleg som det ein kan få inntrykk av, men det hjelp lite når oppfatninga er ei anna rundt om i akademiske studentmiljø. Og det er jo eit paradoks at barnehagar og grunnskular i Leikanger ofte får besøk frå offentleg forvaltning som fortel om kor gode og spanande arbeidsplassar dei har, medan dei er fråverande hjå dei som faktisk er under utdanning!