Viser arkivet for stikkord turisme

Det innhaldsrike vertshuset i Supphelledalen

For nokre dagar sidan blei eg merksam på ein reiselivsblogg som blei delt på sosiale medier. Det omtalte det nyaste tilskotet på overnatting i Fjærland – Rødseter Inn.

Eg blei både glad og imponert då eg las denne bloggen om skribenten sine fantastiske opplevingar på Rødseter Inn. «Dette var et hus med sjel, et annerledes overnattingssted som innvendig byr på seg selv på en helt annen måte enn fasaden skulle tilsi. Her var det hjertevarme, hjemmekoselig og veldig annerledes.» Vidare står det: «Rom som innbyrdes var totalt ulike, men som alle var utført med det samme kyndige blikk for hvordan gammelt og nytt skulle kunne utfylle hverandre – og utfordre hverandre. Koseligere hotellrom skal du lete lenge etter, rent og luftig, vakkert og stille. Vi lot oss begeistre! Et spennende og annerledes konsept.» Også maten er ifylgje bloggaren også i beste klasse. «Alt lagt til rette på utsøkt vis og svært smakfullt anrettet. Et minnerikt måltid.»

Så langt ut i blogginnlegget innrømmer eg at eg blei litt skeptisk. Så eg tok ein tur inn på hotellbookingsida booking.com på verdsveven. Der kunne eg lese at Rødseter Inn i kundeomtale har 9,4 av 10 poeng. Omtalane på denne nettsida overgår nesten blogginnlegget eg akkurat hadde lese. Det einaste som er negativt kommentert er at uteområdet rundt Rødseter Inn ikkje står heilt i stil med det smakfulle interiøret.

_Dette er ein del av ein tekst som er trykt som innhogg i Sogn Avis – årets lokalavis. Du kan lese heile innhogget her.

Landbruk og turisme

Vi er snart komne til midten av juni, og ute vekslar det mellom vårvêr og haustvêr. I fjor starta naboen slåtten 1. juni. I år er ikkje graset i nærleiken av å vere klar for slått enno. Oppe i fjella står snøen like høg som graset gjorde på same tid i fjor. Og sauebønder klagar både på naturen og på jordbruksoppgjer. Men verken jordbruksoppgjeret eller naturen er spesielt lett for ein sauebonde å få gjort noko med.

Før jordbruksoppgjeret lanserte Bondelaget saman med mellom andre Norges Bygdeungdomslag og organisasjonen Spire ei felles plattform for eit berekraftig norsk landbruk. Spire er ein ungdomsorganisasjon under Utviklingsfondet, og har fokus på miljø, mattryggleik og internasjonal handel. No kritiserer Spire Bondelaget for å ha gått med på ein jordbruksavtale som er tvert imot den plattforma dei var samde om. Spire meinar at ved å skrive under på jordbruksavtalen har Bondelaget brote det dei var samde om i den felles plattforma og sett ein effektiv stoppar for ei berekraftig utvikling i norsk landbruk.

Les resten av kommentaren her: Landbruk og turisme
Denne teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis laurdag 13. juni 2015

Turistsesongen

Vi skriv 28. juni. Turistsesongen kjem sakte i gong. Like seint som i 1960. I Sogn er mange opptekne av at ærverdige Mundal hotell enno ikkje har opna dørene. Kva skjer? Eg har gjort ei enkel oppteljing frå Brønnøysundregistra om den økonomiske tilstanden blant alle sognehotelleta. Det spøkjer for mange av dei no viser tala. I 2012 hadde 10 av 16 hotell i regionen eit negativt årsresultat på til saman 20 mill. kroner av ei samla omsetning på 104 mill. Dei seks andre hotella hadde eit samla positivt årsresultat på 3,2 mill. kroner med ei omsetning på 129 mill. Totalt hadde dei 16 hotella eit samla negativt årsresultat på knapt 17 mill. kroner. Fleire av hotella har slite økonomisk i mange år.

Det evigvarande tapsprosjektet Fretheim hotell i Flåm er sjølvsagt på tapstoppen med minus 12,7 mill. i årsresultat av ei omsetning på 27 mill. kroner. Det må vere Noregsrekord. Lægreids og Vesterland i Sogndal, Eikum på Hafslo og Kviknes hadde alle eit årsresultat mellom kr 500.000 og 855.000. Prosentvis kjem ”kjedelege” Eikum hotell, som eventyrforteljar Mads Bækkelund kalla det, best ut av alle. Eg skulle elles gjerne ha gitt lesarane oppdaterte tal for 2013. Men sognehotella er seine med å rapportere inn til Brønnøysund. Det er også eit teikn på at det står dårleg til.

Det er mange år sidan det klirra i glas og sogningane feira verdsarven og kåringa av fjorden vår som det dei trudde var det beste turistmålet i verda. Sidan har det gått nedover med fjordturismen. Særleg bra har det heller ikkje gått med dei tre innovatørane som i 2009 kom hit med overflod av Wikborg-kapital og skulle revolusjonere fjordturismen. Ikkje berre fjordturismen, forresten. Tørvis hotell, det einaste prosjektet til den kapitalsterke skipsmeklaren som framleis er operativt, skal vere både fjord-, fjell- og brehotell.

”Bergar gamle hotellperler”, skreiv Firda om Rolf A. Wikborg så seint som i november 2012. Vi som budde her i Sogn, visste betre. Wikborg-eigde Mundal hotell i Fjærland ser ut til å verte stengt i årets sesong. Det lønnar seg ikkje å halde det ope. Om ikkje andre drivarar melder seg til dette prektige og myteomspunne hotellet, kan det gå same vegen med Mundal hotell som med Dr. Holms hotell på Geilo: eigaren byggjer det om til høgklasses (ferie)leiligheiter. Slik er trenden i dag. Fjærland har eit framifrå rykte. Og Oslo Vest-folket, som elskar Mundal hotell, er tjukke i pengar.

Tørvis hotell lever framleis. Eg har nyss vore der. Her er dørene opne. Eg likte det eg opplevde. Etterkomarar av den tidlegare eigaren står for drifta. Dei legg så å seie sjela si og den nedarva kjærleiken til hotellet og bygda inn i drifta. Men marginane er små. Og kva ønskjer Wikborg? Avkastning? Truleg. Utan familiedrift, er prosjektet mislykka. Eg vonar sterkt at søskena som no driv Tørvis, vil lykkast. Finst det ingen Fjærlandssøsken som kan drive Mundal hotell?

Dei to andre i følgjet til Wikborg har slått seg ned i Sogn. Bård Huseby har gjort det på sin måte, fått seg kompetansejobb(ar) og kjøpt ei fjordstove i Fjærland som han sjølv driv. Måtte han få det til og bli verande. Mads Bækkelund har lykkast betre som skribent i lokalavisa enn som fjordkaptein. Han tapar tilbodskonkurransar om fjordfart og trugar med søksmål. Det er visst noko med tilliten.

Det er mykje støy kring Wikborg-hotella. Wikborg vart ingen redningsmann. Men også for fleire andre hotell i vårt område, er framtida uviss. Sesongen er for kort, den tradisjonelle fjordturisten har funne seg andre reisemål og reisemåtar. Cruisetrafikken sigrar. Vinter- og fjellaktivitetane genererer lite trafikk til hotella.

Kvifor klarar vi ikkje å lage god forretning ut av det unike produktet vi forvaltar? Vår heimvende reiselivsdirektør Ståle Brandshaug manglar ikkje arbeidsoppgåver. Lykke til med sesongen.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 28. juni 2014
Twitter: @georgar

Bubilboom

Cruisebåtturistane legg truleg igjen lite eller ingen pengar her i Sogn, bortsett frå på souvernirbutikkane på kaien i Flåm og på Breheimsenteret i Jostedalen. Likevel kjempar bygder med nabobygder om å bygga den største og beste cruisebåtkaien. I Fjærland vart det for få år sidan konkludert med at ein cruisebåtkai ikkje var ein idé ein ville arbeide vidare med. Dei eksisterande turistverksemdene i bygda ville ikkje ha ein slik kai. Det er ikkje plass nok eller eigna infrastruktur til å ta imot fleire tusen turistar eller mange titalls bussar til å frakte turistane frå Mundal til turistattraksjonane i bygda eller nabobygdene. Turistnæringa i bygda meinte at dei var betre tente med ein stor cruisebåtkai i Sogndal, og bussar med turistar derifrå. Der er det infrastruktur og plass nok til å ta imot mange tusen turistar om gongen.

Ein komité som såg på fordeler og ulemper med ein slik kai i Mundal konkluderte med at ulempene var større enn fordelene, og at det verken ville gi heilårs arbeidsplassar eller på andre måtar føre til særleg auka inntekter for bygda. Eg trur mange av dei mindre bygdene som bygger anløp for store turistskip vil oppdage at ein slik konklusjon også hadde passa best for deira kai og deira bygd; at ulempene er større enn forventa, og fordelene mindre.

Dei siste åra kan det sjå ut som det har vore ein stor auke i bubil- og campingvogn-turistar. Mange av dei står parkert på rasteplassar og parkeringsplassar der dei finn det for godt, både utanlandske og eit aukande tal norske bubilar. Les heile innhogget her

Storslagen natur treng storslagen arkitektur

Nasjonal turistveg – smak litt på det! Det er Sognefjellsvegen med kunst i stein. Det er Aurlandsfjellet med det fascinerande utsiktspunktet på Stegasteinen. Kort oppsummert: det er det beste me har av natur kombinert med arkitektur og kunst frå øvste hylle. Greitt nok at vegane våre er smale og lite ideelle for lastebilar, men ingen kan ta frå oss at det ikkje er noko å oppleva! Har Vegvesenet i tillegg merka krøtterstiane «Nasjonal turistveg» er det ikkje tvil om at det er noko ein må få med seg!

For dei nasjonale turistvegane er noko for seg sjølv. Og spør du meg er det freistande å sitera Homer Simpson når eg skal beskriva den geniale tanken om å pussa opp 18 særprega strekningar landet rundt: the greatest thing since sliced bread! Måtte det bli både 19 og 20 etter kvart.

Berre i Sogn er me velsigna med tre slike nasjonale turistvegar. To er allereie omtala i innleiinga, og den siste er vegen over Gaularfjellet. Men Gaularfjellet har endå ikkje fått sine arkitektoniske landemerke, og skal me tru Fylkesmannen må nok både me og turistane venta endå litt til. For som Bergens Tidene så klingande sa det, planane om ein spektakulær kombinasjon av utsiktspunkt og rasteplass vekka ikkje akkurat åtgaum hjå Fylkesmannen.

For dei som ikkje har sett teikningane er planen å byggja noko som ser ut som ein hybrid av operaen i Bjørvika, stupebrettet på Stegasteinen og ein stjerneforma UFO. Det er av typen du må sjå det for å forstå det. Og her skal eg gje Fylkesmannen heilt rett, det glir så absolutt ikkje usett inn i det naturlege landskapet på Gaularfjellet!

Men kva gjer vel eigentleg det, sett vekk frå geiter, sauar og fastbuande? Denne rasteplassen er noko av det suverent mest tiltalande eg har sett i den sjangeren nokon gong. Storslagen natur treng òg storslagen arkitektur, og med den føreslegne rasteplassen er det nettopp det den ufortent anonyme fjellovergangen får.

Så får det heller vera at Fylkesmannen nok har sine lovverk å stri med. Det er dessutan mykje anna som ikkje glir heilt umerka inn i landskapet og som ikkje ein gong er særleg arkitektonisk, ta til dømes Fylkesmannen sitt eige bygg på Hermansverk.

Her i Sogn har me så definitivt natur, men er diverre blotta for arkitektur. Men Vegvesenet har heldigvis teke ansvar der alle andre sviktar. Deira planar er det beste frå to verdenar: 1) det typisk norske med matpakke, rast og vill natur, samt 2) det moderne og estetiske.

Eg gler meg til den sommardagen eg av ein eller annan grunn skulle forvilla meg til Førde og tek bilen over fjellet og rastar på eitt av dei tre hjørna på stjerna. Den dagen trur eg kjem, uansett kva Fylkesmannen måtte meina om det nye utsiktspunktet. Det blir ein bra dag!