Viser arkivet for stikkord terror

Ytringsfridom i Norge i 2007 og 2015

Med terroråtaka i Paris fekk året 2015 ein alvorleg start for Europa. Vi fekk nok ei alvorleg påminning om at vi er sårbare for terror også i vår del av verda. Men måten karikaturteiknarar og journalistar i Europa svarar på, ved å gi all støtte til ytringsfridommen og på den måten sigre over terroristane, kan Frankrike og Europa vere stolte av. Teikningar av terroristar med automatvåpen og bombebelte som tapar mot karikaturteiknarar med blyant som våpen, vil bli hugsa lenge!

Vi hugsar karikaturstriden frå 2007 også. Den gongen var det mange som ikkje stod opp for ytringsfridommen her i vesle Norge. Då den kristne avisa Magazinet trykte ei faksimile av Jyllandsposten sine karikaturteikningar, blei redaktør Vebjørn Selbekk ståande nokså åleine med kritikken frå norske styresmakter. Dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre reiste på turne i Midt-austen og forklarte alle som kjende seg såra av Muhammed-karikaturane at redaktør Selbekk stod for noko unorsk noko, og at han stod åleine. Han var ein kristen fundamentalist, som folk flest i Norge tok avstand frå. Men dei Støre prata med hadde nok fått med seg at mange andre aviser i Norge også hadde trykt Muhammedkarikaturane. Til norske medier understreka Støre at sjølv om fundamentalistar på ei side provoserte, så hadde ikkje fundamentalistar på den andre sida rett til å bruke terror. Eller var det ekstremist-ordet han brukte om begge sider. Statsminister Stoltenberg sa til VG at redaktør Selbekk var delvis ansvarleg for at sinte muslimar storma og sette fyr på den norske ambassaden i Syria. Han sa at å trykke karikaturane var «ei gal handling». I ettertid har både Støre og Stoltenberg beklaga korleis dei behandla Selbekk. Dei burde også ha beklaga for det norske folk det åtaket dei utførte mot ytringsfridommen i Norge!

Er det nokon som hugsar frå 2007 at avisene her i fylket blei skulda for å vere feige då dei ikkje trykte Muhammed-karikaturane? Eg hugsar ein slagferdig og skarp Knut P. Bøyum i debatt med dåverande Firda-redaktør direktesendt på NRK Sogn og Fjordane. Han meinte at når avisene skreiv om folk frå Sogn og Fjordane som hadde vore i Midt-austen og sett opptøyene der, så burde dei ha trykt karikaturane slik at lesarane skulle forstå kva striden dreia seg om.

Eg er ikkje Charlie. Eg kjenner ingen trong til å provosere for å utfordre grenser. Det er Charlie Ebdo sin misjon, ikkje min. Ikkje kan eg teikne heller, forresten. Ikkje strekar, i alle fall. Eg kan teikne ord og setningar, og eg strevar etter å gi kritikk på ein respektfull og intelligent måte. Men sjølv om eg ikkje vil bruke ytringsfridommen til å provosere grenser på same utfordrande vis som Charlie Ebdo, så støttar eg hundre prosent retten til å kunne gjere det. Ein treng ikkje vere Charlie for å støtte ytringsfridommen. Eg er ikkje Jens eller Jonas heller. Og eg tek avstand frå måten dei snudde ryggen til ytringsfridommen i 2007. Ein skal ikkje kompromisse med ytringsfridommen. Og ein skal i alle fall ikkje gjere innrømmingar til krefter som leikar med terror. Ein kan i alle fall slå fast at ytringsfridommen står sterkare i Norge i 2015.

Denne teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis 17.1.2015

Kva med ytringsfridommen?

DET SKJER EIN KRIG i Norge i dag. På sosiale medier ligg folk i skyttargravene og kastar skit mot kvarandre. Det blir ropt ord som barnemordar, høgreekstrem, antisemitt og ‘verre’ ting. Både ‘sionist’ og ‘antisionist’ blir brukt som skjellsord, og somme samanliknar Hamas-leiarar eller Israels statsminister med Hitler. Alt etter kva for skyttargrav ein skit i. Ingen som prøver å unngå skyttargravene klarar å unngå ordkrigen. Ein ordkrig ytringsfridommen tapar på.

Det er få i den norske ordkrigen som prøver å vere nyanserte i synet på krigen på Gaza. Prøver du å nyansere risikerer du skitkasting frå begge skyttargravene. Og om du antydar støtte til at Israel har rett til å forsvara seg mot terror blir du med ein gong plassert blant barnemordarar og kristenfundametalistar. Og det politisk korrekte twitter-Norge ropar at du ikkje burde få lov å ta del i den offentlege debatten. Eg prøver å halde meg borte frå skyttargravene, men eg veit at mange som les dette vil plassere meg i den skitargrava dei ikkje skit i sjølve. Derfor er dette ein vanskeleg tekst å skrive. Eg veit at eg blir misforstått, og eg veit ikkje heilt kva som møter meg når dette vert publisert i avisa og på nettet.
Les heile Innhogget her!

Breivik og media

Terrorrettssaka er vel i gang, og mange er nok allereie rimeleg lei. Sjølv for ein person som
meg, som er over gjennomsnittet interessert i dei juridiske spørsmåla, blir det stundom nok.
Men det skuldast andre aktørar enn dei som tilhøyrer den rettslege handsaminga.

Før eg tek til med mi utblåsing mot media som dekkjer denne saka, vil eg starta med litt
velfortent ros. Gjennom sitt press for å få kringkasta forklaringar med meir, har media vore
med på å sikra meir openheit. På denne måten blir ei historisk viktig sak betre opplyst hjå
ålmenta, samstundes som at kontrollen med retten sitt arbeid truleg aldri har vore sterkare.

Når det er sagt, så er det meir enn nok å ta media på i denne saka. Som vanleg
kjem journalistar og redaktørar dragande med dei sedvanlege frasene om pressa sitt
samfunnsansvar, plikt til å dekkja viktige samfunnssaker og rolle som fjerde statsmakt. Dette
er kjend svada, for som me veit gjer og sender media det dei får mest sjåarar på utan å gå alt
for langt over streken. Grunnen til at det er så lange nyheitssendingar fleire gongar dagleg er
at det er av dei mest sette programma på tv.
Les meir…

Blei det endå meir av det gode?

Sist helg var det eit halvt år sidan den mest dramatiske hendinga på norsk jord i moderne tid.
Samstundes var det òg eit halvt år sidan Jens Stoltenberg samla riket under slagordet endå
meir openheit, endå meir demokrati og endå meir humanitet. Eg hugsar sjølv eg gjorde han
sine ord om til mine når eg fekk kondolansar frå utlandet. Over heile verda blei Stoltenberg
sitt svar på det uverkelege lovprisa som det ultimate svaret på den grufulle hendinga.

Men kva er eigentleg status for vårt svar på terroren? Har det eigentleg blitt endå meir
demokrati, openheit og humanitet?

Slik eg ser det er det næraste me kjem meir openheit, viss me ser vekk frå Janne Kristiansen si
etterretningslekkasje, at avhøyra, rapportane og lydloggane frå 22/7 flyt rundt i media. Dette
kunne ha vore eit bilete på norsk glasnost, men i staden har det blitt bilete på kor vill vest
det blir i unntakstider. Media konkurrerar mot kvarandre om å ha dei heftigaste lekkasjane,
og bistandsadvokatar med ein kjendisadvokat i magen kjempar om å komma på framsidene.
Liten tvil om at desse to gruppene hjelper kvarandre fram til kvar sine mål, og at samarbeid
har vore nøkkelen til felles suksess.
Les meir…