Viser arkivet for stikkord sveinungrotevatn

Valkamp i trivselsfylket

Eg hugsar ikkje kven som kom på ideen om å gi utkantfylket vårt namnet ”trivselsfylket”. Truleg var det tidlegare fylkeskultursjef Lidvin Osland; det var i alle fall i hans ånd. Kanskje angrar han i dag.

Ordet trivselsfylke er som henta ut av evighetsprogrammet til Senterpartiet. Her trivst det meste og dei fleste. Levealderen er høg, og vi vert stadig fleire eldre. Kommunane toppar velferdslistene, skulane våre er fantastiske, og elevane våre er i heilt landstoppen. No skal vi til og med forske på dette. Kvifor det, forresten? Mange, blant dei kommunal- og regionalministeren, synest jo alt å ha svaret klart.

Kommunane er små, naboskapen trong, folkehelsa på topp. Kriminaliteten er låg. Brotsverka vert oppklara. Framleis skårar vi høgt på dei fleste ”gode lokalsamfunn”-indikatorane. Landbruket står sterkt. Industrien skrantar litt, men vi har livskraftige lokalbankar. Ekteskapa varer lenge, og få born vert fødde utanfor ekteskap.

Den mentale førestillinga om trivselsfylket er som skapt for valkampen til Senterpartiet i det velståande, offentleg finansierte utkantfylket Sogn og Fjordane i det oljesmurte Noreg. Les heile Innhogget her

Veljarane ingen kunne målbinda

Det var ein gong ein konge; han hadde ei dotter som var så vrien og vrang i ord at ingen kunne målbinde henne. Derfor lova han at den som kunne gjere det skulle få prinsessa og halve kongleriket attpå. Prinsessa i eventyret er du; eller kanskje eg. For prinsessa i dette eventyret er veljarane. Og veljarar er ein god del av oss. Og lette å målbinde er vi nok ikkje nokon av oss, verken kvar for oss eller som veljarmasse.

Det var nok av dei som ville prøve seg, seier eventyret, for det er ikkje kvar dag det er val i landet. Men det var ingen som kunne målbinde prinsessa. Så var det tre brør som fekk høyra om prinsessa, og då dei ikkje hadde det så rart heime, ville dei ut og prøve lukka. Det var Trude, Rotevatn og Frank Willy. Dei var vener og nokså vel forlikte, derfor gjekk dei i fylgje alle tre. Dei hadde ein bror til, Bjørn, men han var det ikkje plass til i dette eventyret.

Då dei hadde komme eit stykke på vegen fann Frank Willy ein daud twitterkonto. Eg fann, eg fann! ropa han. Kva fann du? spurde brørne. Ein daud twitterfugl, svara Djuvik. Fy, kast han, sa brørne. Å, eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og plukka opp den daude fuglen.

Då dei hadde gått eit stykke til fann Frank Willy ein raudgrøn vallovnad, og den plukka han opp. Eg fann, eg fann! ropa han. Kva fann du no? ropa brørne. Ein raudgrøn vallovnad, svara Djuvik. Fy, kast han, sa brørne. Å eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og plukka opp dei daude orda.

Snart ropa Frank Willy igjen: Eg fann, eg fann! Eg fann ein gamal fylkesbåt her i grøfta. Fy, kast han, sa brørne. Å, eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og plukka opp gamle Svanøy.

Så fann Frank Willy ein krokut E39-sving, og snart fann han ein krokut sving til. Kast dei! sa Trude og Rotevatn. Men Frank Willy hadde slikt å gjera og slikt å bera, så han plukka dei krokute vegstubbane med seg. Og snart ropa han igjen: Eg fann, eg fann! Kva fann du no då? spurde Rotevatn. Gid han fann litt vit før vi kjem til Slottet! sa Trude. Eg fann ein utgått skosåle, svara Djuvik. Æsj, kast han, sa brørne. Å, eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og så skal eg vinna kongsdottera og halve kongleriket med denne! Æsj, sa brørne.

Så kom dei til kongsgarden; til veljarmassen; prinsessa. Først den eldste, Trude. Så varmt det er her, sa ho. Det er varmare i Syden, svara prinsessa. Dermed mista Trude munn og mæle. Det gjekk ikkje likare med Rotevatn. Så varmt det er her, sa han. Det er varmare i helvete, svara prinsessa. Så mista Rotevatn også munn og mæle.

Så kom Djuvik inn til prinsessa. Det var då godt og varmt her, sa han. Det er varmare i glohaugen, svara prinsessa. Så kan eg kanskje steike twitterfuglen min der, svara Frank Willy. Eg er redd han sprekk, sa prinsessa. Så spenner eg rundt han denne raudgrøne vallovnaden, sa Frank Willy. Feittet renn av han, sa prinsessa. Eg held denne under, sa Frank Willy, og heldt fram gamle Svanøy. Du er så krokete i ord, du, sa prinsessa. Nei eg er ikkje krokete, men det er denne E39-svingen, sa Frank Willy. No har eg aldri sett maken, ropte prinsessa. Her ser du maken, sa Frank Willy og tok fram ein sving til. Eg trur du er utgått for å målbinde meg du, sa prinsessa. Nei, eg er ikkje utgått sa Frank Willy, men det er denne skosålen!

På den måten klarte Djuvik både å målbinde prinsessa og snakke seg sjølv bort i ein utgått skosåle. Om han fekk prinsessa og halve kongleriket eller korleis det gjekk med Trude og Rotevatn får vi ikkje vita på ei stund enno.