Viser arkivet for stikkord student

Tenk som det private næringsliv

Tanken om dette innhogget slo meg allereie i desember. Då sat eg på skulen og sprengleste statsrett for å bli ferdig med boka før jul. I lunsjpausen fann eg bladet Ambisjonar liggande på eitt av borda i kantina, men etter å ha bladd meg gjennom ei avis med bedriftspresentasjonar frå fjordfylket var det éin ting som slo meg. Kvar var den kanskje største gruppa av akademisk kompetanse i Sogn og Fjordane – statleg og kommunal forvaltning?

Rett nok var Høgskulen og fylkeskommunen representert, men resten av offentleg sektor verka til å ha ei oppfatning av at det kommersielle jaget etter studentar er noko dei private aktørane får ta seg av. Det å vera til stades der framtidige tilsette er og tilby dei noko før dei kan gje noko attende i form av profitt, synast som ein ukjend tanke.

Dette kjem særleg godt fram når ein ser det utifrå eit studentperspektiv. Private aktørar har ofte gjesteførelesingar, typisk i samband med at studentane skal ha eksamen i noko som er innan bedrifta sin fagkrins. Dette blir gjort for å syna korleis og kvar faget kan nyttast i praksis, og slik kven som er potensiell arbeidsgjevar i framtida og kva dei kan by på.

Dei same bedriftene framstår òg som sponsorar av studentarrangement og studieturar. Men særleg profilerar dei seg gjennom 4-6 veke lange traineeopphald som har som formål å presentera ”ein vanleg dag på jobben”, altså ikkje primært at ein skal erstatta andre tilsette fullt ut. Det er ei unik moglegheit til å presentera seg overfor framtidige tilsette som dei private aktørane tilsynelatande har monopol på. Stipend, rettleiing, kontorplass og resurstilgang for studentar som skriv masteroppgåve er òg eit kjend fenomen – i det private.

Dei einaste som har teke den kommersielle utfordringa frå det private på alvor er universiteta, høgskular og forsvaret. Ei god stund før kvar einaste opptak kjem dei med massiv annonsering og reklame. Dei har funne sine nisjar – HSF har sett konkurransen frå andre, og har blitt studieplassen for dei som lever for ski og fjell, og forsvaret har skapa ein illusjon om at dei har den beste leiarutdanninga i Noreg og at 9/10 som er noko har leiarutdanning frå forsvaret.

Sjølv om det kanskje ikkje alltid representerar sanninga, har dei uansett lukkast i å byggja opp noko som fungerar overfor sine målgrupper. Og er det nokon som kunne trenge betre omdøme er det offentleg forvaltning. Det er få som i dag går rundt på norske utdanningsinstitusjonar og uttrykkjer eit ynskje om å blir sakshandsamar i NAV eller fylkeskommunen når masteren er innlevert. Faktisk er det snarare eit skrekksenario for mange. Forvaltninga blir støtt trekt fram av professorar som plassar ein endar opp om ein ikkje gjer det bra nok på eksamen. Slått saman med eit totalt fråver der studentane er, gjer det at det blir ei sanning for mange.

Men dette veit sjølvsagt ikkje den offentlege forvaltninga noko om, for dei er ikkje der slikt kan opplevast. Ulike arbeidslivsdagar og studentaviser er klassiske arenaer for profilering som oftast er blotta for anna enn privat næringsliv. Det beste døme er bladet Stud.Jur frå Universitetet i Oslo. Av om lag 50 annonsørar i desember, var berre éin offentleg, og det var Regjeringsadvokaten.

Alt er likevel ikkje svart som natta. Under bedriftsmessene som var i Oslo, Trondheim og Bergen i vinter var offentleg forvaltning godt representert. Det er bra, men berre så synd at dei nærast må få alt opp i fanget før dei forstår alvoret. Eg er overtydd om at offentleg forvaltning umogleg kan vera like kjedeleg som det ein kan få inntrykk av, men det hjelp lite når oppfatninga er ei anna rundt om i akademiske studentmiljø. Og det er jo eit paradoks at barnehagar og grunnskular i Leikanger ofte får besøk frå offentleg forvaltning som fortel om kor gode og spanande arbeidsplassar dei har, medan dei er fråverande hjå dei som faktisk er under utdanning!

Under fattigdomsgrensa

Eg høyrer til ei eksklusiv gruppe mennesker, men det er langt ifrå noko glamourøst liv eg lever av den grunn. Eg gjer slik Regjeringa vil, men som fleirtalet ikkje gjer.

Eg skal ikkje gjera dette til noko gåte der svaret kjem i neste utgåve. Eg er heiltidsstudent, og har altså ikkje jobb ved sidan av studia. Det vil seia eg får ei månadleg utbetaling på 6.376 kroner, der storparten altså er lån. I tillegg kjem ei høgare utbetaling i starten av kvart semester, meint for innkjøp av pensum, betaling av depositum ol. Totalt har eg altså ei utbetaling pålydande 87.000 kroner i året.

No veit eg at pengekrav frå studentar er noko av det som skapar minst sympati i befolkninga. Studentar skal vera fattige. Det er difor interessant å trekkja linjer til dei som skapar stor sympati; dei fattige. I Noreg går fattigdomsgrensa på 2 gongar folketrygda sitt grunnbeløp, altså ei årleg utbetaling på 145.762 kr. Det er difor ikkje rart løysinga for dei aller fleste studentar blir å ta seg ein jobb ved sidan av lesinga, og for mange går dette på bekostning av lesinga.

Det er jo klart at det er langt ifrå alle som leser som ein klassisk arbeidsdag. Men for dei av oss mange som les frå åtte til fire, om ikkje enno meir, er dette særleg opprivande. Ein arbeidar 100 % stilling på skulen, må jobbe i tillegg etter lesinga, og som om ikkje det er nok, så er det sjølvsagt jobbing om sommaren, og ein ender opp med 12-13 dagar ferie slik som eg gjer i år. Ville dette vore akseptert om det hadde vore ein vanleg arbeidar som hadde slike forhold? Nei, då hadde det blitt bråk! Men myten om studenten tilseier at det berre er festing, lediggang og soving ein driv studentkvardagen med. Dette feilbiletet har ført til at studentar sin økonomi ikkje er jamnstilt med andre grupper i samfunnet.

Slik det er no er det langt meir økonomisk å gå på sosialen enn å vera student. I tillegg er storparten av dei 87.000 kronene studentane ”får” eit lån som skal betalast attende med renter. Det skal likevel seiast at lønsutsiktene er betre for studentar dei komande åra, enn for sosialklientar, men det spørs kor populær ein tidlegare student er på arbedsmarknaden viss ein har brukt mykje til på å arbeida, framfor å studera. I tillegg har det vist seg at ein skal arbeida veldig lengje før det skal løna seg å ha høgare utdanning samanlikna med vanleg industiarbeidarløn.

Det må bli meir gunstig å vera student. Det er heilt uhaldbart at studentar må snu på kvar einaste krone for å klara seg med det Lånekassa har å by på. Ein må ikkje sjå på studentar som eit eige folkeferd som ikkje har krav på dei same standardane som resten av dagens samfunn har.

Gjer det meir gunnstig å studera på heiltid, og samfunnet vil tena på det i lengda med eit høgare nivå på studentane, og fleire som held løpet ut.