Viser arkivet for stikkord straumbrot

Flystyrt i Fjærlandsfjorden

Ein flystyrt i Fjærlandsfjorden våren 1980 er nok som ein bagatell å rekne om ein skal samanlikne med den politiske tsunamien som veltar innover Europa no. Brexit. Eg skal ikkje skrive om Brexit. Det kjem vi til å høyre om i media til vi får Brexningar. Men eigentleg skulle ingen late seg sjokkere over resultatet av folkerøystinga. Det blei akkurat som venta. Nei-folk er som kjent flinkare til å nytte seg av stemmeretten enn ja-folk. Om dei angrar i dag eller ikkje. Dette var forutbestemt og burde vore venta.

Det eg skal fortelja om skjedde ein solblank vårdag i slutten av mars 1980, og byggjer på ein tekst dåverande distriktsvererinær Torstein Kongslien har skrive, og med samtale med Kongslien. Du kan lese heile Innhogget her:
MANN MED GREIP: Flystyrt i Fjærlandsfjorden.

Kundehandsaming på botn.

Når eit føretak har problem med å levere, er det fleire måtar å takle kritikken som kjem i etterkant. Nokre legg seg heilt flate medan stormen rasar forbi, andre vel det heilt motsette: å le bort kritikk og spørsmål, å latterleggjere dei som kritiserar, og å bruke ein arrogant og nedlatande tone overfor kundane. Det siste er ikkje ein særleg vellukka strategi, uansett om den er gjort med vitande vilje, eller om det er gjort i tankeløyse.

For eit par veker sidan forsvann straumen med ein skarp smell då eg sat og åt kvelds. Eg ttrudde at noko inne hos meg kortslutta. Les resten av kommentaren her!