Viser arkivet for stikkord status

Intervju legen!

Det samordna opptaket for høgare utdanning er gjennomført, og her heime har det vore stort
fokus på at HSF har auka opptaket med 30%, og for ein gongs skuld ikkje tilbyr alle søkjarane
studieplass.

På nasjonalt plan har det kome forslag om at det for visse studium må gjerast intervju, ikkje
berre avgjerast på bakgrunn av karakterar. Dette har blitt grunngjeve i at det er kostbart med
studentar som ikkje fullførar studiet dei har starta opp på, då det ikkje materialiserar seg i framtidig
arbeidskraft. Intervju som del av opptaksprosessen har difor blitt hevda å kunne sila ut dei mindre
dedikerte, som då kanskje ikkje vil fullføra studiet.

Det kan så vera, og ein kan jo diskutera om det ikkje er slik at all utdanning på ein eller annan
måte vil koma til nytte. I mine auge framstår intervju som ein god ide, men det er ikkje for å hindra
kostnaden knytt til dei som ikkje fullførar studieløpet.

Mi erfaring er at det ofte kan vera statusen som knyt seg til eit yrke som motivasjonen for mange
søkjarar til dei respektive studia, ikkje ei oppriktig interesse i faget. I mange yrke er det rett og slett
ikkje nok at ein er fagleg dyktig, viss ein ikkje har dei rette eigenskapane eller lidenskapen. Sjølv
har eg prata med ei som ”endeleg” hadde kome inn på tannlegestudiet, men som ikkje ville bli
tannlege. Då har ein bomma fatalt!

Les meir…

Marknadstilpassing av utdanning

Dei siste tiåra har det vorte ein eksplosjon i talet studentar på dei norske utdanningsinstitusjonane. Kravet om stadig høgare kompetanse for å få jobb har gjort at det blir studert og skrive oppgåver på kvart eit nes og i kvart eit naust. Det har snarare blitt hovudregelen, framfor unntaket, å ta høgare utdanning. Det som på 50-talet var noko eksklusivt og statusfremjande, er no blitt ei sjølvfølgje for mange.

Les meir…