Viser arkivet for stikkord språk

Godt språk

Norsk språk har dei seinare åra blitt gjenstand for mykje merksemd, noko som ikkje berre
skuldast frimodige direktoratsforslag. Eg vil våge å påstå at me no kanskje er meir merksame
og medvitne på språk og dialektar enn nokon gong før. SMS-språket er i stor grad dialekt, og
når det blir flørta med tanken om å kutta sidemålsstilen får Mållaget 1.200 nye medlemmar.

Når det er sagt er det framleis mykje som er ”chill” hjå dei mest ”keege” av ”crowden”. Men
i Sogn merkar me ikkje så mykje til akkurat det. Skulle det likevel snika seg inn noko slik,
er det eit sunnheitsteikn å sjå at folk er raske med å latterleggjera dei som tykkjer det hadde
vore ”chill” med noko ”digg”.
Les meir…

Normering av språk

Det har meg for øyre at det for tida på går eit arbeid for å få til ei ny rettskrivingsnorm for nynorsk. Arbeidsgruppa, som utruleg nok er 100% Sylfest Lomheim-fri, har som mål at det skal bli lettare å vera nynorskbrukar. Kanskje ikkje det mest grensesprengjande målet nokon har sett seg opp gjennom historia, men lat gå.

Den nye reforma skal etter planen setjast i kraft frå august 2012, så det har til no endå ikkje kome så mykje handfast om kva me har i vente. Det som likevel har blitt uttrykt frå Språkrådet, som er oppdragsgjevar, at norma skal vera «tydeleg, enkel og stram […], utan sideformer». Mykje tydar altså på at den rike valfridommen i kva ord ein kan velja forsvinn. Med færre sidestilte former skal arbeidsgruppa gjera nynorsken enklare og meir attraktiv.

Men dette resonnementet gjer at det skurrar hjå meg. Er det ikkje nettopp den rike valfridomen som er nynorsken si styrke? Er det ikkje moglegheita til å kunne tilpassa skriftsspråket til sitt eige talemål som gjer at me skriv nynorsk? Skal me tru Språkrådet er det heilt feil. Det er jo unekteleg ikkje slik at talemålet er likt i heile det nynorske Noreg, det er difor valfridomen er nynorsken si styrke. Det å kunne velja mellom «me» eller «vi», «mjølk» eller «melk» og a eller -e som siste bokstav i verb i infinitiv er kan jo umogleg seiast å vera ei svakheit. Kanskje er det for lite valfridom som er grunnen til at nynorsken tapar terreng i høve til bokmål?
/bulletin/show/577559_normering-av-spraak">Les meir…

Er det i morgon i dag?

Vi som likar å skrive og likar å leike med språket kan lære mykje av små barn. Vi kan le av deira språklege misforståingar, misunne deira språklege kreativitet, og iblant undre oss over deira løysingar på våre språklege utfordringar og formaningar.

Ikkje gå ut utan sko! sa mora til den vesle guten, då han labba ut i snøen i sokkalesten. Og guten snudde og kom inn att, tok ein sko i kvar hand, og gjekk ut igjen med skoa i hendene. Han hadde gjort akkurat som mora sa, han hadde løyst problemet heilt bokstaveleg. Og eit barn sin ektheit og uskuld i slike situasjonar får klumpen opp i halsen på dei som får vera til stades.

Av og til kan ein undre på om dei tullar med deg, eller om dei meinar alvor. Jenta skulle vere med meg til Førde. Der skulle vi mellom anna kjøpe ny støvsugar. Kva slags støvsugar? spurde ho. Ein som ikkje er for dyr, svarde eg. Dette måtte jenta tenke litt over. Dyrstøvsugar? Kjem det dyr ut frå han? Nei, at ein støvsugar er dyr betyr at han kostar mykje pengar! svara eg. Heiter støvsugaren dyr fordi han kostar mykje pengar? svarde jenta. På ein anna biltur spurde same jenta: Pappa, kan eg hoppe i salaten? Nei, det kan du ikkje, svara eg bestemt, og det vart stille nokre sekund, før ho braut ut i latter: Pappa, forstår du ikkje at eg berre tullar? Snakk om å få pappa til å trakke i salaten.

Eg veit at eg har sagt ein del til borna om å kle seg godt for å unngå å fryse, og at det går an å bli sjuk av å gå for dårleg kledd. Og eg har sikkert sagt noko både om forkjøling, øyreverk og influensa. Eg kan ikkje hugse eg har sagt noko om å fryse i hel. Men det må vera einkvan som har sagt noko om det også. Her ein dag dei skulle ut sa jenta: “Eg må ha på meg denne gode, varme jakka, slik at eg ikkje frys i helen!”

Barn sin kommunikasjon seg imellom er også interessant å lytte til. Guten kom til nabojenta og spurde om ho ville komme ut og leike. Nei, sa jenta, det ville ho ikkje. Då skal eg banke deg! sa guten. Okai då, svarte jenta, og kledde på seg. Dei gjekk til guten si leikehytte. Like etterpå såg foreldra at sonen var på veg mot fjøsen til Anders. Dei ropa etter han. Om nabojenta hadde reist heim att alt? Nei, de forstår det, sa guten, at no lagar ho middag, og eg skal ut og jobbe. Og så skal ho rope på meg når middagen er klar!

Jenta frå Fjærland vakna i bilen medan dei køyrde på motorvegen. No kjem vi snart til bestemor, sa pappa. Men det er så mange andre bilar her, sa jenta forundra. Skal alle sammen til bestemor då?

Favorittsitatet mitt er vel kanskje dette: Er det i morgon i dag, eller er det berre i dag i dag? Spørsmålet kom frå fireåringen ved frukostbordet. Ved kveldsmaten dagen før hadde dei snakka om at i morgon skulle ho i barnehagen, noko ho gleda seg til kvar dag. Eller kanskje favorittsitatet mitt er dette: Vi må plukke berre dei modige bæra, sa jenta, ho skulle vere med ut i skogen og plukke bjørnebær.

Eg starta med påstanden at vi kan lære mykje av barna sin språklege kreativitet. Kanskje det er heilt feil. Kanskje vi er for fastgrodde i vårt eige språk; for lærde til å lære; for vaksne til å kunne vere like språkleg kreative? I så fall har vi ikkje anna å gjere enn å samle på dei gode sitata vi får servert frå barn, barnebarn eller andre barn, skrive dei ned og konservere dei. Dei gode språkopplevingane med barn er ein ubetaleleg bonus ein får meir av di meir ein er saman med borna. God helg!

Dette innlegget er trykt som Innhogg i Sogn Avis 28. november 2009.