Viser arkivet for stikkord skule

Ta barna på alvor!

Som forelder må du alltid ta barna på alvor. Det er ikkje alltid at samfunnet rundt deg tek kampen for barna dine. I tronge kommunebudsjett kan det ofte sjå ut som pengar er viktigare enn barn. Slik kan det vere for pressa kommunepolitikarar. Slik er det ikkje for meg som far. Eg har ei plikt til å ta barna mine på alvor, sjølv om det skulle gå ut over både økonomi og rykte. Barna må alltid komme først.

- Barn har ingen rettar når skulen blir nedlagd! er tittelen på ein god kronikk publisert på nettsida til NRK Sogn og Fjordane, signert Gunn Linde. Ho skriv at «lovverket vi trudde skulle verne ungane våre inneheld omgrep som forsvarleg, tilstrekkeleg, nødvendig, akseptabelt, rimeleg, godt nok. Dette gir kommunane den heile og totale definisjonsmakta,» skriv ho. Barna blir ikkje høyrt når skulen blir lagt ned. Ikkje foreldra heller. Om Balestrand kommune meinar at ein time på buss for ein seksåring er «akseptabelt» – så er det innanfor lova. Fordi kommunen har definert det som «godt nok». Om så foreldra har ein anna definisjon, fordi dei tek barna sine på alvor, og sender klage til Fylkesmannen, så får dei ikkje medhald. Fylkesmannen legg til grunn kommunen sin definisjon om kva som er «forsvarleg» og «godt nok».

Les resten av teksten her: Ta barna på alvor!
Teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 5.9.2015

Blogg: https://mannmedgreip.wordpress.com/

Synleg og usynleg mobbing på skulen

Det har vore mykje skriving om skule og lærarar i haust. Eg skal ikkje ta opp att noko om lærarane sine arbeidsforhold og feriar. Eg vil heller fokusere på elevane sine forhold på skulen. Norsk skule er sikkert i det store og heile bra, men mange elevar lever under sterkt press for å ha gode karakterar, og i tillegg ofte eit press om å lukkast med eige utsjånad og popularitet. Presset om å prestere i skulefag kan komme frå skule og foreldre. Dette presset er sjølvsagt ikkje med på å auke prestasjonane til barna, ofte tvert imot. Og dette jaget etter prestasjonar kan nokre gonger skjule andre alvorlege problem, som mobbing.

FLEIRE UNDERSØKINGAR viser at mange elevar seier dei blir mobba på skulen. Men få skular innrømmer at dei har problem med mobbing på sin skule. Mobbing som skjer ope er lett å ta tak i, men skjult mobbing er… skjult. Mobbe-omgrepet har kanskje endra seg, og noko av det barn seier dei opplever som mobbing, kan vere uskuldig erting.

Ei eg kjenner, lat oss kalle henne Une, gjekk ein gong forbi skulen der sonen hennar var elev. Det var friminutt og elevane var ute og leika. Men ikkje alle leika. Ein gjeng større barn banka eit mindre barn. Fleire barn var over den vesle guten som skreik og ropte om hjelp. Ved sidan av stod ein lærar og lo. Une sprang inn på skuleplassen og fekk drege bort dei større gutane, og frigjort offeret. Det var ikkje hennar barn, men ho såg det som si sjølvsagte plikt å hjelpe. Kva skjedde så? Jau, læraren som hadde sett heile opptrinnet blei rasande på ho som greip inn. Ho hadde ikkje noko med dette å gjere, meinte han. Det var berre leik, sa han. Men slik hadde det ikkje sett ut for Une. For henne såg det heilt klart ut som vald mot eit hjelpelaust barn. Une fortel at etterpå blei ho hengt ut av denne læraren. Une såg eit mobboffer. Skulen sa dei ikkje har noko mobbe-problem. Les meir her

Respekt for lov og orden - utgår

Etter at politiet hadde aksjonar mot fleire skular i Bergen, blei det ein storm mot politiet. – Politiet har ikkje noko på skular å gjere, vart det hevda. – Politiet hadde aldri gått fram slik mot kriminelle vaksne på ein arbeidsplass. – Barna kan bli traumatiserte og psykisk skadde, meinte mange. I det heile fekk dei narkotikabrukande ungdommane utruleg mykje sympati, medan politiet fekk stordelen av kritikken og sinnet. Mange antyda at det er berre i politistatar at politi aksjonerar på denne måten. Også Trine Skei Grande brukte ordet politistat i denne saka på minibloggsamfunnet twitter, og gir tilsynelatande all si støtte til dei narkotikabrukande ungdommane. Eg syns politiet fortener ros for å oppklare narkotikakriminalitet, sjølv om det skjer på skular. Når det føregår kriminell verksemd på skular kan ikkje Skei Grande sei at politiet ikkje har noko på skular å gjere! Eller skal skular vere fristad for kriminell verksemd? Dessutan trur eg norsk ungdom er friske nok til å tole å sjå at politiet utfører naudsynt politiarbeid.

Når politiet får all kjeften og narkotikabrukande ungdom all støtten blir dette eit sterkt signal om at det er ikkje så farleg å bryte litt lover dersom det skulle passe seg slik. Slike haldningar gir i alle fall ikkje assosiasjonar til politistat. Når så mange sympatiserar med ungdom som bryt lover, så er ord som anarki meir nærliggjande. Skal aldersgrenser på sosiale medier berre ignorerast? Les heile innhogget her!

Om det var eit hol i golvet

For fire veker sidan var eg så vidt innom temaet mobbing og lærarar som mobbar (Eg er glad i deg!). Siste veka har mobbing på skulen vore eit heitt tema i media. Eg meinar det er viktig å fokusere meir på lærarar som mobbar. Under fylgjer ei oppdikta forteljing om mobbing, og kva konsekvensar mobbing kan få. Lærarar som mobbar kan utan å vite det vere direkte årsak til at elevar ikkje orkar meir. Ynskjer god lesnad og håpar alle har ei fin helg!

Dei stod midt på golvet og krangla, Petter og Ingrid. Han hugsar ikkje lenger korfor, eller kven som hadde starta krangelen. Men no var alle dei andre selskapslydane borte, og gjestene stirra på dei. Kva ventar dei på? tenkte han. At eg skal tabbe meg ut igjen? I det same mista han glaset ut av handa, og det blei knust mot golvet.

Så kom latteren. Den kom frå andleta langs veggane, den kom frå sjølve rommet, frå veggar og tak, frå tidlegare selskap, den kom frå eit rom inne i han sjølv, kom frå barndommen og tok han igjen. Då såg han holet i golvet. Det hadde berre gått nokre sekund, og det hadde opna seg eit hol i golvet der glaset blei knust. Han fall ned gjennom holet, innover seg sjølv, fall tilbake til barndommen. Les vidare om mobbing i klasserommet og om Hesten, den leande læraren!

Kommunal kulturrasisme

Ein kan vere politisk korrekt og likevel vere rasist. Det er ikkje politisk korrekt å vere rasistisk på utsjånad eller rase, men ein kan godt ha rasistliknande meiningar om nynorsk språk! Då eg var student hadde eg sommararbeid på Nynorsk Antikvariat i Fjærland. Ein stille sundag var det nokre besteborgarar frå Oslo vestkant på vitjing til bokbyen. Dei kunne sikkert vore frå ein anna kant også. På veg frå asfalten og opp trappa til Nynorsk Antikvariat prata dei høglydt om kor vanskeleg nynorsk språk var for dei. Vel inne i butikken spurde dei om eg hadde anna å tilby enn nynorsk litteratur. Eg sa, som sant var, at eg også hadde bøker på nær sagt alle språk, i alle fall eit titals. Men at som namnet på antikvariatet sa, så hadde butikken nynorsk språk og litteratur som hovudsatsing. Eg fekk då vite kor vanskeleg nynorsk var, det var reint umuleg å lesa det språket.

Eg heldt på å spørje dei korfor dei hadde reist så langt bort frå sin trygge kultur og sine kjende omgjevnader. Var det for å få stadfeste sine eigne fordommar mot framande språk og kulturar? Eller var det for å ha moro av at det fins folk som i fullt alvor trur på og lever med så framandkulturelle innslag som nynorsk språk og kultur tydelegvis var for dei? Kom dei verkeleg hit for å fortelje meg kor dårlege dei var i norsk språk? I staden sa eg: – Stakkars dikka, de gaor glipp av mykje god litteratur!

Etter denne hendinga har eg vorte far, og eg har fått barn i skulealder. Og kva opplever eg når førsteklassingen i vinter kjem heim og fortel at no har ho fått leselekse, fordi ho har lært å lesa? Jau, første boka jenta skal lesa på eiga hand er på bokmål! Og skulen forklarar det med at ho sjølv har plukka ut den boka mellom fleire andre. Men korleis kan ein førsteklassing vite at akkurat den boka inneheldt språklege barrierar og forvanskingar for eit barn som er oppvaksen i midten av nynorskland? Det stod ingen ting om det på omslaget.

- Pappa, kva er ØY-NE? Pappa, kva betyr J-EG? Og eg forklarde så godt eg kunne. – Ja vel, skal J-EG uttalast JEI, men så betyr det EG?

Og det er ikkje berre i norskfaget at bokmål vert prioritert. Matematikkoppgåvene er alltid innleia med eit spørsmål eller ei forklaring på oppgåva som skal løysast. Desse forklaringane er stila på bokmål. Dei første vekene reagerte eg ikkje på det, fordi eg tenkte at det var mi oppgåve som forelder å omsetje bokmålsorda til nynorsk når eg skulle hjelpe til med leksene. Men er det det? Og det tok ikkje lang tid før jenta ville lese oppgåvene sjølv, og vart frustrert då ho ikkje forstod orda i teksten – fordi dei inneheldt andre ord og uttrykk enn det læraren hadde brukt når han underviste på skulen.

Eg har stor forståing for at beste vestkantfolk – eller for såvidt folk frå alle andre kantar også – kan ha vakse opp i eit sneversynt og lite tolerant miljø, og at dei i sin sjølvgode intoleranse derfor har utvikla forakt for andre folk sine meiningar og kulturuttrykk. Eg har langt mindre forståing for at barneskulane i Sogndal kommune legg opp til at bokmål skal vera første møte med norsk skriftspråk, anten det er i norskfaget eller i andre fag.

Dette innlegget har vore trykt i spalta Innhogg i Sogn Avis laurdag 13. juni.