Viser arkivet for stikkord skjolden

Bubilboom

Cruisebåtturistane legg truleg igjen lite eller ingen pengar her i Sogn, bortsett frå på souvernirbutikkane på kaien i Flåm og på Breheimsenteret i Jostedalen. Likevel kjempar bygder med nabobygder om å bygga den største og beste cruisebåtkaien. I Fjærland vart det for få år sidan konkludert med at ein cruisebåtkai ikkje var ein idé ein ville arbeide vidare med. Dei eksisterande turistverksemdene i bygda ville ikkje ha ein slik kai. Det er ikkje plass nok eller eigna infrastruktur til å ta imot fleire tusen turistar eller mange titalls bussar til å frakte turistane frå Mundal til turistattraksjonane i bygda eller nabobygdene. Turistnæringa i bygda meinte at dei var betre tente med ein stor cruisebåtkai i Sogndal, og bussar med turistar derifrå. Der er det infrastruktur og plass nok til å ta imot mange tusen turistar om gongen.

Ein komité som såg på fordeler og ulemper med ein slik kai i Mundal konkluderte med at ulempene var større enn fordelene, og at det verken ville gi heilårs arbeidsplassar eller på andre måtar føre til særleg auka inntekter for bygda. Eg trur mange av dei mindre bygdene som bygger anløp for store turistskip vil oppdage at ein slik konklusjon også hadde passa best for deira kai og deira bygd; at ulempene er større enn forventa, og fordelene mindre.

Dei siste åra kan det sjå ut som det har vore ein stor auke i bubil- og campingvogn-turistar. Mange av dei står parkert på rasteplassar og parkeringsplassar der dei finn det for godt, både utanlandske og eit aukande tal norske bubilar. Les heile innhogget her

Lat avisene vera nøytrale!

Når eg kjøpar ei avis, høyrer på radio eller ser på tv, har eg visse krav. For det fyrste skal det
innehalda det eg interesserar meg for, det skal vera laga på ein bra måte, og ikkje minst skal
det vera objektivt.

Dei seinare ti-åra har media vorte meir og meir partinøytrale – vertfall offisielt – og bra er
det. Men sjølv om me i dag stort sett berre har partinøytralt media att, kan ein likevel stilla
spørsmålsteikn med særleg avisene sitt objektive truverd. Grunnen til at eg meinar det er
leiarartikkelen.

I denne delen av avisa tek redaktøren, på vegne av avisa, dagleg stillig til stort og smått
som er dagsaktuelt. Mest smått, og helst det som var på framsida dagen før, men stundom
òg store saker med sprengstoff i seg. Men korleis skal ei avis truverdig kunne framstå som
objektiv i ei sak når redaktøren på leiarplass har teke stilling til saka på vegne av avisa?

Les meir…