Viser arkivet for stikkord senterpartiet

Under blåblått åtak?

Senterpartiet står sterkare i Sogn og Fjordane enn nokon annan stad i landet. Alle avisene i fylket, med unntak av Fjordenes Tidende i Måløy, er talerøyr for Senterpartiet. Fylkets største politiske parti, Arbeidarpartiet, fører Sp-politikk på heimebane. Det gjer også KrF, SV, Venstre, vesle Raudt og Høgre. Bjørn Lødemel er så visst ingen bjørn, berre ein godlynt katt.

Han har sanneleg fått prøvd seg siste vekene, den forsiktige stortingsmannen frå Honndalen. For nasjonen vår, ved den blåblå regjeringa, har, om vi skal tru dei Sp-vennlege avisene, lyst krig mot fylket vårt. Vi skal avfolkast, tappast for ressursar, tvangssamanslåast, jordbruket skal leggjast ned. ”Me er under blåblått åtak,” skreiv vår eiga lokalavis. Til og med fylkets einaste opposisjonspolitikar, Frank Willy Djuvik, har hatt vonde dagar.

At den ny regjeringa vil innfri valløfta sine kan knapt overraske nokon. Så kvifor denne krigstenkinga? Er det eit fylke som altfor lenge har gått i opptrekte spor, og som treng ein ny politikk, er det nettopp Sogn og Fjordane. Det gjeld både landbruks- og kommunalpolitikk. Framfor alt gjeld det næringspolitikk. Sjølv om vi har dei beste skuleresultata i grunnskulen, er vi eit taparfylke når det gjeld moderne næringsliv og industri. Ekspansjonen i offentleg sektor held oss sånn nokolunde oppe.

Landbruksdebatten siste vekene har vore eit politisk spel, med Ap og Knut Storberget som eit pinleg haleheng til overbodspolitikarane i Sp. Korleis ein skal få til eit lønsamt jordbruk i Noreg har kome heilt i bakgrunnen. Heldigvis vart V og KrF til slutt samde med regjeringa. ”Spennande om det kun er Judaspengar dei har forhandla fram eller om dei har fått endra dei verkeleg store utfordringane i år, strukturutfordringane,” kommenterte Liv Signe Navarsete på si Facebook-side. Hennar spenstige retorikk nådde eit nytt høgdepunkt.

Norsk landbruk er for lengst todelt. Landbrukspolitikken ligg på etterslep. Talet på bruk går snøgt nedover. Det vert rundt 3.000 færre bønder kvart år. Men jordbruksstøtta aukar. Forstå det den som kan. ”La markedet produsere maten og bruk skattekronene på fellesgoder,” seier landsbruksøkonomen Ivar Gaasland ved UiB. Lat dei store og effektive bruka stå for ein marknadsretta matproduksjon. Og lat mykje av det småskala (og lågproduktive) jordbruket ute i distrikta gradvis overta rolla som forvaltar av eit kulturlandskap som er i ferd med å forvitre. Den noverande landbrukspolitikken må bere mykje av skulda for dette. Her kan vi lære, ikkje av New Zealand, men av londi ned i Mellom-Europa.

Og sjølvsagt er det både mon og meining i å gjere nokre grep med kommunestrukturen her i fylket. Sogndal og Leikanger har eg skrive om før. Rundt Førde og Florø trengst det òg snøgg handling. Nordfjord er det lite å gjere med. Men Gloppen sjølvdauar, kanskje.

Eg gret ingen tårer for fylkeskommunen. Fylkespolitikarane, Sp-liknande folk alle i hop, har i mange tiår aktivt motarbeidd strukturendringar i og moderniseringar av fylket. No får dei som fortent. Og så driv dei rederi og flyselskap i tillegg. Det er ikkje til å tru. Framtidsfylke(t) i bakvendtland.

For nokre år sidan fekk vi her i fylket med oss tidlegare rektor på Handelshøyskolen BI, Torger Reve, og no påtroppande rektor ved BI, sogningen Inge Jan Henjesand, i prosjektet ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane”. Her peikte vi ut dei framtidsretta og kunnskapsbaserte næringane som skulle forme det moderne Sogn og Fjordane for dei neste tiåra. Men også dette lovande prosjektet hamna i skuffene til fylkeskommunen, Innovasjon Noreg (og HiSF og VF). I staden vart det, med fylkeskommunen i spissen, utforma ein tungsessa ”Verdiskapingsplan”, nesten heilt utan referanse til resultata frå ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane”.

Så skuld gjerne på andre, slik vi så altfor ofte gjer. Og erklær gjerne krig mot den sitjande regjeringa. Men det er folket som har valt ho. Regjerings- og støttepartia hadde 54 pst. av stemmene ved valet i 2013. Senterpartiet fekk 5,5 pst., og gjorde sitt dårlegaste val nokosinne. Tenk på det iblant, også.

Og kom deg på bana, Bjørn Lødemel. Du har ingenting å skamme deg over.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 31. mai 2014
Twitter: @georgar

Liv Signe

”Farvel, Liv Signe” skreiv eg i innhogget laurdagen før valet i haust. Eg skreiv det fordi det alt då var klart at den sitjande regjeringa ville miste fleirtalet i Stortinget. Og med Senterpartiet ute av posisjon, var det openbert at dei politiske, personlege og geografiske problema som partiet, og partileiinga, lenge hadde slite med, ville kome opp i dagen. Det elendige valresultatet gjorde dette endå tydelegare.

Havarikommisjonen kom med si evaluering 18. desember. Men då hadde VG og TV2 alt i to veker vore fulle av lekkasjar frå ein uferdig evalueringsrapport. At nokon lak, er slik det plar vere. Ikkje minst i Sp. Lekkasjane hadde eitt, og berre eitt, føremål: tvinge fram avgangen til Liv Signe. Det visste også dei media som bar lekkasjane vidare. Eg kan inderleg godt forstå at Liv Signe ville ”røyke ut” kven syndaren var. Eg trur ho til og med visste kven det var. Men då ho i ”Politisk kvarter” i NRK 19. desember gjorde lekkasjane til hovudproblemet, forstod vi at no er det slutt. Og ordførar Ivar Vigdenes i Stjørdal, Ola Borten Moe sin våpendragar, hadde dødsstøyten klar.

Det har berre éin gong før hendt at leiaren i eit av dei nasjonale politiske partia har kome frå Sogn og Fjordane. Begge er frå Senterpartiet. Den første var glopparen John Austrheim. Han leidde Sp frå 1967 til 1973. Men det var trønderane som styrte. Det var ei uroleg og politisk spennande tid. Intrigar og fløyer er ikkje noko nytt. Og det var Sp og partiformann John Austrheim sitt ureine spel som fekk sogningen Kjell Bondevik til å mæle følgjande: ”Eg er djupt såra og vonbroten”. Derfor vart Bondevik aldri statsminister. Vi fekk Bratteli i staden. Les heile Innhogget her

Valkamp i trivselsfylket

Eg hugsar ikkje kven som kom på ideen om å gi utkantfylket vårt namnet ”trivselsfylket”. Truleg var det tidlegare fylkeskultursjef Lidvin Osland; det var i alle fall i hans ånd. Kanskje angrar han i dag.

Ordet trivselsfylke er som henta ut av evighetsprogrammet til Senterpartiet. Her trivst det meste og dei fleste. Levealderen er høg, og vi vert stadig fleire eldre. Kommunane toppar velferdslistene, skulane våre er fantastiske, og elevane våre er i heilt landstoppen. No skal vi til og med forske på dette. Kvifor det, forresten? Mange, blant dei kommunal- og regionalministeren, synest jo alt å ha svaret klart.

Kommunane er små, naboskapen trong, folkehelsa på topp. Kriminaliteten er låg. Brotsverka vert oppklara. Framleis skårar vi høgt på dei fleste ”gode lokalsamfunn”-indikatorane. Landbruket står sterkt. Industrien skrantar litt, men vi har livskraftige lokalbankar. Ekteskapa varer lenge, og få born vert fødde utanfor ekteskap.

Den mentale førestillinga om trivselsfylket er som skapt for valkampen til Senterpartiet i det velståande, offentleg finansierte utkantfylket Sogn og Fjordane i det oljesmurte Noreg. Les heile Innhogget her

Endå ein raudgrøn festtale?

For omlag ei veke sidan la regjeringa fram Stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken. Den nye landbruksmeldinga vart presentert av Sp-landbruksminister Brekk, og applaudert av Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Men det spørst om denne meldinga er særleg meir eigna for Senterpartiet til å halde på veljarane enn den er eigna som reiskap for å ta vare på norsk landbruk i framtida.

Det må i alle fall vere eit tankekors at når Sp-avisa Nationen presenterer hovudpunkta i meldinga, på ein optimistisk og positiv måte, og lagar ei lesarundersøking på nettsida si, så kryssar 64 prosent av lesarane at dei ikkje er nøgde med Stortingsmeldinga. Dei siste 36 prosentane fordeler seg likt på dei som er nøgde og dei som ikkje anar om dei er nøgde eller ikkje («veit ikkje»).

Det overordna målet er å auke matproduksjonen i takt med folketalsauken. Regjeringa vil legge til rette for auka produksjon av jordbruksvarer som det er naturgjeve grunnlag for og som marknaden etterspør, og på den måten oppretthalde sjølvforsyningsgraden. Dei tre andre hovudmåla er landbruk i heile landet, aukt verdiskaping og berekraftig landbruk. For bønder på Vestlandet kan det sjå bra ut at regjeringa tek til orde for større grad av differensiering av landbruksstøtta mot områder der dei er uroa over utviklinga, mellom anna «deler av Vestlandet». Les heile kommentaren no!

Eg melder meg ut!

Og det å melde seg ut er ingen uvanleg ting å gjera når ein har fått nok av dobbeltkommunikasjon og brotne løfter frå eit lag som ikkje ivaretek medlemmene sine interesser.

I forkant av landbruksoppgjeret kom det landsmøteuttalar om satsing på landbruk og betra økonomi i næringa frå dei raud-og-såkalla-grøne (Grøne? Lat oss kalle det Dei daudgrøne og solidaritetslause). Dette skapte optimisme i næringa. Ein gløymer så lett at det har vorte ein vane at festtalar er gløymde når politikk vert forma. Bondeorganisasjonane gjekk ut med krav om lågtlønnsauke og kompensasjon for den store auken i utgifter som absolutte krav. Men som vanleg endar det med at Bondelaget godtek statens tilbod, litt oppjustert, slik regjeringa har bestemt før tilbodet vert lagt fram. Les heile kommentaren!

Partiet Sentrum – eit tankeeksperiment

Det politiske bilete i Noreg er i endring. Det beste provet på dette er at Høgre,
Framstegspartiet og Arbeidarpartiet åleine nesten utgjer det politiske Noreg. Attende står
Senterpartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti og er til saman mindre
enn det minste av dei tre store. Sperregrensa har rett og slett blitt desse partia sin sparring-
partner.

Det verkar på meg som at grunnen til at desse fire partia tapar terreng i høve til dei tre store,
er folket sitt ynskje om klåre regjeringsalternativ. Det er jo nettopp difor Høgre og FrP har
gått fram som ein rakett det siste året, og truleg grunnen til at dei til saman ikkje fekk fleirtal
ved sist val. I tillegg er dei er store nok i seg sjølve til å få innverknad i ei regjering, og saman
med at utgjer eit klart regjeringsalternativ er det gull verdt.

Når me ser korleis småpartia blir skvisa når dei regjerar saman med ein storebror, er det klart
at dette er ein situasjon dei som ikkje røystar på storebror ikkje vil ha. Me skal nok heller
ikkje undervurdera veljaren sin evne til å kvi seg med å røysa på eit lite parti, då det set han
i bås som ein minoritet. Veljarane trekkjer av desse grunnane naturleg til dei store blokkene
– AP, H og FrP. Framveksten av dei tre store kan vera starten på sentrum sin død i norsk
politikk.
Les meir…