Viser arkivet for stikkord saftkokaradn

Tispe OK - ikkje negerkonge.

PIPPI SIN PAPPA får ikkje lenger kallast negerkonge. Barnelitteraturen må endrast, slik at barna ikkje blir rasistar. Då NRK radio intervjua barn om Pippi sin pappa og spurde kva negerkonge betyr, svarte ei jente: – Neger betyr jo brun… Brunkonge, kanskje? Torbjørn Egner si vise om vesle Hoa er nok hakket verre enn bakgrunnen til Pippi sin pappa – som vi altso ikkje kan snakke om meir. Den vesle negerguten Hoa hadde fjær på hovudet og ring i tåa og berre bukse på. Og buksa var gjort av strå, men det likte Hoa godt, for han var ein ekte hottentott. Eller neger då. Visa er ikkje lov å synge i norsk barnehage. Men korfor skriv du dette, Johannes? spør du sikkert. Har du vorte rasist no?

Nei, eg er ikkje rasist. Men eg syns kanskje fokuset er litt feil når Pippi sin pappa må skifte tittel, lenge etter at både han og skaparen hans er døde, når det er heilt OK at den vesle jenta Ravn blir kalla tispe i ein norsk barnefilm frå 2014. Kaptein Snabeltann. Ingen reagerer på det. Les heile innhogget her!

Saftkokarar og saftblandarar

Det stinkar opprykk i Sogndal. Ein smak på korleis neste år kanskje kan bli fekk me i kampen mot Aalesund. Nesten fulle tribuner og finfint spel frå to gode og jamne lag. Men skilnaden mellom eliteserie og fyrstedivisjon var likevel klar på minst eitt punkt: handtering av publikum.

Det at bortelaget sine supportarar lagar meir liv på tribunene enn det heimelaget klarar å stilla opp med er på grensa til det pinlege. Det som likevel er klart over grensa for kva som er flautt er måten Sogndal Fotball taklar det heile på, nemleg å gjera dei få som faktisk lagar liv på tribunene (med all respekt for Brazzeklubben, det er ikkje dykk eg snakkar om), til sin fiende nummer ein.

Me som var på årets fyrste seriekamp mot Hønefoss fekk verkeleg med oss korleis det blir når Saftkokaradn er stille (i ein omgong). Det var nærast meir liv i fuglane enn i publikum. Det var som å vera åleine på kamp, før det verkeleg tok av i andre omgong. Grunnen til at eg reiser på kamp er for å få med meg stemninga, viss ikkje kunne eg like greitt sett kampen gratis på nettet.

Men leiinga i Sogndal er altså meir oppteken av å vera bitter etter striden i vår enn å sjå realitetane. Det kan nesten virka som Sogndal gjerne er ein klubb for heile fylket, så lengje ein ikkje er kritisk til korleis ting blir gjort. I vår kom det mellom anna fram at Saftkokaradn ikkje passa inn med Sogndal sine verdiar. Dei ropte stygge ting til spelarar og slikt… Klanen blir ofte kalla dei beste supportarane i landet, og ikkje kom og sei at det berre er pluss ord som kjem derifrå!

Det drøyaste var likevel når ex-fleskis Geir Inge Heggestad på NRK SFj oppmoda Saftkokaradn til å leggja ned debattforumet sitt. Det er den einaste plassen det går an å diskutera Sogndal på nettet. Der kjem det både positivt og negativt om Sogndal, og det er der dei som verkeleg har engasjement for Sogndal møtast. Det er 700 registererte brukarar og med nesten 7 millionar treff i fjor er sida klart meir besøkt enn moderklubben si heimeside. Eg er mykje på det forumet, og kan seia at dei foruminnlegga som er støytande står for ein særs liten promille av det totale kvanta.

Eg trur likevel at uansett kor mange stokkar og kjeppar leiinga i Sogndal prøvar å stikka i hjula til Saftkokaradn, så klarar dei korkje å stogga dei eller sensurera dei. Det er denne kjerna som burde vore trekt fram som malen for sogndalsupportarar. Dei tek ansvar for tryggleiken på stadion (noko som er opphavet for striden), dei er alltid på kamp, og dei brukar ti tusenvis av kroner for å reisa på bortekampar bokstavleg tala i nord og sør, og enkelte av dei bur til og med både i Oslo og Bergen, men er likevel på kvar heimekamp. Då fortenar ein ikkje eit stempel som pøblar og ei kald skulder frå leiinga. Når var det sist tribunekampar, streaking og liknanade som var forårsaka av Saftkokarar? Minner om at det velkjende pappbegeret ikkje blei kasta frå der kokaradn sto.

Stao no pao!

Full støtte, full pris

Sogndal kjempa til seg det eine poenget i sluttminutta mot Hønefoss, men Saftkokaradn kjempar framleis.

Tysdag kveld, og eit Fosshaugane Campus i tungt regnvêr. Gjestane frå Ringerike har fått to mål i løpet av dei første minutta av kampen, og dei glisne tribunane verkar fullstendig tomme og lyden – er den skrudd på ”mute”?

Det publikummet som Sogndal Fotball ønskjer har gøymd seg i VIP-boksar og jentelosjar, medan det er stilt frå dei uavhengige saftkokarane. Enn så lenge.

”Ver stille-aksjonar” har me sett på mange fotballarenaer verda rundt. EuroStand08 sat fokus på blant anna lågare billettprisar og rett til å stå på fotballkampar, og også i Noreg protesterte publikum på dette. I Sverige aksjonerte enkelte fans ved å ikkje gå inn på stadion, og stå utanfor og demonstrere der.

Dei ein retta kritikken mot i desse tilfella, var internasjonale og nasjonale forbund – ei overmakt. Saftkokaradn kjempar mot nokon dei trudde var deira eigne.

Sogndal Fotball verkar å ha større fokus på å tilfredsstille sponsorar, ungdom, born, jenter og fandens oldemor, enn å blidgjere dei som verkeleg støtter laget og møter opp på kamp i tjukt og tynt. Kven er det som reiser til bortekampane, og kven er det som lagar liv og heier fram laget til siger?

Då andre halvleik starta blei det meir liv på tribunane, og på bana. Tilfeldig? Sogndal måtte opp og fram, og ein klarte å fikse eitt poeng til slutt, men utan hjelp frå tribunane hadde det vel neppe gått?! Ein tankevekkjar for dei høge herrar i Sogndal Fotball.

Med treffande banner klarte Saftkokaradn å setje fokus på eigen kamp, og med entusiasme bidrog supporterane kanskje til å endre utfallet av den kampen som var ute på bana.

Fotball i dag er annleis enn den fotballen me såg for berre nokre år sidan. Slik er det også med tribunekultur og deltaking. Fotball er ikkje ein arbeidarklassesport i dag, slik det var før. No er det å gå på kamp ei familieoppleving, og det rundt kampen er vel så viktig som det som skjer ute på graset.

Stadionfasilitetar og komfort er viktig for dei som går på kamp i dag, familiar og middelklasse. Det er i alle fall dei som er målgruppa for dei kommersielle selskapa, som fotballklubbane har blitt.

Å få eit breiare publikum, å treffe større deler av ei potensiell tilhengjarskare, få fleire klubbkonsumentar – ikkje supporterar, er det som gjer inntening. Ikkje det å ta vare på dei som faktisk går på kamp annankvar helg, samt mange bortekampar!

Denne trenden ser ein i heile fotballverda, men på dei aller fleste stader har den faste supporterskaren faktisk tilbod om rimelegare billettprisar, noko Saftkokaradn blankt har fått avvist frå Sogndal Fotball.

Supporterar over heile Noreg støtter Saftkokaradn i denne saka. Medan organisasjonen Sogndal tviheldt på å tene pengar på billettane til eigne supporterar, fins det snart eit tilbod om lågprisbillettar til gud og kvarmann, men ikkje til Saftkokaradn.

Utakk er verdas løn, blir det sagt. Då er det godt å sjå at Saftkokaradn maner til full støtte, sjølv om dei berre får full pris igjen.