Viser arkivet for stikkord rundballar

Hjorten og folk flest

Når eg skriv dette er eg framleis i innspurten av slåtten. Når du les det håpar eg forresten eg er ferdig. Rekordkald mai og første halvdel av juni har ført til sein slått. «Mai kulde gjør bondens låver fulde,» sa eit gamalt ordtak. Og det ordtaket er nesten sant framleis. Når det er kaldt i mai tetnar graset i rota, og det gir gode avlingar. Men i moderne landbruk blir ikkje avlinga lagra som høy i løa. Den blir lagra i rundballar ute.

Her ein kveld etter fjøstid var eg ute og køyrde saman rundallar som var produsert tidlegare på dagen. Mellom rundballane får eg plutseleg auga på ei hjortekodle. Ho står og ser seg rundt, som ho er litt forvirra. Ho berre står der og snur på hovudet og ser på dei kvite ballane som ligg rundt henne på alle kantar. Det er som ho lurer på kva som har skjedd med maten hennar. Korleis kunne det grøne, fine graset skape seg om til omlag 40 store, kvite ballar? Eg veit svaret, men eg veit også at om eg går ut av traktoren og prøver forklare det for henne, så kjem ho til å springe for livet. Ho ville sikkert ikkje forstått det heller. Som folk flest no til dags. Men ho blir ståande lenge og sjå seg forvirra rundt. Som folk flest no til dags når det er snakk om landbruk. Til slutt hoppar ho over gjerdet til naboen som framleis ikkje har slege graset. Der går vennene hennar og beitar.

At vi no er i midten av FNs jordår veit nok ikkje hjortekodla. Eller vennene hennar. Eller folk flest, for den del. Les resten av teksten her: Kva hjorten og folk flest ikkje veit.

Teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 11. juli 2015
Blogg: https://mannmedgreip.wordpress.com/

Haustkjensla kom over meg

DEN VARMASTE SOMMAREN i manns minne er snart slutt. Men om ein skal tru klimaforskarar og kompani så er det nok fleire varmerekordar i vente. Desverre fylgjer det også fleire ekstremvêr med i varmerekord-bylgja. Eg skal ikkje sei meir om det. Enten trur ein på klimaendringar, eller så lukkar ein augene og nektar tru på det. Dei fleste klimaforskarane seier at klimaendringane er menneskeskapte. Og dei fleste politikarane trur på klimaforskarane. Men dei færraste politikarane har gjort noko praktisk til eller frå. Berre litt papirmagikk; hikk, slik at vi skal tru at dei gjer noko. Men eg hadde eigentleg ikkje meint å skrive noko om politikarar eller varmerekordar. Vi har hatt ein fantastisk sommar, hadde eg tenkt å sei. Punktum.

OG HAUSTEN ER eit markert skilje på året. Når haustlufta tek over etter sommarvarmen kjem forkjøling og kveldar med trøyttleik og alt det der. Og skulane startar. Vanlegvis. No hadde eg ikkje tenkt å skrive om lærarkonflikten heller. Men no har eg nemnt den. Berre fordi haustlufta kom over meg. – Dette var begeret som fekk dråpen til å flyte over, sa leiar i Utdanningsforbundet på tv her om kvelden. Ein må jammen passe på å halde munnen midt i tunga dersom ein skal sitere gode, gamle ordtak! Frank Aarebrot sa til lærarane at dei fortener ikkje å bli detaljstyrt av byråkratar. Eg er samd med Aarebrot. Eg støttar lærarane sin kamp langt på veg. Og dei lærarane som ikkje giddar å gjere jobben sin fordi dei har mulegheit til å gå heim, dei burde ikkje vore lærarar. Og det er desverre somme av dei også. Men vilkåra må vere slik at dei gode lærarane ikkje skiftar arbeid. Punktum. Les heile innhogget her