Viser arkivet for stikkord ressursar

Utfordringar i kø for velferdsstaten

For dei mange av oss som høyrer til den betydeleg veksande gruppa av offentleg tilsette i Sogn og Fjordane, er det kanskje vanskeleg å venje seg til tanken på ei blåblå regjering dei neste åra. Står det ikkje høgt på den blåblå dagsorden å effektivisere offentleg forvaltning, privatisere offentlege tenester, slå saman kommunar, avvikle fylkeskommunen. Men må DIFI på Leikanger verte særleg større? Og kva er det eigentleg Distriktssenteret driv på med?

Vår eiga lokalavis slår fast at ”fjogningane” sin politiske innverknad ”vil bli dramatisk redusert frå den 14. oktober.” Den smule politiske påverknadskraft Sogn Avis hadde under Liv Signe sitt mangeårige regime, er det no ingenting igjen av. Stakkars oss, liksom.

Den raudgrøne regjeringa har målt mykje av sin suksess i pengar. Jo større vekst i budsjetta, jo betre resultat, vil dei ha oss til å tru. Men ei dobling av det statlege kulturbudsjettet frå fem til ti milliardar kroner førte berre til svak vekst i kulturproduksjonen og til beskjeden auke i publikumstala. Og slik Jon Hustad peikar på i leiarartikkelen i siste nummer av Dag og Tid: Sterk auke i sjukehusløyvingar har ikkje redusert helsekøane. Køen på vegane har også vorte større, trass betydeleg vekst i vegbudsjetta.

Auka pengebruk, hevdar Hustad, er berre ein garanti for éin ting: Les heile Innhogget her

Rullebladet mitt

«Saka er for dykkar vedkommande henlagt,» var konklusjonen i eit brev eg fekk frå politiet for 17 år sidan. Eg seier det med ein gong, slik at de er åtvara: Dette er forteljinga om mi kriminelle fortid. Det er for tida mykje snakk om politiet, manglande ressursar og rett ressursbruk. Og trass eventuell ironi i dei fylgjande avsnitta ligg det ein alvorleg undertone i dette innhogget. For vi har eit politi med manglande ressursar. Det tengst 25 % meir politifolk før 2020 for å nå Politidirektoratet sitt mål om to politifolk per tusen innbyggarar, las eg på NRK tekst-tv. I dag er det 7.735 politifolk, for å nå målet må det vere 10.000 i 2020. NRK sitt reknestykke er sjølvsagt feil, som ventande når journalistar prøver rekne. Det trengst 29,4 % meir politifolk for å nå målet.

Mi kriminelle fortid starta med at eg lånte ei svært styla folkevogn frå Jarle, bror min. Bobla var ikkje registrert, då Jarle hadde ein anna bil til dagleg bruk, men hadde vore godkjent og var heilt etter føresegnene. Så eg betalte leige for prøveskilt og køyrde til Sandane Glopperock-helga 1994. Sjølv skulle eg ikkje på Glopperock denne kvelden, men på eit møte.

Etter møtet om kvelden gjekk eg til Bobla og låste opp døra. Då kom det ein politibil med blålys i full fart inn på parkeringsplassen, og ut kom to uniformerte politifolk springande mot meg. Eg forstod at dei var ute for å ta meg, men visste ikkje kva gale eg hadde gjort. Før eg rakk tenke meir kom to politibilar til i full fart inn på plassen, og fire politifolk til omringa meg. Eg forstod ikkje kva som stod på, men visste det måtte vere alvorleg når dei måtte vere seks politimenneske for å pågripe ein som alltid har unngått slosskampar heilt sidan veslebror Jarle banka han som barn.
Les heile saka