Viser arkivet for stikkord regjering

Hjorten og folk flest

Når eg skriv dette er eg framleis i innspurten av slåtten. Når du les det håpar eg forresten eg er ferdig. Rekordkald mai og første halvdel av juni har ført til sein slått. «Mai kulde gjør bondens låver fulde,» sa eit gamalt ordtak. Og det ordtaket er nesten sant framleis. Når det er kaldt i mai tetnar graset i rota, og det gir gode avlingar. Men i moderne landbruk blir ikkje avlinga lagra som høy i løa. Den blir lagra i rundballar ute.

Her ein kveld etter fjøstid var eg ute og køyrde saman rundallar som var produsert tidlegare på dagen. Mellom rundballane får eg plutseleg auga på ei hjortekodle. Ho står og ser seg rundt, som ho er litt forvirra. Ho berre står der og snur på hovudet og ser på dei kvite ballane som ligg rundt henne på alle kantar. Det er som ho lurer på kva som har skjedd med maten hennar. Korleis kunne det grøne, fine graset skape seg om til omlag 40 store, kvite ballar? Eg veit svaret, men eg veit også at om eg går ut av traktoren og prøver forklare det for henne, så kjem ho til å springe for livet. Ho ville sikkert ikkje forstått det heller. Som folk flest no til dags. Men ho blir ståande lenge og sjå seg forvirra rundt. Som folk flest no til dags når det er snakk om landbruk. Til slutt hoppar ho over gjerdet til naboen som framleis ikkje har slege graset. Der går vennene hennar og beitar.

At vi no er i midten av FNs jordår veit nok ikkje hjortekodla. Eller vennene hennar. Eller folk flest, for den del. Les resten av teksten her: Kva hjorten og folk flest ikkje veit.

Teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 11. juli 2015
Blogg: https://mannmedgreip.wordpress.com/

Blåblått bakhaldsåtak

Regjeringa vil gjere kommunekartet vårt “robust” og effektivt. Endringane vil sjølvsagt merkast i distrikta. Ikkje i sentrale strok der i følgje ein markant Ap-politikar her i fylket, ein halt mann kan hinke mellom rådhusa. Kva skal t.d. Bærum, i desse samanslåingstider, med eigen kommune? Kvifor kan dei som ligg rett utanfor stovedøra til Oslo sentrum ha eige sjukehus, rådhus og vidaregåande skular? Det er kortare frå sjukehuset i Bærum til eitt av dei store sjukehusa i Oslo enn det er frå Leirvik i Hyllestad med sine tre mil til sjukeheimen Eiklund, også i Hyllestad, i dagens Hyllestad. Same Ap-poltikar har sagt at blir han alvorleg sjuk, t.d. alvorleg hjarteinfarkt, blir han frakta rett til det robuste sjukehuset som heiter Haukeland. Ikkje Førde.

I Finnmark er det like langt frå Alta til Kirkenes som det er frå Førde til Oslo. Alta som er den største byen i Finnmark, har aldri hatt sjukehus. Dei er utrusta med utvida legesenter, flyr rett til Tromsø om alvoret tek dei, eller Hammerfest ved andre høve. Heldigvis slepp folk i Kirkenes fly til Russland for behandling. Sentraliseringa vil med andre ord ingen ende ta, og der dei verkeleg burde rydde opp, vert ingenting gjort. Oslo og Akershus er den heilage kua ingen stiller spørsmål ved offentleg på høglys dag. Hadde t.d. norsk film vore plasert i distrikta, og vore ansvarlege for dei 3 milliardane som faktisk er nytta av tause midlar på film sidan 2008 utan ein internasjonal publikumsuksess, hadde pengestraumen vore kutta med umiddelbar verknad og tilhøyrande hån. Korleis kunne nokon tru at dette kunne gå?

I desse dagar vert det nyoppretta masterstudiet på filmskulen i Lillehammer, som skal vere blant dei fem beste filmskulane på verdsbasis, flytte til Oslo. Kvifor kan ikkje filmutdanninga som til no har vore vellukka, halde fram med å vere det på Lillehammer, kvifor ikkje byggje eit sterkt fag- og kompetansemiljø der? Oslo har ikkje lukkast, det ser ut til at Lillehammer har moglegheiter. Då er det eit dødsstøt å flytte deler av eit fruktbart regionalt tiltak til Oslo. Rektoren på høgskulen i Lillehammer, øvste leiar for filmskulen, er mildt sagt på bærtur når ho uttalar at dei ikkje berre kan ta regionale omsyn – kva legg ho i det? Filmskulen har vore under kontinuerleg bakhaldsåtak frå hovudstaden sidan han vart oppretta.

Å kutte kommunar i distrikta er ei dårleg løysing. Høyrer ein på kommuneeksperten Audun Offerdal, ser ein snøgt at det og er dårleg økonomi og endå dårlegare trivsel å hente i den blåblå draumen som no er på røvartokt over heile landet. Det ut til at samfunnet vårt lir av megarexi – alt skal vere så stort som mogleg. Sjukehus, skular og kommunar.

Midt i alt dette stoket planlegg skottane på si side frigjering frå Storbritannia (nett det er ein laaaaang og eldgamal skotsk tradisjon,) koste kva det koste vil…Då eg studerte i Edinburgh i 1999 fekk dei eige parlament. 18. september i år skal dei røyste over si skotske framtid, eller om ho held fram med å vere britisk. Der er sjølvstende og kultur og opphav grunnleggjande kraft. Dette er vi i ferd med å rasere med nokre blåe strekar på kryss og tvers av landet vårt.

Viss vi vil finne att kulturelle opphav og fellestrekk med britane, finn vi ikkje desse ved å reise til London eller Manchester. Då lyt vi vende nasen mot t.d. Shetland, landsbygda i Irland og England. Her er språk og dialektar med avslørande norske innslag. Shetland er langt på veg utelukka dekorert med norske stadnamn, og er pr. i dag den “norskaste” delen av Storbritannia. Språk, kultur, tradisjonar og særpreg forsvinn i dei store einingane.

Skottane syner oss at det framleis betyr meir enn kva pengar kan kjøpe, danskane vann korkje lukke eller pengar i tvangsekteskapa sine med storkommunar. Islendingane syslar med tanken på å bli det 20. fylket her i landet (kjappaste vegen til oljerikdom for dei…) Kva om Shetland vart del av Sogn og Fjordane?

(Denne teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis laurdag 16. august 2014.)