Viser arkivet for stikkord randi

Blåblått bakhaldsåtak

Regjeringa vil gjere kommunekartet vårt “robust” og effektivt. Endringane vil sjølvsagt merkast i distrikta. Ikkje i sentrale strok der i følgje ein markant Ap-politikar her i fylket, ein halt mann kan hinke mellom rådhusa. Kva skal t.d. Bærum, i desse samanslåingstider, med eigen kommune? Kvifor kan dei som ligg rett utanfor stovedøra til Oslo sentrum ha eige sjukehus, rådhus og vidaregåande skular? Det er kortare frå sjukehuset i Bærum til eitt av dei store sjukehusa i Oslo enn det er frå Leirvik i Hyllestad med sine tre mil til sjukeheimen Eiklund, også i Hyllestad, i dagens Hyllestad. Same Ap-poltikar har sagt at blir han alvorleg sjuk, t.d. alvorleg hjarteinfarkt, blir han frakta rett til det robuste sjukehuset som heiter Haukeland. Ikkje Førde.

I Finnmark er det like langt frå Alta til Kirkenes som det er frå Førde til Oslo. Alta som er den største byen i Finnmark, har aldri hatt sjukehus. Dei er utrusta med utvida legesenter, flyr rett til Tromsø om alvoret tek dei, eller Hammerfest ved andre høve. Heldigvis slepp folk i Kirkenes fly til Russland for behandling. Sentraliseringa vil med andre ord ingen ende ta, og der dei verkeleg burde rydde opp, vert ingenting gjort. Oslo og Akershus er den heilage kua ingen stiller spørsmål ved offentleg på høglys dag. Hadde t.d. norsk film vore plasert i distrikta, og vore ansvarlege for dei 3 milliardane som faktisk er nytta av tause midlar på film sidan 2008 utan ein internasjonal publikumsuksess, hadde pengestraumen vore kutta med umiddelbar verknad og tilhøyrande hån. Korleis kunne nokon tru at dette kunne gå?

I desse dagar vert det nyoppretta masterstudiet på filmskulen i Lillehammer, som skal vere blant dei fem beste filmskulane på verdsbasis, flytte til Oslo. Kvifor kan ikkje filmutdanninga som til no har vore vellukka, halde fram med å vere det på Lillehammer, kvifor ikkje byggje eit sterkt fag- og kompetansemiljø der? Oslo har ikkje lukkast, det ser ut til at Lillehammer har moglegheiter. Då er det eit dødsstøt å flytte deler av eit fruktbart regionalt tiltak til Oslo. Rektoren på høgskulen i Lillehammer, øvste leiar for filmskulen, er mildt sagt på bærtur når ho uttalar at dei ikkje berre kan ta regionale omsyn – kva legg ho i det? Filmskulen har vore under kontinuerleg bakhaldsåtak frå hovudstaden sidan han vart oppretta.

Å kutte kommunar i distrikta er ei dårleg løysing. Høyrer ein på kommuneeksperten Audun Offerdal, ser ein snøgt at det og er dårleg økonomi og endå dårlegare trivsel å hente i den blåblå draumen som no er på røvartokt over heile landet. Det ut til at samfunnet vårt lir av megarexi – alt skal vere så stort som mogleg. Sjukehus, skular og kommunar.

Midt i alt dette stoket planlegg skottane på si side frigjering frå Storbritannia (nett det er ein laaaaang og eldgamal skotsk tradisjon,) koste kva det koste vil…Då eg studerte i Edinburgh i 1999 fekk dei eige parlament. 18. september i år skal dei røyste over si skotske framtid, eller om ho held fram med å vere britisk. Der er sjølvstende og kultur og opphav grunnleggjande kraft. Dette er vi i ferd med å rasere med nokre blåe strekar på kryss og tvers av landet vårt.

Viss vi vil finne att kulturelle opphav og fellestrekk med britane, finn vi ikkje desse ved å reise til London eller Manchester. Då lyt vi vende nasen mot t.d. Shetland, landsbygda i Irland og England. Her er språk og dialektar med avslørande norske innslag. Shetland er langt på veg utelukka dekorert med norske stadnamn, og er pr. i dag den “norskaste” delen av Storbritannia. Språk, kultur, tradisjonar og særpreg forsvinn i dei store einingane.

Skottane syner oss at det framleis betyr meir enn kva pengar kan kjøpe, danskane vann korkje lukke eller pengar i tvangsekteskapa sine med storkommunar. Islendingane syslar med tanken på å bli det 20. fylket her i landet (kjappaste vegen til oljerikdom for dei…) Kva om Shetland vart del av Sogn og Fjordane?

(Denne teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis laurdag 16. august 2014.)

Stolt er den svake!

I det siste har det gått opp for meg at når du gjer ting du korkje vil eller torer, oppdagar du eitt og anna visdomsord. Nokon gonger er situasjonar uoversiktlege og vansklege, då hender det ein må gjere ting ein i utangspunktet aldri hadde tenkt eller ynskjer. Det er å handle på tvers av all logikk og vedtekne reglar. Eg har ikkje brote Noregs lover, men eg tek meg i å føle det slik, når sjansane er store og risikoane endå større. Det er då det har velta innover meg; Stoltheit er for den svake, medan mot er for den sterke.
Det er når ein handlar i tru at denne kunnskapen har sprunge ut – slik har det vore for meg. Ikkje rart eg festa ekstra øyre til andakten på P1 ein morgon denne veka, då presten snakka om kor mykje frykt og redsle vi menneske har ovanfor oss sjølv og kvarandre. Han fortalde ei lita historie om eit sirkus der den største stjerna av dei alle, ein apekatt, døydde. Klovnen tok på seg oppgåva å gjere dei same kunstane og kledde seg om til ein apekatt og trente alt han makta på dei populære stunta. Han gjorde det bra, heilt til ein dag då han snubla inn i løveburet. Folk vart forferda, dette kunne aldri gå – løven pressa apekatt-klovnen inn mot eine veggen i buret. Då høyrde klovnen ei røyst som sa: Ikkje ver redd, eg er berre eit menneske.
Uansett autoritet, høg eller låg, barsk eller myndig, svak eller sterk, vi er alle menneske og vi er alle usikre og redde av og til – berre ikkje på Facebook og slikt, sjølvsagt, hyyysjjj….hehehehe….
Dei stolte eg har observert er ofte usikre, mentalt usjølvstendige og avhengige av kva andre meiner om dei til ein kvar tid. Dei som syner mot, er ofte trygge, mentalt sjølvstendige, totalt uavhengige av kva andre meiner om dei til ein kvar tid. Mot var uerstatteleg i vikingtid og mellomalder, ein eigenskap ein helst ville ha påklistra imaget sitt og ætta si. Mot går aldri ut på dato, og det er framleis blant dei svært få tinga som ikkje kan kjøpast for pengar eller delast på Facebook. Stoltheit kan du dele herfrå og til månen. Kva er mest spennande, å tilbringe ein kveld med ein stolt person, eller ein med mot?
I eit møte denne veka fekk eg servert av ein økonom at i vårt overskotssamfunn var vi oss sjølve vår største fiende. Samstundes fekk eg beskjed om å lære meg å ikkje slå tilbake når folk slo mot meg – ikkje gå gjennom taket – var omkvedet. Samstundes har det for meg vore naudsynt å gå gjennom taket nokre gonger – så har eg jo synt mot til det! Men det skal ikkje vere regelen men unntaket. For meg har det vore regelen i periodar, men no skal eg øve meg på å la det bli med unntaka. Eg skal halde fram med å gjere ting eg korkje vil eller torer, det er slik ein utviklar motet sitt. Det er slik ein får svar ein elles ikkje hadde fått, og ikkje minst resultat ein elles aldri hadde oppnådd.
Løpedronninga vår, Ingrid Kristiansen, uttalte tørt til Aftenposten for ei tid sidan at mosjonistane på 80-talet var langt meir aktive enn i våre dagar. Det viktigaste no er å bli sett løpande, ikkje å løpe langt. Det er viktig at ein har dei rette skoa og det mest trendy treningstøyet som seinare skal blafre på sosiale medier. Så avslutta ho med at verdas beste løparar har grodd opp i Kenya, der dei ikkje hadde råd til å løpe med sko….fantastisk. Den sosiale tvangstrøya anno 2014 er langt sterkare enn ho nokon gong har vore, men på anna vis. Stadig færre torer vere seg sjølv – men ved stoltheita si signing let ein verda tru av ein er frie og sjølvstendige. Noko anna har ein ikkje mot til…..

Kva er Sogn og Fjordane sitt grep for framtida?

Motet held mannen oppe i sjukdom, men mismod, kven kan bera det? (Ordtøka, 18:14.)
Mellom slaga på reis utanlands har eg fått med meg at store fabrikkhallar i Sogn utan innhald som har kosta fellesskapet store summar, som ikkje har bidrege med noko som helst for korkje folk eller fe, har opna og pakka saman. Dette har skjedd over tid, og vert kalla omstilling her i fylket. Offentleg godkjent omstilling er det og. Flottare blir det ikkje. Ikkje meir meiningslaust heller. Landbrukspolitikken til regjeringa rokkar i desse dagar ved busettinga til Sogn og Fjordane, og kjernen i kulturen og indrefileten i fylket vårt: Kulturen i og kring småbruka våre frå kyst til nær sagt bre. Kva er Sogn og Fjordane sitt grep for framtida? Kva målsetjing ligg til grunn for å møte framtida, tru eller motløyse? Vitnar satsingane på tomme industribygg på målretta strategi for framtida til fylket vårt? Eller er det motløysa som rår? Syner handlingane våre at vi ikkje trur på noko anna enn å sjå bakover? Kva trur vi viss vi ser framover? Eller ser vi ikkje anna for motløysa? Uansett meiner eg stoda til fylket syner at vi ikkje maktar følgje omstillinga til samtida vi lever i mentalt. Vi byggjer flyplassar og handelshus og har landets beste bussjåførar, medan den stolte kulturarven vår som ligg i småbruka, gror ned. Bussjåførane ser snart ikkje anna enn grøne tunnellar anten dei køyrer i Hyllestad eller Stryn.
Demografiske endringar går over tid, det er lett å misse motet når vi veit at Rogaland har passert oss i folketal fleire gonger siste 200 åra. Kanskje urettvist å samanlikne med personar og individ, og slå fast at ingen er på topp heile tida, og trendar alltid er i endring, ikkje minst språket vårt. Men småbruka våre er kanskje noko av det mest autentiske vi har midt blant oss? Kva gjer vi med det?
Tidlegare denne månaden snakka eg med far til ei veldig dyktig dame i NRK, Erik Solheim, i Førde. Han meinte det snart vil syne seg at det å eige jord vil bli viktigare enn på lenge, kan hende meir enn nokon gong. Det seier seg sjølv at det ideelle då vil vere småbruk som let seg kombinere med andre yrke/moderne livsstil. Ikkje store gigantorganisasjonar av arten som vi ser på Austlandet og på Jæren. Kunnskapen om drift av småbruk vil vere attraktiv og naudsynt, matkulturen blir stadig meir verdfull og etandes (les SUNT.) Kortreist mat, mat som inneheld mat osv vert stadig meir populært hjå folk. Mat som før var husmannskost for ålmenta, er i våre dagar tilgjengeleg for dei som har vit, kompetanse og innhaldsrik lommebok. Vi ser at helse og livsstil går hand i hanske med dei største helseutfordringane i samfunnet vårt. Konsekvensane som følgjer ein moderne livsstil har fleire negative trendar, livsstilen som følgjer småbrukarlivet kan skilte med voldsomt lang og oppegåande pensjonisttilvere. (Eg kjenner alt lukta av gamalost og sødmen av bringebæra.) Bygdene i Sogn ligg i landstoppen på tal eldre over 100 år om eg ikkje hugsar så altfor gale. Vi har rikdom og innhald til å fylle mange industrihallar, men ikkje på den måten Sogn og Fjordane har gjort til no. Vi må gjere det vi er best på, det er det fylket er skapt til å vere, ein stad med mange små einingar med sine særeigne tradisjonar og konstruktive livsstil. Så lett tilgjengeleg som Sogn og Fjordane er i 2014, er det eit mysterium at ikkje fylket har gjort butikk og industri av dette for lenge sidan. I staden gjer vi som suauene, vi går i flokk. Som Ibsen sa, minoriteten har alltid rett. Eg trur at viss Sogn og Fjordane trur, så ser denne regionen at dei er unike innan sitt/sine felt, så satsar dei. Men dei må meir enn å ville, dei må tore. Så må dei ta steget og handle. Men kva er Sogn og Fjordane sitt grep for framtida?
Innlegget kjem på trykk i Sogn Avis/Innhogg laurdag 24. mai.

Den beste hovudrolla

Dette innhogget skulle eigentleg dreie seg om dei som “går heime” – og konsekvensane av korleis framtida blir når alle “går ute” – og heimane står utan ein konsekvent og tydleg leiar. Det er eldgamal tradisjon her i landet, at kvinna tek hand om hus, bakst og heim. Det tek tid, kløkt og kompetanse så det susar. Kven tenkjer på det? Korleis løyser vi det i 2014? Det er berre på Facebook det går an å vere heime og lage cup cakes og middag medan ein framleis er på jobb for samfunn og framtid. Det er berre han som gjer vatn til vin, død til liv, som syslar med slike prestasjonar. Ikkje ei kvinne, ikkje ein mann, kan vere fleire enn ein plass samstundes. Sjølv i 2014.
Så er det ekstraordinært landsmøte i SP – far min, som då eg vart fødd i 1975, skreiv hovudfag om Ap si historie, uttalar at avskjedstalen til Navarsete er av dei betre politiske talane han har høyrt. Eg tenkjer med ein gong; kva er det som gjer at eit i hovudstadspressa sin penn, døyande parti som vippar på sperregrensa, der urokråkene regjerer, får statskanalen til å kringkaste heile møtet for heile folket på høglys dag? Kven hadde brydd seg slik om SV eller Venstre?
Det sikraste dødsstøtet til ein statsråd/politikar er fråveret av synlegheit og medieinteresse. Hadde Liv Signe vore slik, hadde ho fått pepper for det så det suste. No får ho pepper for at ho er det motsette, så det susar i den grøne serken hennar. Korleis kan eit av landets minste parti i motvind på alle vis vinne slik nasjonal merksemd? Alle ventar på nestleiaren, i skrivande stund er det ikkje fastsett. Men eg trur det blir lenge til Sp får ein ny kvinnleg hovudrolle som kan måle seg med Liv Signe frå Sogn. Dette er eit ekte produkt med ekte meiningar som skyr rollespel. Yngre kvinner i dag er, diverre, ofte opphengt eller tilbakesett, av etablerte krav og rollemønster. Dei har ikkje det som trengst til å bere ei hovudrolle i 2014. Hadde Henrik Ibsen erfart at dette var stoda i 2014, hadde han ledd seg fillete og sagt; hva var det jeg sa for 150 år siden? Eg trur han hadde fullrost den no avgåtte Sp-leiaren. Skulle alle vere rolege og sindige, sagt rett, løfta på rett augebryn til rett tid, då hadde verda stoppa opp. Liv Signe representerer eldgamal kulturarv her i landet, ho har spelt rolla si godt med den karakteren ho har og er. Det skal ho ha all ære og takk for, ho har ingenting å be om orsaking for. Ho går av som leiar for eit lite parti med heile nasjonen som direkte vitne. Det er teikn på at ho har gjort ein god jobb, også for Sp. Ho har gjort partiet synleg for ein heil nasjon medan partiet har kjempa i motgang. Hadde ho berre vore ein masete kvinnleg utbrent leiar (med alt for stort engasjement som det no heiter sentralt), hadde ho gått over i historia med eit par elgar i solnedgang til vitne. I staden er heile nasjonen vitne til kva som skjer. Det er eine og aleine fordi Navarsete er plagsamt direkte, plagsamt dyktig og utgjer ein konkret motmakt mot det etablerte maktapparatet sentralt der ho sjølv spelar hovudrolla. Samstundes er det store spørsmålet: Kven blir nestleiar? Som sagt, det er ikkje avklart i skrivande stund for dette innhogget. Men det blir lenge til neste gong landet får ein så tydleg og synleg kvinnleg leiar som Liv Signe Navarsete. Det kan hende det blir ro i Sp framover. Men den roen kan og kaste Sp inn i ein tornerosesøvn og over i den evige gløymsla for partiet. Kan hende treng Sp litt tid til å forstå kva partiet eigentleg treng. At konstruerte karakterar som diggar rollespel og Facebook ikkje heidrar eller løftar Sp på noko vis. Kan hende er det utan Liv Signe og hennar evne til å stå engasjert ved roret uansett ver, er den verkeleg drepande stilla som verkeleg fører Sp inn i gløymsla. Alle heimar treng ein tydleg leiar med engasjement, også Sp. Kan hende kjem Liv Signe att med stor siger. Slik han som gjorde død til liv. Ha ei velsigna god og engasjert påske!
Teksten kjem som innhogg i Sogn Avis laurdag 12. april

Kvar er sjølvtilliten?

Laurdag 8. mars skreiv Atle Hamar ein viktig kronikk i avisa Firda om stoda, eller krisa, fylket vårt er i. Hamar skil seg ut ved å vere ein betydleg kompetanseperson med viktige synspunkt. Orda hans har rett og slett substans. Alt for mange politikarar her i fylket held seg til vanetenkjing og fastgrodde handlingsmønster som ikkje fører til anna enn attgrodde stier…mellom linene til Hamar kan ein skimte at ein må leggje opp til å få kompetanse og kunnskap til fylket, ikkje berre rekonstruere for lengst farne industrieventyr. Fylket må ut av komfortsona, ta kampane direkte, ikkje gjennom høflege epostar og snittar på tinget. Det nyttar ikkje møte utfordringane Sogn og Fjordane no står midt i, med å vere pen i tøyet og fin på håret. Sogn og Fjordane har så mykje rikdom til fjells, til lands og utanfor strandlina si, at det er ufatteleg at vi ikkje klarar gjere meir ut av det. Det hjelper ikkje ha all verdas ressursar viss ein ikkje har sjølvtillit, kanskje det er den største trusselen til fylket vårt? Kvar er sjølvkjensla og sjølvtilliten til Sogn og Fjordane? Kva målsetjing har Sogn og Fjordane, anna enn å repetere kjende ord og vendingar om landbruk og reiseliv – kvar vart det av reiselivet??? Til Innovasjon Noreg sin fordel skal eg ikkje kommentere det her – no.

Viss Atle Hamar, som godt døme på lokal ressursperson, hadde lukkast flytte heile Norsk Filminstitutt til fylket vårt, med alle direktørane, kanskje til og med fått film som studieretning på Høgskulen i Sogn og Fjordane, kunne vi sett store ting. Kanskje eit blomstrande miljø som endeleg fekk i hamn ein Oscar, som endeleg byrja tene pengar, som klara samarbeide i stor stil med naturleg farvatn utanfor stovedørene våre: Britisk og irsk fagmiljø, som har lukkast knyte film nært opp til reiseliv og turisme i landa sine. I staden sit all filmmakt i Oslo, der ingen filmproduksjon har lukkast gjere internasjonal suksess etter “Veiviseren” for 30 år sidan. Ingen norsk film tener nemneverdig med pengar.

Filmane som lukkast best, har med eit naudskrik spelt inn budsjetta sine, og litt til eit par flasker gild raudvin. Ingen av dei handfulle Oscarnominasjonane sidan “Veiviseren” har lukkast med anna enn eit kvarter med filmpressa mot seg før dei har sigla inn i gløymsla. Likevel er norsk film bedre enn nokon gong, seier dei. Det er fantastisk! Men kva om Norsk Filminstitutt med sine fråverande internasjonale suksessar, der produsentane seier berre vi går i null er vi berga, heldt til i fylket vårt? Då hadde sanninga kome for ein dag utan sminke med full styrkje, då hadde den slappe dramaturgien i filmbransjen verkeleg kome for ein dag utan retursjering. Då hadde det ikkje gått an å subsidiere distriktsnoreg med å drifte ein gigantorganisasjon for nokre få utøvande filmskaparar på Vestlandet, ein organisasjon som årleg svir av meir enn 100 millionar kr berre i drift. Ikkje minst til å løne direktørane (som Atle Hamar mest truleg hadde plassert rundt omkring i landet for å byggje næringa nasjonalt, og truleg lukkast…).

Men når Norsk Filminstitutt sit på kontora sine i hovudstaden er det seriøst skikkelege saker. Dei gjer skikkeleg god jobb, dei leverer sjølv om dei ikkje gjer det. Dei er eliten ingen har høyrt om utanfor nemneverdige stovedører – men du verden for ein elite! Men det er ingen som ser filmane deira utanlands, langt frå nok til å tene pengar. Alle kan bli nominert til ein pris, eller få ein pris, men det er då jobben for alvor tek til for å etablere ein karriere. Det er ikkje aleine svar på at du er ein suksess. Med den sjølvoppnemnde filmeliten i hovudstaden, er det framleis fantastisk å bli nominert til Oscar, 30 år etter “Veiviseren.” Hadde Norsk Filminsititutt vore stasjonert her i fylket med slike resultat, hadde det vore katastrofal distriktspolitikk. I staden er det katastrofal hovudstadspolitikk.
Sogn og Fjordane, kvar er sjølvtilliten??

....Velkomne biverknader!

Det er rart, med tanke på kor mykje pengar legevitskapen svir av på forsking, kor lite som eigentleg er det ein kan kalle ein medisinsk suksess. For dei som er sjuke, eller får ein kronisk diagonse. Ikkje at legane skal stå skulerett og vere ansvarlege, men det er i grunnen lite som kan kurerast frå den kanten. Det meste kan me i grunnen gjere sjølve. Men det spørs om me ikkje forventar få det me vil til ein kvar tid: Hjelp, til uansett ALT! Hjelp til å tenkje positivt, hjelp til å trene, hjelp til å ete “rett”, hjelp til all verdas feil og problem som måtte råke kropp og sjel, ikkje minst sjela til mennesket anno 2014 er trøblete saker. Korleis kom me hit? Blir folk med parkinson friske av medisinen dei får? På ingen måte. Stadig fleire biverknader på vanlege medikament kjem for ein dag, i større grad enn på lenge. Smertestillande kan gje smerte, medikament mot migrene kan gjere den lystigaste om til ein som ikkje ynskjer anna enn døden. Blodtrykksmedisinar kan føre til alvorlege tilstandar høgt blodtrykk i utgangspunktet kan føre med seg. Kva er då poenget? Viss ein les på følgjeskriva til eit kvart legemiddel, er det grunn til å spørre seg om det er verdt det. Kor mange set seg inn i legemiddel dei tek og konsekvensane dei fører med seg? Sovetablettar kan gje problem med å sovne…går verda framover?
Sidan far min fekk parkinson i 2005, har eg notert meg biverknadene han fekk ganske så umiddelbart. Etter ein periode vart eg provosert, så fortvila, så sint, så forbanna. Skikkeleg forbanna. Eg kjende ikkje far min att. Sjølv tviheldt han på at medisinen var einaste og beste alternativ. Eg som dotter såg at han var blitt noko som kan minne om hjerneskadd i framferd. Mor mi som har helsefagleg bakgrunn støtta mitt syn, og sat på fagkunnskap som var med på å få far min ut av pillekarusellen. Elles alltid tidleg vaken og sein i seng vart til ein jamn halvsøvnig døs, og kvelden kunne gjerne vere over kl 20. Då han fekk orientering om kva klokka var, kom han i stuss. Tid og stad vart forvirra, natt og dag. Magen fungerte ikkje. Humøret fungerte ikkje. Han fekk hallusinasjonar. Skjelvingane vart verre. Ved kvart einaste høve tok eg han fatt, og sa rett i synet på han kva eg såg, kva som skjedde med han. Han fekk ei rad med blodproppar, og fekk nok ein tablett i coctailen sin. Denne kan føre til koma og plutseleg død osv. Denne vetle skulle han ta livet ut, då mannen var blitt til ein einaste stor blodpropp. Far min, som har vore aktiv og godt trent, som ikkje hadde problem med inaktivitet, overvekt eller kolesterol. Men på lista over biverknader kom det opp eitt og anna nok ein gong: Blodpropp. Men det skal uansett MYKJE til å få denne samanhengen stadfesta hjå legane. Etter ytterlegare høgrøsta foredrag frå meg, som ikkje har medisinsk kompetanse, men vanleg folkevit, gjekk han med på å vurdere nedmedisinering. Etter møte med ansvarleg fagperson på sjukehuset i Førde, har han no fått eit opplegg. Han er såpass heldig at han har pårørande som kan trene han ute og treng såleis ikkje belaste storsamfunnet med aktivitørar og andre fagpersonar osv. Eg ser fram til at han blir seg sjølv att, siste åra har eg berre sett han glimtvis vere seg sjølv gjennom pilletåka. Det har vore gode augeblikk. Men og fått meg til å tenkje: Me må hente han fram att medan me kan. Samstundes med å vere ein pilleetande framand, fungerte han som eit levande leksikon, og kunne alltid svare på spørsmål om det var noko. Difor såg eg som dotter at han må bli seg sjølv att og halde fram med faget sitt og bruke evnene sine. Hadde han blitt FRISK av medisineringa si skulle eg snakka med litt lågare røyst. Men for far min sin del, fekk han forverra tilstanden sin, og frårøva ei heil rekke andre funksjonar. Kva er då poenget? Nokon responderer dårleg på medisinering og tåler ikkje det dei får. Biverknadene blir då som i far min sitt tilfelle, dominerande. Mange kan leve heilt greitt med medikament. Det er avgjerande viktig at pårørande er på vakt: Legane ser ein diagnose, me ser våre eigne. Så er det mangt legar skriv ut som dei sjølve aldri ville tatt i nærleiken av sin eigen kjeft. Nokon gonger er nokre glas vin det som skal til. Med velkomne biverknader!

Når dei gamle er yngst

At me menneske er ulike er ikkje noko nytt. At jantelov og misunning herjar dei som skil seg ut er heller ikkje noko nytt. At samfunnet deler livet inn i fasar der eit sett med reglar gjeld for alle uansett lyt gå gale. Når me i tillegg lever i eit spesialiseringssamfunn der krav til kompetanse og erfaring er grunnleggjande lyt det gå endå verre. Korleis kan folk i 30-40-åra styre verda? Skrekk og gru! Stadig fleire yrkesgrupper har lang spesialiseringstid, nokre er ikkje operative før kring 40.
Ein eg veit om som jobba på ein ungdomsskule, var så lukkeleg då han vart pensjonist at han 10 år seinare framleis lever i sus og dus. Eg trur det er få industriarbeidarar frå tungindustrien som ynskjer jobbe særleg lengre enn dei må, slitne kroppar ser fram til avløysing. Bussjåføren som for lengst har parkert vert kalla attende, den unge er sjukmeld. Det er nok av døme på korleis dyktige og oppegåande pensjonistar held samfunnet i gong og får ungane trygt på skulen. Samfunnet har så mange ulike arbeidsoppgåver, og så ulike arbeidstakarar, at det er umogleg å la alle følgje same mønster. Det vert det same som eit overgrep over den einskilde i samfunnsmessig regi. I alle høve syner døma eg ser kring meg og les i media at dette diverre er eit faktum.
Den tragiske ulukka på Bjørkelangen der to unge jenter vart rivne ut or livet frå eine sukket til det andre krev kloke hoder, varme hjarte og røynd og fast handtering. Det er langt mellom lære og praksis når slike situasjonar oppstår. Korleis kan t.d. ein 39 år gamal prest leie eit slikt sorgarbeid, ein 41 år gamal lensmann, 23 år gamal journalist osv. I slike saker er dei eldste eldst, og dei som verkeleg kan ta tak. Dei har sett og erfart livet slik yngre ikkje har. Slikt kan ikkje kjøpast på nettet eller fiksast med ein app. Ofte er det prestar i sin beste bestefaralder som verkeleg har evne, innsikt og truverde til å formidle trøyst i slike voldsomme og bråe tragediar.
Sjølv hadde eg ein bestefar som heldt seg så godt at han gjekk for “den yngre mannen” då han vart lagt inn på sjukehus som 72 åring. Ein onkel i slekta gjekk for “eldre storrøykar” og var i sin beste arbeidsføre (jf NHO sine heilage reglar) alder.
Vidare har me diverre nok av døme på inaktive digitale offer i 20-åra i samtida vår som blir knust i skisporet av spreke bestefedre. Om eg ikkje hugsar feil har eg lese at eldre er meir stabil arbeidskraft enn yngre som alt for ofte er sjuke eller skoftar arbeidet.
Far til den no pensjonerte domprosten i Oslo, heldt sin siste gudsteneste då han var litt over 95. Ein alder der dei fleste for lengst har trekt sitt siste sukk. Nokon får sitt første gråe hår i 20-åra, jamvel før. Andre når dei passerer 60. Me er ulike og det er på tide å slutte og krevje at alle skal prestere likt like lenge. Dessutan er det stor skilnad på å vere industriarbeidar og prost. Har aldri høyrt om ein 95-åring på skift i t.d. hallane i Årdal! Er du snar når du att besten på helgatur.
Ha ei sprek helg!

Når eldfullt engasjement blir til usynleg temperament

Då Heimskringla vart nedskrive, kongesogene frå vikingtid og mellomalder, nytta Snorre og dei andre bidragsytarane munnlege overeleveringar og informantar. For å stadfeste ei historie som sann eller truverdig, vart same historie testa på fleire uavhengige kjelder. Så vart dei forkasta eller inkludert.

Nokre informantar gjekk for å vere lite truverdige, andre for det motsette. Ei kvinne som merka seg særleg ut i vikingtida, og kan hende framleis hadde vore ein kraftpust i samfunnet vårt, var Gunnhild Blodøks, kona til Eirik Blodøks. Ho gjekk for å vere inful og hardhjarta, og forferdeleg vakker. Ho var same, kjeldene spriker på dette feltet, men eg er av dei som hevdar ho var same. Ho var ein meister i å utføre trolldom og dreiv med ganning (ganning er ikkje vanleg blant danskar…). Men kven var informantane om hennar framferd og person, var det forsmådde menn som ikkje likte maktkvinner samtida neppe såg mange av, om nokon? Var det svartsjuke kvinner? Var det ein objektiv og ærleg person blant desse? Her møter ein dei same utfordringane i jakta på sanninga, anten ein har munnlege kjelder, skriftlege eller begge deler.

Spørsmåla kan gjerne stillast når det gjeld stormen kring Liv Signe Navarsete. Kan hende er det ein god dose svartsjuke kring personen hennar. Det er neppe fleire uavhengige kjelder som har kome med dei mest ekstreme skuldingane mot henne, som seinare vart tona ned. Når denne kvinnelege toppolitikaren, som ALLE veit kven er, og som lyt vere blant dei FÅ kvinnene som oftast er HOVUDSAK i riksnyheitene, blir det beint ut latterleg når Liv Signe omtalast som usynleg, nervøs og usikker. Dette er så overtydeleg hersketeknikk at det misser all kraft før det kjem på blokka. Likt Blodøks-Gunnhild frå vikingtida (ikkje den seinare Berrføtt-Gunnhild, sjølv om ho nok går under same kvinnetypen) torer Liv Signe der andre kvinner ikkje har mot, og svarar der andre kvinner teier. Slike kvinner får lett stempel for å vere sinte, nervøse, utan kontroll osv.

Når du “oppfattar” det eldfulle engasjementet til Sp-leiaren som nervøs og usikker framferd, blir det for dumt. Sjølv ein utdrukken, overarbeidd og utbrend julenisse ser at dette er ei kvinne som mest truleg tenkjer på korleis ho skal vinkle ei sak under ein debatt, kva er best å priorietere i spranget medan ho er i elden fordi det er umogleg å planlegge i forkant, kva sak skal nyttast tid på, kva sak kan prioriterast vekk, kva argument kjem best fram, osv. Slike tankar går nok gjennom hovudet til ein tynt partileiar medan debatten går på direktesendt TV i ein valkamp. Det ligg jo i ordet, det er ein kamp! (Eg kjenner i alle fall truleg att desse situasjonene innan det eg sjølv driv med..men eg kan ta uendeleg feil!) Når engasjerte og eldfulle menneske er i elden, dirrar og kokar det over, ikkje av sinne, men av skaparkraft og vilje til å kjempe for dei verdiane ein trur på og det samfunnet ein vil kjempe for. Sp er eit parti som uansett vil vere i kamp i den brytningstida 2013 er, kan hende det er del av valkrisa til dette tradisjonsrike og bergfaste partiet ytterst få i VG (om nokon) stemmer på?

Hadde Liv Signe vore usynleg, hadde ingen brydd seg med henne, men referert til henne i samband med eit større gjesp, og så skifta trykksverte på nokon meir spennande: Nemleg ein synleg og sterk politikar som ikkje let seg kjøpe eller temme – det skapar overskrifter og liv i trøytte debattar! Så trøytte at ein lyt ta tak for å få dei yngste til i det heile gidde å vurdere om dei skal stemme ved vala som kjem og går kvart fjerde år. Då eg snakka med ein av rådgjevarane mine denne veka, sa han med stor og røynd overtyding: Det finst ikkje eitt vanleg menneske som har utretta nok utanom det vanlege. Ha ei uvanleg god, tradisjonsrik og velsigna jul!

No er det jul igjen!

Årets første pepperkaker kom meg for auga på butikken medan hausten var på det fagraste i Kristiansand, langt frå julenissen og nordlyset. Endå lengre vekk sat julestemninga. Utover i oktober kom marispangrisene og julebrusen. Velkomen skal dei vere, men den magiske julestemninga kom framleis ikkje. I går bestemte eg meg for å skrive innhogg om jula som no kjem sigande innover oss med novembermørkret, medan regnet sildra utanfor. Men no skjedde det noko med julestemninga, ho var komen! Så når eg vakna denne morgonen, var det snø, sjølv her ytterst av Sognefjorden, og no kan eg berre seie at no kjenner eg julestemninga i heile kroppen! Eg slepp sjå for meg Skomakergata for å skape den unike julestemninga den serien er åleine om å gje. Det hadde eg aldri trudd. Det er jo underet med jula, som absolutt er tida for undring: Det me aldri hadde trudd skulle skje, det skjer! Sjølv om eg sikkert skulle vere vaksen for lengst, blir eg aldri lei av denne kjensla, og eg kjem neppe til å legge henne vekk. Så fornuftig, eller så vaksen, blir eg aldri.
Med jula kjem stresset, og alt som skal gjerast. Men jula slepp ikkje unna brytningstida me lever i. Stadig fleire finn alternative løysingar på jula, og mange reiser utanlands. Men dei av oss som hardnakka held på den tradisjonelle norske jula held framleis stand! Då slepp me ikkje unna kakebaking og ølbrygging og salting av juleribbe osv. Når det gjeld julebaksten, er eg ekstra nøye med kva eg faktisk hiv i kakerøra dette året. Eg som trudde vaniljesukkeret til Freia var skikkelege saker, så er det rett og slett kyramøk og roten tømmer! Eller syntetisk vanilje, som det heiter på marknadsspråket. Vidare hevdar eldfulle konditorar at kardemomme skal vere HEIL, ALT krydder til julebaksten skal malast av den som bakar, det gjer at baksten blir løfta mange hakk. Ein bakar hevda at å bruke fjorårets kardemomme, var det same som å bruke støv frå loftet….eg skal ikkje repetere kva det kvite vaniljesukkeret som ikkje inneheld vanilje eigentleg inneheld. Men eg syt for å få med meg vaniljesukker som faktisk inneheld vanilje: Tenk at det finst i 2013!!! Ikkje minst skal eg prøve ut dei ulike vaniljestengene, som eldfulle konditorar sverger til. Ikkje for å vere jålete, men for å jakte den store smaksopplevinga til årets jul, som sjølvsagt berre fortener det beste….
For travle kvinner kan julebaksten bli ei sann utfordring. Kvar finn me tida til slikt? Eg som ikkje er på Facebook kan ikkje lastast for å henge att med tastaturet og kaste vekk verdfull baketid der. Men det treng ikkje gå på kostnad av andre plikter heller: ALT dreier seg om å prioritere. Eg gjer som bøndene, eg står opp litt etter kl fem om morgonen, får med meg den beste konsentrasjonen morgontimane gir, SÅ får ein betre tid til juleaktivitetane. Vidare er kaldheving ein strålande måte å bake på kommando og tidspress når det VERKELEG lir mot julehelg. Mesteparten blir gjort kvelden før, dagen etter står den ferdige baksten som stod på kjølen natta over på kjøkenbenken ein halvtime før steiking og vips har me nysteikt gjærbakst å imponere og/eller glede seg over. For ingenting slår heimelaga jul med ekte varer, ekte bakst. Jula syner oss kva som er ekte, kvart einaste år! God julebakst!

Heksejakta i gang

Sylvi Listhaug har blitt landbruksminister, verst tenkjelege utfall for bønder flest: Frp skal regjere deira bord! Dei let seg ikkje sjarmere på nokon som helst måte av at Listhaug er odelsjente og oppvaksen på gard og til og med flaska opp på mjølk frå tank! Slik mordaren ikkje ser blod, ser ikkje bøndene teikn til korkje truverde eller møk under fingerneglene på den nye øvstkommanderande innan landbruk.
For ei som for tida sit med hovudet langt ned og inn i dramaturgien (tekniske verktøyet og oppbyggjinga som ligg bak ei historie) ser den første arbeidsveka til landbruksministeren mest ut som ein real heksejakt. Bøndene har lagt hjortejakt og elgejakt på vent! Dei har funne ei heks i regjeringa, og no ropar dei ut for alle kjenneteikna og bevisa dei har for å kunne stadfeste og dermed fjerna den avslørte heksa som har fått plass ved regjeringsbordet.
Bøndene er kan hende dei siste skikkelege opprørarane i vår tid. Får du dei på nakken har du eit stort problem. Som ein bonde sa på TV denne veka: Me bønder klarar oss, det er verre for alle dei som bur i Oslo, kvar skal dei få maten sin frå den dagen me ikkje lenger er sjølvforsynte og verdsmarknaden ikkje kan forsyne svoltne osloborgarar?
Slik har det vore her i landet sidan tidenes morgon, sjølv om den reelle bondemakta kan diskuterast frå hundreår til hundreår. Futaspranget ved Hafslo har vel namnet sitt etter ein stakkars skattefut som kravde bøndene for skatt for mange generasjonar sidan, det skulle han ikkje ha gjort…Bøndene er flinke til å organisere seg og kjempe for felles interesser, det skal dei ha! Tergar du på deg bøndene hjelper det lite kva tittel du måtte ha, det er bodskapen.
Ho ser jaga ut, landbruksministeren, der ho svarar nøyaktig det same politikarsvaret frå politikarmanuset sitt på dei same spørsmåla frå morgon til kveld – det ser ikkje morosamt ut. Det ser ut som om ein treng ein heilt eigen kondisjon for å halde ut eit slikt løp. Spørsmålet er om Listhaug har denne særeigne formen for kondisjon. Spørsmålet er om nokon i det heile er laga for eit slikt køyr i kvardagen. Er det nokon som sjeldan eller aldri gjer seg før minst eitt mål er nådd, så er det illsinte bønder. Dessutan er det andre med vikarierande motiv: Kommentatorar i media som aldri har synt korkje kjærleik eller forståing for Frp. For ikkje å gløyme politiske motstandarar. Sp`s Per Olaf Lundteigen har unekteleg eit viktig poeng når han krev svar frå den kjeppjaga landbruksministeren: Det er skilnad på å kome frå NHO eller ein kjend bedrift/organisasjon. Listhaug går rett frå Pr-bransjen og over i regjering og kjem frå ein privat bedrift der sjølvsagte ting er hemmeleg. Men vent litt, er Listhaug den einaste heksa frå Pr-bransjen i den nye regjeringa? Er det ikkje ei Julie Brodtkorb på SMK (Statsministeren sitt kontor) også? Denne varianten representerer Høgre, Høgre-heksene har opplagt ikkje dei same maktmotstandarane som Frp-heksene har. Spørsmålet er kor lenge held landbruksministeren ut før ho legg ned kosteskaftet og flyr ut av regjeringa? Kor lenge klarar Høgre-heksa gøyme seg på SMK…? Eg trur bøndene får det slik dei vil…