Viser arkivet for stikkord rådmann

Eigedomsskatten

Som økonom tykkjer eg eigedomsskatt er ei god og tenleg skatteform. Vi burde snarast få ein statleg eigedomskatt i Noreg. Skatten er enkel å administrere. Det er få mulegheiter til å vri seg unna skattlegging av eigedom. I Noreg er dessutan ein altfor stor del av kapitalen bunden opp i bustader og fast eigedom. Det er lite innovativt for samfunnet. Ein eigedomsskatt med eit godt botnfrådrag er elles ein sosialt rettferdig skatt. Det økonomtunge Scheel-utvalet foreslo då også i 2014 innføring av ein statleg eigedomsskatt, kombinert med reduksjonar i inntektsskatten og lågare selskapsskatt.

Den kommunale eigedomsskatten er ein upopulær skatt, sjølv om fire av fem kommunar har innført skatten. Han har berre eitt formål: å skaffe nødvendige inntekter til å dekkje kommunens veksande utgifter. Eigedomsskatten er alltid tema i kommunevalkampen, og både takstgrunnlag og skattesats skaper bråk i kommunane.

Alle sogningar har fått med seg den intense bruduljen om eigedomsskatten i Sogndal siste 14 dagane. Illsinte bønder har eggja til kamp mot kommunen. Bøndene fann seg ikkje i den sterke auken i skattetaksten på vånings- og fritidshusa på garden. Dei meinte òg at prosessen med fastsetjing av takst var både knapp, uheldig og dårleg. Til slutt tvinga dei kommunen til å vere med å lage til eit folkemøte onsdag denne veka. Her bar relativt saklege, men bitre, bønder fram klagemåla sine overfor dei «skuldige»; ordførar Aarvoll og rådmann Aanestad. Og takseringsfirmaet Verditakst AS.

Dette skjer berre fire månader etter at same ordførar og rådmann stod skulerett for oppgjevne og arge innbyggjarar i ei anna kaotisk sak; nemleg Sogndalspakken og miljøloket. Også den gongen måtte dei to herrane krype til korset. Slikt går på tilliten laus. På det oppheta folkemøtet om eigedomsskatten onsdag var det jubel og klapping då éin av dei unge bøndene frå Nornes hengde bjølla på den rette katten, nemleg ordførar Aarvoll. Hans tredje ordførarperiode har fått ein tung start.

Sogndal har ein viljesterk og dyktig rådmann. Det har eg skrive før. Politisk lydhøyr er han likevel ikkje. Og han er ingen angrande syndar. Han la fram og forsvarte si innstilling til formannskapet slik den politisk oppnemnde Takstnemnda, leia av Odd Urdal Bjelle, Ap, hadde rådd til. Her låg det faktisk inne ein betydeleg reduksjon (40 pst.) av den takstverdien på våningshus Verditakst AS hadde kome fram til. Det var lite snakk om dette på folkemøtet.

Eg vel å tru at den politiske ringreven Urdal Bjelle har kviskra sin gode partikamerat Jarle Aarvoll nokre ord om kva som var i emning, korleis bøndene hadde reagert på det oslobaserte takseringsfirmaet, og peikt på at det var sett av altfor lita tid til arbeidet til Takstnemnda. Men Aarvoll heldt seg passiv. Sjølv sa han dette til Sogn Avis (TV) 9. mars: «Det er måten ein handterer krevjande saker på, som viser kva ein står for». Godt sagt; av ein som ikkje gjorde noko som helst.

Formannskapet i Sogndal torsdag denne veka hadde knapt noko val. Det opphissa og utfordrande bondemøtet i Blaoboxen kunne berre få eitt utfall. Og dei mange vitnemåla, reportasjane og leiarartiklane i Sogn Avis, vårt Vox Popilu, om «horrible» takstverdiar og skatteauke, har ikkje gjeve rom for tvil. Takstgrunnlaget måtte endrast. Alle (?) takstar må ned. Formannskapet spelte derfor ballen tilbake til Odd Urdal Bjelle og Takstnemnda. Og Bjelle veit kva han har å gjere. Men nokon kunne ha sagt det til han før.

For mange er Verditakst AS og rådmannen «skurkane» i denne forteljinga. Mens skatteplaga bønder er «heltane.» Det er altfor enkelt. Alle har sine roller. Og all harme er ikkje like godt underbygd. Bønder i Dalen og næringsdrivande på Kaupanger skal også betale sin rettmessige eigedomsskatt. For meg er bondeskattestriden i Sogndal 2016 nok eit argument for innføring av ein sentral statleg eigedomsskatt i Noreg.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 19. mars 2016.
Twitter: @georgar

Rådmannen

På framsida til Sogndal kommune på nett finn vi ein liten notis med nøktern og sakleg informasjon om Kommunebarometeret 2015. Om du klikkar deg inn på denne lenkja, kjem du fram til ei nettside der du med liten, nesten uleseleg skrift, kan stave deg gjennom følgjande: ”I kommunebarometeret for 2015 kjem Sogndal kommune ut som 6. beste kommune i landet og beste kommune i fylket. Rådmannen seier at dette er svært gledelege resultat for kommunen.”

Det har sjølvsagt sogndalsrådmann Jostein Aanestad heilt rett i. Men han skriv om dette med så små bokstavar at ein skulle tru han skamma seg over den gode plasseringa. Dei andre toppkommunane har derimot for det meste plassert nyheita på framsida. Og dette er jo ei riktig gladnyheit, sjølv om kåringa enno er førebels. Vi sogndøler bur i den best styrte kommunen i fylket, og den sjette beste i landet. Det må jo vere bra? Men vår lokale gladavis ute på Systrond har ikkje klart å fange opp denne positive vårnyheita. Forståeleg nok, kanskje. Sogn Avis er ikkje spesielt glade i rådmenn. Eller i kommunebyråkratar.

Rådmennene i norske kommunar lever eit farleg yrkesliv. I den daglege bulletinen med nyhende frå Kommunal Rapport kjem det i alle fall éin til to gonger i månaden melding om rådmenn kring om i landet som av ulike grunnar må gå frå stillingane sine. Oftast har det å gjere med saker der det er stor og djup usemje mellom rådmannen og leiande politikarar, inklusive ordføraren. I slike tilfelle trekkjer rådmannen alltid det kortaste strået. Han, eller ho, det er mange kvinnelege rådmenn òg, må gå frå stillinga si. Mot ein økonomisk kompensasjon, sjølvsagt. Slik er rådmannslivet. Men dei fleste rådmenn som må gå, er flinke folk, og får seg ny jobb ganske fort. Ordføraren, same kor udugeleg han er, vert alltid sitjande. I alle fall fram til neste val.

Spaltistar vert gjerne kontakta av folk som ønskjer at vi skal ta opp visse saker i spaltene våre. Det er som det skal vere. Nokre av innhogga mine har då også vorte til etter innspel frå lesarane. Men spaltistar kan og skal ikkje drive med gravande undersøkingar, sjølv om det iblant er freistande. For lokalmedia i fylket grev lite, sjølv når kjeldene byr opp til dans.

Eg har sjølvsagt fått ulike innspel både om rådmannsmakt, om ulike typar hendingar og negative sider ved drifta i kommunane. Det gjeld mest Sogndal kommune. Nokre av innspela har vore freistande å gå vidare med, dei fleste har det ikkje. Når det gjeld rådmannsmakt, er mitt enkle syn at ein flink og dyktig rådmann er eit gode for ein kvar kommune. Problemet i ein kommune som Sogndal er i alle fall ikkje at vi har ein sterk rådmann. Om vi har eit problem, er det svake politikarar. Det gjeld heilt inn i toppen av det partiet som (for) lenge har hatt ordførarmakta i kommunen.

Heldigvis, seier eg, har vi ein klar og myndig rådmann i Sogndal kommune. Det utrulege er at nokon ser det som eit problem. Kvifor set ikkje kritikarane heller søkjelyset på svake politikarar?

På kommunens heimeside takkar rådmannen, framleis med bitte lita skrift, alle tilsette for at dei gjer ein god jobb. ”Det er arbeidet i kvardagen frå kvar tilsett”, skriv han, ”som gjev slike gode resultat for kommunen på Kommunebarometeret.” Godt jobba. Eg sender mine gratulasjonar, med stor og tydeleg skrift, til rådmann Aanestad og alle hans tilsette i Sogndal kommune.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 11. april 2015.
NB: Sogn Avis har omtalt Sogndal kommune si plassering på Kommunebarometeret på www.sognavis.no 26. mars. Eg beklagar at eg ikkje hadde sjekka dette. Men saka har ikkje vore omtalt i papiravisa, som eg hadde sjekka.

Twitter: @georgar

Mareritt om eigendomsskatt

TOR-BJARNE VAR i nokså dårleg humør då han gjekk for å henta posten. Han hadde drøymt så rare draumar den natta. Om Putin og Kjos og ein rasande Parat-leiar Skjæggerud som ropte om at Norwegian-pilotane ville vere med å bombe Putin. Eit slikt oppdrag må ikkje overlatast til underbetalte NATO-pilotar, ropte Skjæggerud. Eg forstår at vi ikkje klarar å vinne over Kjos, brølte han, men Putin skal vi klare!

OG MIDT I DENNE draumen hadde ordførar og rådmann dukka opp. Og dei lo. Dei lo av Putin og Kjos og Skjæggerud. Men mest tykte Tor-Bjarne at ordførar og rådmann lo av han. Og det likte han ikkje. Det likte han svært dårleg, tenkte han då han opna postkassa og tok opp det eine brevet som låg der. Dei to hadde ikkje noko i hans draumar å gjere, tykte han.

BREVET VAR FRÅ Sogndal kommune. Var det ikkje nok at ordførar og rådmann lo av han i hans eigen draum? Måtte dei sende brev til han også? Han reiv det opp. Det stod nokre tal der og nokre ord, «eigendomsskatt» stod det, og eit reknestykke med ein sum: 11.230 kroner! Det må vera feilsend, tenkte Tor-Bjarne. Men det var hans namn som stod der. Han høyrde ordførar og rådmann le til han frå draumen. Så var han altså sanndrøymd likevel. Les om resten av draumane her.