Viser arkivet for stikkord orwell

Ikkje rasisme...

Valkampen er uoffisielt i gong. Dette såg me når Stoltenberg ville kapra storbyrøyster gjennom å deportera småkriminelle asylsøkjarar i Oslo og Bergen til distrikta, for seinare å bortforklara dette som ei misforståing, trass i at pressemeldinga og talen var meir enn krystallklar. For kriminalitet, narkotika og utlendingar er bra valkampmateriale, det har Stoltenberg forstått, og aller best er det i kombinasjon, noko Per Sandberg har forstått. Eg blei slik ikkje overraska når eg kom over Sandberg sine ti punkt for korleis fengsla skal reformerast. For som nestleiaren i FrP seier: ”Det er ingen som blir skremt av norske fengsler”.

Det fyrste punktet er at satsen for dagpengar for norske fangar skal halverast. I dag varierar dagpengane i norske fengsel frå 57 til 72 kroner, og dette skal dekkja hygieneartiklar, tobakk, gåver til eventuelle born og liknande. Det er med andre ord ikkje spesielt lukrativt med tanke på prisnivået i Noreg.

Det andre punktet går på å kutta dagpengar heilt for utanlandske fangar, men som Sandberg understreka på Ukeslutt i mai: dette er ikkje rasisme…
Les meir…

Representativt, sa du?

Me har alle lært om folkesuverenitetsprinsippet, det representative demokrati og den smørja der når me gjekk på skulen. Essensen var og er at våre folkevalde skal spegla oss, og at me på den måten kan gje frå oss vår mikroskopiske medbestemmingsrett til dei 169 som sit på Stortinget. Men er Stortinget ei miniutgåve av oss som røyster?

For under ein månad sidan blei me presentert tal som sa at omlag 40 % av dei som skal sitja på Stortinget denne perioden ikkje berre er kritiske til monarkiet som styreform, men vil helst hadde sett at Noreg var ein republikk, og slik hadde ein president som statsoverhovud.

Ei undersøking utført av InFact i mai i år, viste at berre 17 % av personar over 18 år meinte det same. Og skal me tru høgrekronprinsen Torbjørn Røe Isaksen, stemmer dette godt med den jamne folkeopinionen.

Men for dykk monarkistar som no skjelv i buksene, er det berre å ta det med ro. Det er nok framleis eit stykke att til 67 % som Grunnlova krev for å endra styreform. Erfaring viser dessutan at den jamne stortingsrepresentant ikkje har pondus nok til å setja ei så stor endring ut i live uansett, vertfall viss det kan hindra attval.

Eit anna bra døme på eit lite representativt demokrati har me i EU-saka. Stortinget anno 2009-2013 består av berre 66 uttala nei-folk, 71 ja-folk, og ein skokk med skap-ja og tenkeboksnølarar. Dette står i sterk kontrast til det stabile nei-fleirtalet på meiningsmålingane sidan 2004 og reint fleirtal dei to siste år. Og minst representativ av alt er benken til nei-fylket Sogn og Fjordane, med berre ein av fem som er mot EU.

Vidare er det interessant å merkja seg at det berre er to av representantane som ikkje har norsk bakgrunn. Desse er pakistanskætta Hadia Tajik og Helga Pedersen som er samisk. Men sjølv om begge minoritetsrepresentantane er kvinner, står ikkje det i stil med resten av parlamentet. Kvinner generelt er på ingen måte representativt representert, då berre 39 % av våre øvste folkevalde er kvinner.

Sjølv om ein ofte kan få innrykk av at dei folkevalde kan vera litt sidrumpa, viser dei harde fakta at eldrebølgja ikkje akkurat slår innover Løvebakken. Det nye Stortinget består berre av 6 % over 60 år. Det er heller ikkje noko særleg betre i den andre enden av skalaen, aldersgruppa 20-29 utgjer berre 7 %. Det er liten tvil om at det er dei tre aldersgruppene mellom 30-59 som er vinnarane av dette valet!

George Orwell skreiv i Animal farm at alle dyr er like, men nokon er likare enn andre. Det kan vel trygt seiast om det representative demokratiet òg. Nokon er meir representative enn andre.