Viser arkivet for stikkord nrk

Breivik og media

Terrorrettssaka er vel i gang, og mange er nok allereie rimeleg lei. Sjølv for ein person som
meg, som er over gjennomsnittet interessert i dei juridiske spørsmåla, blir det stundom nok.
Men det skuldast andre aktørar enn dei som tilhøyrer den rettslege handsaminga.

Før eg tek til med mi utblåsing mot media som dekkjer denne saka, vil eg starta med litt
velfortent ros. Gjennom sitt press for å få kringkasta forklaringar med meir, har media vore
med på å sikra meir openheit. På denne måten blir ei historisk viktig sak betre opplyst hjå
ålmenta, samstundes som at kontrollen med retten sitt arbeid truleg aldri har vore sterkare.

Når det er sagt, så er det meir enn nok å ta media på i denne saka. Som vanleg
kjem journalistar og redaktørar dragande med dei sedvanlege frasene om pressa sitt
samfunnsansvar, plikt til å dekkja viktige samfunnssaker og rolle som fjerde statsmakt. Dette
er kjend svada, for som me veit gjer og sender media det dei får mest sjåarar på utan å gå alt
for langt over streken. Grunnen til at det er så lange nyheitssendingar fleire gongar dagleg er
at det er av dei mest sette programma på tv.
Les meir…

Lyge med tal og statistikk

Ein kan lett lyge med statistikk og faktatal, slik styresmakter og politikarar gjerne gjer, med god hjelp av flinke informasjonsfolk. Men det vert for dumt når NRK Sogn og Fjordane, som vi forventar skal stille kritiske spørsmål, sluker løgner og presenterer dei som fakta. Men det er tydelegvis enklare å svelgje statistiske vrengbilete enn å stille kritiske spørsmål ved konklusjonar som er konstruert for å vinne diskusjonar der ein ikkje har gode nok saklege argument.

Eg tenkte eg måtte finne eit døme på kor gode – heilt ironisk sett – mange journalistar er med statistikk og tal. Eg leita ikkje i mange aviser før eg fann eit døme frå Sogn og Fjordane si størse avis: Les heile kommentaren!

Lat avisene vera nøytrale!

Når eg kjøpar ei avis, høyrer på radio eller ser på tv, har eg visse krav. For det fyrste skal det
innehalda det eg interesserar meg for, det skal vera laga på ein bra måte, og ikkje minst skal
det vera objektivt.

Dei seinare ti-åra har media vorte meir og meir partinøytrale – vertfall offisielt – og bra er
det. Men sjølv om me i dag stort sett berre har partinøytralt media att, kan ein likevel stilla
spørsmålsteikn med særleg avisene sitt objektive truverd. Grunnen til at eg meinar det er
leiarartikkelen.

I denne delen av avisa tek redaktøren, på vegne av avisa, dagleg stillig til stort og smått
som er dagsaktuelt. Mest smått, og helst det som var på framsida dagen før, men stundom
òg store saker med sprengstoff i seg. Men korleis skal ei avis truverdig kunne framstå som
objektiv i ei sak når redaktøren på leiarplass har teke stilling til saka på vegne av avisa?

Les meir…

Normering av språk

Det har meg for øyre at det for tida på går eit arbeid for å få til ei ny rettskrivingsnorm for nynorsk. Arbeidsgruppa, som utruleg nok er 100% Sylfest Lomheim-fri, har som mål at det skal bli lettare å vera nynorskbrukar. Kanskje ikkje det mest grensesprengjande målet nokon har sett seg opp gjennom historia, men lat gå.

Den nye reforma skal etter planen setjast i kraft frå august 2012, så det har til no endå ikkje kome så mykje handfast om kva me har i vente. Det som likevel har blitt uttrykt frå Språkrådet, som er oppdragsgjevar, at norma skal vera «tydeleg, enkel og stram […], utan sideformer». Mykje tydar altså på at den rike valfridommen i kva ord ein kan velja forsvinn. Med færre sidestilte former skal arbeidsgruppa gjera nynorsken enklare og meir attraktiv.

Men dette resonnementet gjer at det skurrar hjå meg. Er det ikkje nettopp den rike valfridomen som er nynorsken si styrke? Er det ikkje moglegheita til å kunne tilpassa skriftsspråket til sitt eige talemål som gjer at me skriv nynorsk? Skal me tru Språkrådet er det heilt feil. Det er jo unekteleg ikkje slik at talemålet er likt i heile det nynorske Noreg, det er difor valfridomen er nynorsken si styrke. Det å kunne velja mellom «me» eller «vi», «mjølk» eller «melk» og a eller -e som siste bokstav i verb i infinitiv er kan jo umogleg seiast å vera ei svakheit. Kanskje er det for lite valfridom som er grunnen til at nynorsken tapar terreng i høve til bokmål?
/bulletin/show/577559_normering-av-spraak">Les meir…

Strid - det me likar aller best

Å sjå bølgjene slå inn over Stad er fascinerande, å stå på ski ned fjella i Sogn er moro, og mange finn nok glede å reisa til Førde på kjøpesentersafari. Men noko av det artigaste med å bu i Sogn og Fjordane er likevel den gode gamle fogderistriden. Alle gir uttrykk for at det er grunnen til at me stampar på staden kvil, men du verden så artig det er, og inst inne nyter me kvar disputt me kan koma borti!

Som regel er det sjukehusstrid det går i. Det er likevel ikkje fullt så spanande som det gode gamle fogderistriden. Det er det som innanfor smågutefotballen blir kalla feige lag. Det er alle mot Førde, og det blir ikkje like artig som når alle skyt mot alle, og aller helst frå hofta.

Det er difor godt ein og annan lokalavisredaktør eller NRK Sogn og Fjordane stundom tek ansvar, og bles i gong ein heidundrandes Sogn vs Sunnfjord vs Nordfjord-debatt. Og eit slikt lokalsamfunnsansvar var det seinast NRK Sogn og Fjordane som tok.

Det var sjølvsagt den gode gamle «kor mange flyplassar skal me ha her i fylket»-debatten som blei sett i gong. Debatten er ein kjenning, som i seg sjølv er nok til å laga lynsjestemning, og lausrivingstankar hjå ein kvar fjogning. Sterkare enn nokon stad elles kom dette fram på NRK sine heimesider.

NRK er eitt av dei få media der det framleis går an å kommentera artiklar utan å måtte registrera seg. Ein kan med andre ord kommentera anonymt, og terskelen er låg, særs låg! Slikt blir det sleivspark og rett frå levera-snakk ut av. Det tok ikkje lange stunda før det nærma seg 50 kommentarar under artikkelen, der majoriteten var angrep på andre.

I kommentarfelta kan me lesa om florøfolk som ville leggja ned dei fire småflyplassane til fordel for éin storflyplass, og den skulle sjølvsagt liggja i byen med liten b – Florø. Det blei i same ordelag sagt at Florø er det Bergen er for Hordaland og Ålesund er for Møre og Romsdal. Det er jo direkte humoristisk, særleg sett i lys av sin situasjon som stortingsbestemt by i utkanten av utkantfylket. Men som eg sjølv kommenterte, det er jo litt sjarmerande òg då, det er jo ofte slik at det er dei minste hundane som er hissigast og trur dei er størst.

Sjarmerande er òg forslaget om å berre behalda flyplassen i Førde og den i Florø, då det er dei to som har mest aktivitet og som ligg i dei største «byane». Eg har likevel ei bang aning om at dette eigentleg er ein sogning eller nordfjording som utgir seg for å vera noko anna for på den måten å framstille sunnfjordingane som hovelause. Men det er jo ein del av spelet, for når det kjem til fogderistid er det ikkje noko som heiter fair play, og alt er lov.

Dette må jo likevel vera gull verdt for kultureliten her i fylket. Eg blir ikkje overraksa om me om nokre år kan reisa til Eid og sjå Strid i tre akter på Opera Nordfjord. Det måtte jo vera den perfekte opera med både kjærleik, hat, svik og ikkje minst ein sterk lokal lidenskap for nettopp strid. Me kan jo drøyma!