Viser arkivet for stikkord miljø

Klimaproblemet har kome for å bli

Mange av dei som les denne spalta, hugsar Jon Naustdalslid; den glupe naustedølen som med ein fersk magistergrad i statsvitskap, kom til Sogndal og DH-skulen i 1974. Han og historikar Johs B Thue bygde opp årsstudiet i samfunnsfag, der ein kombinerte historiefaget med moderne og teoretisk basert samfunnsvitskap. Studiet vart ein fagleg suksess for SFdh. Spennande forskingsprosjekt og god formidling var eit kjenneteikn.

Men Jon forlét Sogndal alt i 1985. Ein bitter konflikt med dåverande SFdh-rektor Karl Georg Høyer var éin av grunnane. NIBR vart arbeidsplassen til Jon frå 1988 til han pensjonerte seg i 2013. Ved NIBR var Jon forskingssjef 1989-95 og instituttsjef 1995-2007. No har han busett seg i Ängelholm i Skåne.

Som samfunnsforskar har Jon vore særleg oppteken av korleis samfunnet brukar (og kan bruke) den forskingsbaserte kunnskapen om samfunnet. Han har skrive fleire bøker og leia forskingsprosjekt om dette. Dei siste åra har Jon særleg interessert seg for klimafeltet og korleis menneskeskapte klimaendringar har ført til at klimaet har vorte ein del av samfunnet like mykje som ein del av naturen. Dette resulterte i boka «Klimapolitikk. Samfunn og styring under eit klima i endring», som kom ut sist haust på Abstrakt forlag.

Jon er litt frustrert over måten samfunnsforskarane har tilnærma seg klimafeltet. Samfunnsforskinga har stort sett ukritisk akseptert det naturvitskaplege perspektivet på klimaproblemet som eit tradisjonelt (men dramatisk truande) miljøproblem. Med boka ønskjer forfattaren å yte eit bidrag til ei betre forståing av klimaproblemet som eit samfunnsproblem og ei samfunnsvitskapleg utfordring.

Han hevdar at samfunnsvitskapane innanfor klimaforskinga har fått ei slags rolle som «hjelpevitskapar» i eit overordna naturvitskapleg prosjekt, prega av eit teknokratisk syn på så vel natur som samfunn, for å predikere og kontrollere framtidig klima. Naturvitskapane har oppdaga at dei treng samfunnsvitskapane for å kunne kontrollere naturen. Slik sett er det ikkje tilfeldig at den samfunnsvitskapen som best har funne seg til rette med naturvitskapen, er den modellorienterte økonomien, som har det til felles med den moderne klimavitskapen at den modellerer og kvantifiserer samfunnsmessige forhold gitt ulike sett føresetnader. Men korkje klimamodellar eller økonomimodellar uttrykkjer «røyndomen» – dei er og blir teoretiske konstruksjonar. Og det mykje omtalte togradersmålet er ei politisk bestemt målsetjing.

Men, skriv Jon, klimaproblemet er meir eit samfunnsproblem enn eit miljøproblem. Det kan ikkje handterast på same måte som sur nedbør, forureining av elvar eller vassdrag eller luftforureining av byar. Klimaproblemet ligg innebygd i sjølve måten samfunnet fungerer på, i det økonomiske systemet og i produksjonen av varer og tenester.

Klimaproblemet har kome for å bli. Det kan ikkje løysast éin gong for alle. Spørsmålet er korleis vi som samfunn handterer det, korleis vi reduserer dei truslane klimaendringane fører med seg, og korleis vi tilpassar oss dei endringane som vil kunne kome. Det nyttar ikkje med katastrofespådommar om verdas undergang. Vi må leite etter pragmatiske løysingar innanfor rammene som dagens samfunn med sine konfliktar, interesser, verdiar og økonomiske ressursar gjer det realistisk å kunne realisere, skriv Jon.

Ein grunnleggjande premiss for hans tilnærming er demokratiet som ramme for politikk og samfunnsstyring. Det er innafor denne ramma vi skal og må hanskast med klimaproblemet. Enkelte aksjonsforskarar har meint at klimatrusselen er for alvorleg til at demokratiet kan hanskast med det. Og i den grøne økorørsla finst det også ein tung antidemokratisk tradisjon.

Klimaproblemet er ikkje eit konvensjonelt miljøproblem. Det finst ikkje éi bestemt løysing, men mange konkurrerande potensielle løysingar. Vi har ikkje 100 månader eller 10 eller 15 år på oss for å løyse problemet. Korleis verda ser ut i smått og stort i år 2100, er delvis avhengig av korleis vi handterer klimaproblemet. Men, skriv Jon Naustdalslid, det vil minst like mykje vere avhengig av korleis vi samtidig handterer mange andre problem, som til dømes fattigdom, fordeling, krig, fred, global rettferd, utvikling….

Innanfor denne ramma skriv Jon godt og forstandig og litt for langt om klimavitskapen, den mislykka klimapolitikken, alternative klimastrategiar, klimatilpassing og planlegging. Og bør vi manipulere klimaet? Boka er basert på det beste av internasjonal forskingslitteratur. Ho må snarast inn på pensum på alle klimarelaterte studium. Og Jon må sjølvsagt bli invitert til å forelese på HiSF sitt nye masterstudium i Climate Change Management.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 23. april 2016.
Twitter: @georgar

Kor er alle heltane?

Eg tenkte eigentleg ikkje å skriva om heltar, tvert imot tenkte eg på politikarar, og då får eg ingen som helst slags assosiasjonar i retning heltemot. Politisk heltemot, er det noko meir enn ei meiningslaus ordsamanstilling? Kva med politisk mot, politisk prinsippfastheit, politisk ryggrad? Ser vi noko av dette i dagens politiske landskap, nasjonalt eller lokalt? (Kanskje litt meir lokalt enn nasjonalt?) Ser vi politikarar som står for eigne meiningar, eller ser vi berre flokkdyr som brækande fylgjer etter dei andre i flokken? Sannsynlegvis eksisterar det mange politikarar med prinsipp og ryggrad og eigne meiningar, men det er ikkje dei vi ser mest i media.

Eg går jamnleg turar i Mundalsdalen for å sjå etter sauene mine. Dei er av rasen gamalnorsk spelsau. Eg finn dei vanlegvis samla. Dei er flokkdyr. Det er truleg like stygt mot politikarane å samanlikne dei med sauer, som det er mot sauene å samanlikne dei med norske rikspolitikarar. I motsetnad til sauer, så brukar politikarane opp mykje energi på å kjempe mot oppkonstruerte fiendebilete hos artsfrendar. Og desse artsfrendane har ofte ikkje meiningar som avvik vesentleg frå deira eigne, sjølv om dei vert rekna som politiske motstandarar. Korfor kan dei ikkje bruke energien på å få fram sine eigne standpunkt? Er det fordi dei ikkje har noko viktig å seie?

Men innimellom alle kompromissa med sine eigne meiningar – for å vinna veljarar – så prøver dei å ta opp saker som dei seier er viktige. Det vert mellom anna snakka om miljøforureining og menneskeskapte klimaendringar, og kor viktig det er at vi – veljarane – gjer det vi kan for å dempe effektane av desse. Men kva gjer politikarane, dei vi har gjeve makta i landet, og mulegheit til å gjere noko vesentleg, for miljø og klima?

For nokre regjeringar sidan var det ein statsminister som ikkje hadde fleirtal bak seg og regjeringa si på Stortinget, som gjekk av fordi Stortinget gjorde eit vedtak om forureinande gasskraftproduksjon, noko denne statsministeren ikkje ville vera med på å setja ut i praksis. Det var mulegvis ein måte å vise politisk ryggrad, eller det var også styrt av meiningsmålingar. Dei som sit med makta i dag har større kunnskap om kva forureininga frå desse gasskraftverka fører til, men dei gjer likevel ikkje noko for å stanse forureininga fram til reinseanlegg er på plass. Korfor meinar dei vi må ta ansvar?

Frp seier dei ikkje trur på menneskeskapt klimakrise, og dei handlar ut frå det. Dei andre partia seier dei trur at klimaproblema kan overvinnast, men dei tek ikkje dei initiativa som må til. Kva med å forby forureining som skjer i utrengsmål, til dømes bilsport, båtsport og lufttransport som skjer til inga nytte? Korleis kan politikarane vente at vi skal tru på at det nyttar å gjere noko mot klimaproblema så lenge nokre få personar får halde på med å spy ut CO2 med bil eller båt for å ha det moro og for å vise fram sitt eige store ego? Eller flyge i sikk-sakk med helikopter fram og tilbake mellom fjella i Mundalsdalen, og forureine både klima og stillheiten ein sundag kveld i juli, berre for å dyrke sitt eige ego, som likevel aldri vert tilfreds, berre for eit kortvarande kikk? Er det nokon politikar i landet, gjerne her frå fylket, som har dei leiareigenskapane som trengs om dei omtalte krisetidene skulle komme?

(Dette innlegget vart trykt i Innhogg-spalta i Sogn Avis laurdag 8. august.)