Viser arkivet for stikkord media

Fryktjournalistikk

Dei som har lese nokon av mine tidlegare innhogg har nok fått med seg at eg ikkje er særleg
imponert over media her i landet. Ver Varsamplakaten, som er det næraste me kjem ei kodifisering
av god presseskikk og retningsliner for media sitt samfunnsansvar, er fin, men er den eigentleg noko
meir enn berre eit glansbilete?

Artikkel 1.2 i Ver Varsamplakaten slår fast at ”[p]ressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon,
debatt og samfunnskritikk”.

Det er nettopp denne funksjonen som er bakgrunnen for at media i mange tilfelle står i ei særstilling
når det kjem til ballansen mellom ytringar med og utan vern, for ikkje å gløyma den sjenerøse
pressestøtta. Det er likevel på langt nær alle kanalar som kvalifiserar seg til å få vern på dette
grunnlaget. Eg overraskar ingen når eg slår fast at frykt er noko som sel i medieverda, og berre dei
siste vekene har me sett fleire døme på at det er talet ”klikk” som står i sentrum:
Les meir…

Identifiser tenkjetankane

Eg tok i vår for meg kommentariatdiktaturet som regjerar norsk offentleg debatt. Debattredaktørar
og samfunnsbloggarar fekk der gjennomgå, men om nokon framleis skulle vera i tvil, så er det
arrangørar som Dagnytt 18, Dagsrevyen og ulike debattprogram som her er den store stygge ulven.

I ettertid ser eg at eg oversåg ei gruppe som lenge har irritert meg – dei sokalla tenkjetankane. Desse
framstår i debattar som forskingsgrupper og med empirisk grunnlag. Men når alt kjem til at er òg
desse ulvar kledd som lam.

Men fyrst, kven er så desse tenkjetankane?
Les meir…

Breivik og media

Terrorrettssaka er vel i gang, og mange er nok allereie rimeleg lei. Sjølv for ein person som
meg, som er over gjennomsnittet interessert i dei juridiske spørsmåla, blir det stundom nok.
Men det skuldast andre aktørar enn dei som tilhøyrer den rettslege handsaminga.

Før eg tek til med mi utblåsing mot media som dekkjer denne saka, vil eg starta med litt
velfortent ros. Gjennom sitt press for å få kringkasta forklaringar med meir, har media vore
med på å sikra meir openheit. På denne måten blir ei historisk viktig sak betre opplyst hjå
ålmenta, samstundes som at kontrollen med retten sitt arbeid truleg aldri har vore sterkare.

Når det er sagt, så er det meir enn nok å ta media på i denne saka. Som vanleg
kjem journalistar og redaktørar dragande med dei sedvanlege frasene om pressa sitt
samfunnsansvar, plikt til å dekkja viktige samfunnssaker og rolle som fjerde statsmakt. Dette
er kjend svada, for som me veit gjer og sender media det dei får mest sjåarar på utan å gå alt
for langt over streken. Grunnen til at det er så lange nyheitssendingar fleire gongar dagleg er
at det er av dei mest sette programma på tv.
Les meir…

Kommentatordiktaturet

Eit kvart mediehus med respekt for seg sjølv, har minst éin synsar som i kommentarfelt får
fritt leide til å uttala seg om laust og fast. For Sogn Avis sin del er mellom anna denne spalta
uttrykk for denne trenden. Saman med auka bruk av desse kommentatorane har dette, utan
samanlikning med underteikna, ført til ein ny type allvetande kjendisar. Av desse er den mest
framtredande av dei alle twitterdronninga Elin Ørjasæter, med Dagnytt 18-gjengangaren
Marie Simonsen som ei god nummer to.

Desse kommentatorane synsar om det meste og dei fleste, òg det dei ikkje har grunnlag
for å seia noko om. Det viktigaste er å ha gjort seg opp streke meiningar slik at ein kan bli
invitert til nok ein debatt slik at ein kan få levd ut kommentatordraumen til det fulle. Dette
medførar klyppekort hjå i Dagsnytt 18, TV-sendte folkemøte og nyhendesendingar. Dei seier
det folk vil høyra, men som redaksjonane ikkje har grunnlag for å seia sjølve, typisk kva Jens
Stoltenberg tenkte når han gjorde det eine og det andre.
Les meir…

Lyge med tal og statistikk

Ein kan lett lyge med statistikk og faktatal, slik styresmakter og politikarar gjerne gjer, med god hjelp av flinke informasjonsfolk. Men det vert for dumt når NRK Sogn og Fjordane, som vi forventar skal stille kritiske spørsmål, sluker løgner og presenterer dei som fakta. Men det er tydelegvis enklare å svelgje statistiske vrengbilete enn å stille kritiske spørsmål ved konklusjonar som er konstruert for å vinne diskusjonar der ein ikkje har gode nok saklege argument.

Eg tenkte eg måtte finne eit døme på kor gode – heilt ironisk sett – mange journalistar er med statistikk og tal. Eg leita ikkje i mange aviser før eg fann eit døme frå Sogn og Fjordane si størse avis: Les heile kommentaren!