Viser arkivet for stikkord matproduksjon

Matproduksjon i perspektiv

Måndag var eg på eit symposium om landbruk, arrangert av Teaterfestivalen i Fjaler. Teatersjefar, regisørar og skodespelarar ville høyre kva landbruksbyråkratar og bønder av ulikt slag tenkjer om framtida. Kvar er norsk landbruk om 40 år? Kva skjer om tilgangen til import blir borte? Det var eit par av spørsmåla som dei ville vi skulle svare på.

I mitt vesle hovud er det vanskeleg å sjå på utviklinga i landbruket utan å sjå på dei større utviklingstrekka i samfunnet. I takt med industialisering og effektivisering av landbruk og industri har samfunnsøkonomien i aukande grad vorte kunstig og sjuk.

Då far min var ung blei dei beste bøane slege med hesteslåmaskin. Resten vart slege med ljå. Det var arbeid for mange på ein gard, både drengar og budeier. Dei arbeidde stort sett for maten og litt pengar til sko og kle, og for drengane kanskje ei gåve dei kunne ta med seg om dei gjekk over breen til Jølster eller Veitastrond for å æh… snakke med damer.
Les heile Innhogget her

Bondelagsleiar og mafiaboss?

Då bondelagsleiar Per Hilleren denne veka gjorde det klart at Bondelaget ikkje brukar hotell som serverer Q-mjølk, gjekk leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn, ut på twitter og ga uttrykk for at no er det reine mafiatilstandar her i fylket. I Unge Venstre-leiaren sitt hovud er altså Per Hilleren mafiaboss og Bondelaget mafiaorganisasjonen som styrer fjordafylket? Mafia assossierar vi alle med korrupsjon og truslar om drap og valdsbruk. Passelege skuldingar mot ein næringsorganisasjon som ynskjer å bruke eit hotell som satsar på kortreist mat! Han kan vel ikkje vente å bli teke på alvor som politikar etter slike utspel? tenkte eg. Men før eg hadde tenkt tanken ferdig hadde stortingspolitikar Laila Gustavsen (Ap) hengt seg på mafia-ordbruken.

Eg sende ei melding tilbake til dei begge: «Bra nokon tek ansvar for klimaet og forlangar lokalprodusert mat medan politikarane sit tiltakslause på gjerdet og sutrar!» Rotevatn svarar at langreist mat er heilt uproblematisk med tanke på klima og miljø, noko han ikkje fulgte opp då fleire melde seg på diskusjonen og ville ha dokumentasjon. Og Gustavsen forsvarte si kollektive mobbing av bondelagsmedlemmer med at nokre enkeltbønder i Buskerud, truleg bondelagsmedlemmer, har mobba bønder som leverer mjølk til Q-meieriet. Venstre miljøparti? Ap mot mobbing? Snakk om tillitsvekkande politikarar! Les heile saka no!