Viser arkivet for stikkord landbrukspolitikk

Med eller utan sekk over hovudet

Kva er eigentleg alt dette snakket om klimakrise? Politikarane snakkar om det, ikkje berre dei norske; politikarar i heile verda snakkar om klimakrise. Men om ein skal sjå på korleis dei handlar ser det ikkje ut som nokon av dei trur på det. Ikkje i den delen av verda som forureinar eller tenar på forureining i alle fall. Likevel meinar politikarane at vi skal tru dei på at det er viktig å handle for å avgrense klimaskadane best muleg.

Nyleg brukte regjeringa store summar skattepengar i eit forsøk på å redde SAS. Frå nyhendebilde fekk vi vite at SAS har fly som brukar 30-40 prosent meir drivstoff enn konkurrentane sine fly. Dette fordi flya er gamle. Truleg forureinar dei då 40-50 prosent meir. Regjeringa brukar altså våre skattepengar på å halde liv i eit flyselskap som forureinar så mykje meir, og så seier dei til oss at vi kan redde verda dersom vi tek tog eller buss framfor eigen bil her på landjorda? Uttrykk som dobbeltmoral og «å snakke med spalta tunge» har aldri vore meir treffande! Enten trur ikkje norske politikarar på menneskeskapte klimaproblem, eller dei har konkludert med at det er for seint å «redde verda». Eller kanskje dei berre er litt forvirra? Det er freistande å skildre dei med gamaldagse potetsekkar av strie godt drege ned over hovudet, så dei ikkje ser kva som skjer. Kanhende også lyden frå klimaforskarane blir behageleg avdempa der inne.
Les meir om politikarar som har skifta ut nisselua med potetsekker langt ned over hovudet!

Endå ein raudgrøn festtale?

For omlag ei veke sidan la regjeringa fram Stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken. Den nye landbruksmeldinga vart presentert av Sp-landbruksminister Brekk, og applaudert av Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Men det spørst om denne meldinga er særleg meir eigna for Senterpartiet til å halde på veljarane enn den er eigna som reiskap for å ta vare på norsk landbruk i framtida.

Det må i alle fall vere eit tankekors at når Sp-avisa Nationen presenterer hovudpunkta i meldinga, på ein optimistisk og positiv måte, og lagar ei lesarundersøking på nettsida si, så kryssar 64 prosent av lesarane at dei ikkje er nøgde med Stortingsmeldinga. Dei siste 36 prosentane fordeler seg likt på dei som er nøgde og dei som ikkje anar om dei er nøgde eller ikkje («veit ikkje»).

Det overordna målet er å auke matproduksjonen i takt med folketalsauken. Regjeringa vil legge til rette for auka produksjon av jordbruksvarer som det er naturgjeve grunnlag for og som marknaden etterspør, og på den måten oppretthalde sjølvforsyningsgraden. Dei tre andre hovudmåla er landbruk i heile landet, aukt verdiskaping og berekraftig landbruk. For bønder på Vestlandet kan det sjå bra ut at regjeringa tek til orde for større grad av differensiering av landbruksstøtta mot områder der dei er uroa over utviklinga, mellom anna «deler av Vestlandet». Les heile kommentaren no!