Viser arkivet for stikkord landbruksminister

Bjørn med truse og andre diagnosar

Ein kan finne nyhende på radio og fjernsyn no også, sjølv om både TV2 og NRK gjer sitt beste for å gøyme det bak ein eller anna fotballturnering i Europa ein stad.

Ein kveld Dagsrevyen var flytta og Nyheitskanalen også sende fotball prøvde eg å ta inn radiokanalen NRK Alltid Nyhende. Men det var fotball der òg. Kva trur dei eigentleg? At det mindretalet som er ekstremt opptekne av fotball skal dele seg i fleire personlegdommar og få med seg all fotballen på alle kanalar samstundes, medan fleirtalet skal ta til takke med dårlege fjernsynsseriar? Dei må forresten berre spalte og dele seg, desse fotballsupporterane. Norsk psykiatri vil likevel aldri bli samde om kva diagnose dei har, eller om dei er tilreknelege eller ikkje. Mi meining om den saka skal eg halde for meg sjølv. Psykiaterane sjølv er mulegvis tilreknelege, men mange av dei vi har sett opptre på sirkus i det siste har vist tydelege narsissistiske trekk.

Eg ga opp nyhendejakta i både radio og fjernsyn. I staden brukte eg iPaden til å oppdatere meg. TV2 kunne melde at svenske Olov opplevde at ein bjørn i berre trusa hadde gått til åtak på han. Eg måtte le av heile saka. Det mest sensasjonelle – det at bjørnen hadde truse på seg – hadde ikkje journalisten brukt spalteplass på. Les heile Innhogget!

Møkakøyring og drit

Det er vår, tida for våronn, lamming, møkakøyring og landbruksforhandlingar. Vanlegvis. I år er det ikkje landbrksforhandlingar. I år gjorde bondelaget det mange bønder har meint at dei skulle gjort for fleire år sidan: Dei braut før forhandlingane starta. Talet bønder er på full fart nedover. Og Senterpartiet i regjering har hjelpt godt til med å få bønder bort frå matproduksjon og over i såkalla lågtlønna yrker. Eller i alle fall har dei ikkje gjort mykje for å stoppe den raude (og latesom-grøne) regjeringa si nedlegging av norsk landbruk. Kanskje dei har gjort desse bøndene ei teneste? Betre lønn og meir fritid? Eller kanskje er verdiane frå landbruket høgare enn verdien av pengar – både for bøndene og for samfunnet?

Eg har spreidd gylle denne veka. Før eg starta gav eg jordskifta nye namn. Eg kalla dei Senterpartiet, Soria Moria og Landbruksmeldinga. Så køyrde eg møk på dei. Og eg tenkte ikkje mest på graset og jorda, men på dei som jordskifta no var oppkalla etter. For kastar dei drit på meg, så køyrer eg møk på dei, tenkte eg og lo for meg sjølv der eg sat åleine på traktoren til det mørkna rundt meg. Soria Moria og Landbruksmeldinga treng litt næring skal dei vekse og bli til noko!

Les resten av møkaspreiinga her!