Viser arkivet for stikkord lamming

Mai

No er det vår med spirekraft og høgtidsdagar. Mange tykkjer mai er den vakraste månaden i året. Det er kanskje kontrasten til vinteren som gjer det. Alt går så fort no. Trea blir fort grøne. Graset veks fort. Og plutseleg poppar det opp blomar både her og der. Til og med lamma veks fort, så fort at eg kvart år blir forundra over kor fort lam dobblar og tredobblar vekta si. Her i Mundal låg det framleis snø i byrjinga av mai, andre stader i Fjærland ligg det snø framleis. Men likevel går det fort. Ikkje før er snøen borte så er bøane grøne og fine.

No er det mai og møkalukt. Eg høyrer dei som rynkar på nasen av møkalukta. Då seier eg at det er lukta av våren dei kjenner. Og våren er vakker og våren luktar godt! Møka er bonden sitt gull, seier eit gamalt ordtak. Og bønder har ikkje så mykje gull liggjande, så vi må ta vare på det gullet vi har. Men husdyrgjødsla er ikkje verd noko om ein lagrar ho; ho må utnyttast på beste måte. Då skaper ein verdiar. Så må ein håpe og tru at det blir eit landbruksoppgjer som legg til rette for framleis matproduksjon og andre verdiar berre eit aktivt landbruk kan skape. Slik at vi bønder kan halde fram å spreie gullmøkk – eller gylle som ein ofte kallar det. Les heile Innhogget her

Kopplammet Justin Bæ-Vær

Det har vore langt mellom tidlege vårteikn denne våren. Men eit vårteikn kjem uansett snø, is og låge temperaturar: Det første lammet – eit av vårens største under – innleiar ei travel og fin tid for mange sauebønder. Og som overskrifta seier har vi eit kopplam. Justin Bæ-Vær. Som vanleg er det barna som finn på namn til kopplamma. – Kall lammet kva de vil, sa eg, berre ikkje Justin. Dei takka for tipset, sa at det var no eit fint namn. Slik blei han heitande Justin. Då sa liksom etternamnet seg sjølv, tykte eg. Det blei mi hemn for at barna kalla lammet Justin. Dei nektar å bruke etternamnet.

Elles har vi prøvd å hjelpe våren so bra me kan, både barna og eg. Barna har hakka laus på snø og is i tunet, og eg har køyrt to lastebillass med strøsand utover engene, i håp om å unngå isbrand. Om det lukkast er ikkje klart endå, derfor er det bestilt meir såfrø enn normalt.

Denne veka arrangerte Norsk Bremuseum, Vestlandsforsking og Cicero klimaseminar i Sogndal. Dei stilte spørsmål om det er forskarane si oppgåve å formidle alvoret i klimautfordringane. Ifylgje ein artikkel i Morgenbladet 1. mars så er åtaka frå klimaskeptikarane så harde at klimaforskarane sensurerer seg sjølv for å unngå bråk. Dette skulle seminaret diskutere. Desverre hadde eg ikkje mulegheit til å vere med. Det hadde visst ikkje politikarar eller journalistar heller mulegheit til. Det har vorte slik at dersom klimaforskarane har rett, så er det snart ikkje anna vi kan gjere med klimaet enn å håpe at klimaskeptikarane til slutt får rett likevel.

Eit av aspekta klimafolka åtvarar mot er at (eventuelle) klimaendringar kan få store påverknader for matproduksjonen. Med den manglande viljen til å oppretthalde landbruket på dagens nivå så er det mykje som tyder på at dei fleste norske parti, om dei kallar seg blå, raude eller grøne, ikkje har særleg tru på klimaforskarane sine spådommar(?). Det kom ei landbruksmelding i fjor om at målet var å oppretthalde dagens sjølvforsyningsgrad. Dette målet vart nyleg nedjustert.

Det ser ut til å vere brei politisk semje om at småskalalandbruket i Norveg skal bort, og produksjonen oppretthaldast med småskala industrilandbruk. I alle fall om ein ser på partiprogramma til opposisjonspartia og praktisk gjennomført politikk frå regjeringspartia. Det ser ikkje ut som den politiske eliten i Norveg har fått med seg at dei som slit mest innanfor norsk og europeisk landbruk er av dei største, dei som har investert mest. Mange politikarar ser ut til å tru at overgang til industrilandbruk skal redde verda sin matproduksjon, og ser for seg at vestleg landbruk skal vere førebilde for korleis u-landa sitt landbruk skal utviklast.

I dag produserer småbønder mat til over 70 prosent av verdas innbyggjarar, industrilandbruket resten. 95 prosent av alle gardsbruk er under 20 dekar. 40 prosent av alle sysselsette i verda arbeidar med landbruk og matproduksjon. Dersom ein i kampen for billegare mat skulle lukkast i å erstatte småskalalandbruket med industrilandbruk så blir det ein milliard arbeidsledige. Er det nokon som har tenkt på å skape arbeidsplassar til dei?

Fylgj kopplammet Justin Bæ-Vær på twitter

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis 27. april 2013

@MANNmedGREIP på twitter