Viser arkivet for stikkord lærar

Synleg og usynleg mobbing på skulen

Det har vore mykje skriving om skule og lærarar i haust. Eg skal ikkje ta opp att noko om lærarane sine arbeidsforhold og feriar. Eg vil heller fokusere på elevane sine forhold på skulen. Norsk skule er sikkert i det store og heile bra, men mange elevar lever under sterkt press for å ha gode karakterar, og i tillegg ofte eit press om å lukkast med eige utsjånad og popularitet. Presset om å prestere i skulefag kan komme frå skule og foreldre. Dette presset er sjølvsagt ikkje med på å auke prestasjonane til barna, ofte tvert imot. Og dette jaget etter prestasjonar kan nokre gonger skjule andre alvorlege problem, som mobbing.

FLEIRE UNDERSØKINGAR viser at mange elevar seier dei blir mobba på skulen. Men få skular innrømmer at dei har problem med mobbing på sin skule. Mobbing som skjer ope er lett å ta tak i, men skjult mobbing er… skjult. Mobbe-omgrepet har kanskje endra seg, og noko av det barn seier dei opplever som mobbing, kan vere uskuldig erting.

Ei eg kjenner, lat oss kalle henne Une, gjekk ein gong forbi skulen der sonen hennar var elev. Det var friminutt og elevane var ute og leika. Men ikkje alle leika. Ein gjeng større barn banka eit mindre barn. Fleire barn var over den vesle guten som skreik og ropte om hjelp. Ved sidan av stod ein lærar og lo. Une sprang inn på skuleplassen og fekk drege bort dei større gutane, og frigjort offeret. Det var ikkje hennar barn, men ho såg det som si sjølvsagte plikt å hjelpe. Kva skjedde så? Jau, læraren som hadde sett heile opptrinnet blei rasande på ho som greip inn. Ho hadde ikkje noko med dette å gjere, meinte han. Det var berre leik, sa han. Men slik hadde det ikkje sett ut for Une. For henne såg det heilt klart ut som vald mot eit hjelpelaust barn. Une fortel at etterpå blei ho hengt ut av denne læraren. Une såg eit mobboffer. Skulen sa dei ikkje har noko mobbe-problem. Les meir her

Om det var eit hol i golvet

For fire veker sidan var eg så vidt innom temaet mobbing og lærarar som mobbar (Eg er glad i deg!). Siste veka har mobbing på skulen vore eit heitt tema i media. Eg meinar det er viktig å fokusere meir på lærarar som mobbar. Under fylgjer ei oppdikta forteljing om mobbing, og kva konsekvensar mobbing kan få. Lærarar som mobbar kan utan å vite det vere direkte årsak til at elevar ikkje orkar meir. Ynskjer god lesnad og håpar alle har ei fin helg!

Dei stod midt på golvet og krangla, Petter og Ingrid. Han hugsar ikkje lenger korfor, eller kven som hadde starta krangelen. Men no var alle dei andre selskapslydane borte, og gjestene stirra på dei. Kva ventar dei på? tenkte han. At eg skal tabbe meg ut igjen? I det same mista han glaset ut av handa, og det blei knust mot golvet.

Så kom latteren. Den kom frå andleta langs veggane, den kom frå sjølve rommet, frå veggar og tak, frå tidlegare selskap, den kom frå eit rom inne i han sjølv, kom frå barndommen og tok han igjen. Då såg han holet i golvet. Det hadde berre gått nokre sekund, og det hadde opna seg eit hol i golvet der glaset blei knust. Han fall ned gjennom holet, innover seg sjølv, fall tilbake til barndommen. Les vidare om mobbing i klasserommet og om Hesten, den leande læraren!