Viser arkivet for stikkord kvinner

Ættemessige skilnader

Sognekvinna Gunnhild frå 1100-talet som eg jobbar med, vekkjer særleg merksemd innan faget mitt i 2013. Ho har med første augekast ei utfordring særeigen for si tid. Ved neste augekast ser det diverre ut som om hennar situasjon er stadig like aktuell, men med anna struktur, men med identisk innhald og målsetjing. I siste runde dreier dette seg om kontroll og økonomi.

Kvinna frå 1100-talet, Gunnhild, er svært utypisk for samtida si og difor ei stor utfordring for sine omgjevnader. Ho kjem frå ei mektig lendemannsætt, onkelen og fosterfaren er i øvste sjiktet innan maktkampen kring kongetrona her i landet, og er vand med å få krava sine gjennom, uansett. Gunnhild er ei sentral brikke i maktspelet hans, og hadde ho spelt på lag med den mektige fosterfaren sin hadde verda vore kjekk og grei for alle og ro og fred hadde senka seg over kongetrone og jarlegard. Men Gunnhild nektar plent vere med på eit slikt maktspel. Ho søkjer kjærleiken. Fjollete då og fjollete no kan hende. Like fullt: Ingenting anna enn kjærleiken kan få jaga henne inn i ektestanden. Makt, pengar og status kan puttast kvar som helst for hennar del, berre ho ikkje er konstruert del av det.

I denne soga set Gunnhild mest livet til for å hevde sine draumar og mål ho har sett for sitt liv, og for henne er det verdt det. Alternativet er veldig dramatisk for ei som i sjel og sinn set det ekte framfor det konstruerte. På Gunnhild si tid var det vanleg at jenter frå overklassen vart bortgifta i svært ung alder, gjerne tidleg i tenåra. Når Gunnhild endeleg får draumen sin realisert, rett nok med den mannen ho minst hadde trudd, og føder sitt første born, er ho nærare 30 år gamal. Den gongen var det mest å rekne for gjennomsnitleg levealder! Men for Gunnhild var det rett og verdt det. Ho hadde makta på si side: Sterk Gudstru, helse, kraft, sjølvtillit og status i seg sjølv. Ho let ikkje samfunnet og maktpersonar kring henne stake ut vegen ho skulle gå. Ho let seg ikkje skremme. Ho gjorde det som var rett for henne i hennar situasjon.

I 2013 er det ikkje mektige fosterfedre som jagar kvinner inn i ektestand og reproduksjon, men fagfolk som fortel oss kva som er rett og best for oss kvinner og vår helse. Det er dramatisk, fordi kvinner er så ulike. Det som er enkelt for ei, er umogleg for ei anna. Der ei kvinne torer stå på eigne bein, er ei anna vaklande og redd. Der ei søkjer den store kjærleiken, søkjer ei anna formelle råmer. Ei har god helse, ei anna slit. Der ei har store draumar, har ei anna utelukka det enkle og gode liv for auga. Ho som giftar seg tidleg i 20-åra får ikkje nødvendigvis dei borna ho trudde ho skulle få som perler på snor. Ho som ikkje tenkjer tanken på born før nærare 40 føder i tur og orden utan komplikasjonar.

Så les me med jamne mellomrom kampanjeliknande medieoppslag om fagfolka som seier at denne trenden må snu, at me kvinner er på det mest fruktbare mellom 20-25, at ALT lyt skje i 20-åra. Det er greitt for mange kvinner med moderate ambisjonar og yrke der dette let seg gjennomføre, utenkjeleg for atter mange med langt større ambisjonar.

Mitt råd til alle fagfolk som særleg skal uttale seg om oss kvinner og kva me skal gjere når: Lat oss gjere dei vala som er best for kvar og ein av oss. Det veit me nemleg sjølve. Ikkje samfunnsøkonomien.

Norge på sitt beste

Berre kvinner i kulturbildet

Ein vårdag i fjor fekk eg telefon frå sjølvaste Kulturdepartementet. Nei då, det var ikkje Giske som ville ha seg ny statssekretær. Dessverre. Departementet var berre på jakt etter ein første vararepresentant til styret for Sogn og Fjordane teater. Så flott, tenkte eg. Men før eg hadde fått nemnt mitt eige namn, sa dama i telefonen at det dei ønskte seg, var ein yngre mann eller kvinne med innsikt i kulturfeltet. Sjølv om eg enno er ung i hovudet, ber kroppen min umiskjenneleg preg av sine 60 år. Eg forsto derfor at eg var heilt uaktuell.

Men eg trong ikkje lang omrømingstid før eg hadde klar ei liste ned namn på fleire yngre og dyktige kulturkvinner som alle ville gjere ein framifrå jobb i det alderstunge styret for fylkesteatret. Først på lista mi stod Synnøve Bjørset (29), framifrå hardingspelkvinne frå Jølster, i solospel og i grupper. Som så mange andre framståande spelkvinner her i fylket, også ho elev av iherdige Sigmund Eikås. Utdanna frå Norges Musikkhøgskole. Spelemannprisvinnar. Og, ulikt mange kunstnarar, kulturpolitisk høgst oppegåande.

Yngre menn var det derimot betydeleg verre med. Eg kom sant å seie ikkje på eit einaste mannenamn eg kunne foreslå for Kulturdepartementet. Dermed vart Synnøve Bjørset møtande vararepresentant til styret for Sogn og Fjordane teater. Her gjer ho, som eg visste, ein utmerka jobb.

Synnøve Bjørset er éi av mange unge flinke kvinner som pregar dagens kulturbilde. Ikkje berre her i fylket, men på landsbasis. Denne veka er idoljentene våre frå 2005, Tone Damli Aaberge (20) og Eva Weel Skram (23), begge på 10 på Topp på VG-lista. Nesten alle andre Idol-deltakarar har for lengst fått eit slør av gløymsle trekt over hovudet. Men Tone og Eva står seg. Sist laurdag gav eg Tone nokre sms-stemmer frå godstolen. Kven kunne tru det? Får vi ein Grand Prix-vinnar frå Sogndal, kanskje?

For nokre veker sidan fekk eg, til liks med Nils Gaup, e-post frå utrøyttelege Randi Førsund (33). No har ho gjort seg ferdig med siste manus til spelefilmen ”Hemnen”. Ville eg lese det? Gjerne. Men dette har eg ikkje det grann greie på. Eg er, vanen tru, skeptisk. Likevel: Tenk om! Kanskje vil nokon realisere 100-millionarsdraumen til standhaftige Randi? Eg gledar meg alt til premieren. Raud løpar i Sogndal kulturhus!

Det måtte eit kongejubileum til for å få talentfulle Anne Viken (29) til å byte ut eit dritkjedeleg dyrlegestudium med eit usikkert tilvere som frilans skribent. ”Brenn bunadene”, hylte ho då Sogn og Fjordane openberra si trauste bunadsgåve under kongeparets 70-årsfering vinteren 2007. Sidan den gong har Anne Viken, som kjem frå det fylkets nest beste skribent, sjølvaste Jostedalsrypa Eli Bjørhusdal (36), kalla ”noksagtkommunen Gaular”, med kvass penn utfordra vanetenkjande fjordingar og sogningar.

Fylkets aller beste skribent, Katrine Sele (36), kjem definitivt ikkje herifrå. Derimot har ho skrive den nysgjerrige og ærlege boka ”Herifrå”, med ord som ikkje finst i vokabularen til andre journalistar og forfattarar her i fylket. Derfor er òg Katrine Sele den mest prissette journalisten i Sogn og Fjordane.

Eg namngir to kvinner til: Rådmann Anna Elisa Tryti (50), som i løpet av få år med god hjelp av Kjartan Slettemark, har gitt anonyme Naustdal eit tydeleg andlet, og folkemusikar og dobbel Spelemannprisvinnar Sigrid Moldestad (36), som med talent, sjarm og gnistrande spel har løfta spelekvinnene våre frå 18- og 1900-talet fram or gøymsla. Og lat meg, på oppfordring, også trekkje fram fylkets fremste skjønnlitterære forfattarar: Førdejentene Marita Liabø (37), Olaug Nilssen (31) og sogndalsættande Maria Tryti Vennerød (30). Heimstaddiktarar kan knapt nokon av desse kallast.

Det er fem år sidan eg i eit SA-Innhogg etterlyste unge, frekke kvinner med brodd. Den gang var det ingen slike å sjå. Men i dag er dei her. Overalt. Derimot er det, så langt auget rekk, knapt ein mann av betydning under 50 å sjå nokon stad.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 7. februar 2009