Viser arkivet for stikkord kulturhus

Kva er eit kulturhus verdt?

«Eit kulturhus kostar 40 mill. og ein ordførar.» Det var den legendariske Sp-politikaren Per N. Hagen som sa dette då han vart kasta som ordførar i Tynset i 1989. Året før hadde han fått realisert eit flunkande flott kulturhus til heile 40 mill. kroner i den vakre, men sparsommelege, fjellbygda i Nord-Østerdalen.

Orda rann meg i hu då eg sist fredag var i Stjørdal for å delta i feiringa av det nye Kimen kulturhus. Prislappen her var ikkje 40, men 717 mill. kroner. Eg var invitert av Sp-ordførar Ivar Vigdenes, sjølvaste banemannen til Liv Signe. Han ville la meg få sjå eit hus eg mange gonger i skrift og tale hadde gitt uttrykk for var for dyrt og storslått.

Då Sogndal kulturhus opna i 1991, var det for ei snever og handplukka forsamling på 300 menneske. I Stjørdal var 8.000 til stades under den høgtidelege opninga, som kronprins Haakon stod for i strålande seinsommarvêr. Men Sp-ordførar Vigdenes heldt den beste talen. Etterpå var det konsertar av høg kvalitet i alle salar. Billettprisen var overkomeleg: 40 kroner. Så var det nattsæte for meir enn 700 inviterte gjester. Kulturhuset i Stjørdal skulle vere folkets hus frå første dag.

Huset har vorte bore fram av ein mangeårig borgarleg koalisjon med Sp-ordførar Johan Arnt Elverum (1999-2013) i spissen. Ap har vore sterkt i mot, heile tida. I kommunen har striden vore hard og frontane steile. Kulturhusprosjektet, på folkemunne kalla ”Arnts Minde”, kosta ordføraren eit alvorleg hjarteinfarkt. Då kom Vigdenes heim frå Oslo og tok over. Det har han gjort med glans. Men i haust taper han truleg ordførarstolen.

I Kimen har heile det breie kulturlivet fått plass. Huset er fylt opp av kultur. Tre kultursalar, tre eigne kinosalar; drifta av Trondheim kino, pluss eit stort og luftig kyrkjeleg rom. Biskopen i Nidaros heldt tale under nattsætet. Det vakre biblioteket over to etasjar er hjartet i huset, med resepsjonen rett innanfor hovudinngangen. Kvifor ein ikkje kunne gjere det slik i vårt heimlege kulturhus, er meg heilt ubegripeleg.

Kulturskulen er her med spesiallaga øvingsrom for musikk og dans, ein stor ungdomsklubb med plass for all ungdom, eit galleri, eit lite «vitensenter» , pluss ein privat danseskule, kommunens kulturadministrasjon saman med kontor for kyrkje og sokneråd. Næringslivet har finansiert delar av huset. Nabokommunane i nord er sterkt misunnelege på veksande Stjørdal. Den visjonssterke Sp-ordføraren vil no utvikle småbyen i endå meir urban retning og byggje høghus i 30 etasjar. ”Solkongen,” skreiv VG.

For meg var det rørande å gratulere gamleordføraren med det nye huset. Eg har til tider harselert med 700 millionarsprosjektet hans. No var det gløymt. Og nyeordførar Vigdenes kom med gode ord og ei utstrekt hand til dei mange motstandarane. Det var tid for godord om eit mønsterhus i tråd med Kulturutredningen til Anne Enger, ein gong Sp-dronning. Om kommunens meirutlegg til årlege driftskostnader vert (berre) 11 millionar, gjenstår å sjå. Dei vert truleg større. Men kapitalkostnadene har ein kontroll med, så lenge renta er låg.

Under opningshøgtida i Stjørdal tenkte eg tilbake til den flaue politiske prosessen kring utvidinga av kulturhuset i Sogndal i 2011. Politikarane, med ein fåmælt og absolutt visjonsfri Ap-ordførar Jarle Aarvoll i spissen, la kr 300.000 i potten. Resultatet vart nok ein kinosal, ein slags blaoboks, Sogndal Brann og Redning, og norskundervisning, pluss heile Nav. Lokala på toppen som var ueigna for andre, fekk kulturskulen leige. Det enkle bibliotekgrepet tenkte ingen på. Skammeleg.

Reis no til Stjørdal og la dykk inspirere. Få Sp-ordførar Vigdenes hit til ein kulturell pep-talk. Snart må det verte kulturens tid i fotballbygda. Sp-arar i Trøndelag og Hedmark utset seg for hjarteinfarkt og tap av ordførarstol for kulturens skuld. Men dei politiske makthavarane i Sogndal, Sp og Ap, tek null kulturhusrisiko. Dei berre gjer det dei vert fortalt. For det er slik veljarane vil ha det.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 29. august 2015.
Twitter: @georgar

Kulturhuset i den kommersielle kulturindustrien

Nokre gonger for året skriv Anders Anderssen godt, reflektert og, stundom, lett vemodig om kultur, gjerne med vinkling på det vi noko misvisande kallar ”finkultur”, her i avisa. Ingen andre aviser i fylket ser seg tente med å ha ein slik fri kulturkommentator. Kulturen er nedprioritert i lokalavisene. Derimot får 5. divisjonsfotball ei til to sider kvar veke. Sogn Avis merkjer seg forresten ut i avisfloraen med ei rekkje frittståande spaltistar. Nesten så det vert i meste laget, innimellom.

Onsdag denne veka peikte kulturskribent Anderssen på eit paradoks i dagens moderne kulturtilbod. Den (truleg) siste konserten med profesjonell klassisk musikk utanfrå i Sogndal var i ein overfylt banksal på 1980-talet. Men med reisinga av Sogndal kulturhus i 1991 forsvann det nasjonale klassiske musikktilbodet frå saftbygda for godt. Eg held då dei sviskeprega nyårskonsertane til Harmonien utanom. Med kulturhuset forsvann også Musikkens Vener her i Sogndal. Dei profesjonelle kreftene i kulturhuset skulle no overta og ha ansvaret for eit rikt og variert kulturtilbod i Sogndal. Alle skulle få sitt.

Slik gjekk det ikkje. I Sogndal, som andre stader der ein bygde dyre kulturhus, gløymde ein å rekne på kva kulturhusdrift kostar. I Sogndal hadde ein sagt at kulturhusdrifta skulle klare seg utan kommunale driftstilskot. Ønskjetenking, naturlegvis. Men dagens kulturhusbyggjarar, med hus til godt over milliarden, har ingenting lært. Dei overdriv inntektspotensialet grovt og undervurderer driftskostnadene betydeleg. Berre vent. Om eit par år er det finansiell krise for dei store og dyre kulturhusa som reiser seg i Hamar, Bodø og Stjørdal. Les meir her

Kulturhusprosessen

Neste sommar flyttar høgskulen ut av Sogndal kulturhus. Høgskulen var nøkkelen i realiseringa av kulturhuset i 1991, og har vore ein draumeleigetakar i 20 år. Om sju månader er det slutt. Sogndal kommune, som eig kulturhuset, har visst om dette i minst sju år. Men framleis er det berre nokre svært få som har ei aning om kva som no skal kome inn i det vakre huset i Gravensteinsgata, midt i sentrum av Fjøra.

Svært mange er opptekne av saka, og har meiningar om kva som bør, eller ikkje bør, skje. Alle ønskjer seg meir kultur i kulturhuset. Men alle veit at huset også treng betalingssterke kommersielle leigetakarar. Korleis skal vi så finne den beste balansen mellom dei ulike partane? Frå huseigaren er det ingenting å høyre. Det uroar folk. Og rykta går. Kulturhuset skal byggjast saman med varehuset Sogningen. Skal det då, som eit rykte seier, verte butikkar i heile 1. etasje i kulturhuset? Kanskje det. Det har jo alt vorte uttrykt ønske om å flytte folkebiblioteket opp i 2. etasje. Kva er på teiknebrettet? Finst det ein skjult agenda?.. Les meir.!

Dagfinn i Kulturhuset

30. oktober 1969 la representanten Olav Flæte (Ap) fram ein skriftleg interpellasjon i kommunestyret i Sogndal. Flæte peikte på den ”store trongen som for lengst har meldt seg om eit meir tidhøveleg og romslegare forsamlingshus og festlokale.” Han trekte òg fram saknet av ein permanent kino med ein scene som ”stettar dei krav som Riksteatret krev for sine framsyningar” og mangelen på eit ”tidhøvande bibliotek m.m.” Alt dette, meinte Flæte, ”må kunne kombinerast og løysast ved reising av eit samfunnshus.”

Våren 1972 peikte så ei nemnd med Kåre K Lerum som leiar ut tomten på nedsida av heradshuset som ”svært tenleg til dette føremålet”. Det nye samfunnshuset skulle vere ”lokale for konsertar, teater, kino, festar og større eller mindre møter,” og ha øvingslokale for song-, musikk-, idretts- og teatergrupper,” og gi plass til ulike former for hobbyverksemd. Nemnda meinte òg at folkebiblioteket høyrde heime her, og at huset skulle ha plass for folk som ”vil gjera eit eller anna positivt”. Les meir!