Viser arkivet for stikkord kultur

Få industrispor i litteraturen

Litteraturhuset i Oslo har vorte ein stor suksess. Folk i alle aldrar strøymer til auditoria, scenene og utstillingane i dei gamle lokala til Oslo lærerskole. Suget etter den engasjerte debatten, den danna samtalen, etter sjølve ordet, er langt større enn jamvel litteratane i hovudstaden hadde innbilt seg. Og no vil dei ha litteraturhus også i Bergen, Trondheim, Stavanger. Meieriet i Sogndal kunne forresten, ein gong i blant, vere eit framifrå litteraturhus. For det finst vel enno leseføre studentar, midt oppe i all musikken.

Sist veke sette Litteraturhuset søkjelyset på industrispora i den norske samtidslitteraturen. Utselt. Overfylt auditorium. Mest mellomlagskvinner. Ved sida av meg sat fire jordmødre i trettiåra som hadde gjort det til vane å gå på Litteraturhuset. På scenen sat dei tre vestlandsforfattarane Kjartan Fløgstad, Frode Grytten og Lars Ove Seljestad. I bøkene sine har dei skildra ulike sider ved industriutvikling og -avvikling i Sauda og Odda. Fløgstad med magisk og satirisk realisme, Grytten med vemod og underfundigheit, Seljestad med burlesk bitterheit. Felles for dei tre er kjærleiken til og, framfor alt, respekten for industriarbeidaren og industriarbeidarmiljøet.

Men kvifor, tenkte eg mens samtalen på scenen gradvis spakna, kvifor har det ikkje vokse skjønnlitterære forfattarar ut frå det grovkorna og slagferdige industriarbeidarmiljøet i Årdal eller ut frå alle sleivkjeftane i Høyanger? Eg fann ikkje noko umiddelbart svar. Men eg likte spørsmålet. Derfor måtte eg spørje meg føre. Først hos forfattarane.

Dikting med bakgrunn i industrisamfunn er sjeldne saker, seier Fløgstad, etter å ha teke føre seg 25 industristader langs heile kyst- og fjord-Noreg, pluss Rjukan. Han vel derfor å snu spørsmålet: Kvifor akkurat Sauda og Odda? Når det gjeld Sauda, svarar Fløgstad: Eg veit ikkje. Odda, derimot, er ein del av den rike metropolen i norsk samtidslitteratur: Hardanger og Sunnhordland. Til dette kjem krisa i Odda; manifestert ved det aude industrilandskapet midt i byen.

Frode Grytten kan heller ikkje gi meg svar. Men han snakkar med varme om biblioteket i Odda, der både han og andre komande Odda-forfattarar fann noko som tende ein eld, som ”gjorde oss nysgjerrige, fekk oss til å lese, bli glade i bøker.” All skriving har bardunar i lesinga, trur Grytten. Mest av alt takkar han den mangeårige og eksepsjonelle biblioteksjefen Dordei Raaen, som tvang kommunepolitikarane til å prioritere satsing på bibliotek. Men, tenkjer eg, hadde ikkje også Årdal og Høyanger framifrå folkebibliotek? Kommunistiske biblioteksjefar med streng knute i nakken var det kanskje verre med.

Sylfest Lomheim trur at sogningar er kvikke, men litt grunne. Årdalsamfunnet har kanskje vore for homogent; det fremjar ikkje stor litteratur. Mangeårig kultursjef i Årdal, Steinar Lægreid, festar seg ved den manglande motsetninga mellom arbeid og kapital, og Arbeidarpartiet sin totale dominans. Vart arbeidartalsmennene skovne til side med vakre ord? Min gode kollega, Jon Gunnar Nesse, er inne på det same: Årdal var på ein måte ein idyll, seier han, med folk som las eventyrbøker, deltok i og såg på idrett, høyrde på og diskuterte musikk på eit avansert nivå. Ikkje tilfeldig då, at det har kome mange dyktige musikarar frå Årdal.

Berre eit lite fåtal i ei befolkning vert gode skjønnlitterære forfattarar. Derfor er det nok, reint statistisk, temmeleg tilfeldig kvar helst dei dukkar opp. Likevel: Det er skrint hos oss samanlikna med Hardanger og Sunnhordland. Og med eit bitte lite unntak for Marit Tusviks skodespel Angerhøy er det ingen industristadspor i litteraturen vår.

Det kjem mykje godt folk både frå Årdal og Høyanger. Men nesten ingen diktarar. Høyanger står no midt i lagnadstimen. Han kjem, snarare enn vi likar å tru, også til Årdal. Meir enn nokon gong treng vi diktarane. For det har aldri vore fleire industriarbeidarar i verda enn i dag.

Dette innlegget er trykt som “Innhogg” i Sogn Avis, laurdag 7. mars 2009

Berre kvinner i kulturbildet

Ein vårdag i fjor fekk eg telefon frå sjølvaste Kulturdepartementet. Nei då, det var ikkje Giske som ville ha seg ny statssekretær. Dessverre. Departementet var berre på jakt etter ein første vararepresentant til styret for Sogn og Fjordane teater. Så flott, tenkte eg. Men før eg hadde fått nemnt mitt eige namn, sa dama i telefonen at det dei ønskte seg, var ein yngre mann eller kvinne med innsikt i kulturfeltet. Sjølv om eg enno er ung i hovudet, ber kroppen min umiskjenneleg preg av sine 60 år. Eg forsto derfor at eg var heilt uaktuell.

Men eg trong ikkje lang omrømingstid før eg hadde klar ei liste ned namn på fleire yngre og dyktige kulturkvinner som alle ville gjere ein framifrå jobb i det alderstunge styret for fylkesteatret. Først på lista mi stod Synnøve Bjørset (29), framifrå hardingspelkvinne frå Jølster, i solospel og i grupper. Som så mange andre framståande spelkvinner her i fylket, også ho elev av iherdige Sigmund Eikås. Utdanna frå Norges Musikkhøgskole. Spelemannprisvinnar. Og, ulikt mange kunstnarar, kulturpolitisk høgst oppegåande.

Yngre menn var det derimot betydeleg verre med. Eg kom sant å seie ikkje på eit einaste mannenamn eg kunne foreslå for Kulturdepartementet. Dermed vart Synnøve Bjørset møtande vararepresentant til styret for Sogn og Fjordane teater. Her gjer ho, som eg visste, ein utmerka jobb.

Synnøve Bjørset er éi av mange unge flinke kvinner som pregar dagens kulturbilde. Ikkje berre her i fylket, men på landsbasis. Denne veka er idoljentene våre frå 2005, Tone Damli Aaberge (20) og Eva Weel Skram (23), begge på 10 på Topp på VG-lista. Nesten alle andre Idol-deltakarar har for lengst fått eit slør av gløymsle trekt over hovudet. Men Tone og Eva står seg. Sist laurdag gav eg Tone nokre sms-stemmer frå godstolen. Kven kunne tru det? Får vi ein Grand Prix-vinnar frå Sogndal, kanskje?

For nokre veker sidan fekk eg, til liks med Nils Gaup, e-post frå utrøyttelege Randi Førsund (33). No har ho gjort seg ferdig med siste manus til spelefilmen ”Hemnen”. Ville eg lese det? Gjerne. Men dette har eg ikkje det grann greie på. Eg er, vanen tru, skeptisk. Likevel: Tenk om! Kanskje vil nokon realisere 100-millionarsdraumen til standhaftige Randi? Eg gledar meg alt til premieren. Raud løpar i Sogndal kulturhus!

Det måtte eit kongejubileum til for å få talentfulle Anne Viken (29) til å byte ut eit dritkjedeleg dyrlegestudium med eit usikkert tilvere som frilans skribent. ”Brenn bunadene”, hylte ho då Sogn og Fjordane openberra si trauste bunadsgåve under kongeparets 70-årsfering vinteren 2007. Sidan den gong har Anne Viken, som kjem frå det fylkets nest beste skribent, sjølvaste Jostedalsrypa Eli Bjørhusdal (36), kalla ”noksagtkommunen Gaular”, med kvass penn utfordra vanetenkjande fjordingar og sogningar.

Fylkets aller beste skribent, Katrine Sele (36), kjem definitivt ikkje herifrå. Derimot har ho skrive den nysgjerrige og ærlege boka ”Herifrå”, med ord som ikkje finst i vokabularen til andre journalistar og forfattarar her i fylket. Derfor er òg Katrine Sele den mest prissette journalisten i Sogn og Fjordane.

Eg namngir to kvinner til: Rådmann Anna Elisa Tryti (50), som i løpet av få år med god hjelp av Kjartan Slettemark, har gitt anonyme Naustdal eit tydeleg andlet, og folkemusikar og dobbel Spelemannprisvinnar Sigrid Moldestad (36), som med talent, sjarm og gnistrande spel har løfta spelekvinnene våre frå 18- og 1900-talet fram or gøymsla. Og lat meg, på oppfordring, også trekkje fram fylkets fremste skjønnlitterære forfattarar: Førdejentene Marita Liabø (37), Olaug Nilssen (31) og sogndalsættande Maria Tryti Vennerød (30). Heimstaddiktarar kan knapt nokon av desse kallast.

Det er fem år sidan eg i eit SA-Innhogg etterlyste unge, frekke kvinner med brodd. Den gang var det ingen slike å sjå. Men i dag er dei her. Overalt. Derimot er det, så langt auget rekk, knapt ein mann av betydning under 50 å sjå nokon stad.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 7. februar 2009