Viser arkivet for stikkord kommunar

Ut or gropi

Eg seier det med éin gong: Lat oss begynne med Sogndal og Leikanger. Eg skulle så gjerne hatt Luster med også. Men Luster sjølv vil, kan og bør ikkje vere med i den nye kommunen på nordsida av fjorden. Same kva den utflytte og påståelege jostedølen, HiSF-professor Oddbjørn Bukve, seier.

Men Sogndal og Leikanger må no kome seg ut or gropi (med i-form, ja) dei har vore i siste ti åra. Det er for gale at han som har dei klaraste visjonane for nyutvikling av regionen vår, er ein avgått fylkesmann. Ikkje noko gale med Oddvar Flæte, men var det berre forsiktige bakstrevarar vi sende til kommunestyra i Sogndal og Leikanger ved valet i 2011? Ap-ordførarane i dei to kommunane opptrer i saka om ny kommunestruktur i Sogn som om dei skulle vere ideologiske læresveinar av sjølvaste Johs B. Thue, historikaren som synest å ha mista grepet om samtida. Regionen vår treng ein hærførar. Kom igjen, før Arne Johannessen melder seg frivillig.

Det kjem ei kommunereform. Og det er mykje strategisk tenking og utviklingsarbeid på gang i mange regionar landet rundt. Les heile Innhogget her

Romhelg

Jula er ekstra lang i år. For mange av oss varer ho nesten fram til trettande dag jul, tysdag 6. januar. Dette var det vanlege eit stykke inn på 1900-talet. Romjula strekte seg frå andre juledag til trettandedagen. På nynorsk har vi framleis ordet ”romhelg” (av norrønt adjektiv ‘rúmheilagr, som ikkje er heilag etter lova’). ”Romhelg” var nemninga på yrkedagane mellom andre juledag og trettandedagen, då jula tok slutt. Trettande dag jul, heilage tre kongars dag, er ein tradisjonell kristen høgtidsdag, som enno er offentleg høgtidsdag både i Sverige og Finland. Også i vårt eige verdslege oljeland vert dagen framleis feira nokre stader.

Romjula er lange, late dagar med mykje god mat og drikke, seine morgonar, familieliv, julefestar. Jula hadde vore lite verd utan romjula. Tradisjonar og ”bestandighet” pregar også romjula. Vi treng denne rolege, sakte midtvintersveka, som eit stabilt midtpunkt i eit omskifteleg tilvere. Kalanderen gjorde i år gjorde denne veka til heile 14 dagar. Det er i meste laget. Men det er lenge til neste gong.

I romjula summerer vi opp året som gjekk, og lurer på kva vi har i vente neste år. Sjølv er eg mest glad for regjeringsskiftet. Endeleg har det igjen vorte gøy å diskutere politikk. Unntaket er sjølvsagt Sogn og Fjordane. Her dominerer sutringa. Særleg i Sogn. Korleis skal det gå med oss, no når vi (vi ?) ikkje lenger har Liv Signe til å ordne opp, lurer det tidlegare regjeringsorganet, lokalavisa vår, på. Det enkle svaret er at Liv Signe ikkje strakk til. Les heile Innhogget her