Viser arkivet for stikkord klimaendringar

Dette er ikkje 1936. Dette er våren 2016.

I år kom våren tidlegare enn ein gjennomsnittsvår. Eg høyrde på radioen at gjennomsnittsvåren er tretti dagar tidlegare no enn for tretti år sidan. Eg er ikkje sikker på om det stemmer heilt. Når det er snøfritt på heimebøane i Mundal 20. april, så seier vi det er tidleg vår. Eg kan ikkje hugse at snøen på det jamne låg til 20. mai for tretti år sidan. Men eg hugsar eitt år snøen låg så lenge. Eg trur det var våren etter snøvinteren 1981-1982. Eg hugsar læraren og naboen min, Olen, tok på seg skia og gjekk ein skitur på bøane like ved fjorden sjølvaste nasjonaldagen det året. Og inne i Supphelledalen, nær Jostedalsbreen, låg snøen til ut i juni. Men det var den snøvinteren alle snakka om. Eg hugsar også det var snølause vintrar då eg var ung.

I innhogget «Klimaproblemet har kome for å bli» 23. april i år siterar Georg Arnestad sin ven og tidlegare kollega Jon Naustdalslid frå boka «Klimapolitikk. Samfunn og styring under eit klima i endring». Korleis verda ser ut i smått og stort i år 2100, er delvis avhengig av korleis vi handterer klimaproblemet. Men det vil minst like mykje vere avhengig av korleis vi samtidig handterer mange andre problem, som til dømes fattigdom, fordeling, krig, fred, global rettferd, utvikling…

Les heile innhogget her!
Teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis, nyleg kåra til landets beste lokalavis.

Pakkar fulle av luft

DENNE VINTEREN skal bli slik som i fjor vinter, var det nokon som sa. Jau, eg ser det. Eg hugsar ikkje kven som sa det, eller kor dei hadde det frå. Men torsdag denne veka hadde vi 80 centimeter snø i Mundal i Fjærland, før det gjekk over til regn. Sånn omtrent. Eg har ikkje akkurat stukke meterstokken ned i snøen. Etter mi meining er det nok. Men dei melder meir. Og som vi hugsar var vinteren i fjor nestan utan snø. Ikkje det at eg vil ha ein vinter til som i fjor heller. Vêret blir vi nok aldri nøgde med eller einige om uansett. Nokon får det som dei vil med all snøen.

EIT PAR AV DEI ‘verste’ snødagane køyrde eg postrute på Sørsida av Jølstravatnet. Eg er tilkallingsvikar i Posten, og køyrer denne ruta ein dag no og ein dag då. Desse dagane var det skikkeleg julestemning, for å sei det slik. Det kom ein mann bort til meg som hadde sett kor full av pakkar postbilen var. – Kor mykje luft køyrer du? Du må nok snart ha større bil! sa han. – Kor mykje luft? tok eg spørjande oppatt. – Ja, desse store pakkane frå nettbutikkane er jo fulle av luft, sa han. Det er meir luft enn det er varer i dei. Det er ikkje særleg klimavennleg, det der!
Les heile teksten her!

Høgtflygande tankar og tåkeprat

Eg sat på flyet. Då tenkte eg at det er mykje som svirrar rundt i lufta og som det er vanskeleg å få tak i. Akkurat slik er det no med tankane mine. Eg skulle skrive eit knakande bra innhogg, men alle idéane svirrar rundt i lufta, og eg får ikkje skikkeleg tak i ein einaste ein. Og slikt kan det bli både høgt- og lågtsvevande tankar og tomt tåkeprat av. Mest tåkeprat, kanskje. Eg veit ikkje kva som er verst.

Eg kunne sjølvsagt skrive om den nye hotellkjeda i Sogn med det lite klingande nynorsknamnet Mountainfjord. Tankane svirrar visst rundt der også. Eller dei flyg høgt, og det kan jo bli bra etter kvart. Håpar vi. For vi ynskjer sjølvsagt det skal gå bra med hotellet tippoldefar vår var med å starte. Og over skylaget er det, som kjent, alltid klarvêr. Håpar vi. Les meir tåkeprat!