Viser arkivet for stikkord kjærleik

Pakkar fulle av luft

DENNE VINTEREN skal bli slik som i fjor vinter, var det nokon som sa. Jau, eg ser det. Eg hugsar ikkje kven som sa det, eller kor dei hadde det frå. Men torsdag denne veka hadde vi 80 centimeter snø i Mundal i Fjærland, før det gjekk over til regn. Sånn omtrent. Eg har ikkje akkurat stukke meterstokken ned i snøen. Etter mi meining er det nok. Men dei melder meir. Og som vi hugsar var vinteren i fjor nestan utan snø. Ikkje det at eg vil ha ein vinter til som i fjor heller. Vêret blir vi nok aldri nøgde med eller einige om uansett. Nokon får det som dei vil med all snøen.

EIT PAR AV DEI ‘verste’ snødagane køyrde eg postrute på Sørsida av Jølstravatnet. Eg er tilkallingsvikar i Posten, og køyrer denne ruta ein dag no og ein dag då. Desse dagane var det skikkeleg julestemning, for å sei det slik. Det kom ein mann bort til meg som hadde sett kor full av pakkar postbilen var. – Kor mykje luft køyrer du? Du må nok snart ha større bil! sa han. – Kor mykje luft? tok eg spørjande oppatt. – Ja, desse store pakkane frå nettbutikkane er jo fulle av luft, sa han. Det er meir luft enn det er varer i dei. Det er ikkje særleg klimavennleg, det der!
Les heile teksten her!

"Eg er glad i deg!"

Denne veka fulgte eg mitt andre barn til sin første skuledag. Ein ny tidsperiode i livet er starta. Og uansett om eg som far uroar meg, gleder meg eller deler førsteklassingen si spenning, så kan eg ikkje stanse tida eller barnet sitt livsløp.

Skuleåret starta med ei markering av det som skjedde 22. juli i år. Rektor sa nokre ord, det vart tent eit lys, og det vart gjennomført eit minutts stillheit til minne om offera. Menneskelivet er så skjørt og kort. Vi kjenner ikkje morgondagen. Men det er ikkje det eg som far skal fokusere på.

Les heile kommentaren om skuleresultat, mobbing, og kva det betyr for barn å vite at dei er elska!