Viser arkivet for stikkord helseførde

Kva skjedde den natta du vart fødd?

«Hugs at ekte prinsesser er laga av same hud som vanlege folk!» Sitatet er henta frå ei ordveksling mellom barn – om det finst prinsesser på ekte. Det gjer det. Men Maria Amelie er inga ekte prinsesse. Ikkje Liv Signe Navarsete eller Clara Øberg heller, for den saks skuld. Og dei skal ikkje behandlast som prinsesser, men dei er laga av same hud som du og eg, og dei fortener same respekt som eitkvart menneske fortener. Uansett kva spor tida eller sola eller livet har sett i huda, uansett om huda er skrukkete eller glatt, om huda er nordisk lyserosa eller ikkje, om huda er tjukk eller tunn, så fortener menneska respekt – dei er laga av same hud som du.

Barnet som ber oss hugse at ekte prinsesser er laga av same hud som du og eg, har fødselsdag om vinteren. Lat oss kalle barnet Eva B. frå Sogn (ei forkorting for Eit vanleg barn frå Sogn). Eva har ei bok som handlar om alt som skjedde den gongen Rebekka blei fødd, ei barnebok av Liv Gulbrandsen og Torill Næsheim. Den natta fall stjernene frå himmelen, den natta hadde marihønene fest i hagen og fiskane stakk hovudet opp av vatnet og song songar om skattekister på havsens botn. Kva skjedde den natta du blei fødd? spør Rebekka til sist. Kva skjedde den natta eg blei fødd? tek Eva opp att.

Den natta Eva B. frå Sogn blei fødd insisterte Helse Førde (HF) på at mora skulle køyrast til Førde sentralsjukehus. Den natta Eva blei fødd insisterte foreldra på at dei skulle til Lærdal, slik som planlagt. Den natta Eva blei fødd i Lærdal vart vegen til Førde stengt av snøras, slik den har blitt stengt mange gonger etterpå, og kjem til å bli stengt mange gonger i framtida. Den natta Eva blei fødd hadde fødselen skjedd mellom eller under snøras, dersom Helse Førde hadde fått det som dei ville. Og no har HF bestemt seg. I framtida skal Eva B. frå Sogn alltid fødast i Førde. Pengane Liv Signe Navarsete og hennar regjeringsvener har sett av til sjukehusa er ikkje nok til å sikre eit trygt tilbod til innbyggarane i heimfylket hennar. Avstanden til Førde er kort nok, seier HF, men dei gløymer å rekne med alle dei dagane og nettene rv 5 er stengt ved Kjøsnesfjorden. Folk i Sogn vil fort spare mellom halvanna og tre timar, kanskje meir på vinterføre, på å reise til Voss framfor Førde. Halvanna til tre timar er mykje tid når det er snakk om akuttsituasjonar eller fødslar. Og når forholda er slik at vegane er stengt, så er det heller ikkje vêr til å flyge.

Det er sjølvsagt sant som HF seier at vi treng eit sterkt sentralsjukehus. Problemet er at når lokalsjukehusa er borte, og folk i Sogn og Nordfjord har kortare veg til sjukehus i nabofylka, så vert spesialtenestene på sentralsjukehuset undergrave. Pasientar og fødande som kjem til Voss eller Volda vert vidaresende til Ålesund og Bergen, ikkje til Førde. Og så blir miljøet for spesialtenestene for lite. Og etter kvart vert sjukehuset i Førde eit lokalsjukehus, det einaste lokalsjukehuset i fylket. Denne røyndomsoppfatninga har ikkje HF teke innover seg enno. Og her i fylket kjempar vi oss imellom i staden for å arbeide saman for eit godt helsetilbod.

Om Helse Førde og Liv Signe og co. hadde fått det slik dei ville den natta Eva, eit vanleg barn frå Sogn, vart fødd, så er det ikkje sikkert vi kunne sitere Eva på at ekte prisesser er laga av same hud som vanlege folk. Om dei får det slik dei vil kan det hende vi mister fleire gode sitat frå born. Kva anna vi kan miste vil eg ikkje tenkje på. Ynskjer dykk, trass dette, ei god helg!

Helse Førde sitt informasjonsansvar

Innlegget Helse Førde sitt informasjonsansvar, som stod på trykk i Sogn Avis i går, finn de herJohannes-bloggen.