Viser arkivet for stikkord frp

Kampen om veljarane

OG LITT OM INTENS UVILJE MOT GRUPPER VELJARAR.

Eg har eit lite forslag: Lat oss alle gå og førehandsstemme på måndag! Så blir det kanskje slutt på alle desse iltre ordflaumane frå forulempa politikarar med ovstort sjølvbilete, som ikkje forstår korfor ingen lenger trur på vallovnadane deira. Kva vil skje om alle går og førehandsstemmer no? Vil valkampen bli avlyst, journalistane permittert og politikarane styringsdyktige att? Det er i så fall ein vinn-vinn-situasjon, både for veljarar og politikarar. Berre media vil tape på det.

Det er oss dei kjempar om. Nokre ved å ta opp att gamle løfter dei ikkje har klart å gjennomføre siste åtte åra, andre ved å ta opp att gamle løfter dei aldri har fått vise at dei ikkje maktar å gjennomføre. Vi blir presentert for kontrastane mellom framleis raudgrønt styre på den eine sida, og på den andre sida blått i ulike nyansar. Det er Jens eller Erna, det er meiningsmålingar opp og ned, duellar og maktkampar både mellom og innanfor partia. Og litt meir usynleg for dei fleste pågår det ein kamp om dei kristne veljarane. Dei siste tjue åra har det vore gjort fleire forsøk på å starte nye, kristne parti med «mandat frå Gud» til å slå ut Krf og å styre landet saman med Frp. Også i år er det med eit nytt, kristent parti, Dei Kristne, som kjempar med Krf og Frp om dei blåaste kristne veljarane.

Her i fylket sankar Frp mange stemmer frå kristne. Forstå det den som vil. Les heile Innhogget her:

Veljarane ingen kunne målbinda

Det var ein gong ein konge; han hadde ei dotter som var så vrien og vrang i ord at ingen kunne målbinde henne. Derfor lova han at den som kunne gjere det skulle få prinsessa og halve kongleriket attpå. Prinsessa i eventyret er du; eller kanskje eg. For prinsessa i dette eventyret er veljarane. Og veljarar er ein god del av oss. Og lette å målbinde er vi nok ikkje nokon av oss, verken kvar for oss eller som veljarmasse.

Det var nok av dei som ville prøve seg, seier eventyret, for det er ikkje kvar dag det er val i landet. Men det var ingen som kunne målbinde prinsessa. Så var det tre brør som fekk høyra om prinsessa, og då dei ikkje hadde det så rart heime, ville dei ut og prøve lukka. Det var Trude, Rotevatn og Frank Willy. Dei var vener og nokså vel forlikte, derfor gjekk dei i fylgje alle tre. Dei hadde ein bror til, Bjørn, men han var det ikkje plass til i dette eventyret.

Då dei hadde komme eit stykke på vegen fann Frank Willy ein daud twitterkonto. Eg fann, eg fann! ropa han. Kva fann du? spurde brørne. Ein daud twitterfugl, svara Djuvik. Fy, kast han, sa brørne. Å, eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og plukka opp den daude fuglen.

Då dei hadde gått eit stykke til fann Frank Willy ein raudgrøn vallovnad, og den plukka han opp. Eg fann, eg fann! ropa han. Kva fann du no? ropa brørne. Ein raudgrøn vallovnad, svara Djuvik. Fy, kast han, sa brørne. Å eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og plukka opp dei daude orda.

Snart ropa Frank Willy igjen: Eg fann, eg fann! Eg fann ein gamal fylkesbåt her i grøfta. Fy, kast han, sa brørne. Å, eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og plukka opp gamle Svanøy.

Så fann Frank Willy ein krokut E39-sving, og snart fann han ein krokut sving til. Kast dei! sa Trude og Rotevatn. Men Frank Willy hadde slikt å gjera og slikt å bera, så han plukka dei krokute vegstubbane med seg. Og snart ropa han igjen: Eg fann, eg fann! Kva fann du no då? spurde Rotevatn. Gid han fann litt vit før vi kjem til Slottet! sa Trude. Eg fann ein utgått skosåle, svara Djuvik. Æsj, kast han, sa brørne. Å, eg har slikt å gjera, eg har slikt å bera, sa Frank Willy, og så skal eg vinna kongsdottera og halve kongleriket med denne! Æsj, sa brørne.

Så kom dei til kongsgarden; til veljarmassen; prinsessa. Først den eldste, Trude. Så varmt det er her, sa ho. Det er varmare i Syden, svara prinsessa. Dermed mista Trude munn og mæle. Det gjekk ikkje likare med Rotevatn. Så varmt det er her, sa han. Det er varmare i helvete, svara prinsessa. Så mista Rotevatn også munn og mæle.

Så kom Djuvik inn til prinsessa. Det var då godt og varmt her, sa han. Det er varmare i glohaugen, svara prinsessa. Så kan eg kanskje steike twitterfuglen min der, svara Frank Willy. Eg er redd han sprekk, sa prinsessa. Så spenner eg rundt han denne raudgrøne vallovnaden, sa Frank Willy. Feittet renn av han, sa prinsessa. Eg held denne under, sa Frank Willy, og heldt fram gamle Svanøy. Du er så krokete i ord, du, sa prinsessa. Nei eg er ikkje krokete, men det er denne E39-svingen, sa Frank Willy. No har eg aldri sett maken, ropte prinsessa. Her ser du maken, sa Frank Willy og tok fram ein sving til. Eg trur du er utgått for å målbinde meg du, sa prinsessa. Nei, eg er ikkje utgått sa Frank Willy, men det er denne skosålen!

På den måten klarte Djuvik både å målbinde prinsessa og snakke seg sjølv bort i ein utgått skosåle. Om han fekk prinsessa og halve kongleriket eller korleis det gjekk med Trude og Rotevatn får vi ikkje vita på ei stund enno.

Grøftekravling

Som bønder flest har eg ein del rutinearbeid. Då har eg god tid til å tenkje på både eitt og hitt. Tankearbeidet bak eit Innhogg kan eg ha gjort i mjølkestallen, der eg passar på fem kyr som til ei kvar tid er inne til mjølking. Mange vil sei at det var ikkje mykje til tankar, særleg om dei ikkje er einige med meg. Greit nok! Kanskje det ikkje har vore så mykje kvalitets tankearbeid bak noko av det eg har lira av meg. Som han Kjell skreiv på Fjesboka: Dette har du ikkje greie på, vetle Johannes, slik som mykje av det du skriv om i Sogn Avis.

I det siste har eg tenkt litt på mengder. Kva er passeleg mykje? Kva er normalt tungt? Eller som ho sa, jentungen, då ho stod på vekta: – Kor mange kilometer er eg då, pappa?

Kor mykje er passeleg mengde karbohydrat? Kanskje lågkarbo og feittfattig er dei to grøftene på kvar si side av den vegen vi eigentleg bude gå midt på? Men i staden for å gå midt på vegen kravlar vi oss bortover i kvar våre grøfter, og er like livredde for det som er i den andre grøfta, som vi eigentleg aldri har sett, som vi er blinde for all skiten i vår eiga grøft. Og den skiten tek vi for oss av utan å forstå at den tek livet av oss til slutt.

Med fare for å sementere eit inntrykk av at eg kravlar djupt i den eine grøfta, må eg kommentere Forbrukarinspektørane (FBI) på NRK denne veka. Temaet var kylling og egg. Forskaren frå Ås hevdar klart at ho ikkje vil anbefale norsk fabrikk-kylling til hjartesjuke folk. Går du i butikken er kylling nøkkelholmerka. Ås-forskaren hevdar raudt kjøt som lam er sunnare enn kylling. Kort sagt får ein det ein betalar for. Norske forbrukarar vil ha billeg mat. Det får dei. Alternativet er økologisk kylling, som er sunnare og smakar betre. Men norske forbrukarar vil heller ha kylling med hofteskader eller knekte bein.

Eg har ved fleire høve blitt kontakta av folk som har oppdaga at dei blir sjuke av kylling. Dei spør meg om kor dei kan skaffe billeg økologisk kylling, som dei kan eta utan å bli magesjuke. Eg prøver etter beste evne å fortelje at det er prisskilnad på kvalitet og billege gøfteprodukt. Eg prøver å drive vaksenopplæring. Men dei vil ikkje høyre på meg når dei ikkje kan få kvalitet like billeg som grøftemat.

Sanninga er at frå nyttår har alle høner i Norge det bra, seier styreleiar David Koht-Norby i Norsk fjørfelag. Enten lyg han, eller i beste fall veit han ikkje kva han snakkar om. Eg har ved eit par høve adoptert verpehøner frå desse miljøbura. Kameraten min, som har skaffa dei, anbefalar dei hønene med minst fjør, dei naknaste. Di lengre ho har vore i verpekassen, di betre verpehøne, di færre fjør! For dei andre hønene nappar fjør når dei står i verpekø. Når hønene kjem hit er dei redd folk. Etter nokre veker gror fjøra ut, og dei kjem mot meg i staden for å springe frå når eg kjem inn i hønsehuset. Koth-Nordby er sikkert ein god styreleiar for sine medlemmer, men ikkje for hønene. Eg tenkjer ofte på Lars Sponheim som sa at kvar mann burde ha si eiga høne. Det hadde halde bra om tredjekvar mann hadde sine tre høner, så hadde hønene hatt selskap!

Når vi først snakkar om grøftekravling er det noko eg ikkje forstår. Korfor er det så mange kristne som stemmer Frp, særleg av dei som seier dei er mot porno, mot sexkjøp , prostitusjon og menneskehandel, mot fri alkoholflyt, mot abort, mot dødshjelp? Korfor kravlar dei i grøfta saman med dei som går i spissen for sekulariseringa samfunnet? Dei har eit ansvar for å forklare korfor dei stemmer for alt det dei er imot! God helg!

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 15. okt. 2011
Du kan fylgje meg på twitter: http://twitter.com/MANNmedGREIP

Å ro i medvind når det bles imot

Georg Arnestad meinte i denne spalta sist laurdag at valet ikkje er spennande. No er det berre ei veke att, og for min eigen del, som bonde og utkantnordmann, så har valet nokre element av spenning. Ein ting er kven som skal representere Sogn og Fjordane i det nye Stortinget, ein anna ting er maktforholdet partia imellom når nytt Storting vert sett inn.

For valvindane bles, og alle partia meinar dei har vinden i ryggen. Og det har dei vel, det er ikkje vanskeleg å snu seg slik at vinden bles i ryggen. Og sjølvsagt snur dei seg, for det er ikkje godt å ha vinden mot andletet.

Men det er ikkje alle som kan kunsten å snu kappa etter vinden, sjølv om dei prøver. Ta til dømes Åge Starheim sine lovnader om å halde oppe lønsemda på gardane her i fylket, tvert imot sitt eige program. Når bløffen vart avslørt, skulda han på at han ikkje hadde fått god nok tid frå NRK til å fortelje kva han eigentleg meinte. Men når NRK stilte han spørsmål om korleis dette hang i hop på ei morgonsending nokre dagar seinare, med all verdas tid til å svare for seg, så sa han at det kunne no ikkje han svare på, det var opp til dei som til eikvar tid styrer. Dette var inga vellukka øving i å snu kappa etter vinden.

Det var heller ikkje særleg vellukka då Hedstrøm fortalde folk i Sogn og Fjordane at dersom Frp får regjeringsmakt etter valet, så skal dei instruere Fylkestinget i Sogn og Fjordane om å skrinlegge planane om Dalsfjordbrua. Dette fordi fylkestingsrepresentantane her i fjordafylket gjorde så dumme val på vegne av innbyggarane her at statleg overstyring etter Frp si meining er heilt naudsynt. Sjølvsagt var målet å vinne fleire stemmer i fjordafylket. Men det gir ikkje stort truverde for partiet å skulde dumskapen i Fylkestinget for at dei ynskjer å overkøyre regionale vedtak. For vi likar ikkje å høyre frå Oslo at dei som representerer fjordafylket på Fylkestinget er dumme. Og vi likar heller ikkje at ei eventuell Frp-dominert regjering vil overstyre dette fylket frå Oslo, på grunn av at dei oppfattar fjogningane som dumme. Dei seier dei skal vere forutsigbare, men dette utspelet viser at det einaste forutsigbare er at dei snur kappa etter vinden på heilt uforutsigbare måtar, i håp om å sanke fleire veljarar.

Partiet sine friarferder til kristenfolket er heller ikkje døme på vellukka øvingar i å snu kappa etter vinden. For etter landsmøtevedtaket om aktiv dødshjelp saman med partiet sitt abortsyn, skulle ein tru at konservative kristne ikkje ynskjer å stemme partiet inn til regjeringsposisjon.

Men valvindane bles frå alle kantar, både med og mot. Då er det vanskeleg å ro også. Og politikarane ror det dei er gode for siste veka før valet, og prøver ta inn att litt av feilgrepa dei har vore avslørde på. Men det vert ikkje lettare å ro i motvind, sjølv om ein lurer seg sjølv til å tru at ein har medvind.

Eg var på tur til Førde saman med eit av borna mine ein dag denne veka. Då vi køyrde langs Jølstra på Vassenden, gjorde eg barnet merksam på den store vassføringa. – Sjå kor mykje vatn det er i elva! Då kom det turt frå baksetet: – Ja, men når eg let att augo så ser eg mykje meir vatn i elva enn det var når eg såg på elva før eg let att augo! Er det på same måten politikarane ser på straumen av veljarar i si eiga elv, som strøymer mot vallokala? Uansett kva politisk farge det er på den elva du høyrer til, så håpar eg elva fører mot vallokalet om ei veke. Godt val!

Dette innlegget var trykt som Innhogg i Sogn avis laurdag 5. september. Desverre med nokre feil som desken i Sogn avis har påført innlegget mitt. :-)

Ikkje snyt deg i media, Åge Starheim!

Åge Starheim hadde eit lesarinnlegg i lokalavisene nyleg, der han skuldar Stoltenberg for å “panisk forsvare bruk av oljepengar” til infrastruktur og opprusting av offentlege bygg. Dette meinar Starheim er å drive Frp-politikk for å redda si eiga ære.

Det som er heilt tydeleg for alle som les innlegget er at Starheim ikkje har fått med seg det som i media vert kalla “Finanskrisa”, og at denne har ført til endra vilkår, noko eg trur dei fleste andre har fått med seg.

Starheim skriv at “Det er freistande å bruke ordtaket: det er for seint å snyte seg når nasen er vekk.” om Jens Stoltenberg. Men dersom det er slik arroganse, grunnløyse og kunnskapsmangel Åge Starheim har tenkt å snørre ut av seg denne valkampen, så håpar eg han sluttar å stille seg fram i media kvar gong han må snyte seg!