Viser arkivet for stikkord fotball

Ukulturen i norsk idrett

Dei siste vekene har vore prega av den sokalla kampfiksingsskandalen. Like typisk som mange meinar kampfiksing og juks er utypisk i Noreg, ser me at ein er rask med å fråskriva seg ansvar og skuld. Det tok ikkje lang tid før det blei slege fast av klubbar og forbund at dette var noko utanlandske bandar sto bak. Det har blitt peika mot ulike aust-europeiske land, som har det til felles at dei er meir eller mindre kjende for organisert kriminalitet.

Samstundes kunne me på Dagsnytt 18 høyra fotballpresident Hallén slå fast at det ikkje var klubbane
sitt ansvar å prata med sine spelarar. Som han sa det, det er politiet som har denne oppgåva i ein
rettsstat, før det heile blei pensa inn mot internasjonal kriminalitet att. Ein smidig måte å misforstå
spørsmålet på, for det er opplagt at det ikkje var nokon som har meint at klubbane skal stå for avhøyr
og etterforsking, men at klubbane skal driva haldningsskapande arbeid opp mot sine eigne tilsette. Å
skyva alt over på internasjonale bandar er opplagt urimeleg, då det her er klart at det må to til for å
dansa denne valsen.

Dette går inn i rekkja av uttrykk for dårlege haldningar og ukultur i norsk idrett, og då særleg
fotballen. Det mest opplagte er fornektinga av at ingen norske utøvarar kan vera dopa. Kjem det ei
positiv dopingprøve, er det med ein gong opp med guarden, og det må vera noko feil med testane.
Vidare har me i heimlege trakter vore vitne til det ein i beste fall kan kalla uryddig handsaming av
eigne tilsette. Og dette er berre ein dråpe i havet.

Ta til dømes den økonomiske dopinga me har sett, og ser, i norsk fotball. Fiffige organisasjonsformer
har bidrege med store verdiar til ei rekkje klubbar. Vidare ser me store underskot for å finansiera (u)
sportsleg satsing. Likskapen til medisinsk doping er ikkje vanskeleg å sjå.

Når det er sagt, skal NFF ha ros for å ha sett meir fokus på økonomi. Det held likevel ikkje å gje
klubbane grøne, gule og raude lys. Det må setjast makt bak fargane. Fyrst når klubbane ser det
som reelt at dei kan bli utsett for sanksjonar (typisk lisensnekt, poengtrekk eller å bli sett under
administrasjon) vil dei ordna opp.

Utan at spørsmålet i straffesaka mot Stabæk er avgjort, er det likevel klart at dette òg er ein del
av ukulturen i norsk fotball. Paradokset er slik stort når me veit at klubben blei heidra for fair play
i 2011. Som du forstår var det ikkje var nokon økonomiske eller strafferettslege parameter i den
vurderinga.

Vidare er det ei rekkje klubbar, mellom anna Sogndal, som har vore i skatteetaten sitt søkjelys i
samband med overgangar med spelarar frå Estland. Dette har ført til at den allereie økonomisk
skakkøyrde klubben Fredrikstad gjennom to ulike selskap har blitt straffa med bøter på til saman
400.000 kr.

Med eit så stort tal saker på kort tid som har blitt og blir etterforska i norsk toppfotball er det klart at
det eksisterar ein ukultur. Samstundes ser me stor grad av sjølvrekruttering i leiinga i norske klubbar.
Eiga fotballkarriere eller lengre erfaring frå dugnadsarbeid synast nærast å vera eit vilkår for jobb
i ein del norske klubbar. Likskap og kameratskap går med andre ord føre kompetanse. Når nytt og
granskande blod har vanskeleg for å komma inn, er fara for at ukultur blir ført vidare er stor. Dette er
eit problem som må takast ved rota.

Saftkokarar og saftblandarar

Det stinkar opprykk i Sogndal. Ein smak på korleis neste år kanskje kan bli fekk me i kampen mot Aalesund. Nesten fulle tribuner og finfint spel frå to gode og jamne lag. Men skilnaden mellom eliteserie og fyrstedivisjon var likevel klar på minst eitt punkt: handtering av publikum.

Det at bortelaget sine supportarar lagar meir liv på tribunene enn det heimelaget klarar å stilla opp med er på grensa til det pinlege. Det som likevel er klart over grensa for kva som er flautt er måten Sogndal Fotball taklar det heile på, nemleg å gjera dei få som faktisk lagar liv på tribunene (med all respekt for Brazzeklubben, det er ikkje dykk eg snakkar om), til sin fiende nummer ein.

Me som var på årets fyrste seriekamp mot Hønefoss fekk verkeleg med oss korleis det blir når Saftkokaradn er stille (i ein omgong). Det var nærast meir liv i fuglane enn i publikum. Det var som å vera åleine på kamp, før det verkeleg tok av i andre omgong. Grunnen til at eg reiser på kamp er for å få med meg stemninga, viss ikkje kunne eg like greitt sett kampen gratis på nettet.

Men leiinga i Sogndal er altså meir oppteken av å vera bitter etter striden i vår enn å sjå realitetane. Det kan nesten virka som Sogndal gjerne er ein klubb for heile fylket, så lengje ein ikkje er kritisk til korleis ting blir gjort. I vår kom det mellom anna fram at Saftkokaradn ikkje passa inn med Sogndal sine verdiar. Dei ropte stygge ting til spelarar og slikt… Klanen blir ofte kalla dei beste supportarane i landet, og ikkje kom og sei at det berre er pluss ord som kjem derifrå!

Det drøyaste var likevel når ex-fleskis Geir Inge Heggestad på NRK SFj oppmoda Saftkokaradn til å leggja ned debattforumet sitt. Det er den einaste plassen det går an å diskutera Sogndal på nettet. Der kjem det både positivt og negativt om Sogndal, og det er der dei som verkeleg har engasjement for Sogndal møtast. Det er 700 registererte brukarar og med nesten 7 millionar treff i fjor er sida klart meir besøkt enn moderklubben si heimeside. Eg er mykje på det forumet, og kan seia at dei foruminnlegga som er støytande står for ein særs liten promille av det totale kvanta.

Eg trur likevel at uansett kor mange stokkar og kjeppar leiinga i Sogndal prøvar å stikka i hjula til Saftkokaradn, så klarar dei korkje å stogga dei eller sensurera dei. Det er denne kjerna som burde vore trekt fram som malen for sogndalsupportarar. Dei tek ansvar for tryggleiken på stadion (noko som er opphavet for striden), dei er alltid på kamp, og dei brukar ti tusenvis av kroner for å reisa på bortekampar bokstavleg tala i nord og sør, og enkelte av dei bur til og med både i Oslo og Bergen, men er likevel på kvar heimekamp. Då fortenar ein ikkje eit stempel som pøblar og ei kald skulder frå leiinga. Når var det sist tribunekampar, streaking og liknanade som var forårsaka av Saftkokarar? Minner om at det velkjende pappbegeret ikkje blei kasta frå der kokaradn sto.

Stao no pao!

Om kjærleik til norsk fotball, slik eg ser den.

Søndag. Klokka er 18.00; det er kampstart på norske toppfotballarenaer. Frå Kristiansand til Alta kjemper dei om poeng, tabellplassering, opprykk, nedrykk, ære og publikum.

Riksmedia konsentrerer seg om den uforskamma overvurderte Tippeligaen, og krigstypane blir ekstra feite når det oppstår kontroversielle situasjonar. Bak humøret til Kjetil Rekdal, og kjeftesmella til Daniel Nannskog, er det duka for holmgang der TV2s antenner ikkje har dekning.

Norsk fotball er så mykje meir enn førstnemnte. Norsk fotball er Kongsvinger, Sogndal, nylagt kunstgras i Sarpsborg, vestavind på Jæren, tre poeng på Varden Amfi, stolpeskot og snøsludd i Tromsdalen og ein kontring imot på ein humpete, brun bane mot eit lag med brune drakter.

Adeccoligaen, vår nest øvste divisjon, har eit varmt, vinnande lag over seg. Sjølv om mange klubbar byrjar å få moderne fasilitetar på stadionanlegga, kan du framleis få den ultimate fotballopplevinga, enten du er på eit nedslit ståfelt på Melløs, eller blant sindige tryslingar på ein provisorisk tribune på Nybergsund Stadion.

I Tippeligaen ser du kanskje ”betre” fotball. Kanskje det. Viss du skal tro Nils Johan Semb og co. får du også ofte servert spill i verdsklasse, vingar med finter som Cristiano Ronaldo og innleggsfoten til David Beckham.

Dei gode prestasjonane kan du like gjerne finne eit steg ned. Du kan oppdage morgondagens stjerneskot, før ekspertkommentatorane og skribentane i dei landsdekkande avisene gjer det, og kven kan vel ikkje la seg blende av dei kalde avslutningane til Lars Lafton, forseringane til Henrik Furebotn og det tekniske spekteret til eit nytt salsobjekt i Skeid?

Adeccoligaen er ein uslipt diamant i norsk fotballsamanheng, sjølv om det kan vere vanskeleg å oppdage det under dei tilmålte sekunda FotballXtra på TV2 bruker på divisjonen. Om ein tek av tippeligaskylappane, kan ei ny verd opne seg!

I bakgarden til norsk toppfotball rår andre draumar. Håpet om å ein gong rykke opp, om så bare for ein sesong få ete kirsebær med dei store, kan det være ei betre kjensle enn å endeleg få sjå laget sitt spele bortekamp på Viking Stadion?

Nei, kva er vel Rosenborg, Brann, Åråsen, og europacupspill mot Sogndal, Stavanger, nok eit nytt namn på fotballaget i Sarpsborg, siger på ein regntung Haugesund Stadion – og pølse i vaffel på Melløs?

Ei stor oppleving på ein liten stadion slår glatt ei liten oppleving på en stor stadion, og kjærleiken til dei nest beste er sterkare enn likesæle til dei beste. Få opp auga du også!

Frisk laks og roten fisk

Treningskampane til Sogndal har det vore oppløftande å følgje, i alle fall til no. Opprykkskandidatar som Notodden og Haugesund har blitt nedsabla, og det har også blitt eit godt resultat mot tippeligalaget Molde(0-0).

Sjølv om få nye namn har kome inn døra i vinter, verkar det som om mykje rett har blitt gjort. Ein som verkeleg har fått sving på sakane, er Vallter Laaksonen – som spiss! Finnen kom til Sogndal som kant, men har i det siste blitt brukt i angrep.

”Laksen” hadde ikkje den store sesongen i fjor. Han fekk ikkje så mykje tillit, og det vart for det meste benkesliting på kantspelaren. No i vinter har det verkeleg lausna for Laaksonen, og det lovar godt til sesongstart. Kanskje kan han minske saknet etter Håvard?

Anders Stadheim har også frekventert treningane og treningskampane med Sogndal i vinter, sjølv om Sogndal erklærte at ein ikkje ønska å forlengje lånet frå Fredrikstad i fjor. No er han fristilt frå kontrakten i plankebyen, og har fått ein ny sjanse til å imponere i kvitt og svart.

Det verkar som om Stadheim har gått i seg sjølv, og har spelt tidvis bra. Det gjenstår å sjå om han får kontrakt, men det er klart at ein Anders Stadheim i gammalt slag er ein forsterking. Det han viste i fjorårssesongen var ikkje godt nok, så han har ein jobb å gjere.

Til tross for positive treningskampar, er det mykje rart som hender i Sogndal om dagen. Frisk ”laks” er ikkje godt nok, når det er masse roten fisk på Campus.

Det mykje omtalte ungdomsfeltet har vore eit omstridt tema, og ein skamplett for Sogndal Fotball. Å gje ungdom billegare sesongkort skulle vel berre mangle, men når dei i same vending gløymer Saftkokaradn gjer dei ei stor tabbe.

Supporterklubben har naturleg nok reagert på dette, då dei har mykje dyrare sesongkort. Spørsmålet er kva Sogndal Fotball har å vinne på dette? Med eit eige ungdomsfelt med billegare billettar, vil det kanskje trekke ungdomen frå saftkokarfeltet og over til langsida. Det er som kjent supporterane som står for stemninga, så kvifor ikkje prøve å få fleire med der?

Dette er eit hån mot eigne supporterar. Ønskjer dei ikkje at publikum får ei best mogleg fotballoppleving? Ønskjer dei ikkje at spelarane skal få støtte under kamp?

Til alles beste bør Sogndal Fotball bør ta til vet og setje ned prisane til Saftkokaradn drastisk!

Finanskrisa får skulda

Andre enn meg som er lei all praten om finanskrisa?

Personleg har eg ikkje merkja noko til den. Livet går som før, og det er det nok mange med meg som føler òg. Det var ein som samanlikna finanskrisa med fugleinfluensaen: alle er redde for den, men ingen merkar noko til den.

Den samanlikninga var nok å setja det litt på spissen, det er nok dei som har fått merka den, men langt i frå så mange som ein får inntrykk av.

Ta Fundo til dømes. Den offisielle forklaringa på at dei gjekk konkurs var finanskrisa og den internasjonale økonomiske situasjonen. Men har ikkje me høyrt historia om konkurs og nestenkonkurs i Fundo før òg? Jo, det har me! Sjølv utan finanskrise gjekk dei i 2001 konkurs (eller gjennomgjekk ei finansiell rekonstruering, som dei sjølv kalla det) og i 2007 hadde Fundo eit resultat på minus 46 millionar kroner og i 2006 var det minus 34 millionar kroner. I 2005 gjekk dei derimot med eit overskot på fire millionar kroner, men eit resultat på 1% av driftsinntektene er direkte svakt når ein ser det mot investeringane.

Det kan godt henda at finanskrisa var den siste dropen som fekk begeret til å flyta over for Fundo, men det kjem ikkje særleg tydleg fram i media at dette har vore eit selskap som har slite lengje. Å skulda på finanskrisa når ein kjenner til historia blir då berre for dumt!

Men det er tydelegvis lett å leggja skulda på finanskrisa om ein skal kutta eller om det er noko anna som endrar seg, utan at ein ynskjer å peika på dei reelle årsakane.

Lågare beslag av «luksusdopet» kokain, og høgare beslag av «kvardagsdopet» hasj blei mellom anna forklart med at ungdommane frå Oslo vest no ikkje hadde råd til å kjøpa kokain, og måtte nøya seg med hasj. Den same forklaringa kom når vinmonopolet hadde 5-6 % nedgong i omsetnaden av konjakk.

Òg fotballklubbane går no ut og seier dei må kutta i spelarstallane, -lønningane og kjøpesummane som ein direkte konsekvens av finanskrisa. Det er visst ikkje snakk om at ein har betalt over evne dei siste åra, og at dei no må kutte fordi profflisensen heng i ein tynn tråd. Dei fleste klubbane har til dømes lån, og tener med andre ord på finanskrisa gjennom lågare renter. Ein ny tv-avtale som er endå feitare enn den gamle er i tillegg i boks. Dessutan har interessa rundt fotball aldri vore så stor som no, og sponsoravtalane er stort sett langvarige.

Det er ei kjend sak at det er veldig lett å leggja skulda på andre, og ikkje minst freistande om ein har moglegheita til det, og media sluker alt og gir det til oss som sanningar. Men eg har framleis til gode å sjå nokon vera kritisk til bedrifter som visst nok må kutta som ei følgje av finanskrisa. Inkompetanse på leiarsida i bedrifter vil eg tru er vanskeleg å innrømma, slik sett er nok finanskrisa ei gåvepakke òg for dei, slik at dei kan leggja skulda på andre enn seg sjølv.