Viser arkivet for stikkord forskingsprosjekt

Fotballen som Sogndals olje

Vesle julaftan 1969 er, ifølgje myten, ein merkedag i norsk historie. Det var då Phillips fann olje på det som seinare vart heitande Ekofiskfeltet. Dette vart grunnlaget for ei oljebasert sterk økonomisk utvikling i Stavanger. På kort tid gjekk byen frå å vere religionshovudstad til å bli oljehovudstad. Men det var ikkje opplagt at det skulle gå slik. Ein betydeleg lokal innsats måtte til. Eg berre nemner Arne Rettedal.

Siste åra har flinke forskarar i Stavanger gjennom eit stort forskingsprosjekt sett nærmare på kva for samfunns- og kulturendringar den raske økonomiske veksten har ført til i oljebyen.. «Hva har oljen gjort med oss?» heiter boka som kom i vinter. Teorien var at samfunnsendringar vi finn i heile den vestlege verda, ville vere ekstra tydelege i ein by der veksten har vore raskare og brattare enn andre stader.

Men slik var det ikkje. Stavangerfolk har berre vorte litt rikare og litt likare enn andre, mindre religiøse enn før og meir interesserte i musikk. Hovudkonklusjonen, seier forskarane, er at det eksisterer ein slags ambivalens i kulturen, og eit behag i økonomien. Oljerikdommen ser ut til å dempe, og kanskje smørje vekk, dei økonomiske og sosiale motsetningane i byen. Sidan heile befolkninga har det ganske bra økonomisk, er det lite motstand å spore mot dei rike, frå arbeidarklassen. Berre frå den relativt vesle gruppa med høg kulturell kapital vert det gitt tydeleg uttrykk for skepsis mot pengefolket og rikdommen. I oljebyen tel då også økonomisk kapital betydeleg meir enn kulturell kapital. Kulturelle skilje spelar lita rolle.

Kan vi ikkje gjere ein liknande studie her i Sogndal? Ikkje kopiere forskinga frå Stavanger, men gjere det på vår måte, ut frå dei store materielle endringane i vårt lokalsamfunn. Vi har kompetente forskarar, vi òg. Men ein sogndalsstudie bør, utan tvil, knytast til to merkedagar i vår moderne historie: cupfinalen 24. oktober 1976 eller opprykket til eliteserien 11. oktober 1981.

Med dette antyder eg at den tenkte studien av samfunns- og kulturendringar i Sogndal siste 40 åra må ha fotballen som omdreiingspunkt, slik oljen er det i stavangerstudien. Knapt nokon tettstad eller by i Noreg er på same måte som Sogndal prega av fotballen som næring, infrastruktur, vekstgenerator, varemerke og lokal identifikasjon. Det er ikkje tilfeldig at fotballmetaforen «Bli med på laget» er kommunens slagord. Vi møter det overalt. Utviklings- og endringsstudien «Kva har fotballen gjort med oss?» har ikkje berre nasjonal interesse. For det er i Sogndal vi, 40 år etter cupfinalen, finn, som det heiter, «verdas einaste tippeligabygd.»

Ingen visste i 1976 eller 1981 korleis eventyret ville ende. Lite visste dei òg i Stavanger vesle julaftan 1969 kva oljen ville bringe. Det er ikkje den symbolske datoen som er viktig, men det som skjer etterpå. Dei første samtalane mellom Rolf Navarsete og HiSF-direktør Hans Jørgen Binningsbø, etter kvart med Aage Engesæter som «go-between», utover 1990-talet vart konstituerande for den seinare utviklinga av Sogndals framtid og Fosshaugane Campus. «Sogndalsmodellen» seier dei. Ein god modell?

Denne historia, som Gunnar Yttri berre så vidt tøtsjar i si HiSF-soge, må fram. Men like så viktig er fotballens indirekte innflytelse over sinna våre. «Behaget i fotballen» er stort. Fotballen er Sogndals olje. Fotballens dominerande, og positive, stilling har truleg bidrege til å dempe, og smørje, økonomiske og sosiale motsetningar i lokalsamfunnet.

Kulturelt er det hos oss, som i Stavanger, musikken som rår. Litteraturen og kunsten er fråverande. Kan utkanten Fjærland gjere noko med dette? Økonomisk kapital og fotballkapital dominerer. Den minkande kultureliten er, slik historia til kunstlaget viser, skeptisk til fotballens dominerande posisjon.

Men no spekulerer eg. Vi får i staden starte forskingsprosjektet om fotballen og lokalsamfunnet. Så får vi heller bere over med at mange (av oss) aktuelle lokale forskarar i årevis har vore ein trufast del av fotballens heiagjeng.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 18. juni 2016.
Twitter: @georgar