Viser arkivet for stikkord florø

"Lucky loser"

Den norske distriktspolitikken har spelt fallitt. Senterpartiets sjølvskrytande slagord ”Ta heile landet i bruk” har aldri vore meir røyndomsfjernt enn i dag. No kan det demonterast og plasserast trygt på historias skraphaug i eit kott på fylkesarkivet på Hermansverk. Folkerørsla inn til dei store tunge befolkningssentra på Austlandet er sterkare enn nokosinne. Aldri i tida etter 1945 har folketalsutviklinga i fylket vårt vore meir i utakt med landet elles enn i perioden 2005-14. Er det framleis nokon som hugsar kven som styrte dei viktigaste distriktsdepartementa i denne perioden? Som oppretta Distriktssenteret og Bulystprogrammet?

Det spelar inga rolle. ”Hensikten var god,” som dei sa på Brann stadion, når Kniksen i sine glansdagar sende ei pasning som dei mindre oppvakte medspelarane ikkje forstod døyten av. I slutten av den raudgrøne regjeringsperioden kryssa vi ei symbolsk grense i landet vårt: no bur over fire millionar nordmenn i byar og tettstader i landet vårt. Meir enn 80 pst. altså. Det vil bli ”verre”. Eller som dei så treffande skreiv det i Bygdenummeret (hehe) av det liberale og urbane tidsskriftet Minerva, som kom ut denne veka: ”Fire millioner nordmenn kan ikke ta feil.” Sjølvsagt kan dei ikkje det. Éin av grunnane til dette er forresten den store innvandringa; innvandrarane vil bu meir sentralt enn andre innbyggjarar i Noreg.

Det finst berre éin grunn til at folketalet veks mindre i Sogn og Fjordane enn i andre fylke: vi manglar dei større urbane sentra. Med andre ord: vi har ingen byar av noko omfang. Det viktigaste historiske spørsmålet er kvifor vi ikkje har klart å få til noko form for moderne byutvikling i vårt fylke. Kvifor fekk vi t.d. aldri eit sterkt industrielt og maritimt kraftsenter ved kysten vår? Eg har brukt timar på å diskutere dette med heidersmannen Eivind Hjellum i Florø. Vi vert ikkje einige. Vi er ikkje på same bølgjelengde. Men vi har eit danna ordskifte. Det gir von. Kanskje kan den kommande fylkessoga, som kollegaene mine på høgskulen arbeider med, gi oss eit fjom av svaret. Kanskje kan vi møtest til ein ”Tysdagsdebatt” om temaet på Meieriet i Sogndal. Her har vi i det minste ei levande scene og eit livskraftig studentmiljø som kan matche dei største småbyane.

Den demonteringa som no mange peikar på skjer med fylket vårt, har mykje av si forklaring i det eg har skrive ovanfor. Vi har sjølvsagt vunne nokre distriktspolitiske slag opp gjennom åra, men vi har tapt krigen. Våpenlageret er tomt. Distriktspolitikken er avvikla. Staten, inklusive Ap-staten, er ikkje lenger redningsmann. Det beste vi kan gjere no, er å byggje einsidig og konsentrert opp kring den positive utviklinga vi ser i Sogndal og Førde med omland. Men skal det duge til noko, må vi sprengje i filler dei spede folketalsprognosane til Statistisk sentralbyrå for desse to ”småbyane.” Fylkesmann Anne Karin Hamre, og mange andre, seier det same; berre med andre ord. Lat no, for éin gongs skuld, ord verte handling.

”Lucky loser”, kallar éin av forskarane på det store HiSF-leidde prosjektet ”Lærande regionar”, fylket vårt. Han heiter Jon P Knundsen, kjem frå Universitetet i Agder og ser oss utanfrå. Og han har rett. For sjølv om vi har tapt, har vi lukkast med mykje. Det visste vi. No skal vi få vite kvifor. Og dei enkle svara finst ikkje, seier prosjektleiaren, HiSF-forskaren Göran Söderlund. Det er bra. Vi skal ta resultata frå dette prosjektet til fornuftig vitende og undring, ikkje bruke dei til å briske oss sjølve endå meir. Vi har dessverre alt sett tendensar til dette.

Forresten. Bygdenummeret (hehe) til tidsskriftet Minerva slår fast at bygdene er best på integrering av innvandrarar. Aller best er vi på Vestlandet. Thaikvinnene reddar bygda. Er ikkje dette noko for framsnakkarane i Framtidsfylket AS?

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 7. mars 2015.
Twitter: @georgar

Strid - det me likar aller best

Å sjå bølgjene slå inn over Stad er fascinerande, å stå på ski ned fjella i Sogn er moro, og mange finn nok glede å reisa til Førde på kjøpesentersafari. Men noko av det artigaste med å bu i Sogn og Fjordane er likevel den gode gamle fogderistriden. Alle gir uttrykk for at det er grunnen til at me stampar på staden kvil, men du verden så artig det er, og inst inne nyter me kvar disputt me kan koma borti!

Som regel er det sjukehusstrid det går i. Det er likevel ikkje fullt så spanande som det gode gamle fogderistriden. Det er det som innanfor smågutefotballen blir kalla feige lag. Det er alle mot Førde, og det blir ikkje like artig som når alle skyt mot alle, og aller helst frå hofta.

Det er difor godt ein og annan lokalavisredaktør eller NRK Sogn og Fjordane stundom tek ansvar, og bles i gong ein heidundrandes Sogn vs Sunnfjord vs Nordfjord-debatt. Og eit slikt lokalsamfunnsansvar var det seinast NRK Sogn og Fjordane som tok.

Det var sjølvsagt den gode gamle «kor mange flyplassar skal me ha her i fylket»-debatten som blei sett i gong. Debatten er ein kjenning, som i seg sjølv er nok til å laga lynsjestemning, og lausrivingstankar hjå ein kvar fjogning. Sterkare enn nokon stad elles kom dette fram på NRK sine heimesider.

NRK er eitt av dei få media der det framleis går an å kommentera artiklar utan å måtte registrera seg. Ein kan med andre ord kommentera anonymt, og terskelen er låg, særs låg! Slikt blir det sleivspark og rett frå levera-snakk ut av. Det tok ikkje lange stunda før det nærma seg 50 kommentarar under artikkelen, der majoriteten var angrep på andre.

I kommentarfelta kan me lesa om florøfolk som ville leggja ned dei fire småflyplassane til fordel for éin storflyplass, og den skulle sjølvsagt liggja i byen med liten b – Florø. Det blei i same ordelag sagt at Florø er det Bergen er for Hordaland og Ålesund er for Møre og Romsdal. Det er jo direkte humoristisk, særleg sett i lys av sin situasjon som stortingsbestemt by i utkanten av utkantfylket. Men som eg sjølv kommenterte, det er jo litt sjarmerande òg då, det er jo ofte slik at det er dei minste hundane som er hissigast og trur dei er størst.

Sjarmerande er òg forslaget om å berre behalda flyplassen i Førde og den i Florø, då det er dei to som har mest aktivitet og som ligg i dei største «byane». Eg har likevel ei bang aning om at dette eigentleg er ein sogning eller nordfjording som utgir seg for å vera noko anna for på den måten å framstille sunnfjordingane som hovelause. Men det er jo ein del av spelet, for når det kjem til fogderistid er det ikkje noko som heiter fair play, og alt er lov.

Dette må jo likevel vera gull verdt for kultureliten her i fylket. Eg blir ikkje overraksa om me om nokre år kan reisa til Eid og sjå Strid i tre akter på Opera Nordfjord. Det måtte jo vera den perfekte opera med både kjærleik, hat, svik og ikkje minst ein sterk lokal lidenskap for nettopp strid. Me kan jo drøyma!