Viser arkivet for stikkord fjordane

Kva er Sogn og Fjordane sitt grep for framtida?

Motet held mannen oppe i sjukdom, men mismod, kven kan bera det? (Ordtøka, 18:14.)
Mellom slaga på reis utanlands har eg fått med meg at store fabrikkhallar i Sogn utan innhald som har kosta fellesskapet store summar, som ikkje har bidrege med noko som helst for korkje folk eller fe, har opna og pakka saman. Dette har skjedd over tid, og vert kalla omstilling her i fylket. Offentleg godkjent omstilling er det og. Flottare blir det ikkje. Ikkje meir meiningslaust heller. Landbrukspolitikken til regjeringa rokkar i desse dagar ved busettinga til Sogn og Fjordane, og kjernen i kulturen og indrefileten i fylket vårt: Kulturen i og kring småbruka våre frå kyst til nær sagt bre. Kva er Sogn og Fjordane sitt grep for framtida? Kva målsetjing ligg til grunn for å møte framtida, tru eller motløyse? Vitnar satsingane på tomme industribygg på målretta strategi for framtida til fylket vårt? Eller er det motløysa som rår? Syner handlingane våre at vi ikkje trur på noko anna enn å sjå bakover? Kva trur vi viss vi ser framover? Eller ser vi ikkje anna for motløysa? Uansett meiner eg stoda til fylket syner at vi ikkje maktar følgje omstillinga til samtida vi lever i mentalt. Vi byggjer flyplassar og handelshus og har landets beste bussjåførar, medan den stolte kulturarven vår som ligg i småbruka, gror ned. Bussjåførane ser snart ikkje anna enn grøne tunnellar anten dei køyrer i Hyllestad eller Stryn.
Demografiske endringar går over tid, det er lett å misse motet når vi veit at Rogaland har passert oss i folketal fleire gonger siste 200 åra. Kanskje urettvist å samanlikne med personar og individ, og slå fast at ingen er på topp heile tida, og trendar alltid er i endring, ikkje minst språket vårt. Men småbruka våre er kanskje noko av det mest autentiske vi har midt blant oss? Kva gjer vi med det?
Tidlegare denne månaden snakka eg med far til ei veldig dyktig dame i NRK, Erik Solheim, i Førde. Han meinte det snart vil syne seg at det å eige jord vil bli viktigare enn på lenge, kan hende meir enn nokon gong. Det seier seg sjølv at det ideelle då vil vere småbruk som let seg kombinere med andre yrke/moderne livsstil. Ikkje store gigantorganisasjonar av arten som vi ser på Austlandet og på Jæren. Kunnskapen om drift av småbruk vil vere attraktiv og naudsynt, matkulturen blir stadig meir verdfull og etandes (les SUNT.) Kortreist mat, mat som inneheld mat osv vert stadig meir populært hjå folk. Mat som før var husmannskost for ålmenta, er i våre dagar tilgjengeleg for dei som har vit, kompetanse og innhaldsrik lommebok. Vi ser at helse og livsstil går hand i hanske med dei største helseutfordringane i samfunnet vårt. Konsekvensane som følgjer ein moderne livsstil har fleire negative trendar, livsstilen som følgjer småbrukarlivet kan skilte med voldsomt lang og oppegåande pensjonisttilvere. (Eg kjenner alt lukta av gamalost og sødmen av bringebæra.) Bygdene i Sogn ligg i landstoppen på tal eldre over 100 år om eg ikkje hugsar så altfor gale. Vi har rikdom og innhald til å fylle mange industrihallar, men ikkje på den måten Sogn og Fjordane har gjort til no. Vi må gjere det vi er best på, det er det fylket er skapt til å vere, ein stad med mange små einingar med sine særeigne tradisjonar og konstruktive livsstil. Så lett tilgjengeleg som Sogn og Fjordane er i 2014, er det eit mysterium at ikkje fylket har gjort butikk og industri av dette for lenge sidan. I staden gjer vi som suauene, vi går i flokk. Som Ibsen sa, minoriteten har alltid rett. Eg trur at viss Sogn og Fjordane trur, så ser denne regionen at dei er unike innan sitt/sine felt, så satsar dei. Men dei må meir enn å ville, dei må tore. Så må dei ta steget og handle. Men kva er Sogn og Fjordane sitt grep for framtida?
Innlegget kjem på trykk i Sogn Avis/Innhogg laurdag 24. mai.

Strid - det me likar aller best

Å sjå bølgjene slå inn over Stad er fascinerande, å stå på ski ned fjella i Sogn er moro, og mange finn nok glede å reisa til Førde på kjøpesentersafari. Men noko av det artigaste med å bu i Sogn og Fjordane er likevel den gode gamle fogderistriden. Alle gir uttrykk for at det er grunnen til at me stampar på staden kvil, men du verden så artig det er, og inst inne nyter me kvar disputt me kan koma borti!

Som regel er det sjukehusstrid det går i. Det er likevel ikkje fullt så spanande som det gode gamle fogderistriden. Det er det som innanfor smågutefotballen blir kalla feige lag. Det er alle mot Førde, og det blir ikkje like artig som når alle skyt mot alle, og aller helst frå hofta.

Det er difor godt ein og annan lokalavisredaktør eller NRK Sogn og Fjordane stundom tek ansvar, og bles i gong ein heidundrandes Sogn vs Sunnfjord vs Nordfjord-debatt. Og eit slikt lokalsamfunnsansvar var det seinast NRK Sogn og Fjordane som tok.

Det var sjølvsagt den gode gamle «kor mange flyplassar skal me ha her i fylket»-debatten som blei sett i gong. Debatten er ein kjenning, som i seg sjølv er nok til å laga lynsjestemning, og lausrivingstankar hjå ein kvar fjogning. Sterkare enn nokon stad elles kom dette fram på NRK sine heimesider.

NRK er eitt av dei få media der det framleis går an å kommentera artiklar utan å måtte registrera seg. Ein kan med andre ord kommentera anonymt, og terskelen er låg, særs låg! Slikt blir det sleivspark og rett frå levera-snakk ut av. Det tok ikkje lange stunda før det nærma seg 50 kommentarar under artikkelen, der majoriteten var angrep på andre.

I kommentarfelta kan me lesa om florøfolk som ville leggja ned dei fire småflyplassane til fordel for éin storflyplass, og den skulle sjølvsagt liggja i byen med liten b – Florø. Det blei i same ordelag sagt at Florø er det Bergen er for Hordaland og Ålesund er for Møre og Romsdal. Det er jo direkte humoristisk, særleg sett i lys av sin situasjon som stortingsbestemt by i utkanten av utkantfylket. Men som eg sjølv kommenterte, det er jo litt sjarmerande òg då, det er jo ofte slik at det er dei minste hundane som er hissigast og trur dei er størst.

Sjarmerande er òg forslaget om å berre behalda flyplassen i Førde og den i Florø, då det er dei to som har mest aktivitet og som ligg i dei største «byane». Eg har likevel ei bang aning om at dette eigentleg er ein sogning eller nordfjording som utgir seg for å vera noko anna for på den måten å framstille sunnfjordingane som hovelause. Men det er jo ein del av spelet, for når det kjem til fogderistid er det ikkje noko som heiter fair play, og alt er lov.

Dette må jo likevel vera gull verdt for kultureliten her i fylket. Eg blir ikkje overraksa om me om nokre år kan reisa til Eid og sjå Strid i tre akter på Opera Nordfjord. Det måtte jo vera den perfekte opera med både kjærleik, hat, svik og ikkje minst ein sterk lokal lidenskap for nettopp strid. Me kan jo drøyma!

Å ro i medvind når det bles imot

Georg Arnestad meinte i denne spalta sist laurdag at valet ikkje er spennande. No er det berre ei veke att, og for min eigen del, som bonde og utkantnordmann, så har valet nokre element av spenning. Ein ting er kven som skal representere Sogn og Fjordane i det nye Stortinget, ein anna ting er maktforholdet partia imellom når nytt Storting vert sett inn.

For valvindane bles, og alle partia meinar dei har vinden i ryggen. Og det har dei vel, det er ikkje vanskeleg å snu seg slik at vinden bles i ryggen. Og sjølvsagt snur dei seg, for det er ikkje godt å ha vinden mot andletet.

Men det er ikkje alle som kan kunsten å snu kappa etter vinden, sjølv om dei prøver. Ta til dømes Åge Starheim sine lovnader om å halde oppe lønsemda på gardane her i fylket, tvert imot sitt eige program. Når bløffen vart avslørt, skulda han på at han ikkje hadde fått god nok tid frå NRK til å fortelje kva han eigentleg meinte. Men når NRK stilte han spørsmål om korleis dette hang i hop på ei morgonsending nokre dagar seinare, med all verdas tid til å svare for seg, så sa han at det kunne no ikkje han svare på, det var opp til dei som til eikvar tid styrer. Dette var inga vellukka øving i å snu kappa etter vinden.

Det var heller ikkje særleg vellukka då Hedstrøm fortalde folk i Sogn og Fjordane at dersom Frp får regjeringsmakt etter valet, så skal dei instruere Fylkestinget i Sogn og Fjordane om å skrinlegge planane om Dalsfjordbrua. Dette fordi fylkestingsrepresentantane her i fjordafylket gjorde så dumme val på vegne av innbyggarane her at statleg overstyring etter Frp si meining er heilt naudsynt. Sjølvsagt var målet å vinne fleire stemmer i fjordafylket. Men det gir ikkje stort truverde for partiet å skulde dumskapen i Fylkestinget for at dei ynskjer å overkøyre regionale vedtak. For vi likar ikkje å høyre frå Oslo at dei som representerer fjordafylket på Fylkestinget er dumme. Og vi likar heller ikkje at ei eventuell Frp-dominert regjering vil overstyre dette fylket frå Oslo, på grunn av at dei oppfattar fjogningane som dumme. Dei seier dei skal vere forutsigbare, men dette utspelet viser at det einaste forutsigbare er at dei snur kappa etter vinden på heilt uforutsigbare måtar, i håp om å sanke fleire veljarar.

Partiet sine friarferder til kristenfolket er heller ikkje døme på vellukka øvingar i å snu kappa etter vinden. For etter landsmøtevedtaket om aktiv dødshjelp saman med partiet sitt abortsyn, skulle ein tru at konservative kristne ikkje ynskjer å stemme partiet inn til regjeringsposisjon.

Men valvindane bles frå alle kantar, både med og mot. Då er det vanskeleg å ro også. Og politikarane ror det dei er gode for siste veka før valet, og prøver ta inn att litt av feilgrepa dei har vore avslørde på. Men det vert ikkje lettare å ro i motvind, sjølv om ein lurer seg sjølv til å tru at ein har medvind.

Eg var på tur til Førde saman med eit av borna mine ein dag denne veka. Då vi køyrde langs Jølstra på Vassenden, gjorde eg barnet merksam på den store vassføringa. – Sjå kor mykje vatn det er i elva! Då kom det turt frå baksetet: – Ja, men når eg let att augo så ser eg mykje meir vatn i elva enn det var når eg såg på elva før eg let att augo! Er det på same måten politikarane ser på straumen av veljarar i si eiga elv, som strøymer mot vallokala? Uansett kva politisk farge det er på den elva du høyrer til, så håpar eg elva fører mot vallokalet om ei veke. Godt val!

Dette innlegget var trykt som Innhogg i Sogn avis laurdag 5. september. Desverre med nokre feil som desken i Sogn avis har påført innlegget mitt. :-)