Viser arkivet for stikkord fjærland

Det innhaldsrike vertshuset i Supphelledalen

For nokre dagar sidan blei eg merksam på ein reiselivsblogg som blei delt på sosiale medier. Det omtalte det nyaste tilskotet på overnatting i Fjærland – Rødseter Inn.

Eg blei både glad og imponert då eg las denne bloggen om skribenten sine fantastiske opplevingar på Rødseter Inn. «Dette var et hus med sjel, et annerledes overnattingssted som innvendig byr på seg selv på en helt annen måte enn fasaden skulle tilsi. Her var det hjertevarme, hjemmekoselig og veldig annerledes.» Vidare står det: «Rom som innbyrdes var totalt ulike, men som alle var utført med det samme kyndige blikk for hvordan gammelt og nytt skulle kunne utfylle hverandre – og utfordre hverandre. Koseligere hotellrom skal du lete lenge etter, rent og luftig, vakkert og stille. Vi lot oss begeistre! Et spennende og annerledes konsept.» Også maten er ifylgje bloggaren også i beste klasse. «Alt lagt til rette på utsøkt vis og svært smakfullt anrettet. Et minnerikt måltid.»

Så langt ut i blogginnlegget innrømmer eg at eg blei litt skeptisk. Så eg tok ein tur inn på hotellbookingsida booking.com på verdsveven. Der kunne eg lese at Rødseter Inn i kundeomtale har 9,4 av 10 poeng. Omtalane på denne nettsida overgår nesten blogginnlegget eg akkurat hadde lese. Det einaste som er negativt kommentert er at uteområdet rundt Rødseter Inn ikkje står heilt i stil med det smakfulle interiøret.

_Dette er ein del av ein tekst som er trykt som innhogg i Sogn Avis – årets lokalavis. Du kan lese heile innhogget her.

Fjærland bok- og litteraturfestival?

Sogn og Fjordane ligg på festivaltoppen i Noreg, konstaterte avisene sist sommar. Ikkje berre har vi flest festivalar per innbyggjar, men til liks med Oslo har vi, enn så lenge, også to såkalla knutepunktfestivalar, som medfører både status og ein ekstra pengepott frå staten. Av desse to er folkemusikkfestivalen i Førde i ei klasse for seg. «Unik kvalitet», «kunstnerisk ledende nasjonalt» og «internasjonalt anerkjent» konstaterte, ikkje uventa, den statlege evalueringa i 2014.

Omtalen av den andre, Norsk Country Treff, var, også som venta, meir moderat; «nyskapning og utvikling ivaretas i svært liten grad», «opprettholder en del fordommer», men «er på høyde med sammenliknbare festivaler nasjonalt». Den norske countryscena er, ifølgje staten, rett og slett for tradisjonell. Men Norsk Countrytreff har i det minste teke til å skrive namnet sitt riktig.

Her i Sogn har vi ingen knutepunkt, men mange gilde festivalar. Bale-Jazz på vårparten er eit must både for Sigurd Kvikne og for godt vaksne sogningar og fjordingar i alle aldrar. Dei unge, men ikkje lenger fullt så hippe, har Fresn i Fresvik. I år også med Olav Stedje. Eit forfallsteikn? Eller eit vitnemål om det tidlause i musikken. Lengst inne i fjorden, på Tangen, er det snart Målrock for fjortande året på rad. Målomgrepet er utvida og profilen utvatna, men årdølene held koken med jamt solide artistar.

I havgapet i Skjerjehamn i Gulen går den meir musikalsk vågale og sprudlande Utkantfestivalen av stapelen for tiande gong. Oppdrettspengar frå husdiktaren Ola Braanaas, tidlegare kommunistgründer, ligg i botnen. Ut på hausten ein gong kjem Nynorske litteraturdagar i Aurland, etablert i 2006 med konsesjonskraftpengar frå ei, den gongen, velfylt kommunekasse. «Folkeleg, raus og levande» er mottoet. Altså trygt, koseleg og litt kjedeleg. Og, for all del, ingen litteraturkritikk.

Det finst mykje meir. Som Jordeplerock i Lærdal, Lustrabalder i Gaupne, bluesfestival i Jostedalen, gammalostfestival i Vik og Fruktbare dagar i Leikanger. I Sogndal er det berre fotball og sport som gjeld, her også. Den store og vellykka fotballturneringa Sognefjord-Lerum Cup starta alt i 1989, lenge før dei fleste festivalane våre var påtenkte. Fjellsportfestivalen begynte i 2008, og speglar av tidsånda på ein fortreffeleg måte. I det siste har vi fått Fjell og fjordmoro, ein avleggjar av Fjellsportfestivalen. Den nye tilveksten kan heller ikkje skrive namnet sitt riktig. Eit dårleg teikn.

I tillegg har vi i Sogndal kommune den 20 år gamle Bokbyen i Fjærland med si årlege Boknatt. Men ingen bokfestival. «At ikkje bokbyen i Fjærland har ein eigen festival allereie, er ei gåte for meg,» sa diktaren Henning H. Bergsvåg ifølgje Sogn Avis på jubileumsseminaret i Fjærland i mai. «Det å vere i bokbyen, har frå før ein kultstatus. Den kan de utnytta betre», heldt han fram.

Den erfarne journalisten og dyktige bokbadaren Jan Landro, som leia seminaret i Fjærland, er meir reservert. Han seier til meg at bokbyen bør skaffe seg ein kulturell, ikkje nødvendigvis litterær, samarbeidspart, og kople seg med anna kulturaktivitet langs fjorden. «Sognefjorden har jo en plass i kunsthistorien. Kunne de koblet litteratur og historiske spel?», spør Landro.

Kunstbygda Balestrand og Bokbyen i Fjærland. Kan det finnast ein allianse her som kan danne basis for ein mindre, noko spissa, og ambisiøs, bok- og litteraturfestival? Om dét går bra, kan ein utvide etter kvart, utan å utvatne. Små festivalar må byggje på ein god berande idé om dei skal lykkast.

Det vil vere ulike oppfatningar om profil og konsept for ein muleg litteraturfestival i Fjærland. Kanskje er flinke fjærlendingar alt i gang med arbeidet. Eg vert forresten gjerne med på både høgttenking og dugnader. Det blir sikkert andre sogndøler også.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 16. juli 2016.
Twitter: @georgar

Mai

No er det vår med spirekraft og høgtidsdagar. Mange tykkjer mai er den vakraste månaden i året. Det er kanskje kontrasten til vinteren som gjer det. Alt går så fort no. Trea blir fort grøne. Graset veks fort. Og plutseleg poppar det opp blomar både her og der. Til og med lamma veks fort, så fort at eg kvart år blir forundra over kor fort lam dobblar og tredobblar vekta si. Her i Mundal låg det framleis snø i byrjinga av mai, andre stader i Fjærland ligg det snø framleis. Men likevel går det fort. Ikkje før er snøen borte så er bøane grøne og fine.

No er det mai og møkalukt. Eg høyrer dei som rynkar på nasen av møkalukta. Då seier eg at det er lukta av våren dei kjenner. Og våren er vakker og våren luktar godt! Møka er bonden sitt gull, seier eit gamalt ordtak. Og bønder har ikkje så mykje gull liggjande, så vi må ta vare på det gullet vi har. Men husdyrgjødsla er ikkje verd noko om ein lagrar ho; ho må utnyttast på beste måte. Då skaper ein verdiar. Så må ein håpe og tru at det blir eit landbruksoppgjer som legg til rette for framleis matproduksjon og andre verdiar berre eit aktivt landbruk kan skape. Slik at vi bønder kan halde fram å spreie gullmøkk – eller gylle som ein ofte kallar det. Les heile Innhogget her

Ikkje alt heng på greip

Twitternamnet mitt er @MANNmedGREIP. Somme tykkjer dette er morosamt og slår ein spøk om at noko eg akkurat kvitra ikkje heng på greip. Av og til får eg også spørsmål om kva ei greip eigentleg er.

Dei fleste av Sogn Avis sine lesarar veit truleg at greip er ein gaffelliknande reiskap bønder før i tida brukte til å spreie møk med. Medan høygaffelen har tre tindar, har møkagreipa seks eller sju meir tettsitjande tindar. Slik kunne møka henge på greipa, og spreiast. For lenge sidan – omtrent då min far var yngre, eller når eg tenkjer meg om; då eg sjølv var yngre – vart møka køyrd ut på åkeren, og møkadungane spreidde med greip. Gjerne 1. mai. No vert møka spreidd med effektive traktorreiskap. Sjølv prøver eg unngå 1. mai, av respekt for folk som tenkjer annleis enn meg.

Det er mykje som ikkje heng heilt på greip. Sjølv har eg vanskeleg for å forstå at folk flest er rasande over eit lovforslag som tillet at legar får reservera seg mot å handle mot eige samvit. For det har dei sjølvsagt gjort før også. Skilnaden no er at dei skal få lov til det, og at det skal bli offentleg kva for legar som vil handle på eige samvit. Alle som har anna samvitsterskel kan sjå kva for lege som har eit samvit som gjer at dei er mot å avslutte det desse legane – med sterk støtte i vitskap og vanleg logikk – meinar er eit menneskeliv. Når det blir offentleg kva for legar som strir med slike etikkspørsmål, så blir det også enkelt for pasientar å skifte fastlege. Kva skaper dette hatet mot legane sin rett til å reservere seg mot å handle mot eige samvit? Det heng ikkje heilt på greip, gjer det?
Les heile Innhogget her

Ein rundball med namn Soria Moria

Dette innlegget er trykt som Innhogg under tittelen “Raudt pluss grønt er ikkje raud-grønt!” i Sogn Avis laurdag 28. august 2010.

Denne helga står i rundballen sitt teikn. Kreative og «gale» fjærlandsbønder med glimt i augo boltrar seg fritt når dei lagar kunst av rundballar og viser det fram for publikum på den mykje omtalte rundballefestivalen.

Kvar elles kan ein sjå rundballar klamrande fast oppe i eit tre, med eit andlet som viser tydeleg at han lengtar ned att til dei to smilande venene sine nede på landjorda? Eller rundballar som kjem krypande opp av ei veggrøft med svartmåla fotball som nase, rundballar utkledde som marihøner eller som halloween-graskar? Og eg tenker at om ein skulle skape naturalistisk kunst av regjeringa ved hjelp av rundball og fargar, så kunne ein måle ein rundball raud og grøn og kalle han Soria Moria. Og så kan ein legge all slags passande tolkingar og politiske analysar inn i det «kunstverket». Om ein vil setje kritisk søkelys på den mislukka landbrukspolitikken, som det har vore mykje debatt om siste vekene, så kan ein også plassere rundballen Soria Moria oppå ein sprellande og blødande bonde. Men den debatten skal eg ikkje ta her.

Les heile innlegget!