Viser arkivet for stikkord fardal

Nok framsnakking no

”Lat oss bli verdas beste på oppvekst,” skreiv vår alles ven, bankdirektør Arvid Andenæs, i eit langt innlegg i lokalavisene før jul. Bodskapen var enkel: vi må samle oss om noko positivt og offensivt. Vi må forvalte rikdommen vår slik at den gir avkastning i form av styrka profil, styrka sjølvtillit og positiv utvikling, skreiv fylkets mektigaste ba(n)kmann. Er det derfor han er så knipen med pengane? Om du treng risikokapital, er nemleg fylkesbanken ikkje den som først opnar dørene for deg.

I innlegget sitt skrytte Andenæs av ein annan fylkestopp, sjefs-Navar Tore Thorsnes. No vil også han underhalde oss med lange, oppbyggjelege avisinnlegg. Eit lite tiltak opp i alt Nav-elendet. I det «glimrande» førjulsinnlegget streka også Thorsnes under at vi må samle oss kring utvikling av dei «fantastiske ressursane» våre, ”om det no skulle vere næringsliv, natur eller den kunnskapsrike ungdomen vår”. Alle må vi stå fram, skreiv han, som ”stolte over det flotte fylket… og vere offensive i debattane om framtida vår, utan hua i handa.”

Avisredaktørens resept er den same: «Folkens, me må bli betre – mykje betre på å framsnakka kvarandre», skriv redaktør Fardal. Og han viser til Thornes og hans rørande forteljing om kor «fantastiske» vi er. Medietoppen Arve Sandal avslutta det heile med eit tilbakeskodande romjulsbrev om kor bra alt var i og for Sogn og Fjordane på 60-, 70- og 80-talet. Lenge leve Gerhardsen, Kyllingmark og Willoch. Skikkelege karar, veit du. Mens dei styrte, fekk vi som budde her, «trua på oss sjølve og at det vi driv med, er verdifullt for folk og land.»

Slik er det ikkje i dag. No er «nokon», den blåblå regjeringa visst, ute etter oss. Dei vil ta frå oss det Gerhardsen og Kyllingmark bygde opp. Vi er utpeikte til «avviklingsfylke.» Derfor bles fylkestoppane våre til full positiv mobilisering. Ordførar Harald Offerdal i stagnerande Balestrand har funne i alt 19 statlege reformer som skal gje oss «robuste fagmiljø og betre tilbod.» Men, seier sindige, seige Offerdal, «me har ikkje sett det dokumentert.» Vi er då så fantastisk gode på det meste; skule, utdanning, trivsel, lærarkrefter, oppvekstvilkår, kunnskapsrike ungdommar, at vi ikkje treng reformer av noko slag. Heller «back to the 60ies» med Arve Sandal. Og nokre Nav-kurs i «framsnakking», med Jan Inge Fardal og Rasmus Mo. Nei, forresten. Hent Frode Grytten hit. Skrønemeisteren frå Odda. Han skrønar så vi trur det verkeleg er sant.

«Når veldig mange sier det samme, er det tid for å høre på noen andre.» Det skreiv ein annan odding, Knut Olav Åmås, i Aftenposten sist laurdag. Tenk litt over det. Om det er eit fylke som verkeleg treng reformer, i lokal- og regionalforvaltning, næringsliv, skulevesen osv., må det vere Sogn og Fjordane. For framtidsprognosane for fylket er svært dårlege. Kvifor løyner de dette? Demografien talar sitt tydelege språk. Vi kjem dårlegast ut av alle fylke. Ungdomstala stuper. Og trass all begeistring, er innflyttingstala like negative som før. Bryr Framtidsfylket AS seg om det? Vår siste demografiske skanse, høge fødselstal per kvinne, er no også snart historie. Berre storstila innvandring kan «redde» oss.

Ingen kan skrøne seg vekk frå dette. Det hjelper korkje med «framsnakking», endelaust sjølvskryt eller fantastiske forteljingar. Spør heller: kvifor er det så få som flyttar hit? Den hemningslause begeistringa, den ukuelege, men evnelause optimismen, og den påtekne positiviteten duger ikkje som framtidsverktøy. Empirien talar sitt eige språk. Vi må omstille oss, vi også. Men når til og med den mektige banksjefen vil «framsnakke» oss til ein ny røyndom, ringjer alarmklokkene.

”Framsnakking” er ikkje berre eit språkleg dårleg ord. Det hjelper heller ikkje ein døyt. Seier eg, mens eg stolt tek på meg «Nei-hatten».

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 7. februar 2015.
Twitter: @georgar

Monstermastmonologen

Det er særleg éi politisk sak som har sprengstoffpotensiale her i fylket. Med jamne mellomrom kjem den fram i aviser og radio, og då kan bompengar vera bompengar, og Helse Førde sine krumspring kan berre legga seg. Eg snakkar sjølvsagt om den nye kraftlina mellom Fardal og Ørskog.

Og no kom den altså på dagsorden igjen, etter at NVE tilrådde høgspentline, og ikkje sjøkabel.

På nyheitene blei lenkene teke fram, for skal me tru bonden på Sunnmøre så vil demostrasjonane mot Alta-ubygginga berre bli småtteri i forhold til det som skjer viss ei utbygging av kabel over bakken blir ein realitet.

Den som etter kvart har blitt leiar i kampen for jord- eller sjøkabel Bjørn Lødemel. Høgremannen som ikkje akkurat trengte å ta kjempesats for å hoppa etter Wirkola [les: dei to andre superanonyme Høgre-folka her i fylket ingen hugsar namnet på], men som verkeleg får 20 i stil.

Sett vekk i frå Tor Bremer sitt tapre forsøk på å vinna røyster for å sikra det viktige andremandatet like før jul, då han gjekk ut og gjorde kabel i master til si kampsak, har det slik eg har sett ikkje vore nokon som har fronta den andre sida. Men det er vel gjerne naturleg etter at me såg korleis det gjekk med Bremer. Det var jo nærast pinleg å høyra han når ha begrunna si åtvaring i at folk truleg ikkje visste kor dyrt dette ville bli. ”Kanskje opp mot FEM TUSEN MILLIONAR”…

Generelt har eg ein regel som seier at når folk snakkar om tal tusen millionar, og ikkje milliardar, så er resten av argumentasjonen så svak at dei må forsterka og dramatisera på andre måtar.

Sjølv veit eg ikkje om argumentasjonen for straummaster i det heile eksisterar, og i sofall om den held vatn, det er jo ingen frontar den. Og trur eg rett så er det heller ingen som kjem til å fronta den i valkampen heller.

Einaste argumentet eg har høyrt er at sjøkabel ikkje stettar dei behova som ein kabel i mast kan gjera i og med at teknologien me har i dag ikkje er god nok for sjøkabel. Men det var vel òg tilfelle når Stortinget gjekk inn for CO2-rensing òg. Det var sett på som umogleg, men jammen går det likevel!

Men ein ting skal skaptilhengjarane og Bremer har! Det er utvilsamt mykje dyrare å leggja kabelen under jordoverfalta, men alvorleg tala, blir dekka inn av nettleige? Øydelagd utsikt, inngrep i naturområder og misnøgde turistar blir det ikkje kompensert for til dei som lever av det. For meg framstår denne iveren etter å byggja ut på den billigaste måten ikkje reint lite om måten ein opererte i Sovjet. Mest mogleg for minst mogleg pengar. Det blei ikkje så pent, men billig blei det vertfall!

Så står det att å sjå om dette blir ei viktig sak i valkampen, eller om masttilhengjarane teier den ihjel, i frykt for mannefall hjå veljarane. Kven veit, kanskje prøvar Tor Bremer seg frampå med litt mastesnakk innimellom Twitter, Facebook og sokkasig. «Ja til mostermast, nei til sokkasig» kan det vera noko, Tor?