Viser arkivet for stikkord eu

Dei problematiske direktiva

Fyrstkommande måndag kunne blitt ein av dei viktigaste dagane på lengje når det kjem til spørsmålet om Noreg si tilknyting til EU. Det er då Stortinget skal ta stilling til det mykje omtala datalagringsdirektivet, men etter at Erna Solberg har vifta med partipisken sin, ser det ut til at det truleg ikkje blir noko veto. Rimeleg flautt både for dei som blir piska og dei som tidlegare har gjort narr av den mykje meir kjende pisken til AP.

Som kjend har det endå ikkje blitt lagt ned noko veto, eller reservasjon som det heiter på fint, mot direktiv frå den kanten. Skal det likevel mot formodning bli eit veto mot datalagringsdirektivet vil kunne vera det som får vetoballen til å rulla. Blir det ikkje noko veto, har løpet for eit historisk veto likevel ikkje gått. For tru meg, det er meir der det kjem frå. Det kommande året vil Stortinget måtte ta stilling til ei rekkje direktiv som vil kunne snu opp ned på grunnleggjande verdiar og rettar som me i dag har og ser på som sjølvsagte.
Les meir…

Overvaking

Bandet Aqua har sidan i seinsommar nok ein gong blitt populære med sin til no siste slager back to the 80’s. Det ikkje alle veit er at EU allereie i 2006 kom med sitt tilbakeblikk til 50-, 60-, 70- og 80-talet. Det blei ikkje ein song, og ikkje blei det spesielt fengjande heller. Dei kalla det datalagringsdirektivet, og no vil dei gjera det om til norsk lov og politikk.

Kort oppsummert går direktivet ut på at viss du sender ei melding eller ringer nokon, skal det lagrast kven du ringte til, når du ringte, kor lengje du ringte og kvar du var når du ringte. Det same gjeld mellom anna òg av- og pålogging på internett, kven du har sendt e-post til og når. Dette er berre litt av den informasjonen som, viss direktivet ikkje blir lagt ned veto mot, skal lagrast i 6 til 48 månadar.

Det er lett å tenkje at dette berre går utover dei som har noko å skjule. Men då må ein spør seg, ville ein godteke at ein person sto ved postkassa og noterte kven du var, kven du skulle senda brevet til og når og frå kva du sendte det? Neppe, men eigentleg er det i prinsippet akkurat det same, berre med moderne teknologi.

Politiet har, ikkje overraskande, vore særleg positive. Dei har sagt at ei innføring av datalagringsdirektivet vil vera med å løysa fleire saker. Helga Pedersen, som er parlamentarisk leiar for det partiet i Noreg som har lengst tradisjon for overvaking, har på si side gått ut og sagt overvakinga vil kunne gjera det lettare å spora opp dei som driv med barneporno. Ho har i tillegg sagt at om det berre reddar eitt barn, så er det verdt det.

Dette er sjølvsagt retorikk det er umogleg å argumentera mot. Då må ein likevel spørja seg kor langt Pedersen er villig til å gå. Overvaking av innhaldet i mailane, telefonsamtalane ol. kan nok redda endå fleire born, eller kva med ei utstrakt videoovervaking?

Eg trur likevel Helga Pedersen vil bli skuffa viss ho får moglegheita til å finna ut kor effektiv denne overvakinga eigentleg er. Ved hjelp av nokre tastetrykk kan personar med litt over gjennomsnittleg interesse for data fint surfa rundt på andre sine IP-adresser, for ikkje å snakka om kor lett det er å bruke andre sine PCar. Då er det lite hjelp i overvakinga, og dei ein tek er berre småfiskane som er så uproffe at dei ikkje har tileigna seg kunnskapen.

Så kan ein spør seg om ikkje dette berre blir ei fortsetting av allereie registrering. Slik det er i dag registrerar mobilselskapa trafikken uansett. Men det er på veg vekk. Framtida er at ein betalar ein gitt sum i månaden, og har fri bruk. Med slike ordningar har telefonselskapa ikkje heimel til å registrera trafikkdata. Datalagringsdirektivet går med andre ord i motsett retning.

Slik det er i dag må ein ha retta ein mistanke mot seg viss ein skal under tilsvarande overvaking. Får EU og Helga Pedersen det slik dei vil, er me alle i framtida potensielle kriminelle som må overvakast. Vil me verkeleg leva i eit slikt land?

Representativt, sa du?

Me har alle lært om folkesuverenitetsprinsippet, det representative demokrati og den smørja der når me gjekk på skulen. Essensen var og er at våre folkevalde skal spegla oss, og at me på den måten kan gje frå oss vår mikroskopiske medbestemmingsrett til dei 169 som sit på Stortinget. Men er Stortinget ei miniutgåve av oss som røyster?

For under ein månad sidan blei me presentert tal som sa at omlag 40 % av dei som skal sitja på Stortinget denne perioden ikkje berre er kritiske til monarkiet som styreform, men vil helst hadde sett at Noreg var ein republikk, og slik hadde ein president som statsoverhovud.

Ei undersøking utført av InFact i mai i år, viste at berre 17 % av personar over 18 år meinte det same. Og skal me tru høgrekronprinsen Torbjørn Røe Isaksen, stemmer dette godt med den jamne folkeopinionen.

Men for dykk monarkistar som no skjelv i buksene, er det berre å ta det med ro. Det er nok framleis eit stykke att til 67 % som Grunnlova krev for å endra styreform. Erfaring viser dessutan at den jamne stortingsrepresentant ikkje har pondus nok til å setja ei så stor endring ut i live uansett, vertfall viss det kan hindra attval.

Eit anna bra døme på eit lite representativt demokrati har me i EU-saka. Stortinget anno 2009-2013 består av berre 66 uttala nei-folk, 71 ja-folk, og ein skokk med skap-ja og tenkeboksnølarar. Dette står i sterk kontrast til det stabile nei-fleirtalet på meiningsmålingane sidan 2004 og reint fleirtal dei to siste år. Og minst representativ av alt er benken til nei-fylket Sogn og Fjordane, med berre ein av fem som er mot EU.

Vidare er det interessant å merkja seg at det berre er to av representantane som ikkje har norsk bakgrunn. Desse er pakistanskætta Hadia Tajik og Helga Pedersen som er samisk. Men sjølv om begge minoritetsrepresentantane er kvinner, står ikkje det i stil med resten av parlamentet. Kvinner generelt er på ingen måte representativt representert, då berre 39 % av våre øvste folkevalde er kvinner.

Sjølv om ein ofte kan få innrykk av at dei folkevalde kan vera litt sidrumpa, viser dei harde fakta at eldrebølgja ikkje akkurat slår innover Løvebakken. Det nye Stortinget består berre av 6 % over 60 år. Det er heller ikkje noko særleg betre i den andre enden av skalaen, aldersgruppa 20-29 utgjer berre 7 %. Det er liten tvil om at det er dei tre aldersgruppene mellom 30-59 som er vinnarane av dette valet!

George Orwell skreiv i Animal farm at alle dyr er like, men nokon er likare enn andre. Det kan vel trygt seiast om det representative demokratiet òg. Nokon er meir representative enn andre.

Kvalm unionisme

Sjå for deg at statsministaren eller kongen skal tale til folket.

Talarstolen er kledd i raudt, kvitt og blått, det same er stolane, veggane og golvet òg, gjerne ein av kvar farge. Bak talarstolen vaiar to norske flagg saman med ei nypussa riksløve i skinnande messing.

Ganske kvalmt, ikkje sant?

Me er til dels blitt vane med å sjå slikt frå USA, der dei jo alltid har skulle vore så fine på det, og ingen har nokon gong betvilt deira overdådige nasjonalkjense. Denne kjensa har jo gjort at mange amerikanarar ser på seg sjølve som utvalde og gjerne hakket betre enn andre.

Men det er jo i USA, i Europa har me det sjølvsagt ikkje slik! Eller tek me kanskje etter den kvalme nasjonalismen og identitetsbygginga likevel?

Eg kan berre slå fast med ein gong at mitt standpunkt i EU-saka ikkje berre kanskje, men heilt sikkert fargar dette innhogget, men det får heller gå. Meiningsmålingane dei siste åra viser at eg er i godt selskap, og me sogningar er ikkje mindre kritiske enn gjennomsnittet her i landet.

Det er i mine auge liten tvil om at EU byggjer opp ein europeisk identitet. For nokre år sidan møtte eg ein frå Belgia som sa han følte seg europeisk, og ikkje belgisk. Ein felles identitet må til i ein felles marknad, med felles økonomi, politikk, hær, terrorliste, parlament, president og stort sett det meste sett vekk frå felles oppfatting om vegen vidare.

Den massive bruken av flagget på alle dokument, og blå bakgrunn med gule stjerner på det meste EU har fingrane på, er ikkje det einaste.

Ein gjennomført bruk av namn som til stadigheit minner oss om EU i ulike namn, slik som mynten som sjølvsagt heiter euro, politisamarbeidet som heiter europol, eller kva med kva med EU sitt atomenergiprogram euratom? Nokre gongar blir det litt betre skjult, slik som EU sitt svar på det amerikanske green-cardet, bluecard.

Ved grenseovergangane til EU blir ein fort gjort merksam på kvar ein har kome. Blåe skilt med gule stjerner markerar at ein er i EU-land no. Hadde det ikkje vore kvalmt om det skulle vore norske flagg på norsk side av alle grenseovergangane våre?

Det sjukaste er likevel når propagandaveldet i Brussel rettar sitt fokus mot barn og ungdom. Ein god start er «Captain Euro, the European super-hero» (sjå www.captaineuro.com), som saman med mellom anna sin blonde og blåauga hjelpar, Erik, til dagleg kjempar ein hard kamp mot den onde Dr. D. Vider (eit fiffig ordspel her altså!), som jobbar for eit delt Europa, og stel europeiske kunstskattar slik som van Gogh. Samstundes er det viktig at Captain Euro og hjelparane hans «are bearing the European message with them wherever they go»

Spar meg for den bodskapen er du snill, og lat dei andre om storleiken kivast!