Viser arkivet for stikkord bonde

Mai

No er det vår med spirekraft og høgtidsdagar. Mange tykkjer mai er den vakraste månaden i året. Det er kanskje kontrasten til vinteren som gjer det. Alt går så fort no. Trea blir fort grøne. Graset veks fort. Og plutseleg poppar det opp blomar både her og der. Til og med lamma veks fort, så fort at eg kvart år blir forundra over kor fort lam dobblar og tredobblar vekta si. Her i Mundal låg det framleis snø i byrjinga av mai, andre stader i Fjærland ligg det snø framleis. Men likevel går det fort. Ikkje før er snøen borte så er bøane grøne og fine.

No er det mai og møkalukt. Eg høyrer dei som rynkar på nasen av møkalukta. Då seier eg at det er lukta av våren dei kjenner. Og våren er vakker og våren luktar godt! Møka er bonden sitt gull, seier eit gamalt ordtak. Og bønder har ikkje så mykje gull liggjande, så vi må ta vare på det gullet vi har. Men husdyrgjødsla er ikkje verd noko om ein lagrar ho; ho må utnyttast på beste måte. Då skaper ein verdiar. Så må ein håpe og tru at det blir eit landbruksoppgjer som legg til rette for framleis matproduksjon og andre verdiar berre eit aktivt landbruk kan skape. Slik at vi bønder kan halde fram å spreie gullmøkk – eller gylle som ein ofte kallar det. Les heile Innhogget her

Bønder har høgast IQ

Det er tidleg vår i år. 30. april blei første åkeren sådd med grasfrø og med havre som dekkvekst, medan det bles nordavind og lette snøfjon dala ned. Eg let ikkje nordavinden ta frå meg vårkjensla. Nordavêr gir vanlegvis ikkje nedbør her, og det tok ikkje lang tid før sola var attende. Naboen og kollegaen min sa at bestefar hans hadde fortalt at i 1920 sådde dei korn 30. april i Mundal. No er det sikkert ikkje uvanleg å så i april somme andre stader i landet, men i Fjærland er det altså nesten hundre år sidan forrige gong.

Mellom lamming og våronn, medan vi bønder ventar på krav og tilbod og jordbruksforhandlingar, begynte eg å lure på kva plassering Sylvi Listhaug har i odelsrekka. For eg las nemleg for ei tid sidan om ein norsk studie frå 2007 som viser at plassering i søskenflokken påverkar IQen. Dei førstefødde har i gjennomsnitt høgast IQ, og så minkar IQen di lenger ut i søskenflokken ein er. Dette er sjølvsagt rein statistikk, og må ikkje misbrukast av storebrødre eller storesøstre. Men som Georg Arnestad seier: Statistikk lyg ikkje.
Les heile innhogget!

Bønder flest er ikkje dumme

Landbruksminister Sylvi Listhaug brukar kvar mulegheit ho har til å fortelje at fleire og fleire bønder kjem til henne og seier dei støttar hennar landbrukspolitikk. Eg har også møtt mange bønder etter Listhaug blei landbruksminister, men ingen som forstår at det er landbruksministaren som frontar saka når regjeringa legg god landbruksjord under asfalt og betong. Eg har ikkje møtt bønder som er spesielt glad i dei andre tiltaka til Listhaug heller. Uansett kor ofte landbruksministeren sjølv påstår at eit aukande tal bønder støttar landbrukspolitikken hennar så er det ikkje sant. Det skjønar bønder flest. Bønder flest er ikkje spesielt dumme. I alle fall ikkje dei eg kjenner.

Siste utspelet til Listhaug er å oppheve øvre grenser for kor mykje mjølk ein bonde kan produsere. For å få dette til må mjølkekvotar flyttast frå mindre effektive landbruksareal til meir effektive. Vi forstår at mjølkekvotar skal flyttast ut frå Vestlandet. Og i Florø sit Frp-leiar Djuvik og klappar. No kjem tiltaka som skal gjere norsk landbruk lønsamt, seier han på Fjesboka. Men bøndene er truleg for dumme til å forstå den geniale landbrukspolitikken til Frp. Les heile Innhogget her