Viser arkivet for stikkord blåblå

Blåblått bakhaldsåtak

Regjeringa vil gjere kommunekartet vårt “robust” og effektivt. Endringane vil sjølvsagt merkast i distrikta. Ikkje i sentrale strok der i følgje ein markant Ap-politikar her i fylket, ein halt mann kan hinke mellom rådhusa. Kva skal t.d. Bærum, i desse samanslåingstider, med eigen kommune? Kvifor kan dei som ligg rett utanfor stovedøra til Oslo sentrum ha eige sjukehus, rådhus og vidaregåande skular? Det er kortare frå sjukehuset i Bærum til eitt av dei store sjukehusa i Oslo enn det er frå Leirvik i Hyllestad med sine tre mil til sjukeheimen Eiklund, også i Hyllestad, i dagens Hyllestad. Same Ap-poltikar har sagt at blir han alvorleg sjuk, t.d. alvorleg hjarteinfarkt, blir han frakta rett til det robuste sjukehuset som heiter Haukeland. Ikkje Førde.

I Finnmark er det like langt frå Alta til Kirkenes som det er frå Førde til Oslo. Alta som er den største byen i Finnmark, har aldri hatt sjukehus. Dei er utrusta med utvida legesenter, flyr rett til Tromsø om alvoret tek dei, eller Hammerfest ved andre høve. Heldigvis slepp folk i Kirkenes fly til Russland for behandling. Sentraliseringa vil med andre ord ingen ende ta, og der dei verkeleg burde rydde opp, vert ingenting gjort. Oslo og Akershus er den heilage kua ingen stiller spørsmål ved offentleg på høglys dag. Hadde t.d. norsk film vore plasert i distrikta, og vore ansvarlege for dei 3 milliardane som faktisk er nytta av tause midlar på film sidan 2008 utan ein internasjonal publikumsuksess, hadde pengestraumen vore kutta med umiddelbar verknad og tilhøyrande hån. Korleis kunne nokon tru at dette kunne gå?

I desse dagar vert det nyoppretta masterstudiet på filmskulen i Lillehammer, som skal vere blant dei fem beste filmskulane på verdsbasis, flytte til Oslo. Kvifor kan ikkje filmutdanninga som til no har vore vellukka, halde fram med å vere det på Lillehammer, kvifor ikkje byggje eit sterkt fag- og kompetansemiljø der? Oslo har ikkje lukkast, det ser ut til at Lillehammer har moglegheiter. Då er det eit dødsstøt å flytte deler av eit fruktbart regionalt tiltak til Oslo. Rektoren på høgskulen i Lillehammer, øvste leiar for filmskulen, er mildt sagt på bærtur når ho uttalar at dei ikkje berre kan ta regionale omsyn – kva legg ho i det? Filmskulen har vore under kontinuerleg bakhaldsåtak frå hovudstaden sidan han vart oppretta.

Å kutte kommunar i distrikta er ei dårleg løysing. Høyrer ein på kommuneeksperten Audun Offerdal, ser ein snøgt at det og er dårleg økonomi og endå dårlegare trivsel å hente i den blåblå draumen som no er på røvartokt over heile landet. Det ut til at samfunnet vårt lir av megarexi – alt skal vere så stort som mogleg. Sjukehus, skular og kommunar.

Midt i alt dette stoket planlegg skottane på si side frigjering frå Storbritannia (nett det er ein laaaaang og eldgamal skotsk tradisjon,) koste kva det koste vil…Då eg studerte i Edinburgh i 1999 fekk dei eige parlament. 18. september i år skal dei røyste over si skotske framtid, eller om ho held fram med å vere britisk. Der er sjølvstende og kultur og opphav grunnleggjande kraft. Dette er vi i ferd med å rasere med nokre blåe strekar på kryss og tvers av landet vårt.

Viss vi vil finne att kulturelle opphav og fellestrekk med britane, finn vi ikkje desse ved å reise til London eller Manchester. Då lyt vi vende nasen mot t.d. Shetland, landsbygda i Irland og England. Her er språk og dialektar med avslørande norske innslag. Shetland er langt på veg utelukka dekorert med norske stadnamn, og er pr. i dag den “norskaste” delen av Storbritannia. Språk, kultur, tradisjonar og særpreg forsvinn i dei store einingane.

Skottane syner oss at det framleis betyr meir enn kva pengar kan kjøpe, danskane vann korkje lukke eller pengar i tvangsekteskapa sine med storkommunar. Islendingane syslar med tanken på å bli det 20. fylket her i landet (kjappaste vegen til oljerikdom for dei…) Kva om Shetland vart del av Sogn og Fjordane?

(Denne teksten er trykt som innhogg i Sogn Avis laurdag 16. august 2014.)

Oss sjølve nok?

Eg las ei barnebok torsdag kveld. Ei bok frå den borttekne Loraxen si gate, ytst i byen der grikk-gras gror tett, og kvart pust av vind luktar langsamt og sveitt. Og medan eg las til sjuåringen tenkte eg at dette er ei bok mange vaksne burde ha lese, spesielt politikarar. Særleg dei blå. Særleg dei blåblå. Og alle dei andre, same kva farge dei måtte ha. Politisk farge altso. Den burde vore pensum for Stoltenberg før han starta i den klimajobben han har.

Boka er skrive av Dr. Seuss og har tittelen Loraxen. Den er poetisk og språkleg kreativ som barn kan vera, med nyordkonstruksjonar og tulleord eg måtte spørje sjuåringen kva betydde. Slik eg les boka handlar ho om dagens situasjon i Norge og i verda, sjølv om boka er ein amerikansk klassikar frå 1971. Den norske utgåva er gjendikta av Håkon Viggen, og kom på Cappelen Damm i 2012.

Kva skjedde med Loraxen? Seg Sjølv Nok lever i skjul i sitt lurkim lengst oppe i lageret sitt. Berre han kan fortelje kva som skjedde då Loraxen flykta. Men han fortel ikkje før du har betalt han, og han fortel ikkje høgt; han snakkar det gjennom sin kviskrofon. Det var ein gong for lenge sidan då graset enno var grønt og dammen var søkkvåt. Det var då Sjølv Nok såg den store skogen med trøffula-tre, og brun-bamseladdane som budde under trea og levde av trøffula-frukta. Men Seg Sjølv Nok såg at trea produserte eit fantastisk stoff til å sy klede av, og han fann opp eit klesplagg som kunne brukast til sokk, genser, lue og vott på ein gong. Han kalla klesplagget tring.

Men då høyrde Sjølv Nok eit ka-BLAM! Og opp frå trestubben frå trøffula-treet han akkurat hadde fellt kom ein småliten, småbrun mosegrodd kar, med stemme sjefete, kraftfull og klar. Det var Loraxen, alle tre sin stemme. Og Loraxen åtvara Sjølv Nok mot å hogge fleire tre for å produsere ein så tåpeleg oppfinning som den tringen-tingen! Les heile Innhogget no!

Under blåblått åtak?

Senterpartiet står sterkare i Sogn og Fjordane enn nokon annan stad i landet. Alle avisene i fylket, med unntak av Fjordenes Tidende i Måløy, er talerøyr for Senterpartiet. Fylkets største politiske parti, Arbeidarpartiet, fører Sp-politikk på heimebane. Det gjer også KrF, SV, Venstre, vesle Raudt og Høgre. Bjørn Lødemel er så visst ingen bjørn, berre ein godlynt katt.

Han har sanneleg fått prøvd seg siste vekene, den forsiktige stortingsmannen frå Honndalen. For nasjonen vår, ved den blåblå regjeringa, har, om vi skal tru dei Sp-vennlege avisene, lyst krig mot fylket vårt. Vi skal avfolkast, tappast for ressursar, tvangssamanslåast, jordbruket skal leggjast ned. ”Me er under blåblått åtak,” skreiv vår eiga lokalavis. Til og med fylkets einaste opposisjonspolitikar, Frank Willy Djuvik, har hatt vonde dagar.

At den ny regjeringa vil innfri valløfta sine kan knapt overraske nokon. Så kvifor denne krigstenkinga? Er det eit fylke som altfor lenge har gått i opptrekte spor, og som treng ein ny politikk, er det nettopp Sogn og Fjordane. Det gjeld både landbruks- og kommunalpolitikk. Framfor alt gjeld det næringspolitikk. Sjølv om vi har dei beste skuleresultata i grunnskulen, er vi eit taparfylke når det gjeld moderne næringsliv og industri. Ekspansjonen i offentleg sektor held oss sånn nokolunde oppe.

Landbruksdebatten siste vekene har vore eit politisk spel, med Ap og Knut Storberget som eit pinleg haleheng til overbodspolitikarane i Sp. Korleis ein skal få til eit lønsamt jordbruk i Noreg har kome heilt i bakgrunnen. Heldigvis vart V og KrF til slutt samde med regjeringa. ”Spennande om det kun er Judaspengar dei har forhandla fram eller om dei har fått endra dei verkeleg store utfordringane i år, strukturutfordringane,” kommenterte Liv Signe Navarsete på si Facebook-side. Hennar spenstige retorikk nådde eit nytt høgdepunkt.

Norsk landbruk er for lengst todelt. Landbrukspolitikken ligg på etterslep. Talet på bruk går snøgt nedover. Det vert rundt 3.000 færre bønder kvart år. Men jordbruksstøtta aukar. Forstå det den som kan. ”La markedet produsere maten og bruk skattekronene på fellesgoder,” seier landsbruksøkonomen Ivar Gaasland ved UiB. Lat dei store og effektive bruka stå for ein marknadsretta matproduksjon. Og lat mykje av det småskala (og lågproduktive) jordbruket ute i distrikta gradvis overta rolla som forvaltar av eit kulturlandskap som er i ferd med å forvitre. Den noverande landbrukspolitikken må bere mykje av skulda for dette. Her kan vi lære, ikkje av New Zealand, men av londi ned i Mellom-Europa.

Og sjølvsagt er det både mon og meining i å gjere nokre grep med kommunestrukturen her i fylket. Sogndal og Leikanger har eg skrive om før. Rundt Førde og Florø trengst det òg snøgg handling. Nordfjord er det lite å gjere med. Men Gloppen sjølvdauar, kanskje.

Eg gret ingen tårer for fylkeskommunen. Fylkespolitikarane, Sp-liknande folk alle i hop, har i mange tiår aktivt motarbeidd strukturendringar i og moderniseringar av fylket. No får dei som fortent. Og så driv dei rederi og flyselskap i tillegg. Det er ikkje til å tru. Framtidsfylke(t) i bakvendtland.

For nokre år sidan fekk vi her i fylket med oss tidlegare rektor på Handelshøyskolen BI, Torger Reve, og no påtroppande rektor ved BI, sogningen Inge Jan Henjesand, i prosjektet ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane”. Her peikte vi ut dei framtidsretta og kunnskapsbaserte næringane som skulle forme det moderne Sogn og Fjordane for dei neste tiåra. Men også dette lovande prosjektet hamna i skuffene til fylkeskommunen, Innovasjon Noreg (og HiSF og VF). I staden vart det, med fylkeskommunen i spissen, utforma ein tungsessa ”Verdiskapingsplan”, nesten heilt utan referanse til resultata frå ”Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane”.

Så skuld gjerne på andre, slik vi så altfor ofte gjer. Og erklær gjerne krig mot den sitjande regjeringa. Men det er folket som har valt ho. Regjerings- og støttepartia hadde 54 pst. av stemmene ved valet i 2013. Senterpartiet fekk 5,5 pst., og gjorde sitt dårlegaste val nokosinne. Tenk på det iblant, også.

Og kom deg på bana, Bjørn Lødemel. Du har ingenting å skamme deg over.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 31. mai 2014
Twitter: @georgar

Utfordringar i kø for velferdsstaten

For dei mange av oss som høyrer til den betydeleg veksande gruppa av offentleg tilsette i Sogn og Fjordane, er det kanskje vanskeleg å venje seg til tanken på ei blåblå regjering dei neste åra. Står det ikkje høgt på den blåblå dagsorden å effektivisere offentleg forvaltning, privatisere offentlege tenester, slå saman kommunar, avvikle fylkeskommunen. Men må DIFI på Leikanger verte særleg større? Og kva er det eigentleg Distriktssenteret driv på med?

Vår eiga lokalavis slår fast at ”fjogningane” sin politiske innverknad ”vil bli dramatisk redusert frå den 14. oktober.” Den smule politiske påverknadskraft Sogn Avis hadde under Liv Signe sitt mangeårige regime, er det no ingenting igjen av. Stakkars oss, liksom.

Den raudgrøne regjeringa har målt mykje av sin suksess i pengar. Jo større vekst i budsjetta, jo betre resultat, vil dei ha oss til å tru. Men ei dobling av det statlege kulturbudsjettet frå fem til ti milliardar kroner førte berre til svak vekst i kulturproduksjonen og til beskjeden auke i publikumstala. Og slik Jon Hustad peikar på i leiarartikkelen i siste nummer av Dag og Tid: Sterk auke i sjukehusløyvingar har ikkje redusert helsekøane. Køen på vegane har også vorte større, trass betydeleg vekst i vegbudsjetta.

Auka pengebruk, hevdar Hustad, er berre ein garanti for éin ting: Les heile Innhogget her