Viser arkivet for stikkord barn

Ta barna på alvor!

Som forelder må du alltid ta barna på alvor. Det er ikkje alltid at samfunnet rundt deg tek kampen for barna dine. I tronge kommunebudsjett kan det ofte sjå ut som pengar er viktigare enn barn. Slik kan det vere for pressa kommunepolitikarar. Slik er det ikkje for meg som far. Eg har ei plikt til å ta barna mine på alvor, sjølv om det skulle gå ut over både økonomi og rykte. Barna må alltid komme først.

- Barn har ingen rettar når skulen blir nedlagd! er tittelen på ein god kronikk publisert på nettsida til NRK Sogn og Fjordane, signert Gunn Linde. Ho skriv at «lovverket vi trudde skulle verne ungane våre inneheld omgrep som forsvarleg, tilstrekkeleg, nødvendig, akseptabelt, rimeleg, godt nok. Dette gir kommunane den heile og totale definisjonsmakta,» skriv ho. Barna blir ikkje høyrt når skulen blir lagt ned. Ikkje foreldra heller. Om Balestrand kommune meinar at ein time på buss for ein seksåring er «akseptabelt» – så er det innanfor lova. Fordi kommunen har definert det som «godt nok». Om så foreldra har ein anna definisjon, fordi dei tek barna sine på alvor, og sender klage til Fylkesmannen, så får dei ikkje medhald. Fylkesmannen legg til grunn kommunen sin definisjon om kva som er «forsvarleg» og «godt nok».

Les resten av teksten her: Ta barna på alvor!
Teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 5.9.2015

Blogg: https://mannmedgreip.wordpress.com/

- Dei hjelper berre damene på BUF!

- Vi gjekk til familekontoret for å få hjelp då vi skulle flytte frå kvarandre. Men der var inga hjelp å få for meg. Eg har no betalt skatt eg også. Men familiekontoret ville berre hjelpe eksen; dei hjelpte henne å få hovudomsorga for barnet vårt. Dei sa det var slik det måtte vere. Dei hjelper berre damene der i BUF-etat. Du har ingen sjanse når dei tek parti med eksen din og mot deg!

Orda kom frå ein blid og hyggjeleg ung mann eg møtte tilfeldig. Men det kunne like godt vore mine eigne ord. Mi eiga erfaring med BUF-etat i mekling om ein barneavtale var at likestilling ikkje var praksis der. Ikkje tanken på barnas beste heller. I alle dei åra som har gått etterpå har eg tenkt at nokon må setje søkelys på dette. Men først var det for nære meg og for nær i tid. Så tenkte eg at praksisen nok er betre no; at det er meir likestilling og meir fokus på barna sin situasjon no enn det var for nokre år sidan. Heilt til eg møtte denne unge mannen for kort tid sidan. Då forstod eg at det ikkje er så mykje som har endra seg i BUF-etaten. Og så forstod eg at det BUF-kontoret vi hadde gått til ikkje er eineståande når det gjeld å ta parti med mødrene. At det snarare er vanleg at fedre og barn sitt beste kjem i siste rekkje. Slik kan det ikkje vere i Norge i 2015!

Når ektepar eller sambuarar som har barn under 16 år vel å avslutte eit samliv, er ein pliktig å gå til mekling hos eit av BUF-etat sine familiekontor. Då mine barns mor og eg kom dit for ein del år sidan hadde vi på førehand blitt samde om korleis vi ville dele omsorga for barna. Vi ville at barna skulle ha god kontakt med oss begge, og ville at dei skulle vere ei veke hos kvar. Dette var ikkje familiekontoret sin kvinnelege meklar samd med oss i. Ho gjorde kva ho kunne under heile samtalen for å overtale mora til å kreve hovudomsorga for barna. Og argumenta for dette var ikkje barna sitt beste. Argumentet var at det var det beste for henne som mor, for då kunne ho kor tid som helst flytte kor ho ville innanfor Norge og ta med barna – utan at eg som far kunne stikke kjeppar i hjula for henne.

- Kva med barna sitt beste? spurde eg. Og eg prøvde å argumentere for den avtalen vi som mor og far hadde vorte nokolunde samde om før meklinga. Men eg blei konsekvent avbrote og fekk ikkje snakke ut. Eg hugsar eg sa til meklaren at om ho tok så tydeleg parti for ein av foreldra, og i tillegg ikkje let meg få forklare korfor vi ville dele omsorga likt, så var ho ikkje ein nøytral og upartisk forhandlar. Eg hugsar eg fekk snakke litt då. Resultatet vart til slutt at vi delte omsorga slik vi hadde bestemt på førehand. Men eg tenkte mykje i tida etterpå kor sjokkerande det faktisk var i eit likestillingsorientert Norge at BUF-etat sin meklar tok så tydeleg parti for ein av foreldra. Og det utan å gjere noko som helst forsøk på å skjule at ho gjorde det. Og eg har ofte tenkt på kor mange foreldre som kan ha komme til eit familiekontor med ein intensjon om å dele omsorga mest muleg likt fordi dei har tenkt at det er det beste for barna. Og så har dei komme ut av kontoret med avtalar som har ført til at fedre og barn nesten ikkje har kontakt meir. Som den faren eg møtte for eit par veker sidan. Det må ikkje vere slik i Norge i 2015. Det må leggjast meir vekt på barna sin rett på å ha god kontakt med begge foreldra!

Vil ha-samfunnet

Dessverre får samfunnet vårt sterkare trekk av narsissisme, kall det gjerne «Vi vil ha!-samfunnet». Og sjølv om barn sine rettar vert styrka på papiret, så er det barna og deira rettar som tapar når dei vaksne kjempar egoistisk for sine rettar. For i den kampen vinn grupper heilt eller delvis fram med sine vil-ha-saker, medan barna ikkje når fram. Slik kan det i alle fall sjå ut. 5-6-åringar som har budd her i landet heile livet blir kasta ut på ein umenneskeleg måte, trass i at Norge har dom mot seg for å bryte Barnekonvensjonen i slike saker. Vi vil ikkje dele alt det gode vi har. Men heldigvis er det nokon som seier frå at statleg empatiløyse burde ha grenser.

Vi vil ha barn! I debatten om folk sin rett til å få barn er det ikkje lett å stå fram med argument om barna sitt beste. Eg har lagt merke til at når nokon viser til forskning og rapportar om at barn treng både far og mor (kven treng forskning til å forstå det?), så vert ikkje argumentasjonen tilbakevist, men dei som kjem med argumenta vert avfeia med at dei talar mot einslege kvinner, lesbiske og homofile sin RETT til å få barn. Kven har bestemt at det er ein menneskerett å få barn? Og korfor skal ikkje barna sitt beste få plass i den diskusjonen?

Les heile Innhogget!