Viser arkivet for stikkord tenketank

Tenkjetanken i grannekommunen

I utkantgrenda Krundalen i Jostedal i Luster kommune finn vi fylkets einaste tenkjetank. Hovudkvarteret har dei i puben på gjestfrie og unike Jostedal hotell, der fylkets dyktigaste hotellvertinne, Laila Gjerde, ikkje har sett eit einaste raudt tal i rekneskapen dette hundreåret. Ingen er som deg, Laila.

Flinke folk med høg utdanning og gode jobbar står for tenkinga langt inne i Krundalen, saman med mykje spennande og utviklingsorienterte friluftsfolk som Jostedalen har trekt til seg siste åra. Fleire av desse er «heimattvendarar.» Folketalsnedgangen har dei likevel ikkje klart å snu. Tenkjetanken er etablert utan støtte frå det velhaldne kommunale næringsfondet. Men næringssjefen i kommunen bur i Krundalen og bidreg med velfødd tanke- og hjernekraft, pluss skarpskodd quiz og vakker mollstemt song på puben.

Tenkjetankens ideologiske hovudpillar er tufta på dogmet om den overlegne berekrafta til små og sjølvstendige einingar. At Luster er den aller største kommunen i fylket, bryr tenkjetankarane seg lite med. Dette vert meir enn kompensert ved at Luster for tida er Noregs beste og største Sp-kommune, og dessutan den aller klaraste nei-til-samanslåing-kommunen i landet. Tenkjetanken i Luster medverkar politisk og ideologisk godt til begge delar.

Ideologisk har også tenkjetanken bidrege sterkt til kampen for å halde oppe ein sjølvstendig, sjølvstyrt og sjølvgod høgskule i Sogn og Fjordane. «Vi-vil-ikkje-bli-styrt-frå-Bergen-doktrinen» fekk brei oppslutning i heile indre Sogn, godt akkompagnert av både studentane, lokalavisa og Senterpartiet. I det siste har likevel tenkjetanken tapt terreng her. Ideologien strekkjer ikkje til. Vestlandshøgskulen kan verte ein realitet om få veker.

Truleg går tenkjetanken i Krundalen på eit nytt tap før året er omme. Dette seier eg trass i den kraftfulle, men einsidige, argumentasjonen som gjekk fram av aviskronikken «Nok tåkeprat om Luster» (12. mai) forfatta av varaordførar og ordførar i Luster, med tenkjetankvisdom frå Krundalen i botnen. Kronikken hadde samla alle gode argument for at i Luster skal ingenting skje, men nemnde ikkje med eit ord det faktum at Luster har store konsesjonskraftinntekter kommunen ikkje vil dele med andre. Heller ikkje den utstrekte og aukande arbeidspendlinga til Sogndal vart omtalt. Eller at det er den sterke folkeveksten på Galden som held oppe folketalet i Luster. Kvar helst jobbar dei som bur her? Ideologisk funderte tenkjetankar brukar dei fakta som høver best.

Sogndøler og systrendingar, truleg også årdøler og lærdøler, vil gjerne ha Luster med i ein ny (stor)kommune i indre Sogn. Det alternativet finst dessverre ikkje i dag. Her i indre Sogn saknar vi òg ein visjonssterk kommunebyggjar slik ordførar Olve Grotle har vore det i indre Sunnfjord. Regionsenterets Jarle Aarvoll duger ikkje. Sunnfjordingane lukkast også med å få til gode og livlege folkemøte framfor folkerøystingane, med Grotle og Sp-tenkjaren Steinar Ness som poengterte og retorisk sterke motpolar og innleiarar. I Sunnfjord var det også eit levande og engasjert ordskifte på facebook. På våre kantar har både engasjementet og debatten mangla.

Éin viktig grunn til dette er sjølvsagt at det mest naturlege alternativet av alle manglar, nemleg nykommunen Leikanger-Sogndal-Luster. At Luster Sp og tenkjetenkarane i Krundalen seier nei, kan ingen gjere noko med. Og Luster Ap har dessverre hengt seg på. Derfor står vi sogndøler måndag med eit kommunealternativ absolutt ingen vil ha: Sogndal-Leikanger-Balestrand-Vik. Mulegheiten for ei ny livskraftig og naturleg eining med Luster-Sogndal-Leikanger i sentrum synest å vere heilt skusla bort. Eit stort og smerteleg tap for vår region.

Viss då ikkje fylkesmann Anne Karin Hamre ser det annleis. Ho skal på ettersommaren vurdere endra kommunestruktur for fylket under eitt. Ho må sjølvsagt sjå til at vi får eit like tenleg kommunemønster i indre Sogn som i indre Sunnfjord. Og då har ho, slik også HiSF-rektor Stokke hadde det, knapt noko anna val enn å vrake tenkjetankvisdomen frå Krundalen.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 21. mai 2016.
Twitter: @georgar