Viser arkivet for stikkord sogndal

Fotballen som Sogndals olje

Vesle julaftan 1969 er, ifølgje myten, ein merkedag i norsk historie. Det var då Phillips fann olje på det som seinare vart heitande Ekofiskfeltet. Dette vart grunnlaget for ei oljebasert sterk økonomisk utvikling i Stavanger. På kort tid gjekk byen frå å vere religionshovudstad til å bli oljehovudstad. Men det var ikkje opplagt at det skulle gå slik. Ein betydeleg lokal innsats måtte til. Eg berre nemner Arne Rettedal.

Siste åra har flinke forskarar i Stavanger gjennom eit stort forskingsprosjekt sett nærmare på kva for samfunns- og kulturendringar den raske økonomiske veksten har ført til i oljebyen.. «Hva har oljen gjort med oss?» heiter boka som kom i vinter. Teorien var at samfunnsendringar vi finn i heile den vestlege verda, ville vere ekstra tydelege i ein by der veksten har vore raskare og brattare enn andre stader.

Men slik var det ikkje. Stavangerfolk har berre vorte litt rikare og litt likare enn andre, mindre religiøse enn før og meir interesserte i musikk. Hovudkonklusjonen, seier forskarane, er at det eksisterer ein slags ambivalens i kulturen, og eit behag i økonomien. Oljerikdommen ser ut til å dempe, og kanskje smørje vekk, dei økonomiske og sosiale motsetningane i byen. Sidan heile befolkninga har det ganske bra økonomisk, er det lite motstand å spore mot dei rike, frå arbeidarklassen. Berre frå den relativt vesle gruppa med høg kulturell kapital vert det gitt tydeleg uttrykk for skepsis mot pengefolket og rikdommen. I oljebyen tel då også økonomisk kapital betydeleg meir enn kulturell kapital. Kulturelle skilje spelar lita rolle.

Kan vi ikkje gjere ein liknande studie her i Sogndal? Ikkje kopiere forskinga frå Stavanger, men gjere det på vår måte, ut frå dei store materielle endringane i vårt lokalsamfunn. Vi har kompetente forskarar, vi òg. Men ein sogndalsstudie bør, utan tvil, knytast til to merkedagar i vår moderne historie: cupfinalen 24. oktober 1976 eller opprykket til eliteserien 11. oktober 1981.

Med dette antyder eg at den tenkte studien av samfunns- og kulturendringar i Sogndal siste 40 åra må ha fotballen som omdreiingspunkt, slik oljen er det i stavangerstudien. Knapt nokon tettstad eller by i Noreg er på same måte som Sogndal prega av fotballen som næring, infrastruktur, vekstgenerator, varemerke og lokal identifikasjon. Det er ikkje tilfeldig at fotballmetaforen «Bli med på laget» er kommunens slagord. Vi møter det overalt. Utviklings- og endringsstudien «Kva har fotballen gjort med oss?» har ikkje berre nasjonal interesse. For det er i Sogndal vi, 40 år etter cupfinalen, finn, som det heiter, «verdas einaste tippeligabygd.»

Ingen visste i 1976 eller 1981 korleis eventyret ville ende. Lite visste dei òg i Stavanger vesle julaftan 1969 kva oljen ville bringe. Det er ikkje den symbolske datoen som er viktig, men det som skjer etterpå. Dei første samtalane mellom Rolf Navarsete og HiSF-direktør Hans Jørgen Binningsbø, etter kvart med Aage Engesæter som «go-between», utover 1990-talet vart konstituerande for den seinare utviklinga av Sogndals framtid og Fosshaugane Campus. «Sogndalsmodellen» seier dei. Ein god modell?

Denne historia, som Gunnar Yttri berre så vidt tøtsjar i si HiSF-soge, må fram. Men like så viktig er fotballens indirekte innflytelse over sinna våre. «Behaget i fotballen» er stort. Fotballen er Sogndals olje. Fotballens dominerande, og positive, stilling har truleg bidrege til å dempe, og smørje, økonomiske og sosiale motsetningar i lokalsamfunnet.

Kulturelt er det hos oss, som i Stavanger, musikken som rår. Litteraturen og kunsten er fråverande. Kan utkanten Fjærland gjere noko med dette? Økonomisk kapital og fotballkapital dominerer. Den minkande kultureliten er, slik historia til kunstlaget viser, skeptisk til fotballens dominerande posisjon.

Men no spekulerer eg. Vi får i staden starte forskingsprosjektet om fotballen og lokalsamfunnet. Så får vi heller bere over med at mange (av oss) aktuelle lokale forskarar i årevis har vore ein trufast del av fotballens heiagjeng.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 18. juni 2016.
Twitter: @georgar

Tenkjetanken i grannekommunen

I utkantgrenda Krundalen i Jostedal i Luster kommune finn vi fylkets einaste tenkjetank. Hovudkvarteret har dei i puben på gjestfrie og unike Jostedal hotell, der fylkets dyktigaste hotellvertinne, Laila Gjerde, ikkje har sett eit einaste raudt tal i rekneskapen dette hundreåret. Ingen er som deg, Laila.

Flinke folk med høg utdanning og gode jobbar står for tenkinga langt inne i Krundalen, saman med mykje spennande og utviklingsorienterte friluftsfolk som Jostedalen har trekt til seg siste åra. Fleire av desse er «heimattvendarar.» Folketalsnedgangen har dei likevel ikkje klart å snu. Tenkjetanken er etablert utan støtte frå det velhaldne kommunale næringsfondet. Men næringssjefen i kommunen bur i Krundalen og bidreg med velfødd tanke- og hjernekraft, pluss skarpskodd quiz og vakker mollstemt song på puben.

Tenkjetankens ideologiske hovudpillar er tufta på dogmet om den overlegne berekrafta til små og sjølvstendige einingar. At Luster er den aller største kommunen i fylket, bryr tenkjetankarane seg lite med. Dette vert meir enn kompensert ved at Luster for tida er Noregs beste og største Sp-kommune, og dessutan den aller klaraste nei-til-samanslåing-kommunen i landet. Tenkjetanken i Luster medverkar politisk og ideologisk godt til begge delar.

Ideologisk har også tenkjetanken bidrege sterkt til kampen for å halde oppe ein sjølvstendig, sjølvstyrt og sjølvgod høgskule i Sogn og Fjordane. «Vi-vil-ikkje-bli-styrt-frå-Bergen-doktrinen» fekk brei oppslutning i heile indre Sogn, godt akkompagnert av både studentane, lokalavisa og Senterpartiet. I det siste har likevel tenkjetanken tapt terreng her. Ideologien strekkjer ikkje til. Vestlandshøgskulen kan verte ein realitet om få veker.

Truleg går tenkjetanken i Krundalen på eit nytt tap før året er omme. Dette seier eg trass i den kraftfulle, men einsidige, argumentasjonen som gjekk fram av aviskronikken «Nok tåkeprat om Luster» (12. mai) forfatta av varaordførar og ordførar i Luster, med tenkjetankvisdom frå Krundalen i botnen. Kronikken hadde samla alle gode argument for at i Luster skal ingenting skje, men nemnde ikkje med eit ord det faktum at Luster har store konsesjonskraftinntekter kommunen ikkje vil dele med andre. Heller ikkje den utstrekte og aukande arbeidspendlinga til Sogndal vart omtalt. Eller at det er den sterke folkeveksten på Galden som held oppe folketalet i Luster. Kvar helst jobbar dei som bur her? Ideologisk funderte tenkjetankar brukar dei fakta som høver best.

Sogndøler og systrendingar, truleg også årdøler og lærdøler, vil gjerne ha Luster med i ein ny (stor)kommune i indre Sogn. Det alternativet finst dessverre ikkje i dag. Her i indre Sogn saknar vi òg ein visjonssterk kommunebyggjar slik ordførar Olve Grotle har vore det i indre Sunnfjord. Regionsenterets Jarle Aarvoll duger ikkje. Sunnfjordingane lukkast også med å få til gode og livlege folkemøte framfor folkerøystingane, med Grotle og Sp-tenkjaren Steinar Ness som poengterte og retorisk sterke motpolar og innleiarar. I Sunnfjord var det også eit levande og engasjert ordskifte på facebook. På våre kantar har både engasjementet og debatten mangla.

Éin viktig grunn til dette er sjølvsagt at det mest naturlege alternativet av alle manglar, nemleg nykommunen Leikanger-Sogndal-Luster. At Luster Sp og tenkjetenkarane i Krundalen seier nei, kan ingen gjere noko med. Og Luster Ap har dessverre hengt seg på. Derfor står vi sogndøler måndag med eit kommunealternativ absolutt ingen vil ha: Sogndal-Leikanger-Balestrand-Vik. Mulegheiten for ei ny livskraftig og naturleg eining med Luster-Sogndal-Leikanger i sentrum synest å vere heilt skusla bort. Eit stort og smerteleg tap for vår region.

Viss då ikkje fylkesmann Anne Karin Hamre ser det annleis. Ho skal på ettersommaren vurdere endra kommunestruktur for fylket under eitt. Ho må sjølvsagt sjå til at vi får eit like tenleg kommunemønster i indre Sogn som i indre Sunnfjord. Og då har ho, slik også HiSF-rektor Stokke hadde det, knapt noko anna val enn å vrake tenkjetankvisdomen frå Krundalen.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 21. mai 2016.
Twitter: @georgar

Eigedomsskatten

Som økonom tykkjer eg eigedomsskatt er ei god og tenleg skatteform. Vi burde snarast få ein statleg eigedomskatt i Noreg. Skatten er enkel å administrere. Det er få mulegheiter til å vri seg unna skattlegging av eigedom. I Noreg er dessutan ein altfor stor del av kapitalen bunden opp i bustader og fast eigedom. Det er lite innovativt for samfunnet. Ein eigedomsskatt med eit godt botnfrådrag er elles ein sosialt rettferdig skatt. Det økonomtunge Scheel-utvalet foreslo då også i 2014 innføring av ein statleg eigedomsskatt, kombinert med reduksjonar i inntektsskatten og lågare selskapsskatt.

Den kommunale eigedomsskatten er ein upopulær skatt, sjølv om fire av fem kommunar har innført skatten. Han har berre eitt formål: å skaffe nødvendige inntekter til å dekkje kommunens veksande utgifter. Eigedomsskatten er alltid tema i kommunevalkampen, og både takstgrunnlag og skattesats skaper bråk i kommunane.

Alle sogningar har fått med seg den intense bruduljen om eigedomsskatten i Sogndal siste 14 dagane. Illsinte bønder har eggja til kamp mot kommunen. Bøndene fann seg ikkje i den sterke auken i skattetaksten på vånings- og fritidshusa på garden. Dei meinte òg at prosessen med fastsetjing av takst var både knapp, uheldig og dårleg. Til slutt tvinga dei kommunen til å vere med å lage til eit folkemøte onsdag denne veka. Her bar relativt saklege, men bitre, bønder fram klagemåla sine overfor dei «skuldige»; ordførar Aarvoll og rådmann Aanestad. Og takseringsfirmaet Verditakst AS.

Dette skjer berre fire månader etter at same ordførar og rådmann stod skulerett for oppgjevne og arge innbyggjarar i ei anna kaotisk sak; nemleg Sogndalspakken og miljøloket. Også den gongen måtte dei to herrane krype til korset. Slikt går på tilliten laus. På det oppheta folkemøtet om eigedomsskatten onsdag var det jubel og klapping då éin av dei unge bøndene frå Nornes hengde bjølla på den rette katten, nemleg ordførar Aarvoll. Hans tredje ordførarperiode har fått ein tung start.

Sogndal har ein viljesterk og dyktig rådmann. Det har eg skrive før. Politisk lydhøyr er han likevel ikkje. Og han er ingen angrande syndar. Han la fram og forsvarte si innstilling til formannskapet slik den politisk oppnemnde Takstnemnda, leia av Odd Urdal Bjelle, Ap, hadde rådd til. Her låg det faktisk inne ein betydeleg reduksjon (40 pst.) av den takstverdien på våningshus Verditakst AS hadde kome fram til. Det var lite snakk om dette på folkemøtet.

Eg vel å tru at den politiske ringreven Urdal Bjelle har kviskra sin gode partikamerat Jarle Aarvoll nokre ord om kva som var i emning, korleis bøndene hadde reagert på det oslobaserte takseringsfirmaet, og peikt på at det var sett av altfor lita tid til arbeidet til Takstnemnda. Men Aarvoll heldt seg passiv. Sjølv sa han dette til Sogn Avis (TV) 9. mars: «Det er måten ein handterer krevjande saker på, som viser kva ein står for». Godt sagt; av ein som ikkje gjorde noko som helst.

Formannskapet i Sogndal torsdag denne veka hadde knapt noko val. Det opphissa og utfordrande bondemøtet i Blaoboxen kunne berre få eitt utfall. Og dei mange vitnemåla, reportasjane og leiarartiklane i Sogn Avis, vårt Vox Popilu, om «horrible» takstverdiar og skatteauke, har ikkje gjeve rom for tvil. Takstgrunnlaget måtte endrast. Alle (?) takstar må ned. Formannskapet spelte derfor ballen tilbake til Odd Urdal Bjelle og Takstnemnda. Og Bjelle veit kva han har å gjere. Men nokon kunne ha sagt det til han før.

For mange er Verditakst AS og rådmannen «skurkane» i denne forteljinga. Mens skatteplaga bønder er «heltane.» Det er altfor enkelt. Alle har sine roller. Og all harme er ikkje like godt underbygd. Bønder i Dalen og næringsdrivande på Kaupanger skal også betale sin rettmessige eigedomsskatt. For meg er bondeskattestriden i Sogndal 2016 nok eit argument for innføring av ein sentral statleg eigedomsskatt i Noreg.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 19. mars 2016.
Twitter: @georgar

Vinteren kjem

Det har vore travle og aktive dagar i og kring Sogndal siste veka. Bygda har syda av levande liv både i sentrum og i fjellsidene; eit ungt og menneskeleg teikn på at pilene peikar oppover for kommunen vår. Dette skjer i det første året av tredje perioden i den lange og, for det meste, positive ordførartida til ursogndølen Jarle Aarvoll.

Vi dunkar konkurrenten Førde på nesten alle parameter. Inga fjordbygd på Vestlandet, knapt nok i Noreg, kan måle seg med Sogndal når det gjeld moderne utvikling. Tenk over det iblant. Imens klagar og syter floreværingane ute ved det som skulle vere «gullkysten» vår, godt akkompagnert av allvitaren Frank Aarebrot. Dei får det ikkje heilt til. Vi har ingen gullkyst i Sogn og Fjordane. Men vi har ein sølvfjord.

Nok om det. For no kjem vinteren, som sentralbanksjef Øystein Olsen sa det i årstalen sin torsdag. Dei kommande åra vert harde. Ei meir krevjande fase i norsk økonomi er rundt hjørnet. Produktivitetskommisjonen, leia av (den tidlegare) venstremannen, økonomiprofessor Jørn Rattsø, var endå tydelegare i språket: festen er slutt no, forkynte dei. Produktiviteten har stagnert, og på fleire område, bl.a. i byggnæringa, gått betydeleg tilbake. Finanskrise og sterkt aukande innvandring har drege lønnsnivået ned.

Høg oljepris og oljesmurde offentlege budsjett har gjort at dei fleste av oss har merka lite til produktivitetssvikten. Lågare vekstbidrag frå oljenæringa, flyktningsituasjonen, grøn omstilling og ein høgare prosentdel eldre vil forverre økonomien. Kor godt vi lukkast med å auke produktivitets¬veksten, vil vere avgjerande for den langsiktige velstandsutviklinga i Noreg. Alt må no setjast inn på å auke produktiviteten, seier produktivitetskommisjonen.

Den nye veksten må skapast i nye næringar. Vi må få til eit skifte frå ein ressursøkonomi til ein kunnskapsøkonomi. Kvalitet må prioriterast framfor kvantitet både i høgare utdanning og forsking. Det må satsast betydeleg meir på realfag og teknologi i staden for billege samfunnsfag. Vi har for mykje merksemd på samfunnsutfordringar, for lite på vitskap, heiter det. Noreg må omfamne den teknologiske utviklinga, robotar og delingsøkonomi. Vi må kvitte oss med for gunstige velferdsordningar. Særleg gjeld dette den rause sjukelønnsordninga.

Om vi ikkje gjer noko, må skattane aukast betydeleg. I 2060 må vi kanskje betale 65 pst. av inntekta vår i skatt. Kommisjonen rår til å tone ned dei mange distriktspolitiske målsetjingane vi har, til fordel for meir livskraftige byar, meir brutale prioriteringar i offentleg sektor og ei meir rasjonell organisering av offentleg forvaltning. Treng vi, alvorleg talt, fylkeskommunen? Eller er det udanna å spørje slik i sjølvaste trivselsfylket?

Det er unødvendig å seie at den framtidige velferda vår vil vere betydeleg avhengig av korleis vi som nasjon taklar den tallause straumen av flyktningar som gjerne vil inn til oss. Vi kan sleppe inn berre ein bitteliten brøkdel. Sjølv Sylvi Listhaugs restriktive linje vert altfor sjenerøs, slik Astrid Meland skreiv i VG torsdag. Vi må bli både betydeleg strengare og meir urettferdige. Heile flyktningssystemet må leggjast om. Alternativet er kaos. Både nasjonalt og globalt.

Mens eg skriv desse linjene, tikkar det inn nye befolkingstal frå SSB. I 2015 vaks folketalet i Sogndal med 2,1 pst. Vi vart 162 nye sogndølar. Vi er på klart på fylkestoppen. Og ingen fjordkommunar i landet slår oss. I Førde var veksten berre 0,8 pst. I Flora 0,5. På fylkesbasis 0,3. Sogndal hadde i 2015 også eit innanlands flytteoverskot, ulikt dei fleste andre distriktskommunar.

Så seier tala. Det går bra i Sogndal. Men også hos oss må vi no, av mange grunnar, bu oss på vinteren. Vi er vel klare for det?

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 20. februar 2016.
Twitter: @georgar

Vestlandshøgskulen

Torsdag om ei og ei halv veke skal styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane seie ja eller nei til å vere med å greie ut ein mogleg Vestlandshøgskule, dvs. ein fusjon mellom HiSF, Høgskolen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund. Eg vonar styret vårt svarar klart ja til dette. Eg er ikkje aleine om det.

Struktursaka har dominert dagsorden ved høgskulen i snart to år. Det førre styret vedtok samrøystes, og utan ei føregåande utgreiing, at HiSF skulla halde fram som sjølvstendig institusjon. Deretter fekk vi ein kamp mellom det gjenstridige HiSF-styret og den fusjonskåte statsråd Røe Isaksen. Styret gjekk motstrevande med på å opne for ein tettare integrasjon på Vestlandet, men dette alternativet var berre ”aktuelt dersom UiB er med frå starten.”

Styret ved HiSF fekk tilsynelatande full støtte i heile fylket i kampen mot (den blå-blå) staten for å halde oppe HiSF som ein sjølvstendig institusjon. Knapt nokon har mælt imot. Avisene har vore fulle av støtteerklæringar frå politikarar, kommunar, organisasjonar, autoritetar av alle slag. Sogn Avis vart snøgt ein storspalta herold for den brage styreleiaren Heidi Kathrin Osland. Heile fylket stod på sjølvstendelinja. I alle fall om vi skulle tru på media.

Det skal vi sjølvsagt ikkje. For det har vore nok av skeptikarar heile tida. Langt frå alle i dette fylket meiner at vi best klarar oss aleine når det skjer store endringar kring oss. Men mange har late seg blinde av alle innlegga i lokale media, også frå HiSF-tilsette, som har støtta opp om sjølvstendelinja. Vi har knapt sett eit einaste avisinnlegg eller høyrt ei røyst i lokalradioen som har teke til orde for at vi i det minste burde greie ut kva som var best, fusjon eller sjølvstende. Kvifor ikkje? Kvar har sunnfjordspolitikarane vore? Firda? Eller NRK Sogn og Fjordane, som alltid leitar etter konfliktar?

Også i høgskulestriden har kjeldene bydd opp til dans. Det veit lokalmedia. Høgskulemiljøa i Førde ønskte seg fusjon frå dag 1. Det var allment kjent. Og ei rekkje maktpersonar i fylket var skeptiske til nok ein ”aleinegang” her i fylket. Jan Øhlkers har mange meiningsfeller. Men i denne saka har dei vore tause. I staden vart lokalmedia aksjonistar for eit einstemmig og einsretta høgskulestyre som standhaftig og sjølvmedvite stod på ei kompromisslaus sjølvstendelinje, utan noka utgreiing i forkant. Ikkje éi einaste motrøyst melde seg i media før den Oslo-busette sogndølen Tord Dale kom på bana no i januar, halvtanna år sidan saka starta. Og Dale fekk med éin gong, ikkje uventa, stempla innlegget sitt som ”einsidig og fordomsfullt” av høgskulehistorikar Yttri. Vi kan ingenting lære av historia.

Den tilsynelatande semja i høgskulesaka har vore mest tydeleg i Sogndal. Her er det i ferd med å verte lågt under taket. Dei siste åra har vore prega av idyll, suksess, semje og heltedyrking i regionsenteret. Alle skal vere med på laget. I det suksessrike campusmiljøet må alle stå opp for den vesle høgskulen som kjempar mot overmakta. Viss ikkje, tek vi deg. Tord Dale fekk merke det på Facebook.

Ved HiSF kom det i haust nytt styre og ny rektor. Brått vart alt meir ope og uvisst. No, eit år på etterskot, er det laga utgreiingar. På heimesida til HiSF kan alle sjå kva som vert tenkt av fagmiljø og enkeltpersonar kring fusjon eller ikkje. Og som dei fleste av oss har visst heile tida: det dreier seg om tvil og tru, ikkje om liv eller død, ikkje om det kvite eller svarte, men om sjatteringar i grått. Det vert teikna mange scenario for ein fusjon og mange for ein sjølvstendig institusjon. Valet er ikkje ”beinkløyvd.”

HiSF-styret kjem, trur eg, til å gå inn for å vere med å greie ut ein fusjonert Vestlandshøgskule. Då kan lokalmedia, med heroldredaktør Fardal i spissen, ta ein tenkepause og gå i seg sjølve.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 23. januar 2016.
(I nettversjonen er det gjort nokre små endringar i første, sjette og siste avsnitt av teksten)

Twitter: @georgar

Ei bok til jul

Eg likar ikkje å gå i butikkar. Eg avskyr kjøpesenter. Etter ein knapp time på Sogningen får eg ilt ”i haudet”. Den einaste butikken eg med handa på hjartet kan seie eg likar meg i, er bokhandelen. Men heller ikkje den er som han ein gong var. Bøker er ikkje lenger kultur, men stapelvare. I Gyldendal går dr. philos. Geir Mork av som konsernsjef ved nyttårsskiftet. Frå då av skal landets mest ærverdige forlagshus leiast av Tørres Thuv frå Bodø. Han har slått seg opp på videoutleige og sal av sjokolade. Harald Grieg snur seg i grava.

I år vert det ingen juletur på bokhandelen i Sogndal. Det er fordi min bokhandel, Skjeldestad Bokhandel, etablert i 1906, og overteken av Olav J. Skjeldestad i 1936, no har lagt inn årene. På 1980- og 90-talet hadde dei òg ein filial på Leikanger. 110 år med boka i sentrum, 45 av desse åra i Sentrumsbygg AS i nedste Fjørao, er over. Uventa var det ikkje. Omsetninga har gått ned, raude tal melde seg i rekneskapen. Nye kjedebokhandlar, fuskarar i faget, har etablert seg på Sogningen. Dei som arbeider der, kan lite om bøker og ingenting om litteratur.

Den nedervde kulturelle og boklege kapitalen som sat i veggane og hos personalet på Skjeldestad bokhandel, lèt seg ikkje kapitalisere i straumlinjeforma kjedebokhandlar på storsenteret. Eg har ikkje kjøpt ei einaste bok korkje på Ark eller Norli på Sogningen. Men Norli-bokhandelen er ein fin snøggveg til Polet på andre sida av varehuset.

O.J. Skjeldestad, som kjøpte bokhandelen i Fjøra i 1936, fekk i 1986 den første kulturprisen for Sogndal kommune. Han fekk prisen for ein allsidig og lang innsats i kulturens teneste. Hadde det vore opp til meg, skulle bokhandlar, musikklærar, korps- og kordirigent Jon Skjeldestad saman med litteraturrettleiar og bokhandlar Aud Ølnes, få kulturprisen for Sogndal i 2016, hundreogti år etter at Mariann Brøgger starta sin bok- og papirhandel i Fjøra. Både Jon og Aud har gjort seg fortente til prisen. Så vidt eg kan sjå, har heller ingen fått ein kulturpris i Sogndal for sin innsats med høgt kvalifisert litteraturrettleiing.

I førjulstida er det ikkje lenger litteraturen, men musikken, som pregar kulturfeltet landet over. Ein ny forskingsrapport eg har hatt litt å gjere med, viser også at den rytmiske musikken er sterkt dominerande i dei fleste kulturhusa i landet. Dårlegast kår i kulturhusa har den visuelle kunsten. Slik er det også i Sogndal. Her, i ein av landets mest snøgtveksande kommunar, er vilkåra for den visuelle kunsten så skrale at kunstlaget rett og slett har lagt ned arbeidet. Dei kunstinteresserte kvinnene gir kommunen heile skulda. Så enkelt er det sjølvsagt ikkje. Kunstlaget burde ha gått i seg sjølv. I det minste kunne dei ha teke turen ut til Høyanger og sett kva kunstlaget der får til med dugnadsinnsats og beskjedne midlar. Gunnar S Gundersen ville ha fryda seg.

Eg set mi lit til arbeidet i tankesmia til Laura Kvamme. Dei unge vaksne, godt utdanna innflyttarane ho arbeider med, er ikkje berre ”gira” på toppturar og skikøyring i laussnø. Dei vil også ha eit meir livleg sentrum og nokre alternativ til Meieriets rytmisk fengjande musikk. Større variasjon i sentrum, dans og kunst, seier dei. Ligg det kanskje ein spire her til eit kunstlag og eit kunstgalleri? Slik dei har det både i industribyen Høyanger og i bondebygda Sandane. Tek Tankesmia utfordringa?

Men no i julemånaden saknar eg bokhandelen i nedste Fjørao. Eg saknar venlege og imøtekommande Jon Skjeldestad og Aud Ølnes sine kunnige råd om årets gode bøker. Julebøkene mine i år er derfor for lengst kjøpte inn på nettet.
God jul, bokvener.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 19. desember 2015.
Twitter: @georgar

Robotane kjem

Valnatta var ikkje gamal før eg sende gode helsingar på fjesboka til valvinnarane i regionen vår: den unge opposisjonspolitikaren Aleksander Øren Heen i Årdal og Noregs mest populære ordførar, Ivar Kvalen i Luster. Med ein framgang for begge på 25 prosentpoeng samanlikna med 2011-valet, vart det to historiske brakval for Senterpartiet. I Luster blei turbo-Arne (Johannessen), Ap, sett ettertrykkeleg på plass. Og i Årdal fekk monopol-Ap ein smerteleg smekk over alle fingrane. Ei stor skam då, at den klønete og heilt urøynde MDG-politikaren Sandra Opheim, valde å late taparen Ap få halde fram med einevaldsmakta.

Sp gjorde også eit svært godt fylkestingsval. Meir enn nokon gong står Sogn og Fjordane fram som Sp-landet som vil gå sine eigne vegar. Valresultatet vert tolka som eit tydeleg nei til sentralisering, av kommunar, politikammer, høgskular, skattekontor. ” Ein klar protest mot den blåblå regjeringa sine sentraliseringsprosjekt”, skreiv lokalavisa. Alle dei borgarlege partia gjekk tilbake, Høgre aller mest.

Kva skal så Sp bruke den nyvunne makta si til? Det hjelper lite å setje seg på bakbeina og seie nei, nei, nei til alle strukturendringar. Det hjelper lite å utsetje alle vonde vedtak i von om at ei Ap-regjering frå hausten 2017 vil styrkje fylkeskommunens økonomi og reversere reformene. Arbeidsløysa stig snøgt, innvandringa eskalerer, oljeinntektene minkar, forsvarsbudsjettet skal vekse osv. Den tradisjonelle distriktspolitikkens tid er forbi. Det vert lite pengar att til slikt. Staten må prioritere andre formål. Sentraliseringa av og i distrikta og regionane vil halde fram, uansett regjering. Og Sp med sine 33,2 pst. i Sogn og Fjordane er ikkje noko fleirtalsparti i Noreg. I Akershus fekk dei 3,9 pst., i Oslo 0,6. Oslo Sp treng ein Aleksander.

Moderne infrastruktur er den nye distriktspolitikken: vegar, bruer, tunnelar, tog, breiband, kunnskaps- og innovasjonssentra. Den nye vestlandsbonden må drive meir kulturlandskapspleie. Industrien i distrikts-Noreg står framfor ytterlegare rasjonalisering. Det gjer også viktige delar av både privat og offentleg tenesteyting. Robotar med kunstig intelligens vil overta fleire og fleire arbeidsoppgåver. I Amerika snakkar dei alt no om ”a jobless future” med intelligente robotar.

Industrirobotar vert i dag blant anna utvikla på Campus i Sogndal. Men robotar overtek i veksande grad også ikkje-automatisert og mindre strukturert arbeid. Det gjeld t.d. i varehandelen, den neste bransjen som vert robotisert. Servicearbeid som bank, rekneskap, omsorgsarbeid kan følgje etter. Robotar utfører operasjonar på sjukehus og styrer førarlause bilar. Dei konkurrerer ut erfarne flypilotar. Nokre teknologiforskarar trur at jobbar og heile bransjar kan forsvinne heilt. Men sidan den industrielle revolusjonen har menneske vorte erstatta med maskiner; snart 200 års velstandsutvikling kviler på dette. Ifølgje forskarar har dette likevel aldri skjedd i same fart og i like stort omfang som no.

Enkelte trur at ”robotrevolusjonen” kan bere i seg kimen til menneskets undergang. Andre peikar på at teknologien historisk har representert store framsteg. Men i motsetning til tidlegare teknologirevolusjonar, fører dagens robotisering ikkje til nye jobbar som erstatning for dei som forsvinn. Robotane vert dessutan stadig billigare. Opp mot 50 pst. av arbeidet vårt kan bli erstatta av robotar dei neste 20 åra, vert det hevda. Det råkar også middelklassen.

Her inne i fjorden er vi ofte oss sjølve nok. Men teknologibedrifta Rocketfarm AS på Campus auka omsetninga frå 7,2 til 10,3 mill. kroner i fjor. Og i år har det losna for vesle nLink, også på Campus, som produserer robotar. Dei er i fronten, i ein avansert teknologisk framtidsbransje.

Politikkens oppgåve er å leggje til rette for innovasjonssentra som det ein har fått til på Campus. Men utan sentralisering av kunnskap, kapital og menneskelege ressursar på regionalt nivå er det vanskeleg å utvikle denne type innovative miljø. Så pass ”robotisert” bør regionalpolitikken vere. Sp eller ikkje.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 26. september 2015.
Twitter: @georgar

Ta barna på alvor!

Som forelder må du alltid ta barna på alvor. Det er ikkje alltid at samfunnet rundt deg tek kampen for barna dine. I tronge kommunebudsjett kan det ofte sjå ut som pengar er viktigare enn barn. Slik kan det vere for pressa kommunepolitikarar. Slik er det ikkje for meg som far. Eg har ei plikt til å ta barna mine på alvor, sjølv om det skulle gå ut over både økonomi og rykte. Barna må alltid komme først.

- Barn har ingen rettar når skulen blir nedlagd! er tittelen på ein god kronikk publisert på nettsida til NRK Sogn og Fjordane, signert Gunn Linde. Ho skriv at «lovverket vi trudde skulle verne ungane våre inneheld omgrep som forsvarleg, tilstrekkeleg, nødvendig, akseptabelt, rimeleg, godt nok. Dette gir kommunane den heile og totale definisjonsmakta,» skriv ho. Barna blir ikkje høyrt når skulen blir lagt ned. Ikkje foreldra heller. Om Balestrand kommune meinar at ein time på buss for ein seksåring er «akseptabelt» – så er det innanfor lova. Fordi kommunen har definert det som «godt nok». Om så foreldra har ein anna definisjon, fordi dei tek barna sine på alvor, og sender klage til Fylkesmannen, så får dei ikkje medhald. Fylkesmannen legg til grunn kommunen sin definisjon om kva som er «forsvarleg» og «godt nok».

Les resten av teksten her: Ta barna på alvor!
Teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 5.9.2015

Blogg: https://mannmedgreip.wordpress.com/

Kva er eit kulturhus verdt?

«Eit kulturhus kostar 40 mill. og ein ordførar.» Det var den legendariske Sp-politikaren Per N. Hagen som sa dette då han vart kasta som ordførar i Tynset i 1989. Året før hadde han fått realisert eit flunkande flott kulturhus til heile 40 mill. kroner i den vakre, men sparsommelege, fjellbygda i Nord-Østerdalen.

Orda rann meg i hu då eg sist fredag var i Stjørdal for å delta i feiringa av det nye Kimen kulturhus. Prislappen her var ikkje 40, men 717 mill. kroner. Eg var invitert av Sp-ordførar Ivar Vigdenes, sjølvaste banemannen til Liv Signe. Han ville la meg få sjå eit hus eg mange gonger i skrift og tale hadde gitt uttrykk for var for dyrt og storslått.

Då Sogndal kulturhus opna i 1991, var det for ei snever og handplukka forsamling på 300 menneske. I Stjørdal var 8.000 til stades under den høgtidelege opninga, som kronprins Haakon stod for i strålande seinsommarvêr. Men Sp-ordførar Vigdenes heldt den beste talen. Etterpå var det konsertar av høg kvalitet i alle salar. Billettprisen var overkomeleg: 40 kroner. Så var det nattsæte for meir enn 700 inviterte gjester. Kulturhuset i Stjørdal skulle vere folkets hus frå første dag.

Huset har vorte bore fram av ein mangeårig borgarleg koalisjon med Sp-ordførar Johan Arnt Elverum (1999-2013) i spissen. Ap har vore sterkt i mot, heile tida. I kommunen har striden vore hard og frontane steile. Kulturhusprosjektet, på folkemunne kalla ”Arnts Minde”, kosta ordføraren eit alvorleg hjarteinfarkt. Då kom Vigdenes heim frå Oslo og tok over. Det har han gjort med glans. Men i haust taper han truleg ordførarstolen.

I Kimen har heile det breie kulturlivet fått plass. Huset er fylt opp av kultur. Tre kultursalar, tre eigne kinosalar; drifta av Trondheim kino, pluss eit stort og luftig kyrkjeleg rom. Biskopen i Nidaros heldt tale under nattsætet. Det vakre biblioteket over to etasjar er hjartet i huset, med resepsjonen rett innanfor hovudinngangen. Kvifor ein ikkje kunne gjere det slik i vårt heimlege kulturhus, er meg heilt ubegripeleg.

Kulturskulen er her med spesiallaga øvingsrom for musikk og dans, ein stor ungdomsklubb med plass for all ungdom, eit galleri, eit lite «vitensenter» , pluss ein privat danseskule, kommunens kulturadministrasjon saman med kontor for kyrkje og sokneråd. Næringslivet har finansiert delar av huset. Nabokommunane i nord er sterkt misunnelege på veksande Stjørdal. Den visjonssterke Sp-ordføraren vil no utvikle småbyen i endå meir urban retning og byggje høghus i 30 etasjar. ”Solkongen,” skreiv VG.

For meg var det rørande å gratulere gamleordføraren med det nye huset. Eg har til tider harselert med 700 millionarsprosjektet hans. No var det gløymt. Og nyeordførar Vigdenes kom med gode ord og ei utstrekt hand til dei mange motstandarane. Det var tid for godord om eit mønsterhus i tråd med Kulturutredningen til Anne Enger, ein gong Sp-dronning. Om kommunens meirutlegg til årlege driftskostnader vert (berre) 11 millionar, gjenstår å sjå. Dei vert truleg større. Men kapitalkostnadene har ein kontroll med, så lenge renta er låg.

Under opningshøgtida i Stjørdal tenkte eg tilbake til den flaue politiske prosessen kring utvidinga av kulturhuset i Sogndal i 2011. Politikarane, med ein fåmælt og absolutt visjonsfri Ap-ordførar Jarle Aarvoll i spissen, la kr 300.000 i potten. Resultatet vart nok ein kinosal, ein slags blaoboks, Sogndal Brann og Redning, og norskundervisning, pluss heile Nav. Lokala på toppen som var ueigna for andre, fekk kulturskulen leige. Det enkle bibliotekgrepet tenkte ingen på. Skammeleg.

Reis no til Stjørdal og la dykk inspirere. Få Sp-ordførar Vigdenes hit til ein kulturell pep-talk. Snart må det verte kulturens tid i fotballbygda. Sp-arar i Trøndelag og Hedmark utset seg for hjarteinfarkt og tap av ordførarstol for kulturens skuld. Men dei politiske makthavarane i Sogndal, Sp og Ap, tek null kulturhusrisiko. Dei berre gjer det dei vert fortalt. For det er slik veljarane vil ha det.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 29. august 2015.
Twitter: @georgar

Rådmannen

På framsida til Sogndal kommune på nett finn vi ein liten notis med nøktern og sakleg informasjon om Kommunebarometeret 2015. Om du klikkar deg inn på denne lenkja, kjem du fram til ei nettside der du med liten, nesten uleseleg skrift, kan stave deg gjennom følgjande: ”I kommunebarometeret for 2015 kjem Sogndal kommune ut som 6. beste kommune i landet og beste kommune i fylket. Rådmannen seier at dette er svært gledelege resultat for kommunen.”

Det har sjølvsagt sogndalsrådmann Jostein Aanestad heilt rett i. Men han skriv om dette med så små bokstavar at ein skulle tru han skamma seg over den gode plasseringa. Dei andre toppkommunane har derimot for det meste plassert nyheita på framsida. Og dette er jo ei riktig gladnyheit, sjølv om kåringa enno er førebels. Vi sogndøler bur i den best styrte kommunen i fylket, og den sjette beste i landet. Det må jo vere bra? Men vår lokale gladavis ute på Systrond har ikkje klart å fange opp denne positive vårnyheita. Forståeleg nok, kanskje. Sogn Avis er ikkje spesielt glade i rådmenn. Eller i kommunebyråkratar.

Rådmennene i norske kommunar lever eit farleg yrkesliv. I den daglege bulletinen med nyhende frå Kommunal Rapport kjem det i alle fall éin til to gonger i månaden melding om rådmenn kring om i landet som av ulike grunnar må gå frå stillingane sine. Oftast har det å gjere med saker der det er stor og djup usemje mellom rådmannen og leiande politikarar, inklusive ordføraren. I slike tilfelle trekkjer rådmannen alltid det kortaste strået. Han, eller ho, det er mange kvinnelege rådmenn òg, må gå frå stillinga si. Mot ein økonomisk kompensasjon, sjølvsagt. Slik er rådmannslivet. Men dei fleste rådmenn som må gå, er flinke folk, og får seg ny jobb ganske fort. Ordføraren, same kor udugeleg han er, vert alltid sitjande. I alle fall fram til neste val.

Spaltistar vert gjerne kontakta av folk som ønskjer at vi skal ta opp visse saker i spaltene våre. Det er som det skal vere. Nokre av innhogga mine har då også vorte til etter innspel frå lesarane. Men spaltistar kan og skal ikkje drive med gravande undersøkingar, sjølv om det iblant er freistande. For lokalmedia i fylket grev lite, sjølv når kjeldene byr opp til dans.

Eg har sjølvsagt fått ulike innspel både om rådmannsmakt, om ulike typar hendingar og negative sider ved drifta i kommunane. Det gjeld mest Sogndal kommune. Nokre av innspela har vore freistande å gå vidare med, dei fleste har det ikkje. Når det gjeld rådmannsmakt, er mitt enkle syn at ein flink og dyktig rådmann er eit gode for ein kvar kommune. Problemet i ein kommune som Sogndal er i alle fall ikkje at vi har ein sterk rådmann. Om vi har eit problem, er det svake politikarar. Det gjeld heilt inn i toppen av det partiet som (for) lenge har hatt ordførarmakta i kommunen.

Heldigvis, seier eg, har vi ein klar og myndig rådmann i Sogndal kommune. Det utrulege er at nokon ser det som eit problem. Kvifor set ikkje kritikarane heller søkjelyset på svake politikarar?

På kommunens heimeside takkar rådmannen, framleis med bitte lita skrift, alle tilsette for at dei gjer ein god jobb. ”Det er arbeidet i kvardagen frå kvar tilsett”, skriv han, ”som gjev slike gode resultat for kommunen på Kommunebarometeret.” Godt jobba. Eg sender mine gratulasjonar, med stor og tydeleg skrift, til rådmann Aanestad og alle hans tilsette i Sogndal kommune.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 11. april 2015.
NB: Sogn Avis har omtalt Sogndal kommune si plassering på Kommunebarometeret på www.sognavis.no 26. mars. Eg beklagar at eg ikkje hadde sjekka dette. Men saka har ikkje vore omtalt i papiravisa, som eg hadde sjekka.

Twitter: @georgar