Viser arkivet for stikkord neihatten

Nok framsnakking no

”Lat oss bli verdas beste på oppvekst,” skreiv vår alles ven, bankdirektør Arvid Andenæs, i eit langt innlegg i lokalavisene før jul. Bodskapen var enkel: vi må samle oss om noko positivt og offensivt. Vi må forvalte rikdommen vår slik at den gir avkastning i form av styrka profil, styrka sjølvtillit og positiv utvikling, skreiv fylkets mektigaste ba(n)kmann. Er det derfor han er så knipen med pengane? Om du treng risikokapital, er nemleg fylkesbanken ikkje den som først opnar dørene for deg.

I innlegget sitt skrytte Andenæs av ein annan fylkestopp, sjefs-Navar Tore Thorsnes. No vil også han underhalde oss med lange, oppbyggjelege avisinnlegg. Eit lite tiltak opp i alt Nav-elendet. I det «glimrande» førjulsinnlegget streka også Thorsnes under at vi må samle oss kring utvikling av dei «fantastiske ressursane» våre, ”om det no skulle vere næringsliv, natur eller den kunnskapsrike ungdomen vår”. Alle må vi stå fram, skreiv han, som ”stolte over det flotte fylket… og vere offensive i debattane om framtida vår, utan hua i handa.”

Avisredaktørens resept er den same: «Folkens, me må bli betre – mykje betre på å framsnakka kvarandre», skriv redaktør Fardal. Og han viser til Thornes og hans rørande forteljing om kor «fantastiske» vi er. Medietoppen Arve Sandal avslutta det heile med eit tilbakeskodande romjulsbrev om kor bra alt var i og for Sogn og Fjordane på 60-, 70- og 80-talet. Lenge leve Gerhardsen, Kyllingmark og Willoch. Skikkelege karar, veit du. Mens dei styrte, fekk vi som budde her, «trua på oss sjølve og at det vi driv med, er verdifullt for folk og land.»

Slik er det ikkje i dag. No er «nokon», den blåblå regjeringa visst, ute etter oss. Dei vil ta frå oss det Gerhardsen og Kyllingmark bygde opp. Vi er utpeikte til «avviklingsfylke.» Derfor bles fylkestoppane våre til full positiv mobilisering. Ordførar Harald Offerdal i stagnerande Balestrand har funne i alt 19 statlege reformer som skal gje oss «robuste fagmiljø og betre tilbod.» Men, seier sindige, seige Offerdal, «me har ikkje sett det dokumentert.» Vi er då så fantastisk gode på det meste; skule, utdanning, trivsel, lærarkrefter, oppvekstvilkår, kunnskapsrike ungdommar, at vi ikkje treng reformer av noko slag. Heller «back to the 60ies» med Arve Sandal. Og nokre Nav-kurs i «framsnakking», med Jan Inge Fardal og Rasmus Mo. Nei, forresten. Hent Frode Grytten hit. Skrønemeisteren frå Odda. Han skrønar så vi trur det verkeleg er sant.

«Når veldig mange sier det samme, er det tid for å høre på noen andre.» Det skreiv ein annan odding, Knut Olav Åmås, i Aftenposten sist laurdag. Tenk litt over det. Om det er eit fylke som verkeleg treng reformer, i lokal- og regionalforvaltning, næringsliv, skulevesen osv., må det vere Sogn og Fjordane. For framtidsprognosane for fylket er svært dårlege. Kvifor løyner de dette? Demografien talar sitt tydelege språk. Vi kjem dårlegast ut av alle fylke. Ungdomstala stuper. Og trass all begeistring, er innflyttingstala like negative som før. Bryr Framtidsfylket AS seg om det? Vår siste demografiske skanse, høge fødselstal per kvinne, er no også snart historie. Berre storstila innvandring kan «redde» oss.

Ingen kan skrøne seg vekk frå dette. Det hjelper korkje med «framsnakking», endelaust sjølvskryt eller fantastiske forteljingar. Spør heller: kvifor er det så få som flyttar hit? Den hemningslause begeistringa, den ukuelege, men evnelause optimismen, og den påtekne positiviteten duger ikkje som framtidsverktøy. Empirien talar sitt eige språk. Vi må omstille oss, vi også. Men når til og med den mektige banksjefen vil «framsnakke» oss til ein ny røyndom, ringjer alarmklokkene.

”Framsnakking” er ikkje berre eit språkleg dårleg ord. Det hjelper heller ikkje ein døyt. Seier eg, mens eg stolt tek på meg «Nei-hatten».

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 7. februar 2015.
Twitter: @georgar