Viser arkivet for stikkord moen

Eit regionalt hårløft

1990-talet var tiåret for den store samferdselsrevolusjonen i indre Sogn. ”Eg tenkte vel den gongen at denne endringa kunne vere ein god stimulans for eit regionalt hårløft i vår region,” skreiv banksjef Egon Moen i Sogn Avis tidlegare i haust. Han spurte så om dei nye kommunikasjonane har skapt nokon vekst i busetnad og næringsliv. Og vart no Håbakken det nye Sinsenkrysset?

Den gode Egon gav sjølv svaret i avisa: sidan 1995 har folketalet i indre Sogn blitt redusert med 200 personar. Han konstaterte at berre Sogndal har hatt vekst å snakke om, mens fleire av dei andre kommunane har opplevd stor nedgang i folketalet. Ingen har gidda svare på innlegget til Moen og hans etterlysing av det regionale hårløftet. Kvifor det? Du må vere tungnæm om du ikkje har skjønt at i dagens framsnakkingstider, skal det negative tigast i hel.

Sist veke inviterte så ein annan banksjef, Arvid Andenæs, sogndølene til morgonfrukost på det største hotellet i regionsenteret. Som vanleg var det godt med folk og god stemning under bankfrukosten med Arvid. Men dei siste åra har analysane hans vorte mindre skarpe. No legg han, i god framsnakkingsånd, mest vekt på kor gode vi er, og kva for store mulegheiter vi har. Her i Sogn appellerer likevel Arvid framleis, så godt han kan, til at vi må vere ein samla region med tette nettverk og eitt senter; Sogndal.

Heile indre Sogn må assosiere seg med Sogndal-namnet og byggje si utvikling på den sterke merkevara og identiteten dette namnet representerer nasjonalt og internasjonalt, fortel banksjefen. Men han trekkjer også fram Lærdal Grønt, Blue Fjords, Highsoft, aluminum, opplevingsturisme. Og HiSF, fotballen og gründerverksemdene på Campus. Kvifor skulle ikkje indre Sogn lykkast med eit skikkeleg hårløft, 20 år i etterkant? Sogn United er framtidsvisjonen til Arvid Andenæs.

Han har også løyvd litt pengar til Tanketanken Sogn, eit prosjekt som vert leia av Laura Kvamme i Fjærland. Oppdraget er enkelt og utfordrande: korleis skape eit attraktivt næringsliv for neste generasjon og styrke profilen av Sogndal som gründerbygd? Det første arbeidsmøtet i Tenketanken med utvalde unge tilflyttarar er alt halde: 13 unge vaksne med god utdanning busette og med arbeid på Leikanger, Sogndal og Kaupanger, møttest midt i september på kafé Krydder i sentrum av Sogndal. Dagsorden var slik: kva kjenneteiknar Sogndal, kvifor kom de hit, korleis kan Sogndal verte ein (endå) meir attraktiv kommune, korleis kome bygdefolket i møte?

Som venta er natur og friluftsliv sentralt for nesten alle. Som venta er det stor misnøye med bustadprisar og bustadtilbod. Og at unge, single menneske ønskjer seg betydeleg meir urbanitet, kultur og møteplassar i sentrum, overraskar ingen. Fleire jobbar å velje mellom er òg noko som vert etterlyst. Dessutan: kvifor går ikkje dei unge tilflyttarane på møte om reguleringsplanar, som for Fjøra Vest? Og kvar helst skal ein stakkars ung tilflyttar få treffe bygdefolket? Innflyttarplaga lever enno i bygdebyen.

Prosjektet til Laura skal samle og samtale med andre unge enn dei single, høgt utdanna tilflyttarane. Men det som er peikt på ovanfor, er uansett viktige faktorar som det framtidige Sogndal må ta med seg. Det gjeld også dei mange heimfødingane i kommunestyret. Regionsenteret er i ei særstilling i indre Sogn. Vi veks, men veksten er likevel altfor liten. ”Me kan ikkje ha eit Sogndal med 6.000 menneske, me treng eit Sogndal med 10.000 menneske, eller like stort som Førde”, sa den framsynte årdølen Terje Laberg i 2007.

Vi treng eit regionalt hårløft i Sogn no, 20 år etter at vi fekk dei nye vegane og tunnelane. Men meir enn i 1995 må dette løftet skje med basis i tyngdepunktet Sogndal. Utan det vert det ikkje noko hårløft i det heile. Du er vel samd med meg i dette, Egon Moen?

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 24. oktober 2015.
Twitter: @georgar